I artikkelen «Normering
av nynorsk etermediespråk» skriv eg i sluttordet: «Når
ein skal undersøkje normert nynorsk i etermedia, må ein ta
omsyn til mediet og språkbrukssituasjonen, til normeringstradisjonen
i nynorsk og dialektbakgrunnen til brukarane». Denne utgreiinga tek
for seg desse fire punkta - her kalla mediet, språkbrukssituasjonen,
normeringstradisjonen og språkbrukaren.
Eg har funne det nødvendig å utvide den siste av dei fire
komponenten noko, og med «normert» meiner eg språkbruk
som følgjer ei bestemt språkleg norm. I vårt tilfelle
er det snakk om ei norm styrt av læreboknormalen, språkreglar
i redaskjonsmiljø og meir eller mindre vedtekne uttalereglar. For
dei som er interesserte i ein grundigare gjennomgang av teoriar og litteratur
knytt til emnet, viser eg til artikkelen eg har skrivi.
Føremålet her
er å sjå på desse sidene ved normert språkbruk
med tanke på kva dei kan få å seia for ei eventuell forsking
med intervjuundersøkingar og opptak av normert etermediespråk
som materiale. Ein femte komponent kan bli etterlyst, og det er mottakarane.
I denne samanhengen vil mottakarperspektivet forskyve fokus vekk frå
sjølve forskingsobjektet, etermediespråket. Eg vil også
nemne at det meste eg seier også vil kunna gjelde gransking av bruk
av normert bokmål i etermedia.
1. Mediet
a) flyktig, einvegskommunikasjon
b) blir spreidd over store avstandar - au språkleg
c) ulike mottaksforhold
Når ein skal forske på etermediespråk, må ein
ta omsyn til at det ikkje er vanleg talt språk - sjølv om
det kan verke slik for mottakarane - men språk brukt nettopp i etermedia.
Eit kjenneteikn ved etermedia er flyktigheit, det vi seia at bodskapen
forsvinn i det han blir formidla. Bodskapen blir formidla frå ein
sendar til mange mottakarar, og er altså einvegskommunikasjon. Dei
mange mottakarane finn vi spreidd rundt, dei har ulike språklege
bakgrunnar, og ulike mottaksforhold - dei kan vera gode eller dårlege.
Eit råd som blir gitt, er til dømes at det ein seier i radioen,
skal vera såpass tydeleg at folk med ein middels god bilradio skal
kunna oppfatte det. Det er som vi veit ikkje muleg for publikum å
stoppe sendaren og spørja kva som vart sagt.
Alt dette peiker fram mot at språket i etermedia må vera
forståeleg og tydeleg. Dette påverkar ordval og uttale, og
gjer at ein som brukar set strengare krav til etermediespråket enn
vanleg munnleg språk. Språkbrukaren tilpassar språkutforminga
mediet det blir brukt i.
2. Språkbrukssituasjonen
a) planlagt innhald eller ikkje?
b) kva er innhaldet?
c) kven er i målgruppa?
For ein mottakar er det ikkje støtt muleg å veta om bodskapen
ein tek imot er planlagt eller ikkje, om det går på direkten
eller i opptak. Når det som blir sendt er i opptak, har språkbrukaren
mulegheit til å gjera om att det han/ho ikkje er fornøgd med,
og da er oftast manus ferdigskrivi - på normert språk. På
direkten kan au mye vera ferdigskrivi, men ikkje nødvendigvis. Innhaldet
kan au vera bestemt ut frå stikkord, eller ta form der og da, til
dømes i ei telefonsamtale. Den faktiske språkbruken blir sjølvsagt
påverka av dette. Eit eksempel er at eit nyheitsintervju med ferdigskriven
innannonsering på normert språk, blir følgt av spørsmål
på dialekt eller eit mindre normert talespråk.
Radio og fjernsyn kan brukast
til å formidle det meste, og både journalistar og mottakarar
ventar ein bestemt type språkbruk til bestemte slags innhald. Sjangerkonvensjonane
styrer språkbruken i visse retningar, og det same gjer målgruppa.
Ein snakkar ikkje heilt på same måte til eldre som til yngre,
og om ein har ei brei målgruppe, set det au bestemte krav til eksempelvis
ordbruken - kva ord ein vel, kva ord ein forklarar osv.
Dette syner oss at språkbrukssituasjonen bestemmer sjangervalet (ei enkel inndeling er i fjernspråk og nærspråk) og utforminga av sjangeren (val av register eller uttrykksform). Eit normert etermediespråk kan ha mange slags utformingar, men likevel vera normert.
3. Normeringstradisjonen
a) svak tradisjon for talenormering
b) ikkje opplæring, men individuell tilpassing
c) valfriheit og purisme i nynorsk
I Noreg snakkar mange noko som vi kan kalle «standard austnorsk», somme av desse gjer det attåt at dei bruker ei meir lokalprega dialekt. Samanlikna med til dømes Tyskland er det lite vanleg at nordmenn varierer mellom å bruke ein lokal dialekt, eit regionalmål og ei riksnorm. Det blir ikkje gitt opplæring i bruk av normert talemål, og i etermedia må kvar enkelt prøve å tilpasse seg dei normeringskrava som finst. Dei som bruker normert nynorsk har med seg ein svak normeringstradisjon når dei skal tilpasse seg normeringskravet. Samstundes må dei ta omsyn til to til dels motstridande tendensar i nynorsken - ein stor grad av valfriheit på den eine sida, og ei sterk puristisk haldning på den andre.
Dette syner oss at ein må vera førebudd på stor variasjon
i utforminga av normert nynorsk i etermedia. For ein som skal bruke normert
nynorsk, er det lett å vera usikker, og usikkerheita kan vise seg
att i stil- og formblanding, også i ein og same språkbrukssituasjon.
4. Språkbrukaren
a) dialektbakgrunnen
b) språkhaldningar
c) kunnskap om normer
Det vanlege i Noreg er å bruke eit talemål som skil seg
frå normert mål på nokre få eller mange punkt.
Det kan gjelde både ordval og uttale, men også andre språkdrag,
som t d syntaksen. Somme målføre ligg såpass langt frå
normert språk at det kan vera uråd eller vanskeleg å
skjule dialektbakgrunnen. Dersom enkelte med ein bestemt, tilnærma
lik talemålsbakgrunn ser ut til å følgje eit språkleg
mønster som er ulikt andre, kan det vera interessant.
For nynorsken sin del er
det rekna som ein fordel at talemålsbakgrunnen skin gjennom også
i bruk av normert mål. Samstundes har kvar enkelt språkbrukar
haldningar som ofte visest att - det kan vera haldningar til kva ein skal
ta med seg av talemålet i det normerte språket, haldningar
til ordval og uttale av ord, og haldningar til normering generelt. Språkbrukarane
kan au ha ulike oppfatningar av kor mye av seg sjølve dei skal ta
med inn i språkbrukssituasjonen. Også kunnskapen om normene
kjem inn her, for ikkje alle er like språkinteresserte og bryr seg
like mye om å følgje påbod og reglar.
Alt dette påverkar utforminga av mellom anna ordval og uttale,
og fører til eit individuelt preg på det normerte talespråket.
Samandrag
Ordet variasjon dekkjer godt særdraga ved desse fire punkta.
Etermediespråket er korkje skrift eller tale, og ikkje konstant.
Det er prega av variasjon etter språk-brukssituasjonen, forholdet
til normeringstradisjonen og etter val og vurderingar gjorde av språkbrukaren.
Ut av dette kunne eg ha stilt opp ein «kasse- eller pilmodell»,
men meiner at det ikkje gjer rammene særleg tydelegare.
Val av strategi
Når ein skal undersøkje normert nynorsk i etermedia, må
ein ta omsyn til dei fire punkta eg har nemnt, men med noko ulik vekt alt
etter kva slags undersøking ein vil gjennomføre. I mitt tilfelle
er faktisk bruk av normert nynorsk hos medarbeidararar i radio og fjernsyn
det interessante, med kartlegging av korleis språkbruken er og forsøk
på å finne ut korfor han er som han er.
Eg vil kort gjera greie
for korleis desse rammene eg har sett opp kan brukast. I dette tilfellet
ser eg to alternative tilnærmingsmåtar. Den eine set fokus
på språkbrukaren, den andre på språkbruken.
Når språkbrukaren står i sentrum, er det dialektbakgrunn,
haldningar og kunnskapar om normer som må kartleggjast, anten ved
kvalitative eller kvantitative intervju. Men - det blir etter mi meining
grunn forsking om ein nøyer seg med å telja faktorar og måle
haldningar. Ei kvantitativ intervjuundersøking vil gje utdjupa innsikt
om ho blir følgt opp av kvalitative intervju.
Når språkbruken
er i fokus, kan den store breidda i det som er faktisk språkbruk
gjera det vanskeleg å behandle materialet. Dersom ein forskar for
å finne belegg for variasjon, til dømes, vil ein finne det.
Det er nødvendig å finne ein konstant faktor her, og da er
den beste løysinga etter mi meining å måle normert munnleg
språkbruk opp mot den skriftlege læreboknorma. På denne
måten kan ein kartleggje avvik frå den skrivne nynorsken. Men
- læreboknorma tek ikkje for seg uttale, og derfor må ein også
dra inn talemålsbakgrunnen til språkbrukarane og det som finst
av litteratur om uttalenormer.
I båe desse strategiane
ser vi at mediet og språkbrukssituasjonen ligg som underforståtte
føresetnader for forskinga, medan det blir teke meir direkte omsyn
til normeringstradisjonen og språkbrukaren. Men alt dette heng tett
i hop, og det treng ikkje vera like lett å skilja mellom komponentane
som eg har prøvd å gjera her.
Både og
Slik eg ser det, vil det aller gunstigaste vera å kombinere ei
undersøking av faktisk språkbruk med kvalitative og kvantitative
intervju om forholdet språkbrukarane har til språkbruken sin.
På den måten kan ein finne mulege samsvar eller sprik mellom
haldningar og bruk, og sjå kva som påverkar språkbruken
mest - haldningar eller handlingar. Det kan fortelja oss noko om kva som
er lett i nynorsken, kva som fell vanskeleg, kva språksyn og opplæring
har å seia utforminga av etermedienynorsken, osv. Det er nok å
ta fatt på.
Jon Peder Vestad, 19.5. 1998