Sommaren 1995 vart det kjent at turistar på Svalbard tok med seg kulturminne derifrå. Da eg skreiv ei nyheitsmelding om dette til Kulturnytt i NRK P2, brukte eg ordet ferdaminne for suvenir. Etterpå vart eg merksam på at dette er eitt av dei orda som har vorte brukt til å hengje ut nynorsken med.
I dette tilfellet brukte eg eit ord som står i Nynorskordboka
og dermed er «lov». Eg valde det fordi eg syntest ferdaminne
fortel meir enn suvenir, og at ordet kunne spele på ferdaminna til
Åsmund Olavsson Vinje, skadde heller ikkje. Men det er ikkje sikkert
at vurderinga eg gjorde var rett.
Kva seier dei i Ålesund?
Ordbruken i radio og fjernsyn har sine eigne rammer og reglar. Radio
og fjernsyn som media set sine krav, redaksjonane har eigne skrivne og
uskrivne retningslinjer, journalistikken likeså. Og: Journalistane,
dei som til sjuande og sist vel orda, er prega av ulike talemål,
språksyn, språkkjensler og -kunnskap. Ordbøkene er med
andre ord ikkje åleine om å prege ordtilfanget. I denne
artikkelen skal eg syne ulike faktorar som kan påverke og forklare
ordval i radio og fjernsyn, og eg begynner hos brukarane, journalistane.
I 1997 hadde eg samtalar med tolv redaksjonelt tilsette ved NRK Møre og Romsdal i Ålesund (sjå Vestad 1998). Dei fleste av programmedarbeidarane ved dette distriktskontoret bruker nynorsk, nynorsk er administrasjonsspråket i fylkeskommunen, i fleirtalet av kommunane og er vanleg i pressa -- særleg på Sunnmøre. I Romsdal står bokmål i praksis sterkast, men nynorsk er innarbeidd i store delar av det offentlege, i skuleverket og i pressa. Nynorsk er lite vanleg i offentlegheita på Nordmøre, sjølv om det blir brukt i nokre få kommunar. NRK Møre og Romsdal er av dei redaksjonsmiljøa i Noreg der ein nynorskbrukar slepp å forsvara språkforma si, og der nynorskmiljøet er sterkt. Medarbeidarane har sprikande syn på kva som er “god” nynorsk, og sitat frå kvar av dei tolv journalistane eg snakka med, syner haldningar i miljøet:
“Nynorsken i media har ikkje til oppgåve å ta vare på
nesten utdøydde ord”
“`Andreas Hompland`-nynorsk synst eg ikkje noko om. Bruker ein nynorsk,
så bruker ein nynorsk!”
“Dersom nynorskord verkar fremmende, vel eg heller dialektord, sjølv
om dei er `bokmålsord`”
“Nynorsk bør vera nynorsk, eg ønskjer inga tilnærming
til bokmål”
“Tanken på at ein skal snakke nynorsk er vanskeleg, og enkelte
ord er ein barriere fordi dei er uvande”
“Eg har bevisst avvike frå nynorsknorma, og ønskjer at
vi skal følgje daglegtala, bruke dialektane som mal, ikkje læreboknormalen
eller `museumsvarianten`”
“Det som skapar motstand mot nynorsk, er t d `Noreg` og `gammaldagse`
nynorskord brukt utan ironi”
“Det er viktig at språket fell naturleg for både den som
bruker det og den som hører på”
“--- eg fryktar at viss utviklinga held fram som nå, blir nynorsken
for bokmålsnær. Det ønskjer eg ikkje, og eg er konservativ
når det gjeld `anbeheitelse`-orda”
“Av og til ofrar eg litt av puritanismen til fordel for kommunikasjonen”
“Eg held meg unna spesielle og konservative former, men vel `høve`
i staden for `forhold`- for elles kan det bli litt for nært bokmålet”
“Folk må bli vande med nynorskord frå t d økonomi-
og børsverda. --- Nynorsken må omstille seg, finne fine ord
og bruke gode, norske ord”
Medspelarar for nynorsken
Normert nynorsk har gode medspelarar i NRK Møre og Romsdal.
Språksynet i redaksjonen varierer noko, men det ser alt i alt til
å vera einigheit om at «god» nynorsk er ein moderat nynorsk
som ikkje er for lik bokmålet. Eitt intervjuobjekt nemnde at dette
distriktskontoret frå gammalt av har vore etter måten konservativt
i synet på språkbruk. Men den konservatismen som ein del av
medarbeidarane står for, er prega av pragmatisme og omsyn til at
språket deira skal vera brukarvennleg. Ein unngår ikkje absolutt
«bokmålsord» når dei blir sedde på som meir
eigna enn ord i den nynorske tradisjonen.
Dei tolv eg har samtalt med, er truleg ikkje representative for språkhaldningar blant journalistar som snakkar normert nynorsk i radio og fjernsyn. I bokmålsdominerte miljø er det muleg at folk har opplevd meir latterleggjering av nynorsken, og t d har lettare for å unngå spesielle nynorskomgrep. Og det kan hende at sjølve intervjuemnet har påverka svara eg fekk i Ålesund. Dei eg snakka med visste at eg ønskte innblikk i haldningane deira til nynorsk, og ville «hjelpe» meg så godt som råd. Dette kan ha gjort dei meir positive til nynorsken enn dei er i det daglege arbeidet, når dei slit med å omsetja juridiske uttrykk frå bokmål eller bruker ord dei oppdagar ikkje er «lov» på nynorsk. Dei tolv samtalene eg gjennomførte fortel heller ikkje noko om den faktiske språkbruken, som kan skilja seg ein del frå haldningane som kom fram.
Valet mellom ekspropriere og oreigne
I NRK Møre og Romsdal har bruken av verbet kverrsetje
vorte drøfta. Ein informant sa at ordet ikkje hører heime
i ein nyheitssamanheng, ein annan ville ha brukt det om folk forsto det.
Ein tredje nemnde kverrsetje og snøggbåt som
“ekstreme eller gammaldagse former”. Valet mellom kverrsetje og
beslagleggje har ein parallell i val mellom uttalevariantar. Finn-Erik
Vinje set opp tre ulike nivå for uttale i normert norsk. På
det fyrste nivået er det ingen forskjell mellom to mulege uttalevariantar
- båe er korrekte (energi - enersji). På nivå nummer
to er ein uttalemåte sedd på som betre enn den andre, men båe
går an (sentimeter - sangtimeter), og på det tredje nivået
er den eine sedd på som rett, den andre som galen (skeptisk - skjeptisk)
(Vinje 1998:143).
Inndelinga til Vinje syner variasjonsmulegheitene vi har i norsk også på ordplanet. Vi kan velja innafor ei og same norm og mellom to til dels ulike normsett. I somme tilfelle kan ein nynorskbrukar velja mellom to ulike, men likestilte ord, t d boss og søppel. Andre gonger er båe orda gangbare, men det eine er meir «stuereint» enn det andre, som trong og behov, tilrå og anbefale. I det tredje tilfellet er det eine ordet riktig, det andre er gale - iallfall om vi held oss til ordbøkene, jf krins og krets og mellombels og midlertidig. Vi har også tilfelle der valet står mellom eit nøytralt fremmendord, eit ord med bokmålsstempel og eit meir tradisjonelt nynorskord, som ordrekkja konfiskere - beslagleggje - kverrsetje. Andre gonger kan vi finne val mellom eit fremmendord og eit nynorskord, som ekspropriere - oreigne.
Riktig å velja «feil»?
På dei to fyrste nivåa som Vinje set opp, vil det for dei
fleste nynorskbrukarar ikkje vera noko problem å velja - dei vel
det dei synst passar dei best, og få merker noko til dei vala som
er gjorde. Men i dei tilfella der det ordet som er riktig, kjennest feil,
der vil mange journalistar i praksis føle at det er riktigast å
velja «feil» ord. Vanlege lyttarar eller sjåarar vil
neppe bite seg merke i at ”bokmålsordet” blir valt i tilfellet
beslagleggje, eller at fremmendordet blir valt i tilfellet konfiskere.
Det kan hende dei ville ha reagert om vala var motsett. Dette kan vi forklare
med at ikkje alle nynorskbrukarar kjenner til dei “gode” og riktige orda
som dei kunne ha brukt. Dels kan det au vera at journalisten som skal laga
ei sak om f eks ein jordtvist, meiner at ekspropriere blir forstått
av fleire enn oreigne. Lojaliteten ligg i så fall hos publikum, ikkje
hos språknorma.
Ei anna sak er det at når ord som kverrsetje og oreigne ikkje blir særleg brukt, er det fordi den nynorske offentlegheita er så svak at ho ikkje har gjennomslag for somme særord. Her vil eg likevel leggje til at nokre svært så “nynorske” ord har vorte allmenne eller i det minste aksepterte utover nynorskkjernen, som søknad, stønad, løyve. Truleg er det slik at dei orda som også (til ein viss grad) blir brukt i bokmål, er uproblematiske for nynorskbrukarane. Dei orda som bokmål ikkje har teke opp, eller ikkje bruker, blir vanskelege å ha med å gjera. Ordvalet speglar her maktforholda i det norske språksamfunnet.
Ein av dei eg snakka med i NRK, nemnde spesielt at folk må bli vande med nynorskord. Han framheva også at nynorsk må omstille seg og finne sine eigne, fine ord. Ord av åtgaum- og oreigne-typen fell ikkje i smak hos alle, og ein driven nynorskbrukar veit at slike ord kan skapa motstand mot nynorsken. For ein nynorsktalande journalist som arbeider med ein bokmålstekst, vil det vera lettast å ty til eit gjengs bokmålsord enn eit sjeldant nynorskord, som attpåtil kan skade språkforma og latterleggjera brukaren. Dette peiker i retning av at folk går minste motstands veg, og unngår det mest avvikande. Lojaliteten ligg i slike tilfelle etter mitt skjønn hos språkforma. Det skjer trass i at ordvalet kan bryte med språknorma - nynorsken blir verna ved at ein ikkje bruker ord som ein meiner folk misliker.
Ord som kanalstøy
Blant medarbeidarane i NRK Møre og Romsdal fann eg pragmatisme
både hos dei med eit konservativt og dei med eit liberalt språksyn.
Pragmatismen får følgjer for ordvalet. Dei orda som vekkjer
mest motstand eller oppsikt, er ofte lite hyppige i bruk og avvikande i
form, og dermed stangar dei mot dei språklege ideala som journalistar
er flaska opp med. Journalistspråket skal vera enkelt, presist, korrekt,
nyskapande, engasjerande og minst muleg manipulerande (Roksvold 1989:176-177).
Det skal til vanleg vera friksjonsfritt, og noko ein for all del må
unngå, er kanalstøy. Ein spesiell måte å
snakke på, lesping, sjeldne eller uforståelege ord kan vera
kanalstøy -- omgrepet dekkjer alt som dreg oppmerksamheita vekk
frå det som blir formidla.
Det er likevel ikkje så enkelt å seia kva som er kanalstøy. Er ein medarbeidar med ein spesiell måte å ordleggje seg på kjend nok, vil folk vera van med hans eller hennes måte å bruke språket på. Eit ord som kan fungere som kanalstøy i ein samanheng, f eks i ei nyheitssending, treng slett ikkje vera det i ein annan samanheng, som i eit innringingsprogram. Og: Det som er kanalstøy for eitt menneske, er ikkje nødvendigvis det for eit anna. Her finst det truleg regionale skilnader. Verbet handsame er nok gangbart i Møre og Romsdal, men ikkje i Finnmark (Ordet er nemnt som eksempel på eit "ikkje-ord" av ein nynorskbrukar i NRK Finnmark. Årsaka skulle vera klar.) For å vera på den sikre sida, unngår mange dei mest spesielle uttrykka, iallfall i samanhengar der ein ikkje har tid til å forklare innhaldet. I somme tilfelle vil det seia at omsynet til kommunikasjonen vinn over ein språkleg purisme.
Vanskelege ord i nynorsken
Dei nynorske orda eg har drege fram, er korkje dei vanlegaste eller
enklaste i nynorsken, men dei er viktige nok. Nynorsktradisjonen har sine
ideal, journalistikken sine. Riktignok er journalistspråket ofte
vanskeleg, men journalistar skal etter lærebøkene vera varsame
med å bruke ord som ikkje er allmenne i bruk. Sist på 1970-talet
vart vanskelege ord i nyheitene undersøkt i den såkalla VON-undersøkinga
(Østbye 1980). Dei som var med i undersøkinga, skulle finne
rett tyding av åtti ord som var henta frå nyheitssendingar
i radio og fjernsyn, anten ved å forklare orda eller krysse dei av.
Dei fleste orda var fremmendord, men på lista over ord som skulle
forklarast, finn vi anke (15 %), opptrappingsplan (6 %),
pressområde (4 %) og sysselsetting (56 %). Tala i parentes
syner prosentdelen rett svar.
Ei liknande undersøking kring årtusenskiftet ville nok ha synt eit anna resultat. Men det undersøkinga uansett fortel, er at ord som kan verke lette for mange språkbrukarar, kan vera vanskelege å forstå for mange. For ein del av det nynorske ordforrådet sin del vil det seia at journalistar unngår somme nynorskord fordi dei blir sedde på som uvanlege og vanskelege, og desse orda blir ikkje vanlegare og lettare å forstå når dei ikkje blir brukt… Dette er ein vond sirkel som rammar ein del av det ordtilfanget som tydelegast gjer nynorsken til noko anna enn bokmål. Journalistar som ikkje bruker særmerkte nynorskord fordi dei meiner dei er vanskelege, let lojaliteten til journalistiske språkideal vege tyngst, og kan finne støtte i journalistisk faglitteratur for dette valet.
Flyktige medium krev lettforståeleg språk
Eg vil nå sjå meir på dei krava media stiller til
språkbruken. Når ein tek for seg ordtilfanget i radio- og fjernsynsspråk,
lyt ein ta omsyn til at radio og fjernsyn er flyktige medium. Ein avistekst
kan lesast om att, og den som ikkje forstår eit ord, kan slå
opp i ei ordbok utan å miste samanhengen i det som blir formidla.
Slik er det ikkje med etermedietekstar.
Eit ord eller ein bodskap i ein radio- eller fjernsynstekst blir i dei fleste tilfelle sansa straks, det ein får med seg blir mangelfullt oppfatta, eller ikkje oppfatta i det heile. Dette får følgjer for taletempo, uttaletydelegheit, bruk av trykk og tone og sjølvsagt for valet av ord. Den bodskapen ein som journalist vil ha fram, må vera formidla slik at flest muleg får med seg det som blir sagt medan det blir sagt. Og i ei nyheitssak på 20-30-40 sekund er det ikkje tid til å forklare spesielle (nynorske) omgrep som blir nytta, det må vera råd å skjønne innhaldet med ein gong. Berre lyd- og videoopptak og kringkasting på Internett gjev publikum mulegheit til å gå attende for å få med seg det dei kanskje gjekk glipp av i fyrste omgang.
Tidspresset i etermedia er stort, og har ikkje vorte mindre etter kvart som teknikken har gjort det muleg med sjølvkjør (dvs at programleiar styrer teknikken) og direktesendingar og -innslag frå felten. Særleg i radio er det stutt veg frå idé til sending. Det er sjølvsagt forskjell mellom ei sending ein har hatt timar eller dagar til å førebu seg, og ei sending der det meste skjer på direkten. Somme programmedarbeidarar har fulle manus, der kvart eit ord er skrive ned, medan andre bruker stikkord eller halve setningar - og ofte lyt ein ta ting på sparket. Kjem ein da i hug kva slags ord ein har lov til å bruke eller ikkje? I ein kvardag der bokmålet dominerer, fører det lett til at ord frå bokmålet glir inn i nynorske tekstar. Det kan vera bevisst, men ikkje nødvendigvis.
Radio og fjernsyn er skriftlege medium
Etermedia ber i seg ei dobbelheit. I båe media er språket
framført som levande tale -- ofte i opptak, riktignok, men det er
vanskeleg å tenkje seg ei sending utan at noko er skrivi ned. Radio
og fjernsyn er også skriftlege medium, men framstår som munnlege.
Det har ikkje støtt vore slik, og for nokre tiår sia hende
det at deltakarar i radiointervju hadde ferdigskrivne replikkar som dei
skulle lesa opp. Dette er utenkjeleg i dag. Men bindinga til skrift finn
vi att i når vi ennå snakkar om å lesa opp nyheitene
- idealet i dag er at avviklaren skal fortelja nyheitene, og ein
etermediejournalist skal skrive munnleg.
I «Velkomne til P2s morgonsending...» skil Wenche Vagle (1990) mellom tale til- og tale med-strategiar i norsk radiospråk. Tale til-strategien viser at talaren snakkar til nokon som ikkje nødvendigvis er på same «nivå», eller som ein ikkje ventar tilbakemelding eller aktiv deltaking frå. Tale med-strategien vart før berre brukt i tilnærma likeverdige, mellommenneskelege forhold, der ein kan tillate seg ein personleg tone. Denne strategien har breidd seg i media, som elles i samfunnet. Vagle peiker m a på at ein i opplæring av radiojournalistar prøver å unngå den meir formelle og eigentleg uunngåelege tale til-situasjonen, ved å leggje vekt på å vera direkte og ledig (Vagle 1990:100). Journalistane skal «samtale» med lyttarane. Vagle syner at radiotekstar er situasjonsavhengige og ulike - somme er meir planlagde og skriftnære enn andre. Radio- og fjernsynsspråk er korkje skrift eller tale, det er båe delar - ein eigen språkvariant.
Fleire etermediespråk - fleire valmulegheiter
Likevel, det finst ikkje eitt etermediespråk, men mange. Som
all annan språkbruk er etermediespråket og ordtilfanget vi
finn der avhengig av samanhengen og målgruppa. Ulike målgrupper
sit med ulik språkleg kunnskap, og sjangrane set også sine
krav til kva som er gangbart eller ikkje. Når ein vil sjå korleis
etermedienynorsken skil seg frå skriven nynorsk, frå ordbøkene,
må ein m a sjå på kva programsamanhengar språkvarianten
er brukt i.
Vagle (1997) syner i ei undersøking av radiospråket i NRK mellom 1936 og 1971 at radiospråket i dette tidsrommet ber i seg to parallelle utviklingsmønster. Norsk radiospråk, både bokmål og nynorsk, har bevega seg frå det skriftlege, distanserte og autoritative til eit meir munnleg og inkluderande språk. Det tilsvarar skiljet Lomheim (1987) set mellom fjernspråk i t d nyheitssendingar og nærspråk, som vi finn i t d underhaldningsprogram. Vagle har også funne at det meir munnlege radiospråket, nærspråket, har vorte lagt til det skriftlege fjernspråket, slik at registeret, valmulegheitene er større enn før.
Auka bruk av nærspråk eller munnleg etermediespråk fører lett til at nynorskbrukarar i etermedia ønskjer å bruke fleire dialektuttrykk. Desse orda vil ofte samsvara med bokmålet og bryte med nynorsknorma, noko fleire av dei eg snakka med i NRK var inne på. Sia utviklinga i etermedia dei siste tiåra har vore til fordel for eit meir talemålsnært og munnleg språk, kan det skapa større motvilje mot å bruke ord som verkar fremmende eller litterære. Program-medarbeidarane skal for all del unngå å verke stive, det er ikkje lenger noko høgtideleg ved å arbeide i etermedia. Ord som er fremmende for journalisten, kan falle unaturlege å bruke, og blir heller unngått enn innøvd. Men påverkinga går også andre vegen. Fleire i NRK Møre og Romsdal sa at nynorsken har påverka talemålet deira, slik at dei pratar meir nå dialekt enn før - eller hadde gjort om dei ikkje hadde nynorsk som arbeidsspråk. Dette støttar målrørsla sitt argument om at nynorsken styrkjer dialektbruken og er eit bolverk mot utvatning av målføra.
Friheit og forvirring
Vanlege nynorskbrukarar skriv nynorsk og snakkar dialekt, og det gjeld
au journalistar. Sjølv om normert nynorsk tale etter kvart har ein
gammal tradisjon å stø seg til, er tradisjonen svak. Den svake
norma kan gjera det vanskeleg å veta kva ord ein kan bruke eller
ikkje i nynorsken. I NRK Møre og Romsdal finn vi folk som ønskjer
meir dialektbruk, og ikkje vil la seg binde av normeringskrav, og andre
som ser på den normerte nynorsken som ein styrke. Sia dialektbølgja
tok til å rulle for om lag ein mannsalder sia, har stadig fleire
- både journalistar og intervjuobjekt - våga seg til å
bruke dialekt i radio og fjernsyn.
I NRK-handboka si skriv Vinje at ein «mikrofontaler» «holder seg til det allmenn-kjente ordforrådet og unngår gruppespråk og lokalmerkede ord og uttrykk» (Vinje 1990:10). Dette synet har nok sine støttespelarar også på nynorsk side. Helge Sandøy peiker derimot på at ei regional tilpassing er viktig for nynorskbrukarar, «for at talemålet skal falle naturleg for brukaren» (Sandøy 1998:166). Også Lomheim (1994, 1996) er meir open for regionale drag enn Vinje. Dette syner eit skilje mellom normering av nynorsk og bokmål, noko Vinje også poengterer (Vinje 1998:152).
Lomheim, Sandøy og andre har gitt gode retningslinjer for korleis
nynorsken i etermedia kan eller skal vera, men det er likevel mye opp til
kvar enkelt kringkastingsjournalist korleis språket hans eller hennes
faktisk blir. Nynorsk har tradisjon for valfriheit og regionalt preg i
talenorma, og blir brukt i skuggen av ei av ei norm som er mye sterkare
og fastare både i grammatikk og ordforråd. Dette gjer mange
usikre og inkonsekvente, og både Lomheim og Sandøy presiserer
at normert nynorsk tale skal spegle skrifta og ha «preg og klang
frå det målføret som er utgangspunktet» (Lomheim
1994:117). Samstundes dreg Sandøy fram ordforrådet som eit
problemområde for nynorskbrukarane (1998:165) - der nynorsken held
seg med valfrie former, som mulig-muleg-mogleg-moglig-mogeleg-mogelig,
parord som bevise-prove og ein puristisk tradisjon (forbod mot visse ord).
Dette kan forvirre, og som journalist kan eg avgjort skrive under på
at særleg purismen skapar problem.
Mine eigne erfaringar
Da eg fyrste gongen brukte nynorsk i etermedia, var det som hallomann
i NRK P1. Eg laut lære meg sjølv å snakke normert nynorsk,
og nynorsken min verka nok ikkje bestandig like naturleg. Som regel valde
eg dei orda og bøyingsformene som fanst både i ordboka og
i målføret mitt. Trass i at eg hadde brukt ordboka flittig,
var det ord eg ikkje visste var «ulovlege» i nynorsken, som
edderkopp og speilegg. Ikkje om nokon skulle få meg
til å seia kongro når det var edderkopp eg ville
seia! Men eg var ikkje klar over alle fallgruvene, og godt var nok det.
Det tek på å irritere seg over forbod og påbod, og eg
var fyrst og fremst journalist, ikkje språkrøktar. Når
eg fann ut at eit ord eg ville bruke var forbode i nynorsk, det fanst iallfall
ikkje i ordboka, såg eg på det som ein mangel ved nynorsken,
og språkkjensla mi vann.
Ein annan vanske var avgrensinga til dialekt. Forsto alle kva snop er? Kunne eg bruke det dersom eg i same slengen nemnde at det tyder godteri? Jau, eg meinte det, og synst framleis at det er fornuftig å forklare ord med ein regional svip, eller ord som ikkje er så kjende for alle, dersom det er høve til det. Kva så med ord som au for `også` og efta for `ettermiddag`? Eg brukte dei, men veit at ein del reagerte på det. I dag meiner eg nok at desse to orda er så uvanlege i radio- og fjernsynssamanheng at dei kan vera kanalstøy, og eg veit at mange reagerer på adjektivet stutt. Her har vi den vonde sirkelen att. Samstundes var desse orda også ein del av mi språklege personlegheit, og det vog tyngst - da. Eg ville aldri ha brukt ord som saksførehaving, brigde eller freistnad, bate eller forviten. Desse orda var for unaturlege og/eller uforståelege for meg. På den andre sida hadde eg ingen barriere mot ein del tradisjonelle bokmålsord, sia eg hadde dei i talemålet mitt og ikkje alltid tenkte over at dei kunne ha forbodsstempel på seg.
Slike val som eg har teke, er det mange andre som tek i dag, ofte med andre svar enn dei eg fann. Det nynorske etermediespråket er alltid farga av språkbrukaren sjølv, og kan ikkje vera anna. Eit så strømlinjeforma ordforråd som vi finn i trykte media, er nær sagt utenkjeleg å få i etermedia, sia det er uråd å skjule personlegheit og bakgrunn heilt i radio og fjernsyn. For å seia det på ein annan måte: Det som fell unaturleg å seia for ein radio- og fjernsynsjournalist, vil også verke unaturleg å høre; det er umuleg å sjå heilt bort frå språkkjensla til brukaren.
Mange omsyn å ta
Ordtilfanget i radio og fjernsyn er prega av at somme ord blir valde
vekk, medan andre blir tekne inn. Ikkje alle ord som blir brukt i nynorsk
etermediespråk er å finne i nynorskordbøker -- somme
har ikkje rokke å finne vegen dit. Andre er bokmålsstempla
og er ikkje å finne i ordbøkene av den grunn, men dei finst
i ein nynorsktradisjon utafor norma.
Men det at eit ord er uvanleg i radio- og fjernsynssamanheng, er det grunn god nok til å unngå det? Mange journalistar vil meine det, og dei har som nemnt støtte i faglitteraturen.Dersom ein ønskjer å stramme inn det faktiske ordtilfanget som blir brukt i nynorsk kringkastingsjournalistikk, må ein sørgje for at dei orda som skal brukast, blir forstått. Er det muleg å tenkje seg ein slags kampanje blant nynorskfolk i etermedia slik at dei gjer meir eller mindre ukjende, «gode» nynorskord allment kjende? Det spørsmålet let eg hengje.
Så nokre ord om nynorsk ordtilfang i etermedia i framtida. I TV2 er det fritt fram for bruka av dialekt (idiolekt), og au dei nye språkreglane til NRK frå 1996 opnar for meir dialektbruk. Der heiter det at NRK «ser gjerne at medarbeidarane --- gjev normaltalemålet sitt eit regionalt preg» og dialektbruk får meir rom, f eks i nyheitsintervju (NRK nyhetsbrev 1998). Dette kan føre til at bruken av normert nynorsk etter kvart berre vil finnast i nyheitssendingar, og at journalistar som arbeider i andre typar program, vil halde på talemålet sitt. Men det er sjeldan rein dialekt desse dialektbrukarane snakkar, og da er spørsmålet kva slags språkleg førebilde dei normerer etter. Finn dei orda dei treng i bokmålet eller nynorsken? Det er eit anna spørsmål eg ikkje kan svara på.
Det er ikkje lett å vera nynorskbrukar i etermedia, dersom ein skal ta omsyn til alt og alle. Lat oss oppsummere ved å sjå det heile frå brukarane si side. Det blir venta at dei skal rette seg etter ei norm som er skriftleg, men norma skal framførast munnleg. Dei må sjølve skaffe seg kunnskap om korleis den munnlege nynorsken skal vera, og her kjem omsynet til deira eige talemål inn, og også interesse og anlegg for språk. Så skal dei også snakke om noko, og til nokon. Det dei snakkar om, er ofte henta frå bokmålskjelder, og lyt omsetjast eller tilpassast nynorsknorma. Publikummet deira lever som dei sjølve i eit samfunn der bokmål er mest brukt. Dei nynorske stemmene er i mindretal i Noreg, og ein del nynorske særomgrep er ikkje kjende eller er så uvanlege at dei skapar kanalstøy. Her kjem eit anna omsyn inn, nemleg omsynet til journalistiske språkideal som at ein skal unngå vanskelege ord og omgrep. I botnen ligg ei forståing av at radio og fjernsyn er flyktige medium. Til sist lyt vi hugse at alle journalistar er språkarbeidarar, men ikkje alle av dei er filologar.
Jon Peder Vestad
Denne artikkelen er skriven til heftet Ordtilfanget i nynorsk - synsmåtar og røynsler. Norsk språkråds skrifter nr. 5, Oslo 1998. ISBN 82-990559-6-2.