|
Aviser på
nynorsk
Dette er tittelen på
ein rapport som amanuensis Øystein Sande ved Høgskulen i
Volda gav ut i desember 1999. Med denne rapporten ønskjer
Sande å gje eit innblikk i nynorsk avishistorie, som kan skilte med
bortimot 150 aviser.
Det er fyrst og fremst lokalaviser
som skriv på nynorsk. Nokre riksaviser, som Vårt Land, Klassekampen
og Nationen, bruker nynorsk attåt bokmål, og det finst au ein
del språkblanda lokalaviser. I arbeidet har Sande halde seg til eit
relativt trongt avisomgrep, og derfor har han eit lågare tal på
nynorskaviser enn det ein kan finne andre stader. I alt har Sande funne
ut at det har vorte gitt ut 147 nynorskaviser, og 66 av dei blir framleis
gitt ut. Det er to tiår som merker seg særleg ut, 1930-åra
og 1970-åra. På 1930-talet kom det i gang 19 nynorskaviser,
og på 1970-talet ikkje mindre enn 30! Sande finn ein jamn framgang
for den nynorske pressa fram til 1940, og ei nyn oppgangsbølgje
frå 1970 til i dag.
Dei fleste nynorskavisene
finn ein i dag i Hordaland og Møre og Romsdal, med atten kvar. Færrast
er det i Agder og Trøndelag, med to kvar, og i Buskerud finn vi
ei nynorskavis, Hallingdølen. Sande har ikkje registrert nynorskaviser
i Østfold, Akershus, Vestfold, Hedmark, Nordland, Troms og Finnmark.
Forfattaren skriv at registreringa hans syner at 77 prosent av avisene
er å finne i dei fire vestlandsfylka.
Sande ser på rapporten
som eit førebels arbeid, og reknar med at det vil komma ein del
endringar og tillegg. Aviser på nynorsk skal vera ein del
av ei større norsk avishistorie, som m.a. Avdeling for journalistikk,
bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo står bak.
Av Jon Peder Vestad. Lagt
ut på nettet 22.12. 1999.
|
|