Ånund K. Homme kan oppfylle drømmen mange har om å få gitt ut bok. Han er mannen bak Setesdalsforlaget, som sia starten i 1997 har gitt ut kring førti bøker og hefter. Rekordopplaget for ei bok er på heile (?) 200 eksemplar. Det er ikkje lett å få bokhandlarane til å selja bøkene til det vesle nynorskforlaget, opplevde Homme i Volda.
På boklista til Setesdalsforlaget finn vi alt frå barnebøkene "Apekatten Lobo" og "Løva Simba" av Birgit Svaland til "Korleis ein nytta ut runnar og ungtre på gardane " av Torjus O. Nomeland, "Viser og vers i ein skumringstime" av Ottar Rygg og skrønebøker av forleggjar Ånund K. Homme (68) sjølv. Fyrst og fremst gjev det vesle forlaget ut bøker på nynorsk.
Fekk nei i nynorskland
- Da eg var på Dei nynorske festspela i Volda for sjette gongen,
spurde eg hos Haugen Bok der om dei var interesserte i bøkene mine
- dei er stort sett nynorskbøker; men nei. Tenk i Volda! Ørsta
og Volda er jo nynorskvogga! Bøkene tok dei visst berre frå
sentralar i Oslo. Eg tenkte at Haugen Bok med 30.000 titlar ville setje
si ære i å kunne skaffe alt som fanst av nynorskbøker.
Det er vanskeleg å selje bøker, fortel Homme frå heimekontoret
i Valle i Setesdalen.
- Kva slags bøker prioriterer du?
- Det meste er av interesse, men eg må no vera interessert sjølv!
Barne- og ungdomslitteratur har prioritet, afrikanske eventyr er interessante,
og eg kjem vel au med latviske, opplyser Homme, som kan melde om stor interesse
frå skriveglade menneske.
Forlagsdirektøren - han bruker ikkje akkurat den tittelen -
fortel at opplaga er små. Det største opplaget så langt
er på 200, og det sytte boka "Muntre minner fra Fajansen" av Henrik
Haugland for. Det er ei bok med minne frå Figgjo Fajanse, og ho selde
120 fyrste dagen - hos Setesdalsforlaget er det ein suksess. Dei minste
opplaga er på 20-30 eksemplar, og nye opplag blir trykte opp etter
behov.
Ikkje nok stoff til ei bok sjølv?
Det er ikkje berre opplaga som er små. Omfanget av den litterære
produksjonen treng heller ikkje vera så stor for få noko mellom
permar. Homme gjev nemleg håp til dei forfattarspirane som ikkje
har nok stoff til ei bok åleine - da kan fleire gå saman om
ein antologi, ei novellesamling eller liknande, meiner han. Forfattarane
skal ikkje ha meir økonomisk ansvar enn at dei betaler for dei bøkene
dei kjøper sjølve - og det til ein rimeleg penge. Filosofien
bak Setesdalsforlaget er at den som har hug til å gje ut bok, skal
få gjera det.
- Det er utruleg tilstrøyming av manus - av mange slag.
Det med å gi ut bøker i små opplag og gjere alt sjølv,
har ført til ovstor tilstrøyming. Eg liker best dei forfattarane
som vil selja bøkene sine sjølve. Dei får til dømes
boka for kr. 80.- og sel henne for kr. 150.-, for da taper eg i alle fall
ikkje. Skal ein sende to-tre bøker til kommisjonssal, betale dyr
porto og kanskje få att bøkene, med porto blir det tap, sjølvsagt.
Til nå har ikkje Homme tent på forlaget. I 1997 var underskottet
på 67 000 kroner, og for 1998 sin del håper han at underskottet
blir mindre. Attåt dei vel førti titlane forlaget har på
boklista si i dag, er fleire bokutgjevingar i kjømda. Som illustratørar
har Homme knytt til seg mellom andre den anerkjende kunstnaren Rita Backer
Hjorthaug, og forfattarane i stallen hans kan bli kjende. Somme
har gitt ut bøker på andre forlag før.
Går med underskott
Før Homme begynte som forlagsmann, var han i skuleverket i ein
mannsalder, før han arbeidde eit tiår i kulturetaten i Valle
kommune, mellom anna som kultursjef.
- Korleis fann du på å starte Setesdalsforlaget?
- Det var for å ha noko å herje med som pensjonist. Eg
ville gjere alt sjølv, gje ut bøker i små opplag og
vere min eigen herre - berre stå til ansvar for forfattaren. I går
fekk eg manus og illustrasjonar på papir, diskettar og heimebrend
CD-ROM-plate, som eg arbeider med for tida. Det liker eg fælande
godt. No sit eg og tastar ord for ord om spelemenn, slåttar og folkemusikk
- det skal bli både bilde og noter i boka. Det er arbeidskrevjande
og keisamt; men det blir ei verdfull dokumentarisk bok.
Ein av grunnane til at Setesdalsforlaget har hatt mulegheit til å
gje ut så mange bøker, er enkel utforming og trykkvalitet.
Setjinga gjer Homme sjølv, og marknadsføring og salet er
det dels opp til forfattarane å stå for, dels forlaget. Gjennom
små annonsar i Dag og Tid og høgnorskbladet Vestmannen fortel
mannen bak enkeltmannsføretaket om forlaget, og på internett
har Setesdalsforlaget eigen nettstad, fargesprakande og vilter, somme vil
vel seia rotete.
- Du ser på heimesida mi kva eg står for. Ho er sikkert
for sprelsk - med for dårleg typografi og layout. Men somme er så
gilde og seier at sida er slik eg er: rask og impulsiv, avsluttar mannen
som kan oppfylle bokdrømmen til mang ein skrivebordsforfattar.
.
Setsedalsforlaget finn du på http://home.sol.no/~sforlag, e-postadressa er Setesdalsforlaget@online.no
Av Jon Peder Vestad. Lagt ut 21.1. 1999