| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Så kom den smilende katten
 
Dette er tittelen på ein roman Gunnar Lunde gav ut i 1987. Nokre få år før fekk eg høre om forfattaren, og eg meiner eg har lese ei anna bok av han før eg kom over Så kom den smilende katten. Det skjedde i eit boksal biblioteket i Ørsta hadde. Ikkje veit eg om det har vore nokon som har lese i det eksemplaret av romanen eg kjøpte, men eg skulle ønskt det var det.
 
Så kom den smilende katten er ei historie om ein kar som flyttar inn i ein kommunal utleigebustad i ein sørlandsby. Jan Juul heiter han, og kjem flyttande frå Danmark. Der har han levd eit liv som ikkje har vore heilt etter A4-formatet, og i sørlandsbyen skal han prøve å halde fram med yrket sitt, som er å vera forfattar. Jan Juul kjenner seg ikkje som nokon vellykka forfattar, og heller ikkje som noko spesielt vellykka og lykkeleg menneske. Han tenkjer mye, skriv jamt, og grunnar over ein oppvekst som ikkje har vore lett, og over naboane sine. Dei kjem han i prat med, mellom anna ei kvinne som han skjønner har i seg meir alkohol enn godt er. Henne får han godhug for. Ein annan nabo driv med nokre mystiske greier, og det fører Juul til Oslo. På togreisa dit møter han også ein kvinneleg student som kjenner godt til den store forfattaren Jan Juul, og dette møtet er fornøyeleg skildra. Andre hendingar i boka er meir prega av alvor, ofte knytt til svart humor. Noko som etter kvart liknar kjærleik veks også fram.
 
Det er i grunnen mye fornøyeleg i denne boka. Sjølv om det ligg eit sårt og hardt drag over heile romanen, så er det au mye varme å finne. Jan Juul er ingen enkel person, han er heller ingen tapar, men kan bli sett på som det. Ikkje minst har opplevingar frå oppveksten sytt for det, men også damehistorier og minne frå eit uryddig liv. Dei blir aldri blir fullt ut fortalde, men delar av romanen han skriv på, syner at livet ikkje har fare fint åt med Jan Juul - og nok omvendt, au. Denne fine blandinga av filosofering og halvklåre tilbakeblikk, møte i roman-nået og hendingar knytt til livet i den kommunale utleigegarden, gjer at Så kom den smilende katten ikkje blir ei bok ein gjer seg lett ferdig med. Bevares, ho er ikkje tunglesen, snarare det motsette, men det er ei bok med meir mellom permane enn ei historie. Romanen fortel om liv og relasjonar, og kva ein katt kan tilføre av det vesle ekstra. 
 
Kjem du over bøker av Gunnar Lunde, så ikkje ver redd for å ta ein prøvesmak. Som nemnt meiner eg at eg har lese ein roman av forfattaren tidlegare, og eg kjem til å gje bøker av han fleire sjansar. Og etter det eg har hørt, skriv ikkje Gunnar Lunde meir, dessverre. 
 
Gunnar Lunde:
Så kom den smilende katten
Roman
Aschehoug
Oslo 1987
298 sider 

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 15. juni 2000.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |