Meir om radio finn de på
Mål og middel
|
Gåvetips
for radiointeresserte
Dei siste åra er
det gitt ut nokre små bøker som er veleigna som gåver
til folk om er opptekne av radiomediet. Desse skriftene er ikkje så
godt kjende, men vil sikkert gle radiotar og andre som er opptekne av ulike
sider ved radiomediet.
Ketil Jarl Halse
har gitt ut boka Radiojournalistikk
mellom teknikk og politikk, med undertittelen Dei første
radioåra (Arbeidsrapport nr. 61). Dette er ei bok om tek for
seg dei utviklinga av radiomediet på 1920- og 30-talet. Halse skriv
om korleis radio vart eit massemedium og korleis journalistikken fann sin
plass i det nye mediet. Det er lagt mest vekt på det som skjedde
i Noreg, men Halse gjev også ein presentasjon av utviklinga i USA,
Storbritannia, Sverige og Danmark. Radioen fekk ulike oppgåver ulike
stader - i USA dominerte " "public interest", i Storbritannia "public service"
og i Noreg vart radioemediet sett som ein viktig kulturfaktor.
Ketil Jarl Halse er amanuensis
ved Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda. Boka er gitt
ut av Høgskulen i Volda og Møreforskiing Volda. Ho er på
117 sider og kan tingast frå Haugen
Bok i Volda.
Lars Nyre
har gitt ut Radioen og
det lydlege. Undertittelen er Om nokre føresetnader for studiet
av mediepersepsjon (Rapport nr. 34), og boka tek for seg dei soiale,
sanselege og teknologiske rammene som finst for radiolyttinga. Nyre har
ei fenomenologisk tilnærming til emnet, og legg vekt på kroppslegheit,
sansing og språk. Her ser han på lydlege sider ved produksjon
av radioinnhald og formidling gjennom radioen, og kva rolle lyttinga har
i forståinga. I boka syner Nyre kva nytte ein kan ha i mediefag av
å utforske den språklege og kulturelle verda blir utforska
på.
Lars Nyre er stipendiat ved
Avdeling for mediefag på Høgskulen i Volda. Boka er gitt ut
av Institutt for medievitskap ved Universitetet i Bergen. Ho er på
150 sider og kan tingast frå Institutt for medievitskap, Universitetet
i Bergen, Fosswinckelsgate 6, 5007 Bergen.
Ord og uttrykk i norsk
radiojournalistikk
(Arbeidsrapport nr. 59)
er ei samling av faguttrykk knytt til radiomediet. Kring 1150 ord er samla
og forklart i denne boka, som er den fyrste av sitt slag for radiomediet
i Noreg. Føremålet med ordboka er dels å forklare uttrykk
som blir brukt i radioarbeid, dels å dokumentere fagspråk knytt
til radiomediet. Somme av faguttrykka er standardiserte faguttrykk, medan
andre er meir uformelle omgrep brukt i ulike radiomiljø. Boka inneheld
også tilleggslister. Ei inneheld uttrykk knytt til amatørradio,
piratradio, radiolytting som hobby (DX-ing) og anna medieverksemd enn kringkasting,
ei anna gjeld organisasjonar og institusjonar i medie-Noreg. Til sist er
om lag 130 faguttrykk frå norsk journalistikk forklart.
Boka er skriven av Jon Peder
Vestad (ja da, inhabil til tusen!) og gitt ut av Høgskulen i Volda
og Møreforsking Volda. Ho er på 104 sider, og kan tingast
frå Haugen Bok i Volda.
Av Jon Peder Vestad. Lagt
ut på nettet 10.11. 1999.
|
|