Vestads vevstad 


Innlegg av Lars Nyre:
Blind makt i journalistikken
 
Både forskarar og folk flest er einige om at mediene har stor makt. Dei som er mektigaste på kort sikt er dei riksdekkande dagsavisene, NRK og TV2. Kvardagsdebatten heime i stova og politikarane sine strategiske valg vert bestemt av emne og vinklingar i desse nyheitsmediene. Det vil seia at folka som arbeider i redaksjonane har stor makt enten dei bryr seg om det eller ikkje.

Denne makta kan brukast blindt. Ein stor og sterk mann trykkjer kanskje ei hand så hardt at handa vert skadd, men meinte det heile godt. Han oversåg eit viktig trekk ved seg sjølv. Ein journalist som er blind for makta si kan gjera langt større skade, for han overser eit sylskarpt og drepande vedheng til sin eigen person. Skaden kan verta individuell, for eksempel ved identifisering av sikta personar som viser seg å vera uskuldige, eller den kan verta langsiktig og fungera ganske umerkeleg på opinionen, for eksempel i tendensen til å frita Gro Harlem Brundtland for all kritikk i siste delen av hennar regime i Norge.

Lat meg presentera eit knippe journalisttypar som er utbreidde i 1999. Den kokette journalisten tenkjer på makta si som ein personleg kvalitet som reflekterer godt på dei som kjenner han. Den arrogante journalisten bryr seg ikkje om at han har makt. Den ideologiske journalisten driv systematisk politisk kritikk, og er difor fullstendig marginalisert. Den idealistiske journalisten veljer seg eit spesialproblem, t.d. Bosnia eller miljøvern, og brukar spaltene til å arbeida for ei løysing på det. Den kyniske journalisten skriv sant og skjønar det sjølv.

Blant journalistane sine måtar å takla makta si på finst det altså ein som er verre enn dei andre: den blinde maktbruken. Denne finst særleg hjå unge, nyutdanna journalistar som enno ikkje har skjønt kva samfunnsmakt dei har i eigenskap av å skriva i VG eller vera i TV2-nyheitene.

Dei ignorerer ikkje makta si, dei er uvitande om konsekvensane av den. Dei ser nemleg på journalistikk som eit yrke, eit handverk like praktisk som skreddarsøm og arkitektur. Dei reduserer grunngjevinga for det dei skriv til eit spørsmål om god ingress, kjeldekritikk og sitatreglar. Er du ein god handverkar så er du ein god journalist. Er du i tillegg vakker, har du flaks. Journalistikken som kjem frå den automatiske journalisten liknar på blind vold, den rammar heilt uventa, den er sakleg sett heilt umotivert, og den som gjorde det angrar alltid når han ser konsekvensane.

Eg kritiserer eit folkeslag som kan kallast profesjonelle journalistar. Kva betyr det? Dei som lever av å skriva i aviser og andre medier? Dei som tener seg rike på å vera journalistar og samfunnskommentatorar? Eller dei som har fagutdanning innafor journalistikk? Nei, i mi forståing er profesjonelle journalistar dei som skriv berre fordi dei er gode til det, og enten overser eller ignorerer at deira ord utgjer ein forskjell. Kort sagt; profesjonelle journalistar er dei som ikkje har nokon sjølvbevisst ideologisk substans i det dei skriv.

Men det er meir komplisert enn som så. Ingen reagerte då heile den eksploderte redaksjonen i Klassekampen fekk seg jobb i andre hovudstadsmedier. Dei kunne gå frå å vera ideologisk forankra til å verta ‘gode journalistar’. Ja, kanskje mange av dei har vore ‘god journalist’ heile tida, og fyrst deretter er kommunist eller radikal. ‘Kommunisme’ var kanskje berre ei rolle som passa ein kort periode, nesten eit karrieresteg. Oppbrotet frå Klassekampen viser at profesjonaliteten er sterkt framtredande sjølv hjå dei mest progressive journalistane. Det seier seg sjølv at dersom du er profesjonell, så let du deg lett marknadsstyra.

Ein meir ideologisk journalistikk er mindre straumlinjeforma og vanskelegare å kontrollera økonomisk. Skribenten vil ikkje prioritera etter merittar og lønnsnivå. Kva som er hans/hennar verdiskjema er uråd å seia utover at det kviler på ei overtyding. Personen er fullt klar over at han/ho har ei påverkingskraft gjennom ordvalet sitt, og brukar sin posisjon som journalist til å forsøka å få folk til å endra handlemønster.

No for tida verkar det som Klassekampen er det einaste norske riksmediet som er styrt av ideologisk bevisste journalistar i denne tydinga, og det er trist. Eg har ikkje ei klar oppfatning av kva som er ‘god ideologi’, og er ikkje nokon disippel av Klassekampen sine ideal, men eg veit at med større politisk bryting mellom redaksjonane ville me fått ein mykje meir vital journalistikk i dette landet.

Makt gjer blind. Når ein studerer dei norske riksmediene verkar det som dei redaksjonelle miljøa langt oftare undervurderer enn overvurderer den argumentative makta som ligg i yrket deira. Eg forstår denne systematiske gløymselen, for det må vera like upraktisk og ubehagleg for journalisten å tenkja på at folk skal lesa det han skriv, som det er for legen å tenkja på at folk skal opererast av han. Andre si sårbarheit er lett å gløyma. Diverre er det slik at jo meir ein mektig person undervurderer makta si, jo meir skade vil han gjera med den.

Lars Nyre, Klassekampen, 13.01.99
Innlegget er lagt ut med løyve frå Lars Nyre, stipendiat ved Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda..



Vestads vevstad  * Ymseposten *  Mål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * Radioordlista *  Medielenkjer * Språklenkjer