| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

På leit etter lyd

Lars Nyre er radioforskar, eller rettare: Han forskar i radiomediet. Kva skjer mellom det som blir sendt i radioen og lyttarane? Kva gjer radioen med lyttarane, og omvendt? Dette er emnet for doktorgradsarbeidet til vossingen, som er både skuffa over og fascinert av radiomediet. 

- Alt me forstår frå radioen er lyd, og denne lyden kjem til oss gjennom lufta. Det er eit sanseleg og teknisk mirakel. Eg vil prøva å forstå det. I motsetnad til fornuftige forskarar er ikkje eg ein nyttetenkjar. Dersom det kjem fram noko nyttig er det ein gunstig biverknad, fortel Lars.

Ulydige lyttarar?
Lars Nyre (fødd 1969) er ingen strømlinjeforma karriereslave, men likevel ein ambisiøs forskar. Han har vore stipendiat i medievitskap sia 1998, og er knytt til Institutt for medievitskap ved Universitetet i Bergen og Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Og forskingsprosjektet hans kan ha interesse for folk i "den verkelege verda". 

- Kanskje kan det vera nyttig for radiojournalistar å forstå det kolossale kulturelle mangfaldet i dei lydkulturane som oppstod med telefoni, grammofon/stereoapparat og radio. Kanskje det også kan vera nyttig å vita litt om korleis det går an å 'høyra gjennom' rollespelet til journalistane. Det verkar ofte som journalistane trur folk høyrer akkurat det journalistane vil, men folk høyrer det som skjer, og det fungerer ofte i direkte motsetnad til journalistane sin plan, meiner Lars.

I januar 2000 reiste Lars saman med sambuaren Barbara Wendelbo og sonen Nils (fødd 1998) til USA. Der har dei budd i Stony Brook, to timars togtur frå New York City, der Stony Brook University ligg. 

- Korfor måtte du til USA for å forske i norsk radio? 

- Eg studerer eigentleg ikkje norsk radio, men radiomediet sine særtrekk i motsetnad til andre medium. I USA er radioen radikalt annleis enn i Norge, og med dei to perspektiva på radio klarar eg vonaleg å fanga opp dei viktigaste særtrekka. Det er også interessant å setja radioen i kontrast til andre lydteknologiar, for eksempel telefonen og stereoanlegget.

Taler av Hitler og musikk av Zappa
Lars fortel at forskingsmaterialet hans er eit knippe eksempelstudiar frå radio- og lydhistoria. Det femner om alt frå "urtida" i radioen frå 1900-1930, eit utval av Hitler sine talar under 2. verdskrig, drøfting av månelandinga i 1969 som mediehending, Francis Ford Coppola sin film 'The Conversation', som handlar om lydovervaking, og musikk av Frank Zappa og Beck. Her har Lars drege nytte av hovudfagsoppgåva si i medievitskap, som er gitt ut i bokform med tittelen "Radioen og det lydlege". Undertittelen fortel at oppgåva handlar om å finne føresetnader for studiet av mediepersepsjon, det vil seie oppfatting av eit medium. Her byggjer Lars på den teoretiske retninga fenomenologi, og særleg på arbeidet til den franske filosofen Maurice Merleau-Ponty. 

- Kva er det du håper å finne ut med doktorgradsarbeidet ditt? 

- Svaret kjem om to år. Min framgangsmåte er å fyrst kjaksa ned det eg veit no, og så spinna vidare frå det. Vonaleg kan eg etter kvart sletta alt det eg veit no, og lata sluttproduktet bestå av berre nye tankar. Dette kan kallast 'spekulativ filosofi'. 

Sjølv om Lars eigentleg er odelsgut frå Voss, og bokstavleg tala ein jordnær type, er han ikkje redd for å verke teoretisk. 

- Eg vil seia at nettopp det fenomenologiske og perspetuelle teorifeltet er betre eigna enn mange andre felt til å nærma seg historien og samtida med. Eg er også usamd i at ein  lagar ei motsetning mellom det teoretiske og det konkrete. Motsetjinga går snarare mellom det abstrakte og det konkrete, og det kan finnast teori om begge deler. Lat meg ta eit eksempel: Den fenomenologiske teorien legg stor vekt på det personlege møtepunktet mellom menneske. Kjensler som spenner frå sinne til storfelt begeistring vert 'teoretisert', og kommunikasjon vert oppfatta som ein intens mellommenneskeleg aktivitet. 

Lydforskaren meiner dette er meir i pakt med den faktiske, empiriske erfaringa av media enn dei fleste analytiske tilnærmingar, der språkbruk, normering og grammatikk blir plukka frå kvarandre til det mest ikkje finst liv att i kommunikasjonen, som han uttrykkjer det.

Guru Don Ihde
Lars har vore knytt til filosofi-instituttet ved Stony Brook University, der teoretikaren Don Ihde held hus. Også dette er ein mann som har hatt ein del å seie for forskinga til Lars. 

- Don Ihde er både fenomenolog og teknologiekspert, og har utvikla nokre gode perspektiv på forholdet mellom menneske og kulturteknologiar. Han har arbeidd mykje med visuelle teknologiar, og eg overfører hans tankar til det lydlege. Dessutan er han ein snill og klok eldre mann som eg er glad for å ha møtt. Han har enormt masse kunnskap om alt frå state of the art segling, som han driv med sjølv, til klokkehistorie og asiatisk teppekunst. 

Lars fortel at Don Ihde bruker kunnskapane sine frå ulike område i bøkene sine. Han trur at når Ihde har vore død eit tiår eller to vil han tre fram som ein sentral tenkjar frå det 20. århundret.

Journalistikk for journalistikkens skuld
Det skader korkje lyttaren eller forskaren Lars at han har vore journalist sjølv. Rett nok er det i avisene Horda Tidend og Vaksdal Posten (avisa skriv namnet slik!), og han har vore kulturredaktør i studentavisa StudVest. Han liker godt å skrive, og har mellom anna skrive fleire artiklar der han kritiserer radiomediet for å vere utan noka verkeleg betydning for lyttarar i dag.

- Mi erfaring med journalistyrket gav meg ein avsmak som har skapt resonans langt inn i doktorgraden. Som journalist måtte eg alltid laga saker som passa til formatet (servil lokalavis), og som kulturredaktør tvang eg journalistar til å skriva ifølgje formatet (radikal studentavis). Det heile er eit fengsel med tvangsarbeid som tener feil interesse. Slik radiomediet fungerer idag, er det berre ein av mange anstaltar for journalistikk, og journalistikken har som fremste mål å sørga for at bransjen står sterkt. Eg eg klar over at det er merkeleg å meina noko slikt når ein arbeider som lærar på ein høgskule i journalistikk, men dersom det er nokon som burde vera klar over desse forholda, så er det jo kommande journalistar.

- Du kallar radio for det glømte mediet, men kva skal til for at radiomediet kan hevde seg som på 1950- og 60-talet nå som fjernsynet dominerer og internett er så i vinden? 

- Eg trur det er uråd for radiomediet å hevda seg i kamp med fjernsyn og internett. Det er mindre viktig for meg å 'redda' radioen enn å forstå korleis den fungerer. At den er eit bakgrunnsmedium betyr ikkje at den er uinteressant, det ville vera som å seia at å sova er uviktig fordi det ikkje skjer noko når me søv. 

Liker ikkje "hyggjelege" program
Lars har god erfaring i det å vere radiolyttar, og hører i snitt på radio om lag fem timar om dagen. 
- Dei spesielt dårlege og dei spesielt gode programma er mest interessante. Norsk radio er sjølvsagt mitt fremste referansepunkt. På P1 er det mykje dårleg, særleg programma der alle skal vera så hyggjelege. Då lagar eg spygrimasar. Den gode radioen finst både her og der, ein må vera litt tolmodig for å få høyrt det. XL på Petre var til tider uhyre bra, og klassikarar som Språkteigen, Ukeslutt og Hallo i uken på P2 er som smør på brødet. 

På radioen i USA har Lars høyrt mest på musikk, 'classic rock' med Beatles, Jimi Hendrix, funk, soul og desslike. Tennpluggane i bilen hans er så dårlege at han ikkje får høyrt snakkeprogramma på AM-bandet.

- Kva er best med radiomediet slik du har opplevd det i USA? 

- Dei lagar veldig straumlinjeforma og effektiv radio. Dersom NRK hadde laga like velkonstruerte innslag som reklameprodusentane i USA, så ville dei vunne alle prisar heile tida. Dei er også uhyre dyktige til å tilpassa programma til dei ulike rutinane i løpet av dagen, både når det gjeld stemningar skapt av musikken og vermeldingar, trafikknytt og liknande. 

Ein lyttar er ein mogleg kunde
I USA har Lars møtt musikkradio i ei grad som er ukjend i Noreg, og dei fleste hører på det. Men radioen blir berre brukt i bilen og på arbeidsplassen, fortel Lars.

- Tek stasjonane lyttarane meir på alvor enn i Noreg? 

- Ja, absolutt. Men det er i eigenskap av potensielle kundar for reklamekundane. Den bedande tilnærminga til lyttarane har funnest heilt frå 20-talet, medan nordmennene var offer for bydande journalistikk heilt til utpå 90-talet, meiner Lars. 

Sambuaren Barbara studerer litteraturvitskap, og sonen Nils lærer noko nytt om livet kvar dag. Og opphaldet i USA har lært alle tre mye om eit samfunn som både er likt og ulikt vårt eige. Ikkje minst har timar framfor fjernsynsskjermen gitt Lars klare inntrykk av skilnadene mellom den norske og den USA-amerikanske medieverda.

- Kva ser du som den største forskjellen?  

- I USA vert økonomisk egoisme i form av 'maksimering av eigennytten' sett på som heilt innlysande. I Norge er det enno ikkje slik. Fordi det amerikanske samfunnet er privat heilt frå botnen av, er krava til overlevingsinstinktet mykje sterkare, og alle (som klarar seg) er sterke, pågåande, kjempande. Det er ikkje rom for forsiktigheit. 

Smisking på universitetet
Det sjølvhevdande har Lars også funne att i universitetsmiljøet, der det slik Lars ser det, er meir smisking og taktikkeri enn i Noreg.

- Studentane innyndar seg med forelesarane, forelesarane med instituttleiinga, og instituttleiinga med dei statlege instansane. Eg var med på ein lobbyfrukost til fordel for instituttet, det var ei oppleving full av velvalde ord. Det er også meir hardt arbeid enn i Norge, for studentane må finansiera det heile sjølve. Doktorgradsstudentane som eg har vorte kjent med. har eit kunnskapsnivå som overgår dei fleste norske. Fagklimaet er hardare, du vinn eller så forsvinn du.

- Korleis har det vore for deg å vere stipendiat frå Noreg i eit USA-amerikansk universitetsmiljø? 

- Det har vore enkelt. Stony Brook har eit uhyre internasjonalt tilsnitt. På det seminaret eg følgte, var det to britar, to danskar, ein nordmann, ein tyskar og ein indar. Det var berre tre ekte amerikanarar med. Folk her er vande med stotring og stamming, ukjente perspektiv på verda og merkelege matlukter. New York er jo kjent som ein kulturell smeltedigel.

Minne frå USA: god musikkradio og ditto kaffi
Kvardagane i USA har vore prega av forsking, familieliv og fjernsyn. Strøket familien har budd i, ligg i ein roleg, halvrik forstad med kvite, vellykka mellomklassemenneske. Alle kjører til dei uendeleg mange handlesentra, ingen spaserer fordi det er altfor langt og livsfarleg, og alle er overflatisk høflege med kvarandre. Inntrykket av USA frå dei filmane og seriane imperiet forsyner oss med er ganske presist, synest Lars, bortsett frå mengda av smellvakre jenter og grusomme mord. Omtrent kvar helg har familien Wendelbo/Nyre kjørt inn til sjølve New York i sin vesle VW Jetta. 

- Kva er det mest interessante de har sett og opplevd? 

- Det er ingen enkeltting, men det kvardagslege inntrykket av å leva i eit samfunn som tilsynelatande er veldig likt Norge, men som faktisk er ekstremt ulikt. Når det er sagt, var det litt av ei oppleving å kjøpa bil. Motor Vehicles Office er ein institusjon tatt direkte frå ein Kafka-roman, og etter å ha blitt nekta å bruka både Visa-kortet, førarkortet og studentkortet som gyldig identifikasjon, fekk eg meg eit rabattkort på eit kjøpesenter, og det vart godkjent med ein gong. Alt som ikkje er amerikansk er ikkje-eksisterande.

- Kva kjem de til å sakne frå tida i USA? 

- Spenninga ved å vera ein framand, velviljen me får av same grunn, det kolossale vareutvalet i butikkane, all den gode musikken på radioen, bilkøyringa på den flotte highwayen, New York Times, den gode kaffien, søndagsturane til Manhattan og dei sprøe folka der, Don Ihde, og ikkje minst fjernsynsprogramma!

Nyrekarakteristikken
Etternamnet til Lars tyder noko slikt som 'nyryding', men ordet 'nyre' er også brukt i ei heilt anna tyding i radiomediet. Ein mikrofon med nyrekarakteristikk er ein mikrofon som tek inn lyd frå eit område forma omtrent som ei nyre. Det ligg svært nær å be Lars Nyre om ein "nyrekarakteristikk" av framtidsradioen.... 

- Eg har store vanskar med å sjå for meg framtida. I USA er det snakk om døgnkontinuerleg internettoppkopling, og då kan nettradio koma til å bli ein ny rutine også utover kontorbruken. Folk kjem til å tilbringa mykje tid framfor PCen, og dei kan jo ikkje sjå på TV mens dei surfar, så radioen vil få ein naturleg styrke der. Men webradio er jo 99 prosent musikk, og kan det kallast radio? Eg trur radioen si framtid er eit spørsmål om kva definisjon ein har på 'radio', og etter min definisjon trur eg det vert lite att.

- Korleis trur du at du kjem til å bruke kunnskapane frå forskingsprosjektet ditt vidare? 

- Eg ender vel på universitetet, vil eg tru. Det marknadsorienterte arbeidslivet byr meg imot. Diverre vil Voss kommune ekspropriera Nyre gard, så eg vert vel millionær og treng ikkje eingong å jobba.

Men kanskje han kan jabbe - om radio?

Av Jon Peder Vestad. 
Lars Nyre vart intervjua ved hjelp av e-post i mai 2000, og intervjuet er lagt ut på Internett 20. mai 2000.
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |