Vil du vite kva cue, intro og utro er for noko? Desse radiouttrykka er forklart i boka Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk, saman med over 1150 andre oppslagsord. Hovudmengda er uttrykk knytt til radiomediet, - ord som har med radiojournalistikk, programleiing, musikkbruk og ny og gammal radioteknologi å gjere.
Folk frå ulike radiomiljø har komme med ord og ordforklaringar til boka, som er ei sterkt utvida utgåve av heftet "Radioordlista" forfattaren gav ut i 1997, og som er lagt ut på Vestads vevstad. Ordsamlinga er mynta på journaliststudentar, medarbeidarar i radio, radioentusiastar og folk som er interesserte i journalistisk fagspråk. Boka har to hovudføremål. For det første skal ho forklare uttrykk som blir brukt i radioarbeid, og for det andre skal ordsamlinga dokumentere fagspråk knytt til radiomediet. Oppslagsorda er på nynorsk og bokmål. Somme av dei er standardiserte faguttrykk, ofte med ei litt anna tyding enn elles i norsk, medan andre er meir uhøgtidelege omgrep som blir brukt i ulike radiomiljø. Mange av faguttrykka er også nytta av journalistar som arbeider i fjernsyn, avis eller på internett.
Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk inneheld tre tilleggslister. Den eine tek for seg organisasjonar og institusjonar i medieverda, den andre anna radioverksemd enn vanleg kringkasting, som amatør- og piratradio og dx-ing. 130 faguttrykk frå ulike delar av norsk medieverd er forklart sist i boka, mange av desse er grunnleggjande omgrep i journalistikk. Dei er også å finnepå nettet.
Forfattaren er cand.philol. med radiojournalistikk i fagkretsen, og han har arbeidd fleire år i NRK radio. Sia 1995 har han arbeidd som lektor i mediespråk på Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
Jon Peder Vestad:
Ord og uttrykk i norsk radiojournalistikk
Arbeidsrapport nr. 59
Høgskulen i Volda/Møreforsking Volda 1998
104 sider
Utsalspris 120 kr
ISBN 82-7661-088-9
ISSN 0805-6609
Distribusjon: Haugen Bok, 6100 Volda
Tlf 70074500, faks 70074550
e-post: ekspress@haugenbok.no
Lagt ut 16.11. 1998