|
Olav
Nygard-minne i Oslo
Diktaren Olav Nygard er gravlagd på Østre Aker kyrkjegard. Då han døydde
i 1924, hadde han og huslyden budd eit års tid på Bryn i Østre Aker.
Enkja Rakel Nygard (fødd Tvedt) døydde i 1979. Sonen Sigurd
(1916-1935) ligg òg gravlagd på Østre Aker kyrkjegard. Éin gravstein
har namna åt Olav og Rakel, ein annan har namnet åt Sigurd. Nokre år no
har Bergljot Tvedt, brordotter hennar Rakel, sytt for blomar og stell på gravene. Det fortener ho takk for! Modalen kommune har i år teke på
seg
ansvaret for festeavgifta for grava åt Olav Nygard.
Ein veg på Ulsrud i Oslo fekk namnet Olav Nygards veg i 1962. Merk:
Vegen heiter Olav Nygards VEG
til liks med Tor Jonssons veg i same
stroket. Det er i Olav Nygards veg vi finn høghuset med ei versline frå
Nygard-diktsamlinga «Ved vebande» på veggen: «No kvil deg, fot; no
hev du
vunne fram».
Mellom Nygard-minne her i byen kan ein òg nemne brev etter Olav
Nygard på Nasjonalbiblioteket, Handskriftsamlinga.
Av Gudmund Harildstad
Lagt ut på nettet 18. januar 2002
|