To raude trådar: språk og journalistikk

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) har bede tidlegare studentar skrivi om kor vegen etter studia har ført dei. Sjølv studerte eg nordisk språk og litteratur på Blindern i to omgangar.

Hausten 1983 begynte eg på grunnfagsstudiet, og til jul året etter var eg ferdig med mellomfagstillegget. Seinare tok eg tysk grunnfag ved UiO, og så studerte eg journalistikk ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda frå 1987 til 1989. Etter to år i NRK, begynte eg hausten 1991 så smått med hovudfagsstudiet i nordisk, som eg fullførte til jul i 1994.

Fyrstefag og fyrsteval
Nordisk var mitt fyrstefag fordi eg var interessert i talemål, språkhistorie og litteratur. Siviltenesta mi hadde eg ved Norsk målførearkiv ved UiO (1985-1987), og da vart eg overbevist om at eg laut ta hovudfag. Eg hadde tenkt å bruke norsken til arbeid med informasjon (u-hjelp, miljøvern, kultur…) , men lurte også på om eg skulle bli språkforskar. Nokon måtte bli det au! Det vart likevel journalistikken som fanga meg. Norskbakgrunnen var til god hjelp da eg spurde om jobb i NRK fyrste gongen, og vart hallomannvikar i gamle P1 i 1986. Seinare har eg arbeidd mest i NRK (Etter skuletid, Ungdommens radioavis, Nattradioen, Kulturnytt), men også i Vårt Land og TV2 hjelper deg.

Da eg var ferdig utdanna radiojournalist i 1989, hadde eg bestemt meg for å arbeide i to år, og så begynne med hovudfaget - før det vart for seint. Det skjedde, sjølv om det vart mye jobbing og lite studering i starten. Medan eg tok hovudfaget, fann eg ut at eg aldri ville greie å velja mellom journalistikk og filologi, og at eg like godt kunne satse på båe delar. Da eg var ferdig med hovudfaget, fekk eg tilbod om å bli lektor i mediespråk ved Høgskulen i Volda, og frå hausten 1995 til mars 1999 var eg språklektor der.

Nå har eg permisjon frå lektorstillinga og har vorte doktorgradsstipendiat. Eg arbeider med eit prosjekt som heiter "Når skrift er tale", og emnet er korleis journalistar som bruker nynorsk i etermedia stiller seg til språkforma dei har valt, og korleis dei faktisk bruker normert nynorsk. Meir om prosjektet finst på nettstaden min, Vestads vevstad (www.geocities.com/Athens/Academy/2946 + www.hivolda.no/jpv). Eg hadde nok ikkje vorte stipendiat utan hovudfaget og radioerfaringa mi.

Vurdering av norskstudiet
Eg studerte på Blindern i to omgangar, og kunne nok ha tenkt å ta grunn- og mellomfag på det som da heitte distriktshøgskule. Eg var heldig med lærekrefter og medstudentar ved UiO, men Blindern var i største laget for meg. Det eg likte minst ved hovudfaget var fellespensum, som etter mi meining ikkje tok særleg omsyn til dei som skulle skrive ei språkleg hovudoppgåve. Eg har likevel fått bruk for noko av den "livsfjerne" teorien ved Høgskulen i Volda seinare, så heilt bortkasta var det ikkje å lesa teori for teorien sin del - slik eg følte eg måtte.

Da eg var komme langt i oppgåveskrivinga, kom eg med i ei hovudfagsgruppe, og det synst eg var nyttig. Særleg for oss språkfolk var det viktig å kunna møtast i eit miljø som iallfall eg syntest var svært prega av at det var litteratur og teori (og blandinga av dette) som var i vinden. Eg synst likevel at språk- og litteraturdelen av faget skal gå i tospann heile studieløpet, og er elles skeptisk til (amerikanske) lettversjonar av norske studieordningar. Dessutan bør folk få bruke den tida dei vil på hovudfaget - for dei fleste er det den einaste mulegheita dei får til å fordjupe seg i eit emne og drive med forsking.

Eit nyttig fag - uansett
Som journalist har eg laga ein del innslag og ein handfull program med språklege og litterære emne, og eg har saker som har med språk å gjera. På fritida har eg arbeidd med omsetjing av ein større tekst frå 1500-talet, og plutseleg har språkhistoria vorte henta fram att! Førelesingane Einar Eggen hadde med oss i litteratur, til dømes om Dag Solstad, var også nyttige, berre for å nemne noko. Som lektor og etter kvart stipendiat har journalisthandverket mitt fått kvile, men eg har teke det opp att ved å skrive artiklar som eg legg ut på nettstaden min. Der (her) er det media, språk og litteratur eg til nå har skrivi mest om. Norskstudiet opnar for så mange mulegheiter, og ein veit aldri kva det er ein kjem til å få bruk for av det som står på pensum.

Norsk er eit allmenndannande fag, og er god ballast for ein journalist. Har ein mellomfag, kan ein ganske mye, og det at hovudfaget er såpass krevjande, synst eg også er bra. Vi lærer og kan mye! Folk som vil inn i journalistikken, og som er opptekne av norskfaget utover den synlege nytteverdien, bør absolutt skaffe seg eit mellomfag. Vidare er sosiologi, statsvitskap og historie etter mi meining gode støttefag til kombinasjonen norsk og journalistikk. Dei som brenn for norskfaget, vil eg absolutt oppmode om å gå vidare på hovudfag før eller seinare. Eit hovudfag er ikkje å forakte uansett, og stadig fleire redaksjonar ønskjer folk med solid fagkunnskap, sjølv om praktisk erfaring veg tungt.

Eit råd til sist: Eg har vore så heldig å få vera med på språkkurs på Island, og eg har studert finlandssvensk språk og litteratur i Åbo eitt semester. Eg vil rå alle til å få med seg det nordiske ved nordiskstudiet.

Av Jon Peder Vestad, mai 1999. Lett redigert utgåve av innlegg på heimesidene til INL ved Universitetet i Oslo.