|
Til dei næringsdrivande i Volda:
Bruk nynorsk!
Volda mållag set pris på at næringslivet i Volda
i så stor grad tek omsyn til den språkforma som er vanleg i
kommunen, og nyttar nynorsk i kunngjeringar, reklamemateriell og internt
i verksemdene. Dette er viktig av fleire årsaker. Nynorsken er vårt
eige mål, det er den språkforma som liknar mest på målføret
vårt, og det er nynorsk som vert nytta i skulen og i kommuneadministrasjonen.
Me veit at det ikkje alltid fell like enkelt å nytte nynorsk.
Ei hovudårsak er at mykje av det materiellet som til dømes
blir sendt ut frå kjeder og verksemder sentralt, er på bokmål.
Det kan spare ein for arbeid å la vere å setje om dette materiellet
til nynorsk, og om ein set om, snik det seg fort inn ord og vendingar frå
bokmålet som ikkje passar så godt i nynorsk. Somme kjeder sender
også ut ferdige reklametekstar berre på bokmål, og då
veit me at det skal ein ekstra innsats til for å kunne få ut
dette - eller liknande materiell - på nynorsk.
Me vonar at de som er tilslutta
kjeder som sender dykk materiell på bokmål, bed om å
få dette på nynorsk. Det finst fleire gode argument for dette.
For det fyrste er det ikkje berre verksemder i Volda som ønskjer
til dømes reklamemateriell på nynorsk. Det gjeld verksemder
i heile «nynorsk-Noreg». Samstundes som de vender dykk til
kjedeleiinga sentralt, kan de kontakte andre næringsdrivande i same
kjede, slik at dei også kan ytre ønske om materiell på
nynorsk. Dette er også noko de kan ta opp på forhandlarmøte
og i andre faglege samanhengar. På denne måten vonar me at
kjedene forstår at ein del av tenesteytinga deira overfor dykk, er
å gje dykk materiell som er skrive i den målforma de nyttar.
Om lag kva fjerde kommune i Noreg er ein nynorsk-kommune, og alt i alt
er det mange næringsdrivande som godt kunne tenkje seg å nytte
meir nynorsk. Det er berre ikkje sikkert at de veit om kvarandre!
Ein annan grunn til at det
kan løne seg å profilere seg med nynorsk som bruksmål,
er at det syner at de tek omsyn til den målforma som er mest vanleg
i lokalsamfunnet. Nynorskbrukarar er også kundar, og set pris på
å få reklame og informasjon på si eiga målform.
Bruk av nynorsk har med identitet å gjere, og det å respektere
denne identiteten, har ein positiv signaleffekt i lokalsamfunnet.
Ein del verksemder er ikkje
berre aktive lokalt, men har kundar over større område. Da
fell det nok naturleg for mange å nytte bokmål, sidan bokmålet
dominerer elles i samfunnet. Me meiner at det er ikkje mangel på
respekt for bokmålsbrukarar om verksemder i nynorskdistrikt marknadsfører
seg på bokmål når dei skal nå ut over heimemiljøet.
Også i dette tilfellet vil bruk av nynorsk syne identitet, og gjere
sitt til at verksemda vert lagd merke til. Årsaka er at det er såpass
mange som nyttar bokmål i ulike typar marknadsføring at det
å bruke bokmål ikkje gjev nokon gjenkjenningseffekt, - det
gjer det ikkje lettare å verte sett. Det gjer derimot nynorskbruk.
Volda mållag ønskjer
at nynorsk skal verte mest muleg brukt i samfunnet vårt. I skuleverk
og offentleg administrasjon ser me at nynorsken har ein ganske stø
posisjon. Dersom nynorsken skal ha ei trygg framtid, må han også
verte meir nytta i privat næringsliv, av folk som meiner at det er
tenleg og naturleg å bruke nynorsk. I dag tek mange ungdommar til
å skrive bokmål, mellom anna fordi dei ser at nynorsken har
tronge kår og vert lite nytta av privat næringsliv i reklame
og liknande. Dersom fleire aktørar i næringslivet nytta nynorsk,
ville fleire ungdommar sjå at nynorsk kan brukast til alt - for det
kan han!
Me vonar at me har dykk
med oss i ønsket om å styrkje nynorsken i samfunnet, og takkar
fordi me i Volda ser at næringslivet held seg stort sett trufast
til nynorsken. Me trur likevel at somme av dykk kan verte flinkare, og
bed dykk om å bruke nynorsk både internt i verksemdene og når
de annonserer. Dersom de treng hjelp til omsetjing eller språkvask,
kan me formidle slike oppdrag til lokale fagfolk. Det kan også hende
at nokon av dykk kan gje oss innspel som kan vere nyttige i arbeidet for
meir nynorsk i det private næringslivet. Til sist: me tek gjerne
imot nye medlemmer. Næringslivet er ikkje for godt representert i
medlemsstokken vår... Me høyrer gjerne frå dykk.
Med vennleg helsing
Anne Steinsvik Nordal (leiar) og Jon Peder Vestad (skrivar)
Sendt som brev til næringsdrivande i Volda i februar 1998.
|
|