Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten  Lesarbrev


Professor Andersens natt

Denne romanen av Dag Solstad opna eg med ei spesiell interesse, og lat meg seia det slik: interessa var berre litt  mindre da eg la ho frå meg.

Forfattaren Dag Solstad har eg eit spesielt forhold til. Hausten 1983 begynte eg å studere nordisk ved Universitetet i Oslo, og var så heldig at ein av førelesarane mine i litteratur var Einar Eggen, far til musikar og forfattar Torgrim. Einar Eggen føreles grundig for oss om Irr!Grønt! (1969) og Arild Asnes (1974) og fekk auga opp for korleis enkelte greidde å få Mao til Gud, revolusjon som himmel og fremmendgjering og materialisme som moralsk grunnlag. I Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982) vart denne revolusjonen riktignok som ein skjerseld, og det vart enda vanskelegare å ta stilling til kor alvorleg systemkritikken til Dag Solstad skulle takast – og det maoistiske alternativet han la fram.

I Professor Andersens natt er det ingen tvil om alvoret. Nå er Arild Asnes og hans generasjon veletablerte og godt lønna, og det har gått så som så med ideala frå dei revolusjonære 70-åra. Men den 55 år gamle professor Pål Andersen har ikkje slege seg til ro med tittel og posisjon. Tvert imot, han tviler på vitsen med Ibsen-forskinga si og på om verka til Ibsen eigentleg kan seia noko om og i vår tid, om dei kan "ryste". Han undrast også på rolla til litteraturen i samtida vår, om han er så betydningsfull som somme vil ha det til. Her syner professoren seg som ein pessimist, godt muleg med rette.

Ikkje fullt så grunnleggjande er det at han er overraska over kor lite vi veit om forfedrane våre, - alt oldeforeldra er borte frå bevisstheita til dei fleste av oss. Og så lurer Andersen sjølvsagt på seg sjølv, særleg ut frå det som er leiemotivet i romanen: Andersen ser eit mord på ei kvinne, og dette mordet melder han ikkje frå om til politiet. Korfor? Han veit til og med kven mordaren er! Andersen oppdagar at han - som gudsfornektar - må rekne med ein Gud som han ikkje vil kjennest ved og lyde. Dette dveler forfattaren mye ved, ikkje minst dominerer det mot slutten av boka.

Dag Solstad harsellerer vennleg med sine eigne, raddisane frå 70-talet, med den tida og med samtida. Han ironiserer, er tørrvittig og ikkje heilt sjeldan berre tørr. Det siste skjer særleg når filosoferinga til professor Andersen dreg noko ut.

Solstad har nok skrivi artigare bøker, men i denne boka synst eg dei store spørsmåla kjem tydelegare fram enn i andre etter-revolusjonære øker han har skrivi. Når alvorlege spørsmål om livet og menneskevirket blir stilt på ein så elegant måte som Solstad maktar, blir det meir lystbetont å møte dei. Føresetnaden er at ein set pris på skrivestilen til Solstad, - om ikkje er dette ei tung og langdryg bok med lite handling. For oss andre skjer det slik passe mye, og utbyttet er verd innsatsen, for å seia det på ein måte som Arild Asnes og Einar Eggen kanskje ikkje hadde godteke.

Dag Solstad:
Professor Andersens natt
Oktober 1998
141 sider

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 30.6. 1999.



Vestads vevstad   Ymseposten  Mål og middel   Bokinnsynet  Privaten  Lesarbrev