| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Korleis skal nynorsken endrast?

Dei som har ønskt å setja seg inn i framlegga til endringar og forenklingar i nynorskrettskivinga, har hatt nokre hundre sider å bla gjennom. Og det som står der, vekkjer sjølvsagt kjensler. Men kanskje løysinga lell blir å halde på det systemet vi har i dag? Ordninga med hovud- og sideformer har jo fungert lenge. 

Eg har komme fram til at det beste vil vera å halde fram med skiljet mellom hovud- og sideformer. Dette meiner eg alt i alt er mest fornuftig. Denne ordninga fungerer, og har gjort nynorsken både fast og fleksibel. Dersom det er heilt uaktuelt, støttar eg i hovudsak fleirtalsinnstillinga, der ein fjernar ein god del former og let det som står att vere jamstelte former. 

Eg håper i så fall at ein i arbeidet med normeringa tek for seg punkt for punkt i innstillinga, og ikkje set opp større "pakker" som ein avgjer under eitt. Mindretalsinnstillinga vil det vere verst å bygge på. Ho fører nynorsken for langt unna faktisk språkbruk på ein del punkt, og verkar til dels ekskluderande og gammaldags.  

Om støttematerialet

Det kan vere vanskeleg å finne fullt tenleg og eintydig materiale som syner korleis nynorsken faktisk blir brukt, og enkelte funn kan brukast til å argumentere i ulike leier. I sakspapira blir det vist til ei spørjeundersøking med overvekt av eldre heimelsfolk, til punktnedslag i litteratur på nynorsk, og til enkelte bruks- og haldningsstudiar. Slik dokumentasjon er nyttig i den grad han er representativ, og bruken vidare inneheld støtt ei tolking som ein må vera klar over. Eg ser for eksempel at bokmålsnære former her og der blir tolka som påverking frå bokmålet, noko som slett ikkje treng vera tilfelle.

Etter å ha analysert nyheitstekstar på nynorsk frå 1960 til 1999, ser eg at avvik frå nynorsknorma kan komma av så mangt. I mange tilfelle er det snakk om dialektformer som meir eller mindre tilfeldig fell saman med bokmålet, som adverbet 'nå' eller presensformer som 'tenker' og 'legge'. Det kan au finnast andre grunnar til at folk bruker andre ord og former enn dei ordboka fortel om: Kunnskapar, ønske om å uttrykke seg på ein bestemt måte, meiningar om korleis nynorsken heller skulle vera, og at ein trur at ein bruker språket rett.

Forholdet til bokmål og dialekt

Nynorsken skal normerast uavhengig av bokmålet. Det betyr også at vi må unngå å gjere bokmålet til ein usynleg normeringsinstans, der det som er likt eller nært bokmålet på død og liv skal ut av nynorsken. Da glømmer ein lett dialektdimensjonen, der vi finn glidande overgangar frå tydeleg nynorsknære målføre til dei som ligg tett opptil bokmålet, og at mange talemålsdrag au uavhengig av dette kan peike i retning av den eine eller den andre målforma. Dersom bokmål blir ein slik usynleg normeringsfaktor, er det i dobbel forstand ei negativ haldning til normeringsspørsmålet, og kan skade både omsynet til nynorskbrukarar og nynorsken. I arbeidet med denne innstillinga har eg ikkje sett til bokmålet.

I den prosessen mange nå er engasjerte i, kan det vera lett å setja opp ideal for korleis nynorsken ”skal” vera, og da må ein som sakspapira syner også ta omsyn til korleis han er – så langt det er muleg å veta. Når faktisk språkbruk skil seg frå nynorsknorma, kan det vera norma som bør justerast.     

For meg er det greitt at somme eldre og sjeldne drag ved nynorsken blir ståande, akkurat som meir moderne (og kanskje meir brukte!) former får stå. Leitt synest eg det er om ein i forsøk på å gjera nynorsken enklare, tek vekk ord og former som er i full bruk, som er utbreidde i talemålet, som finst i nynorsktradisjonen og som heller ikkje skaper forståingsproblem eller vanskar for språket som system.

Om innstillinga til nynorsknorm

Innstillinga går i lengste laget på somme punkt, og særleg blir eg skuffa over somme framlegg som mindretalet kjem med. Døme kan vere fjerning av mye, sia, bilde. Og det kjenslemessige bør ikkje undervurderast når ein steller med det vi uttrykker kjenslene våre med, språket. Systematikk kan vera viktig, men kan au fort bli kald og mekanisk. Derfor håper eg at ein i arbeidet med dei ulike innspella som kjem, ikkje tenkjer for mye på "pakker", og ikkje overdriv konsekvens- og systemtankegangen.

Det finst ein kjerne i nynorsken, og den vil vel dei aller fleste halde på. Det som er utafor kjernen, kan dei som ønskjer enkelt og greitt la vera å bruke. Dei treng ikkje gå så langt som å forby andre det dei sjølve vel vekk. Eg fryktar at revisjonen vil ta frå viktige brukargrupper dei ”skuldrene” sideformene gjev brukarane både i liberal og konservativ lei. Det er grunnen til at eg helst vil halde på skiljet mellom hovud- og sideformer, og heller vil gå opp grensene mellom desse kategoriane på nytt for å få ein enkel og inkluderande nynorsk.

Det verste for nynorsken vil etter mitt syn vera om ein reviderer nynorskrettskrivinga etter innstillinga frå mindretalet. Grunnen er at det i praksis vil føre til at ein fjernar nynorskrettskrivinga for mye frå den levande nynorsken som m.a. er brukt i radio og fjernsyn. Desse media er viktige for nynorskbrukarane, både for sjølvkjensla og for å spreie kunnskap om norma. Forfattarar, private verksemder og organisasjonar kan bruke akkurat dei formene dei vil, medan dei som bruker nynorsk i NRK (i nyheits- og meldingsteneste, i praksis også dei som les kommentarar på lengre program) må halde seg til dei normene Norsk språkråd har vedtatt (jf. punkt 5 i dei språkreglane som kom hausten 2002).

Mindretalet pressar andre

Mindretalsframlegget fjernar ein god del bøyingsformer og ord som er innarbeidde i dagens nynorsk, au former som har vore hovudformer. Dersom nynorsken nå blir endra så mye at innarbeidde og ikkje-normstridige former blir forbodne, risikerer vi m.a. at norma for talt nynorsk kjem til å leva sitt eige liv, med dei følgjene det vil få. Det kjem av dette:

a)      Mindretalsinnstillinga bryt med innarbeidde normer. Journalistar og andre profesjonelle språkbrukarar er bevisste og viktige normleverandørar. Dei treng likevel ikkje vera filologar som er opptatt av alle detaljar i språket. Språkbruken skal fyrst og fremst fungere i kommunikasjonen, og han skal verke naturleg for dei som bruker språket. Ein del av det som blir forsøkt fjerna nå, fungerer, er naturleg og innarbeidd.

b)      Mindretalsinnstillinga kan ikkje sameinast med viktige utviklingstrekk. Utviklinga av nynorsken i media har følgt to aksar. Den eine er sjangerutviding, dvs. at vi t.d. i etermedia har fått fleire måtar å bruke nynorsk på enn for 30-40 år sia. Denne aksen går m.a. frå det skriftnære til det talemålsnære. Før fanst det mest av det fyrste og lite av det andre, og nå finn vi eit større mangfald. Den andre aksen går frå det kollektive til det individuelle. Sjølv om den språklege fridommen ga eit slingringsmonn for nokre tiår sia, fanst det likevel ein intern tradisjon som førte journalistane i ei viss retning språkleg sett. Nå er det individuelle preget viktigare i mange – men ikkje alle – samanhengar. Ei innstramming slik mindretalet ønskjer, vil gjera det verre for ei viktig gruppe nynorskbrukarar, ikkje berre utafor Vestlandet, å finne sin naturlege nynorsk.

 c)      Respekten for nynorsken kan bli svekt. Ein risikerer at den gruppa i Noreg som nok er den viktigaste for å spreie nynorsk til heile folket, ikkje berre til skuleelevar, ikkje rettar seg etter dei nye vedtaka frå Norsk språkråd. Det kan vera med på å undergrava det sambandet som finst mellom nynorsk skrift og tale. Og: Det kan gjera at folk i NRK og andre som i stor grad følgjer nynorsknorma i dag, føler seg fristilte: ”Norsk språkråd respekterer ikkje nynorsken vår, og da respekterer vi heller ikkje deira.” Dette kan vera ein parallell til avskalinga nynorsken har opplevd i samband med ulike typar høgnorskgrupperingar. Forskjellen er at dei språkbrukarane det er tale om i etermedia, er viktige i det offentlege rommet og dermed for framtida til nynorsken.  

Mindretalet ser elles ikkje kor viktig det munnlege ved nynorsken er. Eitt aspekt her er talemålsgrunnlaget for nynorsken i det heile, og eit anna er det ønsket og behovet ein del nynorskbrukarar har for nynorsken som talt språk. Da bør ein setja seg inn i korleis nynorskbrukarar som må snakke nynorsk, faktisk gjer det. Vi ser at nynorskbrukarane i - som utafor! - NRK held seg omkring rettskrivingsnormalen, men tek seg au rett til å bruke sideformer - og former utafor norma. Det er ikkje sikkert at ”feilen” ligg hos brukarane. Dei som ønskjer å følgje ei smal norm, må få gjera det, utan å ta seg rett til å prøve å tvinge andre til det same.

Av Jon Peder Vestad, desember 2002

Redigert utgåve av brev til Norsk språkråd. Lagt ut på nettet 12. desember 2002.          

   
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |