Det sjette grepet er ei fin ungdomsbok om to vanskar: å gå på sin fyrste skuledans, og å ha ein storebror som driv med skumle ting. Boka har somme gonger ei småekkel stemning, til dømes når forfattaren Erna Osland skildrar vondskap. Dette er eit kvalitetsteikn - boka er medrivande og velskriven, og ho fekk ikkje utan grunn Sunnmørsprisen i 1998.
Erna Osland gav saman med teiknaren Arild Midthun i 1996 ut Ivar Aasen - ei historie om kjærleik. Dette er ei bok som fortel om Ivar Aasen og livet hans på ein ny og fengande måte. I 1997 gav Osland også ut romanen Svimmel. om det å miste ei bestemor og oppdage at bestemor hadde sine løyndomar... Båe desse bøkene er skrivne for yngre lesarar, men kan som Det sjette grepet lesast med utbytte av vaksne.
Bak den ytre handlinga skildrar forfattaren eit oppvekstmiljø med vel lita oppfølging heimefrå og manglande farsfigurar. Dette kan ein del av lesargruppa kjenne seg att i, medan andre har godt av å lese seg inn i ein slik situasjon. Handlinga i boka er tett, men etter mi meining hadde det ikkje skadd om forfattaren hadde fortalt noko meir om forholdet til Reidun, om skulekvardagen og om livet hovudpersonen hadde hos faren før han flytta. Forfattaren skriv med kjærleik og forståing, utan at det blir påtrengande eller klamt, overdrive forståingsfullt eller tilsvarande moraliserande. Forfattaren greier med andre ord å unngå ein del opplagte feller når ein skal skrive om noko vanskeleg.
Språket i boka er godt. Med det meiner eg at Osland følgjer gjeldande rettskriving, utnyttar dei mulegheitene språket gjev, og bruker ein nynorsk som passar til innhaldet i romanen. Setningane er ofte korthogde og intense, og forfattaren unnser seg ikkje for å bruke verkemiddel som understatement og kraftuttrykk. Dette er ikkje ei bok med eksperimentering og nyskaping på språksida - det ville truleg ha drege vekk merksemd frå innhald og bodskap. Eg vil seie at språkføringa i boka er tilpassa lesargruppa og innhaldet, og ikkje på noko punkt er tilgjort ungdommeleg - noko av det verste ein finne i ungdomsromanar.
Erna Osland:
Det sjette grepet
Det Norske Samlaget 1997
JPV 6/98