Sunnmørsprisen
2001 til Finn Øglænd
Forfattaren
Finn Øglænd får Sunnmørsprisen 2001 for boka Dei penaste jentene på tv.
Dette er ei samling dikt og tekstar som tek ungdom ved tusenårsskiftet på
alvor, skriven med varme, innleving, humor og innsikt.
I
Dei penaste jentene på tv møter vi verda gjennom auga og kjenslene
til ein tenåringsgut, og det på ein truverdig måte. Finn Øglænd fører
lesarane inn i tenåringsverda der store og små spørsmål knytt til livet
blir presentert side om side, med alvor og humor. Det meste krinsar om jenter
og ein meir eller mindre oppnåeleg kjærleik, utan at emneavgrensinga gjer
det slitsamt for lesarane å komme seg gjennom boka. Tvert om. Finn Øglænd
greier både å finne nye og overraskande vegar inn til emnet, og han greier
å få lesarane til å kjenne seg att:
Eg
tenkjer at eg må gjere meg kostbar
Eg
tenkjer at eg må gjere meg kostbar,
for
eksempel ta ned det biletet av henne
som
eg ikkje fekk før eg tigga meg til det.
Eg
tenkjer at eg i det minste må ta ned
det
biletet, gøyme det i ein skuff,
slutte
å skrive og ringe henne
kvar
dag, slutte å gå så tafatt omkring
som
om det ikkje fanst anna enn henne,
nå
når eg skjønar at ho ikkje er interessert.
Øglænd
skriv ein naturleg og levande nynorsk, og skrivestilen er prega av
forteljelyst meir enn trong til å ekperimentere eller presse endingar som
rimar på dikta og tekstane. Vi finn ikkje noko påtatt ungdommeleg eller
tilgjort moderne over skrivestilen som kunne øydeleggje formidlinga.
Den kvardagslege stilen Øglænd har valt, kler det han skriv om:
Dei kule jentene
Dei
kule jentene er altfor sikre på at dei har
draget.
At dei kjem til å imponere nokon.
Når
du berre går forbi dei heilt likeglad,
blir
dei ikkje så skuffa som du hadde trudd.
Dei
går berre vidare, sikre
på
at dei kjem til å ha draget på nokon.
Og
brått står dei ein stad og er uimotståelege
for
nokon,
akkurat
som dei har trudd.
Dei
penaste jentene på tv er gitt ut av Det Norske Samlaget og fortener heidersnemninga brukskunst.
Sunnmørsprisnemnda til Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag, med Reidun Langvatn,
Hilde Osdal og Jon Peder Vestad som medlemmer, takkar forfattaren for ei
gjennomarbeidd og fengjande bok, og håper at ikkje berre unge gutar vil lese Dei
penaste jentene på tv, men også jenter og det i alle aldrar. Dei som
har lagt ungdomstida bak seg, kan sjå at ungdommen no til dags ikkje er
så ulik det han var før:
Kjærleikens pølsebu
Vi
står utanfor Kjærleikens pølsebu, det er
kanskje
på Rudlå, vi kjøper ei kvar med alt, skal
kanskje
på kino, går langs Løkkeveien, all
trafikken
der. Vi nektar ikkje for at vi er ganske
lykkelege.
Vi likar å gå langt og snakke om alt. På
kinoen
stansar det nesten opp. Vi sit jo ikkje og
kyssar
eller noko, vi følgjer med på filmen. Og så
går
vi heim. Og alt er greitt på denne merkelege
måten
ting er forholdsvis greie på.
Finn
Øglænd er ein av dei nynorskforfattarane som for tida gjev ut flest bøker.
Han skriv i ulike sjangrar og for fleire målgrupper, og er ei viktig røyst i
den nynorske bokheimen. Det er ei glede for bokprisnemnda til Sunnmøre
Frilynde Ungdomssamlag å gje Finn Øglænd Sunnmørsprisen 2001 for
ungdomsboka Dei penaste jentene på tv.
Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 5.
juli 2001.
|