| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
    Reisebrev frå Malaysia, Singapore og Australia

1) Alt vel i Kuala Lumpur

Seks timars tidsforskjell mellom Noreg og Malaysia tok ikkje piffen ut av studentane på det nye  austral-asiatiske kulturstudiet ved Høgskulen i Volda. Heile måndagen (8.9. 2003) var dei på det malaysiske filmutviklingssenteret, der dei fekk møte toppfolk frå den malaysiske mediebransjen.

Ein flytur på tolv timar, ein tidsforskjell på det halve, reisenerver og sterk varme gjorde nok sitt til at mange av studentane tok det med ro den fyrste dagen i Kuala Lumpur. Men Chinatown fekk dei fleste med seg søndagen. I nokre tette gater var det sal av klede, musikk, fotoutstyr, mat, bøker, leike... ja, alt mogleg. Eit Swatch-ur til 80 kroner? Ikkje noko problem viss du ikkje er så nøye på kor ekte klokka er. Og det same med merkekleda. Ein ringgit er to kroner, og det gjer det lett å rekne om prisane, prisnivået gjer det lett å bruke pengar. Ei i følgjet kjøpte tre par sko...

Måndagen gjekk med til besøk i det malaysiske filmutviklingssenteret, ein offentleg institusjon som finansierer filmproduksjon, gjev råd til filmskaparar og har studio og redigeringsutstyr tilgjengeleg for bransjen. Vi vart tekne imot av Hassan Muthalib, ein kar fyrst i 50-åra som Gunnar Strøm kallar "Malaysias svar på Ivo Caprino". Etter te, ein sterkt krydra nudelrett (maten her er sterk) og velkomsthelsingar, vart vi ført inn til ein flott visningssal på senteret. Der viste Hassan oss reklame- og animasjonsfilmar, og delar av andre filmar. Han hadde sjølv laga ein del av filmane. Etter han følgde ein kunstekspert, som snakka om malaysisk biletkunst. Medan effektar og enkle, underhaldande historier kjenneteiknar malaysisk film, er biletkunsten tettare knytt til politikk og verdiar. I Malaysia har litteratur låg prestisje, og dette kan vere ein av grunnane til at dei som lagar film, ikkje har vore så opptekne av å finne gode historier, meinte Hassan.

Dei malaysiske styresmaktene har ein finger med i meir enn det vi er vane med i Noreg. Dei siste åra har det vorte satsa mye på film, og på filmutviklingssenteret arbeider det ca. 100 menneske. Senteret held til i store, flotte bygningar, og vi fekk sjå eitt studio og nokre redigeringsrom. Teknologisk var utstyret omtrent som på Avdeling for mediefag ved HVO, men noko av det gamle analoge utstyret var framleis i bruk her.

Dei malaysiske arrangørane visste nesten ikkje kva godt dei skulle gjere for oss, og ein varm lunsj sto sjølvsagt på programmet. Fisk og kylling gjekk ned på høgkant, men safta smakte fotsveitte, meinte ein. Og apropos fukt - søndagen var det kanskje litt varmt for nordmenn, med temperaturar mellom 25 og 30 gradear. Måndagen regna det ei stund, og inne var det så mye luftkjøling på at dei fleste fraus litt!

Vi fekk også møte ein kulturveteran, Hussain, som snakka om litteratur, to menneske frå animasjonsbransjen og leiaren for det internasjonale kontoret i det malaysiske kulturdepartementet. Etter møtet med oss skulle han arbeide med ei Unesco-sak. Gjennom dei ulike føredraga var det lett å

merke at staten har både styring og kontroll i kulturlivet, men Hussain sa at ein god kunstnar likevel kunne uttrykkje seg heilt fritt - det var berre å finne uangripelege måtar å leggje fram det ein hadde på hjertet. Dessutan sikrar staten at det faktisk blir laga film i Malaysia (ca. 12 i året no), og at pengar og posisjonar går til menneske frå ulike etniske grupper.

I møtet med malaysiske kulturarbeidarar har det heile tida vorte lagt vekt på at Malaysia er eit samfunn der dei ulike folkeslaga skal leve fredeleg saman. Sia det blir terpa på dette heile tida, er det tydelegvis både viktig og ikkje utan problem. Litt over halvparten av folket er malayar, nokre og tretti prosent er kinesarar, og 7-8 prosent er indarar. På alle arbeidsplassar _skal_ det vere folk frå kvar gruppe, og styresmaktene oppfordrar folk til å ta del i festdagar som hører til dei andre folkegruppene. Alle i Malaysia laerer malayspråket bahasa på skulen, og engelsk. Når to malaysiarar med ulik etnisk bakgrunn møtest, snakkar dei gjerne engelsk.

Måndagskvelden skal gruppa vere med på ein stor konsert som den malaysiske staten har kjøpt og delt ut billettar til. Det er ei berømt songarinne som skal opptre, og det blir mye tradisjonell song og dans. Statsministeren skal komme, og den norske gruppa har fått beskjed om å kle seg anstendig.

Konserten begynner klokka åtte, og da har det vorte mørkt i Kuala Lumpur, eller "KL" som dei gjerne seier. Vi blir henta på hotellet og kjørt til konsertstaden, og hotellet er forresten kjempehøgt, - var det nokre og tjue etasjar? Det heiter Novotel Century, og ligg ved ei Karl Johan-aktig gate. Blant dei mange høghusa her i Kuala Lumpur sentrum er det også tvillingtårn, ikkje langt unna der Volda-studentane er innlosjerte og blir til onsdag morgon. Men det tenkjer vi ikkje for mye på, for her er det så mange andre inntrykk å få. Ja, det blir nesten ikkje tid til å fordøye alt ein ser og opplever. Det beste av alt er at det har godt bra med oss, og vi satsar på at det går greitt i gamlelandet også.

 

2) Spennande dagar aust i verda

Ikkje alt som kan gå gale, går gale. Det har dei tretti studentane frå Høgskulen i Volda som er i søraust-Asia og Australia fått oppleve dei siste dagane.

Etter å ha hatt nokre intense og lærerike dagar i Malaysia, eit land som var meir moderne enn mange hadde tenkt, gjekk studieturen vidare til Singapore. Men da vart det nesten bom stopp for ein av studentane. Passet hennes går nemleg ut i februar, og Singapore krev at passa skal gjelde meir enn seks månader fram i tid. Malaysian Airlines turde ikkje sleppe henne ombord, og saman med ein av lærarane måtte studenten prøve å løyse problemet. Skulle dei bli att i Kuala Lumpur og reise rett vidare til Brisbane? Skulle dei kjøpe ekstrabillett med Singapore Airlines til Singapore? Singaporeanarane var nemleg ikkje like strenge.... Men det løyste seg etter nokre samtaler og ein del stress: Malaysian Airlines fekk beskjed frå Singapore om at det skulle gå bra.

Frå Kuala Lumpur reiste vi i sommarvarme midt på natta, og vi kom fram til ein like varm og enda meir moderne storby i nitida om morgonen. Du slette tid! Her var det skyskraparar i så stort tal at det var uråd å telje. Men det var også natur, spesielt skog, i denne vesle bystaten som alt ialt knappast er større enn Ørsta og Volda til saman. Og på dette området bur det 4,3 millionar menneske, dei fleste kinesarar.

Studentgruppa vart plassert på eit hotell rett ved Chinatown, ikkje det hotellet som var avtalt, men eit flott hotell uansett. Det måtte kontaktane våre i Sjømannskyrkja få beskjed om, og heldigvis nådde vi tak i dei som skulle møte oss. Da dei dukka opp i respesjonen var det ein bøling trøytte studentar og lærarar dei møtte. Og svoltne... Fyrste stopp vart derfor Hard Rock Café, og deretter bar det rundt omkring i millionbyen. Her er det forbode å spytte, gå på raudt lys, tyggis blir ikkje selt, og det er store bøter for å hive frå seg noko.

Byen var rein, verka trygg, og imponerte på mange måtar. Vi besøkte Chinatown, eit par tempel, Litle India og såg ulike bydelar. Det var Espen Ingebrigtsen og Signe Volden frra Sjømannskyrkja som var med oss, og dei gjorde ein kjempejobb. Espen har studert kristendom og meinigheitsarbeid i Volda, mest som fjernstudent, og har budd vel fire år i Singapore. Han kunne fortelje oss kor vi skulle handle og ikkje handle, kva vi absolutt burde få med oss, og kva vi skulle vere på vakt mot.

Rundturen i Singapore endte på Sjømannskyrkja, som ligg i ein rik, roleg bydel eit stykke frå sentrum, ikkje så langt unna eitt av universiteta. Her fekk vi møte fleire av dei som arbeider på Sjømannskyrkja, og vi fekk sjølvsagt kaffi og vaflar med syltetøy. Folk slappa godt av, og føkgde godt med da dei tilsette orienterte om arebidet dei driv med. Det er færre som besøker Sjømannskyrkja no enn før, dels pga. at det finst færre norske sjøfolk, dei sjøfolka som er ute, har dårlegare tid enn før, og det finst også færre turistar. Grunnen var frykta for terrorisme og SARS.

SARS vart faktisk nemnt da ein av studentane vart sjuk natta etter neste dag. Den dagen drog studentane rundt på eiga hand og såg seg omkring, og ikkje så få kjøpte deg digitale kamera og andre saker til temmeleg gode prisar. Nokre besøkte det klassiske, britiske hotellet Raffles, og den høgste bygningen i byen, der det er ein bar i 70. etasje. Da sit ein som på Rotsethornet i Volda og ser utover høghus etter høghus, og innimellom, små kvartal med to-tre-fire-etasjars hus som har vorte verna.

Singapore er ein by som aldri kviler, og det varierte nok kor mye kvile det vart på folk der. Men det er ein trygg by, og det var rimeleg å ta drosje. Somme drog på jazzkonsert, andre slappa av i bassenget på hotellet. Og ein vart altså sjuk.

Lærar Cecilie Wilhelmsen vart vekt i halv fire-tida på natta om at ein av studentane hadde 40 i feber, var dårleg i magen og heldt på å svime av. Ho kontakta sjukehus, og studenten og ho drog dit. Kollega Jon Peder Vestad ordna med avreise til flyplassen, og halv fem var resten på veg dit. Men ville Cecilie og studenten klare å komme seg på flyet? Avtala var at Jon Peder følgde studentane til Brisbane, og Cecilie skulle vere saman med studenten, anten det gjekk slik eller slik. Den tredje læraren, Gunnar Strøm, hadde reist rett til Australia frå Kuala Lumpur. I slike situasjonar skjønner ein kor viktig det er å vere fleire larerar på denne typen turar. På flyplassen fekk Jon Peder snakka med den sjuke studenten, som kunne fortelje at han var friskmeldt frå sjukehuset, og sat i ei drosje på veg til sjukehuset. Takk og pris! Men dei hadde altså ymta noko om SARS..., enda det berre var ein mageinfeksjon med feber.

Eit nytt problem oppsto på flyplassen: Hadde folk betalt visuma sine til Australia? Betalinga skulle skje via Internett, og på flyplassen kunne dei ikkje sjå at betalinga var registrert. Dei siste måtte vente ein time før stadfestinga kom på teleks frå Australia, og da var det rett om bord i flyet.

Frå Singapore drog vi til Kuala Lumpur, venta litt der, og så sat vi åtte timar i eit Airbus-fly til Brisbane. Turen gjekk igrunnen ganske kjapt, takk vere søvn, mat og flykino(!). Nokre tenkte kanskje på at vi hadde vore i kapitalstaden Singapore på terrordagen 11. september, andre gledde seg over fine ting dei hadde kjøpt i Kuala Lumpur eller Singapore, atter andre tenkte på kor moderne og fritt det muslimsk-dominerte, sentralstyrte malaysiske samfunnet eigentleg verka. Ja, avisene kunne til og med skrive om at dei hadde sensur! Og dyrkinga av statsministeren var overdriven etter norske forhold, men greitt nok. Folk levde iallfall i fred, og Malaysia er ikkje lenger rekna som noko utviklingsland.

Til Brisbane kom klassa i kveldinga. Dei strenge reglane for innreise overraska nok mange, på eit skjema måtte ein mellom anna opplyse om ein hadde vore på gard dei siste tretti dagane! Matvarer var det strengt forbode å ta med seg, og det var ikkje måte på alt ein måtte opplyse om. Kontrollen var streng, og ei lita luktebikkje markerte på mange av sekkene som vi hadde hatt mat i. Alle kom seg gjennom, og vart møtt av Jan, ei kvinne i femtiåra frå Griffith University. Ho tok oss til der vi skulle bu, dei fleste på Robinson Garden, ein fin, liten studentby i eit villastrøk utafor sentrum, nær universitetet. Folk var svoltne, og Jan ringde etter pizza og brus til heile gjengen. Godt!

Laurdagen møttest vi på universitetsområdet Nathan, der Jan og kollegæn Brendon orienterte om studieopplegget. No var det plutseleg meir alvor, med oppdaterte førelesingsplaner, beskjedar om e-post, og prat om betaling og oppgåveskriving. Kvar student fekk ei veske med brosjyrar og anna materiell i, og to kjæledyr - koalabjørnar, sjølvsagt.

I Brisbane var det varmt, men ikkje så intenst som lenger nord - Singapore ligg rett nord for ekvator. Byen er spreidd utover eit digert område, og har 1.3 millionar innbyggjarar, og med nærområda bur det 3 millionar her. Ei elv buktar seg gjennom byen, og ein times tid aust for byen ligg Gullkysten og Surfers Paradise. Landskapet er ganske flatt, men det finst nokra åsar rundt omkring. Etter å ha ete i studentkantina og sett eit par guanaer - store øgler - rett utafor, drog klassa på busstur rundt omkring i byen. Seinare fekk vi handla, og deretter var det tid til å slappe av. Folk var fornøgde med velkomsten, som var profesjonell, vennleg og gjennomarbeidd. Snipp, snapp, meir kjem nok seinare. (Brisbane 13. september 2003)

3) - This was interesting!

Desse orda har vore i lufta fleire gonger dei siste dagane frå og til folk frå Høgskulen i Volda (HVO) i Brisbane i Australia. Ein student har bestemt seg for å studere journalistikk her, ei anna vil prøve å få seg ein master med australsk stempel. Og alle ser ut til å vere fornøgde.

Vel, dei lokale kontaktane til folka frå HVO seier at etter ein tre vekers tid begynner dei å merke at folk får heimlengt, og da er ikkje alt like spennande og interessant lenger. Men etter ei knapp veke i Brisbane er det meste framleis fryd og gaman.

Fredag 12. september kom dei austral-asiatiske kulturstudentane til Brisbane, laurdag var det rundtur i byen, søndag fri og måndag begynte alvoret - nesten. Da var det mottaking på eitt av universitetsanlegga, det finst mange av dei, med stutte, greie taler og grillmat. Dei som var om seg, fekk helst på den læraren frå Griffih University som skal komme til Volda og vere sensor på eksamen, og alle naut utsynet frå administrasjonsterassen over høghusa i City og kosebydelen Southbank. Om kvelden var det servering av taco i Robinson Garden, der dei fleste av studentane bur. Og tysdag var plutseleg alvoret der - fire timar om sport i Australia. Det er nemleg minst like viktig som i gamlelandet.

Onsdagen var det friluftslivet som sto i sentrum. Heile gjengen drog austover til kysten og til Moreton Island der det er ville, selskapssjuke delfinar og ditto kvalar. Fyrst for følgjet ut for å helse på kvalane, og dei viste seg i rikt monn. Ja, det er ikkje sikkert at dei var meir enn ti, men dei viste seg mange gonger, eit par kom til og med nærmare turbåten og rulla seg rundt tett attmed og svømde under båten... Folk knipsa og gispa.

På sjølve øya var det kilometerlange strender, og nesten ingen turistar. Det er lågsesong no tidleg på våren, og berre passe varmt i vatnet. Dei fleste prøvde seg likevel med litt bading. Vatnet heldt ein akseptabel norsk sommartemperatur, men ikkje noko meir. Og enda kaldare vart det etter at sola gjekk ned i sekstida. Da var det tid for å mate delfinane, og mange fraus og hutra seg ned i vatnet for å helse på dei sju delfinane som hadde møtt opp denne kvelden - dei er ikkje heilt ville, nemleg. Og småfisk etter småfisk gjekk inn i dei spisse delfingapa, før delfinane rulla seg rundt i avskjedshelsing til dei norske studentane. Merkeleg!

Torsdag var det australsk ungdomskultur som sto på programmet, og deretter begynte "fagmeister" Gunnar Strøm med å halde samtaler med kvar enkelt av dei tretti studentane på kurset. Frå før har alle hatt høve til å snakke med lærarane om det dei måtte ha hatt på hjertet, og nå var det fyrst og fremst det faglege det gjekk på. Cecilie Wilhelmsen reiste heim denne dagen, og vart sakna med ein gong. Gunnar og "JP" (Jon Peder Vestad) var nede ved Gullkysten fyrst på dagen og snakka med folk som arbeider med medie- og musikkfag ved avdelinga til Griffith University der. Responsen for moglege samarbeidsordningar var god, og også her fekk dei høyre "this was interesting". Og kva som ligg i det, får nok dei interesserte vete seinare.

Av Jon Peder Vestad

Breva vart skrivne i fyrste halvdel av september 2003, og lagt ut på nettet 28.10. 2003.

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |