| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
    Norsk på engelsk?

Norsk musikk er populær som aldri før, kan vi både lesa og høre. Norske musikkmakarar leikar seg med sjangrar, skriv godt og slår an. Det meste av for eksempel norsk pop og rock blir skriven på engelsk, og det er forståeleg. Engelsk har vorte ”det norske språket” i desse sjangrane, og attåt tradisjonen har vi sjølvsagt ønske om å slå an i utlandet.

Det eg skulle ønskje, var at fleire musikkmakarar våga å satse både på norsk og engelsk – at dei song på norsk på konsertar og plater her heime og elles i Norden, og at dei brukte engelsk ute. Kanskje er det eit naivt og ”håplaust” ønske, men det er velmeint. Eg har ikkje noko imot at norsk musikk blir lansert på engelsk ute i verda, men eg synest vi taper noko når norske artistar syng på engelsk for eit publikum som forstår norsk betre enn engelsk. D`Sound på norsk – korfor ikkje?

Av Jon Peder Vestad

Innlegg i Dag og Tid hausten 2003. Lagt ut på nettet 28.10. 2003 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |