|
Sitatteknikk
I
skriftleg journalistikk kan vi skjelne mellom tre måtar å sitere nokon på.
Den vanlegaste måten er det vi kallar direkte sitat eller innhaldssitat. Det
direkte sitatet blir markert av ein sitatstrek som står før det kjelda har
sagt. Innhaldssitata treng ikkje vere ordrette, nøyaktig slik
intervjuobjektet sa det. Men innhaldet skal likevel vere korrekt gitt att.
I direkte
sitat har ein lov til å utelate innhald som ein finn ut ikkje er nødvendige,
og ein sløyfar sjølvsagt nøling, avbrotne setningar osv. Ofte er det slik
at intervjuobjekta formulerer seg betre i direkte sitat enn dei gjer i
verkelegheita. I innhaldssitata legg vi vekt på at innhaldet skal fram, og da
kan det rett som det er vere nødvendig å byte ut faguttrykk med vanlegare
ord og leggje inn innhaldspresiseringar som ein ikkje så lett får plassert
elles i teksten. Her tenkjer vi på presiseringar som titlar og fullt namn.
Intervjuobjektet har eksempelvis berre brukt for- eller etternamn, og det kan
vi fylle inn i dei direkte sitata i tilfelle der ein ikkje kan rekne med at
det er klart kven det gjeld.
Indirekte
sitat
Den andre måten
å sitere på, er indirekte sitat, eller referat om ein vil. Her er det også
innhaldet ein legg vekt på å få fram. Her står journalisten friare til å
ordleggje seg, utan at det skal fordreie eller endre innhaldet i det som
faktisk er sagt. Ein kan byte ut vanskelege ord og leggje inn presiseringar,
men må sjølvsagt hugse å la det gå tydeleg fram kven det er som seier,
meiner, påstår og så vidare. Det kan ofte vere vanskeleg å sjå kor eit
direkte sitat sluttar, og kor det indirekte begynner. Ofte kan det vere lurt
å la det indirekte sitatet begynne på ei ny linje for å få fram at her er
det journalisten som fører ordet. Her er det ulik praksis i ulike redaksjonar.
Ordrett
sitat er den tredje sitatvarianten, som blir markert ved at sitatet er
inngjerda av gåseauge. Og her skal innhaldet verkeleg vere ordrett gitt att,
ikkje noko lagt til, ikkje noko trekt frå. Det vil seie, det finst eitt
unnatak for det siste. Det er nemleg lov å sløyfe avbrott og nøling, men
dei orda som står mellom gåseauga, skal vere dei som faktisk vart sagde.
Denne måten å sitere på er lite nytta i Noreg, og blir stort sett brukt for
å dokumentere at slik vart dette sagt.
- Nei,
det var aldri snakk om at XX AS og YY AS skulle slås sammen. Diskusjonene som
ble ført, var et forsøk på sondere mulighetene for et framtidig samarbeid,
forteller administrerende direktør NN.
NN mener
at påstandene som har kommet fram om en mulig sammenslåing, er forsøk på
å sverte de to selskapene. Ikke på noe tidspunkt har det vært tale om noe
mer enn samarbeid, forsikrer NN. Likevel vedgår han at samtalene mellom XX og
YY kan ha blitt tolket som noe mer. Det må imidlertid ha vært i kretser med
et perifert forhold til bransjen, framholder han.
- Jeg
har vondt for å tro at de som kjenner bransjen, ville stole på innholdet i
de ryktene som ble gjengitt i XX-posten i går, sier NN, og avslutter
hoderystende ”Dette er bare…. for jævl…, eh – for vilt”.
Her ser vi
alle tre sitatformene bli brukte, det ordrette sitatet er teke med for å vise
styrken i utsegna. Det vanlege i intervju er å veksle mellom direkte og
indirekte sitat. Å pøse på med direkte sitat blir einsformig, og samstundes
røper det at journalisten kan ha arbeidd for lite med stoffet. Ein framstår
rett og slett alt for mykje som eit mikrofonstativ om ein ikkje filtrerer det
ei kjelde seier gjennom ei kritisk vurdering og vidareformidling av innhaldet.
I radio og
fjernsyn nyttar vi oss av dei same sitatformene. Eit direkte sitat, framført
av reporteren i det vi kallar ei blokk, er her som i skrift innhaldssitat der
ein knyter innhaldet direkte til kjelda. Det same gjeld indirekte sitat.
Ordrette sitat kan lesast av reporteren, men i radio og fjernsyn er det meir nærliggjande
å la intervjuobjektet sjølv seie det som ein ønskjer å gje att ordrett.
Ved sitat
frå skrivne kjelder, er det venta at sitatet er hundre prosent ordrett.
Dersom det er delar av sitatet ein ikkje ønskjer å ha med, kan ein vise at
noko er utelate ved å skrive tre tankestrekar eller tre punktum (prikk-prikk-prikk).
I fagartiklar er det vanleg å la sitat som går over tre linjer eller meir,
blir plasserte med innrykk og skrivne med kursiv skrift. Kjeldetilvisinga skal
vere tydeleg, slik at ein interessert lesar har høve til å skaffe seg det
same dokumentet – så sant det ikkje er hemmeleg! – for å kontrollere at
sitatet er korrekt.
Kva sitatform skal ein velje?
Vi har alt
skrive at ein bør veksle mellom direkte og indirekte sitat. Det skaper
variasjon, og det er eit gode i seg sjølv. Men ein annan grunn til at ein
ikkje kan halde seg til ei sitatform, er at det direkte og indirekte
sitatet har ulike kvalitetar. Folk veit – eller bør vete – at det som står
etter ein sitatstrek, verkeleg er sagt av intervjuobjektet. Dei direkte sitata
eignar seg derfor svært godt til å få fram subjektive oppfatningar,
engasjement og temperatur, innhaldselement som det er uheldig at publikum
knyter til journalisten. Dernest er det slik at når intervjuobjekt skal
formidle fakta, kan informasjonen vere kronglete formulert. Kjelda vil gjerne
ha med om og men som journalisten meiner kan spore av saka, og derfor er det
like greitt at journalisten formidlar den typen informasjon som inneheld
fakta. Journalisten kan skrelle vekk det som er unødvendig i samanhengen for
å la hovudemnet stå klart fram. Dette er ingen regel som ein skal følgje
slavisk, men det er ei grei rettesnor: La intervjuobjektet sleppe til med
kjensler og subjektive synspunkt, og la journalisten formidle fakta. Særleg i
radio og fjernsyn er denne delinga vanleg.
Den danske
journalistlæraren Mogens Meilby peiker på at direkte sitat gjev publikum ei
sterkare oppleving av det som blir formidla. Direkte sitat frå ein part i ei
sak kan påverke publikum til å halde meir med ei side enn ei anna. I ei sak
med fleire partar bør ein derfor sitere alle involverte partar likt, og ikkje
referere den eine parten og la den andre sleppe til bak ein sitatstrek.
Når ein
siterer, skal det uansett finnast ein grunn til at ein gjer det, og ikkje
berre bakar opplysningane inn i saka og sjølv blir til ein passiv referent
eller ghostwriter. Somme gonger kjem intervjuobjekt med påstandar, som nok
kan hørast ut som fakta, men som likevel ikkje er råd å bevise. Greitt,
kjelda har sagt det, og det er interessant. Det kan siterast – så lenge det
er vurdert som etisk forsvarleg – men da skal det også gå tydeleg fram at
dette er ein påstand som eit bestemt menneske har komme med:
- Norge er det einaste
landet i Vest-Europa som vurderer å ta betalt for at turistar skal få fiske
i havet, påstår NN.
Er det
sikkert? Slike utsegner skal ein ikkje ta for god fisk, og derfor let vi NN
seie det, vi formidlar det ikkje som ei sikker sanning. Vidare bør vi knyte
opplysningar som er sanne, men som kan verke utrulege, direkte til kjelda.
Sist, men ikkje minst, er det alltid plass for ein god replikk, eit godt, språkleg
bilde eller gode småhistorier som kjelda kjem med og som kan illustrere saka.
Godt øvde intervjuobjekt er dyktige til å finne fram til slikt som dei veit
dei blir sitert på. Kanskje slepp dei av og til for ofte til med gullkorna
sine. Også når noko er knakande godt sagt, bør vi vurdere om det skal vere
med i saka.
Feil i sitat
Fleire
undersøkingar har synt at intervjuobjekt meiner at dei er gitt at feil i
intervju. Det gjeld skeiv saksframstilling, nyansar som fell vekk,
presieringar som ein meiner burde vere med, og så vidare. Det gjeld også
feil i skrivemåten av namn, talfeil, feil tidspunkt og stad. Vi skjelner
gjerne mellom små og store feil, men kva som blir oppfatta som kva, kan
variere frå menneske til menneske. Det er derfor betre å gjere eit skilje
mellom objektive og subjektive feil.
Objektive
feil er feil som alle må vedgå faktisk er feil. Kjell Magne Bondevik har
ikkje bindestrek mellom fornamna sine, tolv prosent er meir enn ”litt over
ti prosent”, berre for å nemne eit par døme. Dei objektive feila kan vi
finne i uttale og skrivemåte av personnamn, i formidling av titlar og
posisjonar, og i tilvisingar til tid og stad. Dei subjektive feila kan ein
alltids vurdere om verkeleg er feil. Det kan gjelde korleis ei kjelde kan
tolkast, om formidlinga av ei sak er tendensiøs, kva ein skulle ha lagt vekt
på i ei sak, kva opplysningar som burde ha vore med for at saka skulle vere
fullstendig, og så vidare. Dei subjektive feila er altså feil sett frå
intervjuobjektet si side, og her er vi midt oppe i eit vanleg journalistisk
dilemma: Det som er viktig for intervjuobjektet, treng ikkje vere det
vesentlegaste sett frå media si side. Men sia båe partar har interesse av at
det som blir formidla skal vere til å lite på, skal ein ikkje føyse vekk
klagar frå intervjuobjekt utan vidare. Det hender seg at journalistar gjer
feil.
Undersøkingar
av feil i artiklar syner at intervjuobjekt påviste feil i mellom 40 og 65
prosent av artiklane dei var siterte i! Desse undersøkingane er rett nok frå
USA og Danmark åra rundt 1980, og kanskje forelda og ikkje overførbare til
norske forhold. Likevel: Ein tredel av feila var objektive, udiskutable feil.
Først og fremst var det feil i namn, i tal, titlar og tilvisingar til tid og
stad. Resten av feila – to tredelar – gjaldt det kjeldene meinte var
mangelfulle og fordreidde sitat (Meilby: Fejl i citater).
Dei fleste
journalistar opplever nok at dei får klager frå folk dei har intervjua. I
radio og fjernsyn gjeld klagene ofte redigeringsmåten – at det er teke med
utsnitt av eit intervju som gjer saksframstillinga skeiv. Det som er sagt,
stemmer for så vidt, men samanhengen er ikkje rett, meiner klagarane. I
skriven journalistikk er det også framstillingsmåten det blir klaga over, og
her kjem ofte reine skrivefeil i tillegg. Til lettare dei objektive feila er
å oppdage, til verre er dei – iallfall i første omgang. Feil som mange
legg merke til, er kanalstøy som kan ta merksemd frå sjølve saka, og dei
kan svekkje inntrykket av journalisten og dermed medieorganet. Kjem det mange
klager som gjeld subjektive feil og skuldingar om fordreidd eller tendensiøs
journalistikk, er heller ikkje det heldig, ut frå idealet om at den
journalistiske formidlinga skal vere sakleg, rettferdig og balansert. Dessutan
skal vi hugse på at intervjuobjekta fortener å bli sitert på det dei
faktisk meiner, ikkje det journalisten trur at dei meiner.
Dette fører
oss over til årsakene til at feil dukkar opp. Om vi ser bort frå at kjeldene
faktisk kan gje uriktige opplysningar, kjem det ofte feil inn via det
journalisten har notert. I farten har ein skrive ned galne informasjonar,
kanskje fordi ein har misoppfatta det som vart sagt. Desse feila blir så med
vidare til saka dersom journalisten ikkje kontrollerer fakta. Andre feil blir
til fordi journalisten tolkar notata sine feil, eller les noko anna inn i det
som har vorte sagt enn det som var tilfelle. Dette syner kor nødvendig det er
å gå nøye gjennom stoffet. I dei fleste tilfelle vil det vere mogleg å
lese opp eller sende over sitat
til intervjuobjekta for å få godkjenning. Det treng heller ikkje ta så lang
tid. Men somme gonger kan tidspress og spesielle forhold – som at ein av
visse grunnar ikkje kan eller vil kontakte intervjuobjektet att – gjere ein
slik sitatsjekk uråd. Tidspress kan det vere vanskeleg å gjere noko med.
Noko journalisten kan gjere, er å sørgje for å ha eigne rutinar for å
kontrollere slikt som korrekt tittel, stavemåten til namn osv.
Telefonkatalogen kan ofte vere til hjelp her, likeså Internett-sidene til den
organisasjonen eller personen det er tale om, men ein kan ikkje utan vidare
stole på desse opplysningane heller. Men – ein slik sjekk er betre enn
ingenting.
Av Jon Peder Vestad
Kjelder:
Mogens
Meilby: Udvælgelse af citater. www.cfje.dk
Mogens
Meilby: Fejl i citater. www.cfje.dk
Lagt ut på nettet 10. september 2001.
|
|