Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev


På tur mellom to permar

Eg har vore på reise. Fyrst kom eg til Heidal i Gudbrandsdalen, seinare til Gausdal, Seljord, Hamar og Danmark, før eg tok vegen til det norske Amerika. Eg såg, lærte, lo og levde med på turen, som var vel verd å ta. Den som tok meg med, var norsk-amerikanaren Kristian Prestgard.

I 1944 sette Kristian Prestgard (død 1946) seg ned saman med eine dotter si for å skrive ned livshistoria si. Over femti år etter er desse livsminna tilgjengelege i boka «Fra Heidal til Decorah. Veien jeg gikk». Mannen er ukjend for dei fleste i dag, men i samtida si var han aktiv i viktige krinsar både i Noreg og USA.

Folkehøgskulemann og journalist
Prestgard var fødd i Heidal i 1866, og han var av dei heldige som fekk utdanning her heime og eit spennande liv i USA. Tidleg fann Prestegard ut at han ville tene landet og folket sitt i folkehøgskulen, og han var elev både ved Vonheim i Gausdal og folkehøgskulen i Seljord, der han også var lærar. Gløden for folkehøgskulen førte Prestgard også til det grundtvigianske kraftsenteret Askov i Danmark. Heidølen lyt ha hatt ikkje så lite av ein eventyrar i seg, og det er artig å følgje han på livsvegen.
        Prestgard vart pressemann tilfeldig da det ikkje vart behov for han som lærar ved Sagatun på Hamar. Fyrst arbeidde han i Hamar-avisa Oplandenes Avis, og så drog han over til USA for å skrive frå verdsutstillinga i Chicago i 1893. Der borte vart han, lengste økta som redaktør i Decorah-Posten.

Gode augevitneskildringar
Fyrste delen av boka inneheld barndomsminne frå Heidal, stoff om slekt, skikk og bruk. Dette er det minst interessante av det Prestgard skriv. Folkehøgskulebolken er straks meir spennande. Det Prestegard fortel om skule- og folkeopplysningspionerar som Christopher Bruun og Viggo Ullmann, om medelevar og samtida, er ei spennande augevitneskildring frå ein av dei viktigaste periodane i norsk historie.
        Prestegard fortel lite om kvardagane, og noko anna er ikkje å vente når åtti år skal brettast ut over vel 180 sider. Nei, han er meir oppteken av å fortelja om menneske han har møtt, mange av dei viktige i norsk og amerikansk kultur- og samfunnsliv. Han skriv som oftast lett og godt om opplevingar og omvegar i livet, og ikkje minst gjev fortel han mye om det intellektuelle miljøet i det norske Amerika. Han skriv om norsk og nordisk presse, om det norske pressespråket i Amerika, korleis landsmålet vart motteke blant dei utflytte landsmennene våre, og om arbeid for det norske i ulike samanhengar. Som oftast er det poeng i det han dreg fram, om ikkje anna så iallfall at «dette er noko som burde hugsast».

Lærerik og lettlesen
Boka er lettlesen og delt opp i mange småstykke, somme av dei er gjenforteljing av hendingar eller miniportrett av menneske, andre fortel om stykke på livsvegen til Prestgard. Han må ha vore ein innsiktsfull, velorientert og rakrygga kar, ut frå boka å dømme. Og eg merker at han har noko å lære meg. Det norske Amerika har for meg vore ei delvis søt, delvis komisk blanding av lutefisk-eting, flaggdyrking og knekorte bunader. Prestgard gjev ei truverdig skildring av korleis dei norskaste miljøa i USA for nokre mannsaldrar sia var ein annleis, men likevel mentalt «ekte» del av landet vårt.
        Boka er gitt ut i skriftserien til The Norwegian-American Historical Association og Norsk Utvandrermuseum. Gudmund Harildstad har redigert boka, og utstyrt henne med med tidstavle, personregister og illustrasjonar. Til sist: Denne boka viser tydeleg at store menn - vi må kunna rekne Prestgard til dei - før i tida ikkje akkurat drog fram familien sin i tide og utide. Det er berre såvidt nemnt at Prestgard vart norsk gift i USA, fekk døtrer og hadde eit familieliv attåt karrieren...

Kristian Prestgard:
Fra Heidal til Amerika. Veien jeg gikk
Snøhetta forlag a.s
Lesja 1996
NAHA-Norge, vol. VI

Bokmeldinga har stått på trykk i Vårt Land.                                                                    JPV 5/98


Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev