| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Per Sivle på ny

Rett før jul 2000 kom det ei ny utgåve av Anders Hovdens bok om Per Sivle. Boka kom fyrste gongen ut i 1905, året etter at Sivle døydde. 

Det er Anders Hovden-fondet ved Karl-Anders Hovden, soneson til Anders, som har sytt for den nye boka. Utgåva har eit verdfullt tillegg med nye opplysningar. Vi får t.d. vita meir om ætta til Sivle og gløtt frå Sivle-tradisjonen i Drammen. Karl-Anders Hovden gjev òg att Sivle-minne etter farmora, Kari Hovden, og etter Sussi (Susanna) Sivle, dottera hans Per. I boka er det eit foto av Sussi, gift Collett. «Sussi er mykje lik far sin, storsynt og god», skreiv Anders Hovden i 1934.

Karl-Anders Hovden skriv at det er noko stort og suverent ved Sivle, i medgang og motgang, i liv og død. Det siste året Anders Hovden levde, vart han spurd kva som var den største hendinga i livet hans. «Det var venskapen med Sivle», svara han.

Per Sivle var fridoms- og fedrelandsdiktaren vår - «den nasjonale oppsongaren til 1905» (Nils Hallan 1985). No når vi nærmar oss hundreårsminnet for unionsoppløysinga, er det såleis fint at Sivle-boka til Anders Hovden på ny er tilgjengeleg i bokbuene. Boka er eit vitnemål om at Sivle-minnet vil leva.

Anders Hovden:
Per Sivle. Ei livssoge
Ny utgåve med tillegg og merknader
Det Norske Samlaget 2000

Av Gudmund Harildstad

Lagt ut på nettet 8. mars 2001
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |