| Har radioen
vorte eit privat medium?
Radioforskar Lars Nyre
meiner at radioen i Noreg har mista makta til å setje saker på
dagsordenen. Radioen stettar riktignok viktige behov for lyttarane, slik
som i USA, og det er fyrst og fremst som sørvistilbod til kvar enkelt
lyttar.
- Det eg meiner er at radiomediet
stort sett er iferd med å verta utan kommunikasjon, dvs. at folk
ikkje høyrer radio for å få greie på noko om verkelegheita
på den andre sida, og radiofolk ikkje lagar program for å informera
eller påverka folk til visse handlingar, fortel radioforskaren.
Ikkje offentleg arena
lenger
- Det er i ferd med å
bli slutt på at radio er ein offentleg arena for viktige ting. Dette
meiner eg altså det finst belegg for, sjølv om Dagsnytt 18,
Her og Nå og nokre andre program held den gamle stilen frå
monopoltida ved like, hevdar Nyre. Han er ikkje sikker på om han
synest denne utviklinga er negativ, men ho er verd å leggje merke
til.
I ein kronikk i Klassekampen
(16.3. 2000) skriv Lars Nyre om korleis han ser at utforminga og bruken
av radiomediet i USA og Noreg. Nyre bur for tida i USA, og forskar på
forholdet mellom radiomediet og lyttarane. I kronikken fortel Nyre at radiomediet
er så knytt til dagleglivet til folk i USA at folk knapt kan formulere
kva forhold dei har til mediet. Radioforskaren meiner at radiomediet har
minst to viktige roller der. Desse rollene får radiomediet i Noreg
au, om det ikkje alt har fått det, "til erstatning for det gamle
NRK-regimet som snart er heilt borte", som Nyre uttrykkjer det.
Radio som musikkmøbel
Sjølv om radiostasjonar
i USA nok er viktige som formidlarar av reklame, ver, trafikk og musikk,
skulle ein ikkje tru dei er viktige på den måten NRK er eller
var, meiner Nyre. På amerikanske arbeidsplassar står radioen
på heile tida, gjerne på ein fast stasjon. Her opplever Nyre
at radioen fungerer som eit komfortabelt musikkmøbel, "stoppa" med
the Eagles, Elton John, Celine Dion, osv. Desse radiostasjonane har aldri
ei sak, aldri ei meining, aldri eit åtak, berre snill musikk og morosam
reklame kvart tiande minutt, skriv Nyre i kronikken..
Dette ser han ikkje på
som kommunikasjon: "Slik radio formidlar ikkje mellom lyttarar og verkelegheita,
men er meint å ta merksemda bort frå verkelegheita. Det rutinemessige
arbeidslivet krev rutinemessig lytting. I samfunnsperspektiv har den altså
som rolle å avleia folk, ta tankane bort frå frustrasjonar,
gje oss noko å trampa takten etter", meiner Nyre. Han reknar med
at internettradio truleg kjem til å overta meir og meir av denne
bakgrunnsfunksjonen, utan å endre han særleg.
Trafikk- og polemikk-radio
Den andre måten å
bruke radioen på i USA er knytt til bilkjøring. I bilen kan
folk lytte meir konsentrert til førehandsinnstilte kanalar, og få
informasjon dei har behov for, anten i kvardagslivet eller i kjenslelivet.
Somme stasjonar gjev kontinuerleg oppdatering av trafikkbildet, det lokale
veret og den lokale børsen. Lyttarane får veta kor lange køar
det er, kor det har skjedd ei ulykke osv. Om ettermiddagane er det uklokt
ikkje å lytte til ein slik radiostasjon dersom ein er i trafikken,
fortel Nyre. Andre stasjonar har prateprogram, som Nyre meiner ikkje har
ein så verkelegheitsnær funksjon som meldingsstasjonane. Her
er det snakk om å slengje ut politisk retorikk, psykologisk analyse
og nesten-injurierande satire.
Nyre skriv at i den grad
folk tek slike stasjonar alvorleg, fungerer dei som uforpliktande problematisering
av frustrasjonar alle kjenner, som irritasjon over skattar, samlivsvanskar
og "trongen til å slenga uhemma drit. Ved å leita fram den
rette stasjonen får du bekrefta akkurat dei oppfattingane du ynskjer",
slår Nyre fast..
Ny type privatisering
av radiomediet
Den same utviklinga - dei
same måtane å bruke radiomediet på - ser radioforskaren
også i Noreg. Han meiner at det er så lett å ta radiomediet
for gitt, og derfor blir "veslebroren" i medieverda også så
lett å undervurdere. Dei funksjonane radioen har i samfunnet nå
er av eit anna slag enn dei klassiske, det å drive folkeopplysning
og prege ein ansvarleg politisk dagsorden. I kronikken presiserer Nyre
kritikken sin slik:
"Dei nye funksjonane set
ikkje lyttaren i særleg kontakt med det større samfunnet og
skapar ikkje auka forståing av det, men er orientert mot å
tilfredsstilla behov i privatlivet, enten det er som medisin mot keisemd,
navigasjonsreiskap på vegen, eller som lynavleiar for politiske eller
andre frustrasjonar."
Symptom på utvikling
i samfunnet
Han trur at radiomediet
er med på å skilja samfunnsmedlemmene, i staden for å
gje felles erfaringar, Dette skjer samstundes med at også fjernsyn
og Internettet blir meir segmenterte og meir 'surfbare'. Når radio
samstundes nesten aldri er eit tema i offentlegheita, meiner Nyre at det
beviser kor godt radiomediet fungerer i rolla som privat behovstilfredsstillar.
Ei ein kommentar til kronikken
skriv Nyre at han meiner at radiomediet er i ferd med å bli av-retorisert.
Sagt på ein polemisk måte blir radioen eit møbel, noko
komfortabelt som folk lener seg tilbake i, ein musikkboks, psykologisk
massasje og liknande.
- Eg veit fyrst og fremst
at perseptuelle (som har med sansing og oppfatting å gjere) såvel
som kulturelle faktorar peikar på at det er slik. Men i alle høve
handlar dette om samfunnet, med radiomediet som eitt eksempel, påpeiker
Lars Nyre.
Av Jon Peder Vestad. Lagt
ut på nettet 23. mars 2000.
|