Av Jon Peder Vestad, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda
Innleiing
Kvar dag møter nordmenn normert nynorsk i etermedia. Somme liker
det, andre ikkje. Fleir-talet er kanskje så vande med nynorsk i radio
og fjernsyn at dei ikkje fester seg ved at det er nynorsk som blir brukt.
Men sjølv om etermedia er den viktigaste spreiaren av talt nynorsk,
er det forska lite kring denne språkvarianten. I denne artikkelen
skal eg gje innsyn i faglitteratur som kan kaste lys over bruken av normert
nynorsk i etermedia.
Mediespråk, språknormering og
nynorsk er ikkje lite omtalt i Noreg. Somme namn går ofte att - også
her - andre er utelatne m a fordi synet deira likevel blir dekt1 av nyare
litteratur. For å få oversyn trengst breitt utsyn, og derfor
er materialet sett saman av litteratur frå fleire fagområde,
også av stoff om normering av bokmål og fremmende språk
i etermedia. Skiljet radio/fjernsyn og forholdet bokmål/nynorsk fell
utaom ramma her, og eg tek ikkje opp følgjene den auka dialektbruken
i etermedia kan ha for det nynorske etermediespråket.
Artikkelen tek fyrst for seg nynorskbruken
i samfunn og media og omgrepa normert/normalisert. Deretter blir viktige
innfallsvinklar til studiet av etermediespråket presentert, saman
med særdrag denne språkvarianten har. Fokus blir så sett
på ulike sider ved normering, med særleg søkjelys på
nynorsk og etermediespråk. Nokre granskingar av normert og ikkje-normert
etermediespråk blir også presentert. Dei spreidde emna i artiklane
gjer at synspunkt og funn vanskeleg kan drøftast mot kvarandre,
men i samandraget blir hovudinnhaldet lagt fram. Til sist blir nokre mulege
forskingsemne og ein heilt oversett faktor i materialet peikt ut.
Med eit emne som rører seg mellom
eit teoretisk syn på mediespråk som fenomen og faktisk uttale
av enkeltlydar, er det vanskeleg å ha eit bestemt teoretisk perspektiv.
Eg har eit pragmatisk, sosiolingvistisk utgangspunkt og problemstillinga
mi er: Kva må vi ta omsyn til når vi vil undersøkje
den normerte nynorsken vi møter i radio og fjernsyn?
Nynorskbruk i Noreg i dag
Den nynorske talenorma har institusjonar og inga sosial klasse eller
noko geografisk område som normsentrum (Lomheim 1996:111), heller
ikkje har norma nokon sterk tradisjon eller høg prestisje. Talt
nynorsk er noko dei fleste møter i opplesing, i etermedia, i teateret
eller kyrkja - vanlege nynorskbrukarar skriv nynorsk og snakkar dialekt.
I 1994 budde knapt 12 % i kommunar med nynorsk administrasjonsspråk.16,1
% av grunnskuleelevane hadde nynorsk hovudmål i 1996, og det er ca
ein halv million aktive nynorskbrukarar i dag (Randen s 141).
Nynorsken står sterkare i det offentlege enn
i næringslivet. Det gjeld au det såkalla «nynorske kjerneområdet»,
dei fire vestlandsfylka med forgreiningar inn i Oppland, Buske-rud, Telemark
og Agder-fylka. Her er nynorsk einerådande i somme lokalaviser, og
har også ein naturleg plass i regionaviser som GD, Sunnmørsposten,
Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. Av etermedieselskapa er det berre
NRK som er pålagd å bruke nynorsk. For tida har også
TV2, TVNorge og P4 nynorskbrukarar i staben.
I 1997 brukte NRK mellom 11 og 24 % nynorsk i kanalane
(NRK 1998). Ei undersøking frå 1995 syner at «nynorsknorma
i NRK-statistikken er svært romsleg», og at omfanget av normert
nynorsk er minimalt (Alsnes s 17). Likevel er NRK rekna som ein berebjelke
for nynorsken (Lomheim 1987:305).
Stutt attersyn
Det er ikkje godt å seia når nynorsk fyrste gong vart brukt
i eteren. Truleg var det i sendingar frå Kringkastingsselskapet a/s,
stifta i 1925. Fyrste klaga på språkbruken i etermedia kom
det året, med Noregs Mållag som avsendar (Natvik s 81). Da
Norsk rikskringkasting vart stifta i 1933, kom vervarsla for Vestlandet
på nynorsk. Året etter byrja den fyrste nynorskbrukaren i NRK,
Karl C. Lyche. Han fekk følgje av m a Arthur Klæbo (1935)
og Hartvig Kiran (1937), og da 2. verdskrigen braut ut, var det 8-10 %
nynorsk i sendingane (Lomheim 1987:296).
Etter krigen har nynorsken hatt ein trygg, men likevel
omstridd plass i sendingane. Stortingsfleirtalet slutta seg i 1970 til
at «hovedregelen må være å gi nynorsken en plass
som i det minste svarer til en fjerdedel av ordsendingene» (Vinje
1998:144). NRK har sia hatt denne «25-prosentsregelen» som
eit mål - eller ei mare. NRK har aldri greidd å fylle
målsetjinga, og får opp nynorskprosenten ved å dele dialektbruk
likt mellom bokmål og nynorsk2 . I 1987 vart dette skjerpa, slik
at 25-prosentsregelen skulle gjelde normalisert nynorsk (Vinje 1998:144).
Dei siste par tiåra har målføra
har fått betre kår i NRK. I språkreglane frå 1996
heiter det at NRK «ser gjerne at medarbeidarane --- gjev normaltalemålet
sitt eit regionalt preg» og dialektbruk får meir rom, f eks
i nyheitsintervju (NRK nyhetsbrev 1998).
Avklaring av omgrep
Nynorskordboka forklarar å normalisere som å «gjere
normal, få til å samsvare med ei norm, gjere einsarta, standardisere»,
og å normere er «å fastsetje som norm». Ordparet
norm og normal (2) tyder «godteken regel, rettesnor, mønster,
målestokk» og «(språkleg) mønster, rettesnor
gjeven i regelsamling». I mitt materiale er språkvarianten
kalla m a normal-mål, normaltalemål, normert bokmål/nynorsk,
standardtalemål, standardmål og talenorm. Somme skil også
mellom normert talemål og standardtalemål. Språkreglane
til NRK omtalar det som normaltalemål. Dette omgrepet avviser Lomheim
fordi han meiner dialekt er det normale talemålet for folk flest
i Noreg, uttrykket uttalenorm er derfor betre (Lomheim 1996:109).
Eg bruker her nemningane normert tale, talenorm
og (tale-) normering for å unngå assosiasjonar til motsetninga
normalt/unormalt. Med nynorsk normert tale meiner eg språk-bruk som
tuftar seg på den nynorske skriftnorma (jf Lomheim 1994:18, Sandøy
1998:164).
Samfunn, situasjon og språkbruk
Som nemnt har ikkje etermedienynorsken vorte granska noko vidare. I
boka «Medierne og sproget» skriv Finn Frandsen at korkje i
medie- eller språkvitskaplege miljø er mediespråket
særleg undersøkt i det heile. Det gjeld vel å merke
«med fokus på de specifikke sproglige træk, der kendetegner
sprogbrugen i massemedierne» (Frandsen s 10). I medieforskinga har
ein særleg arbeidd med kommunikasjonsteoriar, eigarstrukturar og
påverking. Språk-forskarane har på si side anten hatt
ei språkkritisk haldning til mediespråket, eller har sett på
det som allmennspråk, skriv Frandsen. Men dei siste tiåra har
stadig fleire oppdaga medie-språk som ein eigen språkbruk «der
knytter sig til en bestemt institution og en bestemt social praksis, og
hvis opkomst er historisk og kulturelt betinget» (Frandsen s 180).
Frandsen legg fram teoriar og modellar til
bruk i forsking på mediespråk, og eg dreg her fram to som eg
meiner kan kaste lys over normert språkbruk i etermedia. Den eine
er ein sosiolingvistisk modell utarbeidd av Alan Bell. Han er oppteken
av prosessar i journalistisk språkbehandling, analyse av oppbygginga
av nyheitshistorier og av den innverknaden mottakarane har på språkforma
til medietekstar. Bell framhevar at medietekstar er resultat av mange språklege
omformingsprosessar - frå pressemeldingar, intervju, artiklar osv.
Dei er «multiredigerte» og har mange avsendarar som påverkar
språket. Oppfatninga journalistane har av mottakarane påverkar
også tekstutforminga, og Bell har f eks vist korleis same journalist
skiftar språkleg stil når han går frå ein radiostasjon
til ein annan, frå ei lyttargruppe til ei anna (Frandsen s 19-23).
Språkbruken til ein og same person er m a o ikkje konstant.
Den andre eg vil nemne frå artikkelen
til Frandsen, er Norman Fairclough, som har utforma ein modell for såkalla
kritisk diskursanalyse. Han meiner at endringar i språkbruken i eit
samfunn måler sosiale og kulturelle endringar. Fairclough er oppteken
av alle sider ved språket, frå detaljar på lyd- og ordplan,
til sjangeranalyse og samspel mellom medietekst og samfunn. Samspelet går
båe vegar - medietekstane er «på én gang formet
af og med til at konstituere samfundet/kulturen» (Frandsen s 27).
I den kritiske analysemodellen sin ser Fairclough m a på karakteristiske
språkdrag, prosessane frå skaping til forbruk av ein medie-tekst
og dei samanhengane formidlinga skjer i - den sosiokulturelle praksisen.
Han ser på spenningsforholdet mellom ein offentleg diskursorden (ramme
for språkbruk) - knytt til kjeldene - og ein privat diskursorden,
knytt til målgruppa. Her ser han at diskursordenen nærmar seg
den private (Frandsen s 26-31).
Korkje skrift eller tale
Både Bell og Fairclough peiker på at etermediespråk
verkar i bestemte situasjonar, og ikkje berre er knytt til f eks språknormer.
Sylfest Lomheim er inne på det same. Han deler eter-mediespråket
grovt sett i to kategoriar, fjernspråk og nærspråk -
jf skiljet offentleg og privat diskursorden. Fjernspråk liknar mindre
daglegtale enn nærspråk, er meir skriftleg og har færre
munnlege trekk. Vermelding og nyheiter er døme på fjernspråk,
og underhaldnings-program er meir prega av nærspråk. Der ein
journalist må følgje normer, finn vi fjernspråk, medan
der slike påbod manglar, blir nærspråket brukt, som kvardagsleg,
normert tale eller dialekt (Lomheim 1987:297). Forventning om bruk av nærspråk
kan gjera det vanskeleg å skilja dialekt og norm, og krav om fjernspråk
krev kunnskap om norma.
Poengteringa av at det ikkje finst eitt etermediespråk
finn vi att hos Wenche Vagle. I «Velkomne til P2s morgonsending...»
frå 1990 analyserer ho morgonprogram i NRK radio og skil mellom tale
til- og tale med-strategiar i desse sendingane. Tale til-strategien liknar
fjernspråket, og viser at talaren snakkar til nokon som ikkje nødvendigvis
er på same «nivå», eller som ein ikkje ventar tilbakemelding
eller aktiv deltaking frå. Tale med-strategien vart før berre
brukt i tilnærma likeverdige, mellommenneskelege forhold, der ein
kan tillate seg ein personleg tone. Denne strategien har breidd seg i samfunnet,
også i media. Vagle peiker m a på at ein i opplæring
av radiojournalistar prøver å unngå den meir formelle
og eigentleg uunngåelege tale til-situasjonen, ved å leggje
vekt på å vera direkte og ledig (Vagle 1990:100). Journalistane
skal «samtale» med lyttarane.
Ved å skrive ut tekstar frå ulike program
ser Vagle korleis dei er situasjonsavhengige og ulike - somme er meir planlagde
og skriftnære enn andre. Radiospråk som fenomen er ein hybrid
mellom skrift og tale, eit døme på sekundær munnlegheit.
Det byggjer på stikkord eller fulle manus, og falske signal på
spontanitet kan finnast, som sjølvretting og avbrot.
I `Ways of Speaking` on Norwegian Radio 1935-1980,
ser Vagle (1997) på språk som middel til sosial handling i
ein sosial samanheng. Det er ikkje eit stabilt system av identiske former,
men eksisterer i kraft av ulike normsystem som støtt er i konflikt
(Vagle 1997:192). Tekstar er unike tolkingar av ei norm, og ber i seg mulegheit
til endring. Artikkelen er skriven midtvegs i eit prosjekt der radioopptak
frå 1936-71 blir analysert og resultata så langt tyder på
at radiospråket ber i seg to sideordna utviklingslinjer. Den eine
gjeld grad av skriftlegheit - munnlegheit, med eit strekk som går
frå det distanserte, autoritative til ein meir inkluderande og «nær»
språkbruk. Vagle ser også ein tidsdimensjon - at språkbruk
med meir munnlegheit gradvis har vorte lagt til skriftnære språkregister.
Dette syner at samfunnet har vorte meir samansett. Sosiale endringar påverkar
ikkje berre språket, men er også skapt av endringar i språkbruk,
i danninga av nye tekstnormer. Bidrag frå radiomediet i kulturen
kan fyrst og fremst bli studert gjennom historia til radiosjangrane, meiner
Vagle (Vagle 1997:203).
Når ein vil sjå korleis etermedienynorsken
skil seg frå skriven nynorsk og kva han har hatt å seia for
nynorsken i samfunnet, må ein m a sjå på kva programsamanhengar
språkvarianten er brukt i.
Normering av tale
Medan «alle» nordmenn kjenner til normering av skrift,
er talenormering ukjend for mange - og omstridd. Kjell Venås syner
at det er vanleg med standardar eller normalar for uttale knytt til ulike
skriftnormalar, og somme har som særdrag at dei er heilt utan lokalfarge.
Eksempel her er Oxford-engelsk og tysk scenespråk. Det vanlegaste
er at normert tale har eit regionalt preg, som normert engelsk i England,
Skottland, Irland og USA (Venås 1997:25). Felles for slike regionalmål
er at dialektformer blir retta etter ei viss norm, der skriftbildet er
avgjerande. I Noreg finst det ingen sterk tradisjon for normert tale samanlikna
med land som Frankrike, England og Tyskland. Også i nabolanda våre
er talenormering vanlegare enn hos oss.
Venås tek spesielt for seg Sverige,
der bruk av regionalmål er utbreidd. Det har høg sosial status,
stor geografisk utbreiing og blir oftast forstått over heile landet.
Skilnaden mellom regionalmål og rikssvensk er at regionalmålet
inneheld visse «provinsialismar» i ordforrådet, samt
lettforståelege drag i språkmelodi og bøyingstypar.
Eit liknande skilje finn vi i Finland mellom høgsvensk og rikssvensk,
der høgsvensk er normert svensk med finlandssvenske drag i uttale
og ordval.
I Tyskland og Austerrike skil ein mellom Dialekt,
Umgangssprache - ei slags overregional norm mellom høgtysk og dialekt
- og Hochdeutsch. Somme manglar dialekt og skifter mellom regionalmål
og høgtysk, men i Sveits står dialektane sterkare. Der er
dialekt kvardagsspråk for dei tyskspråklege, med tendensar
til bruk av regionalmål. I ein del offentlege samanhengar blir ei
eiga sveitsertysk talenorm følgd, som i etermedia. Tale-normering
i radio er emne for eit stort verk av Markus Ramseier (1988). Han siterer
språkreglane til det sveitsiske motsvaret til NRK, DRS, som fastset
at medarbeidarane skal kunna uttrykke seg både på dialekt og
høgtysk, i båe tilfelle med personleg preg. Høgtysken
i Sveits er ei form for tysk standardspråk, og regionale særdrag
innan rammene for normene er tillatne (Ramseier s 35). I programreglane
til DRS blir «das Problem der Sprachformwahl und der Sprachqualität»
overflatisk og generelt behandla, slår Ramseier fast (s 33).
Normering av nynorsk
Historia til nynorsken er m a ei historie om normering, om leiting
etter reglar og retnings-linjer. Kjell Venås (1996) skriv at Aasen
ønskte ei samlande skriftleg norm, eit landsmål som samsvara
med bygdemåla i lyd- og formverk, samstundes som det var einheitleg.
Aasen leitte etter former som best kunne sameine målføra,
og tok au omsyn til det tapte norrøne skriftspråket og dei
nordiske nabospråka. Det siste skulle gje det nye språket vørnad
- det måtte ikkje sjå for ulikt ut språk med prestisje
som folk kjende. Aasen endra sitt eige verk undervegs, men dei største
endringane har komme etter hans tid. Venås nemner at Aasen ønskte
eit skriftspråk som høvde godt til norsk talemål, og
meiner sjølv at dei «som har stelt med målet i storting
og styringsverk etter hans dagar, har gjeve førerett til talemålet,
slik at det har gått ut over einskapen» (Venås 1996:78).
Om valfriheita i nynorsk skriv Alf Hellevik
(1979) at omsynet til skiftande talemålsformer må vegast mot
omsynet til fastheit og stabilitet. Det har vore viktig at folk ikkje skulle
føle at noko mindreverdig var knytt til heimespråket deira.
Samstundes har norsk språkpolitikk i store delar av hundreåret
hatt språkleg samling som mål. Denne linja har ført
til at både bokmål og nynorsk har opna seg for talemålsinnslag,
og det har skapt stor «breidde» i nynorsken, som Hellevik forsvarar.
Ein konserverande tradisjon har vore sterkare på bokmålssida
enn for nynorsken sin del (Hellevik s 194).
Medan Hellevik har vore med og utforma
(ny)norske språknormer, har Lars S. Vikør analysert
språkforholda våre, m a purismen i nynorsk. Vikør forklarar
omgrepet purisme som «strevet for å halde eit språk reint
for fremmend innverknad» (Omdal/Vikør 1996:122). I nynorsk
finn han m a spesifikk purisme retta mot innslag frå dansk,
(låg-) tysk og moderne amerikanismar. Såkalla konservativ purisme
godtek ord som alt finst i nynorsk, men ønskjer ikkje nye, fremmende
innslag - f eks frå engelsk. Den nasjonale purismen er i Noreg knytt
til ein sosial purisme, og er retta («oppover») mot ordtilfang
frå høgare samfunnslag. Denne purismen kan også kallast
stilistisk, og vil reinse språket for innslag som bryt med den stiltradisjonen
nynorsken har fått. Ein siste dimensjon kallar Vikør leksikalsk-syntaktisk-morfologisk-fonologisk-ortografisk
(!) og rører ved alt frå fleirtalsformer av fremmendord til
uttale av lånord.
Vikør meiner det er på ordplanet at
purismen er viktig og problematisk, og er sjølv kritisk til puristiske
strømningar i nynorsk. Helge Sandøy (1994, 1998) er inne
på det same og påviser at ord som blir tekne inn i nynorsk
frå t d bokmål, i liten grad skyv ut «gamle» nynorskord.
I staden får nynorsk eit rikare ordforråd å velja frå
(Sandøy 1994:16).
Talenormering i Noreg
Det er på bokmålssida det normerte talemålet står
sterkast i Noreg. Finn-Erik Vinje skriv at «15-20 % av befolkningen
holder seg til det vi kan kalle bokmålets normal-talemål»
(Vinje 1998:1523 ). Dette målet blir kalla «standardaustlandsk»
av Sandøy (1998:164), men har au regionale variantar i byar som
Stavanger og Bergen. Venås (1997) skriv at det er grunn til å
snakke om regionale riksspråksvariantar, med målføre
som viktig grunnlag for den normerte tala. Sandøy er einig, og meiner
at når «dannet dagligtale» «er identisk med sosiolekten/
dialekten åt dei øvste sosiale sjikta i samfunnet, er det
for den samfunnskritiske vanskeleg å vere med på å fordele
privilegia så skeivt» (Sandøy 1998:164). Privilegiet
er at eit samfunnslag får sitt eige språk som norm. Likevel
forsvarar Sandøy normering med at det ikkje treng vera undertrykking,
men eit «demokratisk vern mot mektige samfunnsgrupper» (s 164).
Norsk språkråd sit med makta og NRK er pålagd å
utøve henne, for å forenkle Sandøy noko.
I målrørsla har synet på
normering av tale vore skiftande. Alt Ivar Aasen var klar over at eit normert
skriftspråk ville gje grunnlag for eit talemål (Hellevik 1979),
og gjorde det t d klart at `d` i utlyd skulle uttalast - som i daud, raud
(Venås 1998). Sjølv brukte han truleg ikkje si eiga skriftnorm
som utgangspunkt for tale.
Irene Handeland Bech (Bech 1992) nemner at fram
til 1950-talet var målfolk flest positive til normert talemål
attåt bruk av dialekt. Emnet var uomstridd, og Noregs Mållag
hadde inga offisiell meining og lite debatt om det. Midt i 60-åra
begynte dialektreisinga, og fyrst på 70-talet kom ei politisk radikalisering
og slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk». Normering av talemål
vart avvist av mange, og folkemålet vart det viktige. «Det
var stort sett akademikarar --- som hadde drive med talemålsnormering,
og denne gruppa hadde lite til felles med «folket»» (Bech
s 6-8). På 1990-talet har tilhengjarane av normering vorte fleire
att, og Norsk Målungdom har laga kursopplegg i normert nynorsk talemål.
Bech skriv at dagens normeringstilhengjarar meiner at eit sterkt nynorsk
normaltalemål kan dempe påverkinga frå bokmål på
målføra.
Normering av etermediespråk
I skulen blir det ikkje gitt opplæring i normert tale, men høgtlesing
gjev ei viss innføring. Det finst også hjelp for dei som vil
eller må bruke normert tale profesjonelt seinare i livet, men ho
er ikkje nødvendigvis lett å finne. Vinje har skrivi ei handbok
for bokmålsbrukarar (Vinje 1990) og Sylfest Lomheim ei tilsvarande
for nynorskfolk (Lomheim 1994), båe gitt ut av NRK for NRK-tilsette.
Bokmål har elles ei uttaleordbok frå 1969, nynorsk er utan,
men i somme oppslagsverk står tilrådd uttale oppført
for enkelte ord. I Noreg er språknormering fyrst og fremst normering
av skrivi språk (Sandøy 1998:163).
Ein gjennomgang av lærebøker i språk
for journalistar syner at talenormering ikkje er noko vidare behandla emne
i journalistutdanning heller. Det gjeld t d Journalistspråket (Vinje
1982), Retorikk for journalistar (Roksvold 1989) og Den forståelige
nyhet (Engebretsen 1992)4 . NRK har gitt ut eit par språkhefte, der
normering er greitt omtalt (Vinje 1990, Lomheim 1994). Emnet ser vidare
ut til å vera lite behandla i medievitskaplege bøker og tidsskrift
frå det angloamerikanske språkområdet. Innføringsboka
News Reporting and Writing (Mencher 1994) tek ikkje for seg talenormering
i det heile, og det gjer heller ikkje Broadcast Journalism (Boyd 1998).
Det same gjeld litteratur som tek for seg etermediespråk med ein
språkleg innfallsvinkel, som Broadcast Talk (Scannell 1991).
I Sveits er det ikkje slik. I læreboka sveitsarane
Jürg Häusermann og Heiner Käppeli har skrivi i journalistikk,
er dialekt og omgangsspråk (daglegspråk) teke med. Dialekt
blir brukt i all slags munnleg framført journalistikk i Sveits,
berre i somme samanhengar er normert tale påbode, som i nyheiter
og overføring av fotballkampar. Fleire ting talar for normering
her, meiner forfattarane: Det tek tid å omarbeide stoff frå
høgtyske kjelder til god dialekt, folk i ein redaksjon har ulike
dialektar, og blant lyttarane kan det vera folk som forstår høgtysk,
men ikkje dialekt (Häusermann/Käppeli s 353). Forfattarane fortel
ikkje korleis sveitsisk høgtysk skal uttalast, men gjev tips om
skriving med tanke på munnleg framføring.
Normer for normering
Talenormering rører ved mange sider av språket: bøyingsverk,
setningsbygning, ordforråd og lydverk. Både for bokmåls-
og nynorskfolk med dialekt som daglegspråk kan det vera mye å
setja seg inn i, og Finn-Erik Vinje set opp tre ulike nivå for uttale
i norsk normert tale. På det fyrste nivået er det ingen skilnad
mellom to uttalevariantar - båe blir sett på som korrekte (energi
- enersji). På det neste nivået er det eine sett på som
betre enn den andre, men båe er gangbare (sentimeter - sangtimeter),
og på det tredje er det eine sett på som rett, det andre som
gale (skeptisk - skjeptisk) (Vinje 1998:143). Dette syner variasjonsmulegheitene
i norsk - vi kan velja innafor ei og same norm og mellom to til dels ulike
normsett.
I NRK-handboka si skriv Vinje at ein «mikrofontaler»
«holder seg til det allmenn-kjente ordforrådet og unngår
gruppespråk og lokalmerkede ord og uttrykk. Videre velger han ordbøyninger
som samsvarer med skriftspråksreglene, og han respekterer anerkjente
korrekthetsnormer for uttale og setnings- og leddbygning» (Vinje
1990:10). Dette synet blir langt på veg motgått av Sandøy,
som peiker på at ei regional tilpassing er viktig for nynorsk-brukarar,
«for at talemålet skal falle naturleg for brukaren» (Sandøy
1998:166). Også Lomheim (1994, 1996) er meir open for regionale drag
enn Vinje. Dette kan spegle eit skilje mellom normering av nynorsk og bokmål,
noko Vinje også poengterer (Vinje 1998:152).
Nynorsk har tradisjon for valfriheit og regionalt
preg i talenorma, og blir brukt i skuggen av ei mye sterkare og fastare
norm. Dette gjer mange usikre og ustøe, og både Lomheim og
Sandøy presiserer at normert nynorsk tale skal spegle skrifta og
ha «preg og klang frå det målføret som er utgangspunktet»
(Lomheim 1994:117). Samstundes dreg Sandøy fram ordforrådet
som eit problemområde for nynorskbrukarane (1998:165) - der nynorsken
held seg med valfrie former, som mulig-muleg-mogleg-moglig-mogeleg-mogelig,
parord som bevise-prove og ein puristisk tradisjon (*midlertidig-mellombels
5) .
Forsking kring emnet
I arbeidet med denne artikkelen har eg gått gjennom mange årgangar
av fagtidsskrift for å finne omtale av forsking som gjeld normert
etermediespråk - utan å lykkast 6 . Eg har likevel funne nokre
forskingsprosjekt som rører ved emnet på ulike måtar.
I Sverige har Inga-Brit Lindblad teke for seg språkbruken
i lokalradiostasjonane Radio Gotland, Radio Västerbotten og Radio
Östergötland (Lindblad 1985). Ho finn at dialekt er lite i bruk,
men mellom tre og fem av i alt ti til femten medarbeidarar snakkar regionalt
farga mål. Det er etter måten vanleg, og «kommer tydligast
til uttryck på språkets fonetiska nivå. dvs i satsintonation
och enskilda språkljud» og til viss grad i morfologien, formverket
(Lindblad s 59). Det er i uttala dei etter måten få som ikkje
snakkar rikssvensk, viser regionale språkdrag. Undersøkinga
viser kor svakt ikkje berre dialektbruken står i desse lokalradiostasjonane,
men også at det regionale preget etter norsk målestokk verkar
svakt.
Kva synst publikum om bruk av normert tale? Ritva
Paananen har intervjua om lag 400 finnar om bruken av normert tale i finsk
radio. Fleirtalet vil helst høre normert tale i nyheiter og aktualitetsprogram,
medan «informal spoken language» er det dei føretrekkjer
i debattar, sportssendingar, innringingsprogram og underhaldningsprogram.
20 % av heimels-folka kan tenkje seg dialekt i nyheitene, alle desse var
under tretti år. Eldre liker betre normert tale enn yngre, og meiningane
er dei same uansett kor i Finland folk bur (Paananen 1996).
I Noreg er det kjent at ungar kan leike på
bokmål uavhengig av kor dei bur, og m a barne-tv blir sett på
som årsak til dette. Media får også medansvar for regionaliseringa
av målføra (Venås 1997:23). I Sveits har eit meir dialektprega
omgangsspråk (daglegspråk) vorte vanlegare etter at omgangsspråket
har vorte meir brukt i etermedia. Dette har auka talet på innslag
frå høgtysk i målføra. I undersøkinga
si av språket i sveitsertysk radio bruker Markus Ramseier (1988)
språkreglane til DRS som referanseramme. Han har analysert i alt
450 timar med radioprogram, og ser at språket i DRS ikkje utviklar
seg i retning eit einheitleg sveitsertysk. Regionale normer som han kallar
«`Studio-Mundarten` Basel-, Bern- und Zürich-deutsch»
(s 571) vinn fram. Manusbunden dialektbruk følgjer ofte standardspråklege
uttalemønster med tilnærming til skriftspråket. Ordforrådet
blir for det meste henta frå overlappingsområdet mellom dialekt
og standardspråk. Særdrag frå målføra blir
færre, medan individuelle drag blir tydelegare. Ramseier meiner dialektbruken
i radio blømer, og standard-språket er heller ikkje truga.
Båe delar blir betre forstått nå enn tidlegare pga etermedia.
Yngvil Riise Vangberg har undersøkt språkbruk
i norsk distriktsfjernsyn. Ho har analysert språklege strategiar
hos to programleiarar og fire reporterar i nyheitsprogrammet Nordnytt i
april 1997, ingen av dei nynorskbrukarar. Alle dei seks NRK-medarbeidarane
er inkonsekvente og blandar dialekt/normert tale i nokon grad, men graden
varierer. Det gjeld uansett om dei vel å følgje språkreglane
til NRK, som krev normert tale i nyheitsavvikling og -blokking (referat),
eller om dei bruker nordnorske dialektmarkørar. Vangberg meiner
lell at språkblandinga ikkje hindrar oppfatting av bodskapen (Vangberg
1997).
«Kvar finst nynorsken og kor nynorsk er han...»
heiter ein rapport utarbeidd av Randi Alsnes (Alsnes1995). Her er språkbruken
i nærare 800 verbalinnslag i P4 og dei tre radio-kanalane til NRK
undersøkt. Materialet er frå hausten 1993, og det blir skilt
mellom normert og normnær nynorsk og nynorsknært talemål.
Materialet er vurdert strengt - for at eit innslag hamnar i båsen
for normnær nynorsk, er forma `Norge` eller eitt dialektord nok.
Målinga kan ikkje samanliknast direkte med NRK sine målingar,
sia NRK måler nynorskflater (tid) og ho nynorskfrekvens (del av verbalinnslag).
Til saman er 3,4 % av innslaga på normert nynorsk, og 12,4 % ligg
nærare nynorsk enn bokmål. I P1 finn Alsnes 4 % nynorsk, i
P2 7, i Petre 1,3 og P4 0 (s 12). Normert og normnær nynorsk utgjer
i alt 6,9 % i P1, 9,9 % i P2, 1,3 % i Petre og 2 % i P4. Når normert
og normnær nynorsk blir slått saman med nynorsknært talemål,
er nynorskprosenten 21 i P1, 12 i P2, 15 i Petre og 10 i P4. Konklusjonen
er at «mykje av det NRK registrerer som nynorsk, ikkje held som mål
på korrekt nynorsk tale» (Alsnes s 17).
Samandrag
Etermedia er viktige for nynorsken, men NRK som hovudformidlar av talt
nynorsk, greier ikkje nå sine eigne mål for nynorskbruk. Bokmålet
dominerer i NRK som elles i samfunnet.
Språk i media er tradisjonelt ikkje vidare
undersøkt som særeigen språkbruk. Mediet, sjangeren
og situasjonen er av det som formar bruken. Etermediespråket samspelar
med samfunnsutviklinga og er ikkje statisk, og det er ein eigen språkvariant
- noko som korkje er skrift eller tale. Etermediespråket har nærma
seg talemål, og det finst større variasjon i det nå
enn før. Språkbruken til ein programmedarbeidar er ikkje konstant,
men kan skifte etter høve.
Noreg har ein svak tradisjon for talenormering, svakare for nynorsk
enn bokmål. Nynorsk har ikkje noko geografisk område eller
samfunnslag som normsentrum, og i målrørsla har slagordet
«snakk dialekt, skriv nynorsk» stått sterkt. Nynorskbrukarane
i etermedia må forholde seg til både talemålet og nynorsktradisjonen.
Bokmål har ein sterkare, strammare og mindre dialektvennleg tradisjon
for normert tale, medan nynorsktradisjonen er prega både av purisme
og ei vid rettskrivingsnorm, med valfriheit i form- og ordval.
Journalistar i norske etermedia får i liten
grad opplæring i bruk av normert tale, men det blir venta at dei
skal beherske det. Dialektane står sterkt, og språkreglane
til NRK opnar meir enn før for dialektbruk. Dette kan m a føre
til blanding av dialekt og normert tale, og ei undersøking syner
at faktisk bruk av normert nynorsk er lågare enn NRK-statistikkane
fortel.
Utalands er normert tale vanlegare enn hos oss.
I svenske lokalradiostasjonar er dialekt lite brukt, regionalt farga språk
meir, og rikssvensk blir mye nytta. Finnar liker normert tale i nyheiter
og aktualitetsprogram, og eldre liker det best. I etermedia i det tyskspråklege
Sveits blir både dialekt og regionalt prega standardspråk brukt,
båe delane har gode kår. Det er elles vanskeleg å finne
forsking i bruk av normert etermediespråk, både i Noreg og
i utlandet.
Sluttord
Når ein skal undersøkje normert nynorsk i etermedia, må
ein ta omsyn til mediet og språk-brukssituasjonen, til normeringstradisjonen
i nynorsk og til dialektbakgrunnen til brukarane. Vidare spørst
det kva ein vil granske - om det er utbreiinga, i kva samanhengar nynorsk
(ikkje) blir brukt, eller korleis den talte nynorsken kan skilja seg frå
den skrivne. Forholdet til bokmålet er truleg det mest problematiske
for nynorskbrukarane - som for nynorsken. Alt dette er det rom for å
forske på - det finst mye synsing og lite forsking på desse
emna.
Nynorsktalande journalistar marknadsfører
språket gjennom eteren og utgjer kanskje fleirtalet av den gruppa
på anslagsvis nokre tusen som snakkar normert nynorsk. Forholda ligg
ikkje særleg til rette for at dei kan setja seg inn i emnet, men
like fullt finst normeringskravet. Lettare blir det ikkje av at den som
bruker stemma i eteren, blir møtt av ulike forventningar og syn
på «godt språk», ofte formidla som klager. Her
manglar det eigna litteratur med kritisk blikk på normalisering og
påpeiking av mulegheiter og vanskar - sett frå brukaren si
side.
I faglitteraturen eg har gått gjennom er det
dei som normerer som uttalar seg, medan dei som bruker normert språk
i etermedia stort sett er oversett. Kva meiner dei om normene og konvensjonane,
kva er vanskeleg og lett for dei? Korleis opplever nynorskbrukarane det
å tale normert, kan dei som profesjonelle språkbrukarar bidra
til utviklinga og normeringa av nynorsken? Denne innfallsvinkelen er nødvendig
når bruk og normering av etermediespråk blir undersøkt.
Det er få nynorskstemmer i eteren, få til å bruke og
dyrke norma.
Av Jon Peder Vestad
Bech, Irene Handeland: Talemålsnormering i nynorsk. Mål og Makt 2/1992 (s 3-14)
Boyd, Andrew: Broadcast Journalism. Techniques of Radio & TV News. Focal Press, Oxford 1998 (1988)
Engebretsen, Martin: Den forståelige nyhet. Institutt for journalistikk, Fredrikstad 1992
Frandsen, Finn: Forskning i mediesprog - teorier, modeller og analyser og Journalisterne og sproget. Frå Frandsen (red.): Medierne og sproget. Aalborg Universitetsforlag, Aalborg 1996 (s 9-32, 173-181)
Haüsermann Jürg, Käppeli, Heiner: Dialekt und Umgangssprache. Frå Haüsermann/Käppeli: Rhetorik für Radio und Fernsehen. Verlag Sauerländer, Aarau, Sveits 1994 (1986) (s 341-354)
Hellevik, Alf: Normalmål, dialekt og valfridom. Frå Hellevik: Språkrøkt og språkstyring. Det Norske Samlaget, Oslo 1979 (s 193-204) - fyrst trykt i Mål og Makt mars 1974
Lindblad, Inga-Brit: Regionalitet och kontaktskapande. Frå Lindblad:
Lokalradiospråk. En studie av tre
lokal-radiostationers sändningar. Acta Universitatis Umensis.
Umeå Studies in the Humanities 72, Umeå 1985
(s 56-73)
Lomheim, Sylfest: Språket i radio og fjernsyn. Frå Egil Børre Johnsen (red.): Vårt eget språk. Bind 1. Aschehoug, Oslo 1987 (s 295-305)
Lomheim, Sylfest: Nynorsk i NRK - frå A til Å. NRK 1994
Lomheim, Sylfest: Målføra og nynorsk uttalenorm. Men eigentleg: «Knus bokmålsveldet - i målrørsla!». Mål og Makt 1-2/96 (s 109 - 119)
Mencher, Melvin: News Reporting and Writing. WCG Brown & Benchmark Publishers, Dubuque IA, USA 1994
Natvik, Oddvar: Nynorsken i kringkastinga før krigen. Frå Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981. Fonna Forlag, Oslo 1981
NRKs programhåndbok 1997. Nettstaden http://www.nrk.no/info/sos/p/programr.htm (1.4. 1998)
Nyhetsbrev 3.98. NRK Avdeling for informasjon og samfunnskontakt, Oslo 1998
Nynorskordboka. Det Norske Samlaget, Oslo 1994
Paananen, Ritva: The listener as a norm-setter of radio language. Abstract from Virittäjä Vol. 100 (1996):4. Nettstaden http://www.helsinki.fi/jarj/kks/vir96paananen.htm (våren 1997)
Ramseier, Markus: Der Soll-Zustand als Bezugsrahmen og Vergleich aktueller Sprachgebrauch - postulierter Sprachgebrauch. Frå Ramseier: Mundart und Standardsprache im Radio der deutschen und rätoromanischen Schweiz. Verlag Sauerländer, Aarau, Sveits 1988 (s 24-38, 542 - 576)
Randen, Olav: Farvel til språkmangfaldet? Boksmia, Ål 1997
Roksvold, Thore: Retorikk for journalister. LNU/Cappelen, Oslo 1991 (1989)
Sandøy, Helge: Tradisjon og brot i nynorsk ordtilfang. Språklig Samling 1/1994 (s 10-16)
Sandøy, Helge: Talenorm i NRK. Frå Ruth Vadtvedt Fjeld/Boye Wangensteen (red.): Normer og regler. Festskrift til Dag Gundersen. Nordisk forening for leksikografi 1998 (s 158-170)
Scannel, Paddy (ed.): Broadcast talk. SAGE Publications, London - Newbury Park - New Delhi 1991
Vagle, Wenche: «Velkomne til P2s morgonsending...» Analyse av radiotekstar. Frå Pressens årbog 1989, København 1990 (s 98-110)
Vagle, Wenche: `Ways of Speaking` on Norwegian Radio 1935-1980. A Study on Text Norm Evolution. Frå Ulla Carlsson (ed.): Radio Research in Denmark, Finland, Norway and Sweden. Nordicom Review No. 1/1997 (s 183-215)
Vangberg, Yngvil Riise: Språket i Nordnytt - en kvalitativ analyse av ulike strategier. Semesteroppgåve, Journalistutdanninga i Bodø, HBO mai 1997
Venås, Kjell: Normering i Aasens ånd. Frå Mål og Makt 1-2/96 (s 77 - 89)
Venås, Kjell: Riksspråk - regionalmål - målføre. Frå Kjell Venås: Målvitskap og målrøkt. Festskrift til 70-årsdagen 30. november 1997. Novus forlag, Oslo 1997 (s 19- 37) - fyrst trykt i Syn og segn 1979
Vikør, Lars S.: Nynorsk rettskriving og ordtilfang - historisk bakgrunn og situasjonen i dag. Frå Helge Omdal og Lars Vikør: Språknormer i Norge. LNU/Cappelen, Oslo 1996 (s 107-140)
Vinje, Finn-Erik: Språket i radio og fjernsyn. Frå Egil Børre Johnsen (red.): Vårt eget språk. Bind 1. Aschehoug, Oslo 1987
Vinje, Finn-Erik: Fra A til Å. Språkråd uten omsvøp. NRK 1990
Vinje, Finn-Erik: Talemålsnormering i NRK. Frå Ruth Vadtvedt Fjeld/Boye Wangensteen (red.): Normer og regler. Festskrift til Dag Gundersen. Nordisk forening for leksikografi 1998 (s 143-157)
Bearbeidd for internett 20.5. 1998