- Språk som livisk i Latvia og austfrisisk i Tyskland
døyr, mansk og kornisk i Storbritannia er døde, men er halde
kunstig i live. Ungarn har innført ein generøs minoritetspolitikk
som gjev gode rettar til brukarane av minoritetsspråk, medan den
språksentralistiske politikken i Frankrike trugar språkmangfaldet
der. Språkbruken i media, skuleliv og bokheim er ofte framme.
Olav Randen
får tydeleg fram at språksituasjonen er mye meir samansett
enn mange trur i land som Tyskland, Frankrike og Italia. Undertrykking
av minoritetsspråk og dialektar er eitt moment, noko anna er dei
ulike tilhøva mindre språksamfunn lever under. Forfattaren
tek det han kallar nokre djupare spadestikk i enkelte språksamfunn,
som det tornedalsfinske i Sverige, det store platt-tyske området
og det latviske. Her syner han korleis organisering, samling kring normer,
aksept i storsamfunnet - eller mangel på organisering, normer og
aksept, påverkar framtida til desse språka.
Randen vil
meir enn å vise korleis små språksamfunn klarer seg.
Ikkje er dei støtt så små, heller! Randen ønskjer
å syne at språkleg mangfald har ein verdi i seg sjølv,
og han har såleis eit slags økologisk syn på språk
- det er like mye verdt å ta vare på språkmangfaldet
som det økologiske mangfaldet. Denne boka er å sjå som
eit innlegg for eit slikt økologisk språksyn. Som tidlegare
leiar i Noregs Mållag har Randen naturlegvis ikkje unngått
språksituasjonen i Noreg, heller. Han ser ikkje bort frå at
nynorsk kan bli eit landsdelsmål, ikkje noko riksspråk som
alle lyt lære, og han ser heller ikkje bort frå at engelsk
kan få ein enda større plass i det norske språksamfunnet.
Randen legg ikkje skjul på at det finst grunnar til å vera
pessimistisk, og mange vil nok vera einig i dei observasjonane og tankane
han formidlar.
I 1996 gav
Sigve Gramstad ut ei bok om språklege minoritetar i Europa, med vekt
på avtaler som er inngått for å sikre minoritetane rettar.
Medan Gramstad si bok kan vera noko tørr, er Randen si personleg
og underhaldande, attåt at ho er aktuell. For eit problem i skildringa
av språkforhold, er at mange av opplysningane er forelda eller usikre.
Randen har ikkje heilt unngått å bruke materiale som ikkje
er dagsferskt, men alt i alt verkar opplysningane han kjem med pålitelege.
Boka inneheld
fotnotar med tilvising til kjelder, men manglar dessverre ei kjeldeliste.
Også eit stikkordsregister skulle forfattaren ha teke med. Somme
gonger skulle eg ha ønskt at Randen hadde teke seg tid til å
forklare kva slags språkslekter enkelte språk høyrer
til, for det er ikkje støtt like greitt å ha oversynet. Eit
språkkart kunne kanskje ha gjort same nytta. Men dette er pirk. For
dei fleste lesarar inneheld Farvel til språkmangfaldet? meir enn
nok informasjon i eit folkeleg språk, og mye å tenkje over.
Eit pluss er det også at boka er illustrert, og at ho inneheld eit
oversyn over kva for språk som blir nytta i dei ulike europeiske
landa.
Eg las denne
boka med stort utbytte, og eg trur at ho kan vera nyttig som faktabok for
elevar og studentar som skal skrive om språk og kultur i Noreg eller
andre land. Ho kan eigne seg til studiesirklar, men fyrst og fremst trur
eg at boka har mye å tilføre dei av oss som er litt meir språkinteresserte
enn gjennomsnittet.
Olav Randen
Farvel til språkmangfaldet?
Boksmia, Vats, 3670 VATS
176 sider
JPV 5/98
Til
Vestads vevstad
Til
bokoversynet