|
Slik ein mann ser det
Til alle kvinner frå oss som kjempar for mannesaka - her er nokre læresetningar:
1. Lær deg å handtere toalettsetet. Dersom det er oppe, så får du ta
det ned. Vi treng å ha det oppe. Du høyrer ikkje oss klage over at du let
det vere nede.
2. Alle menn har 16 fargars fargesyn. Peach er ei frukt, ikkje ein
farge.
3. Dersom du ikkje kler deg som damene i Victoria`s Secret katalogane, så
kan du ikkje vente at vi skal vere som mennen i favoritt-såpeserien din.
4. Dersom du trur du er feit, så er du sannsynlegvis det. Ikkje spør
oss vi nektar å svare.
5. Fødselsdagar, valentindagen og andre merkedagar er ikkje laga for at
vi skal ut å finne den perfekte gåva - igjen.
6. Dersom du stiller eit spørsmål du ikkje vil ha svar på, så må du
forvente eit svar du ikkje vil høyre.
7. Av og til tenker ikkje mannen din på deg. Lev med det. Ikkje spør
oss kva vi tenker på med mindre du er innstilt på å diskutere ting som
4-4-2 systemet, navlerusk, eller krengningshemmarar.
8. Laurdag = sport. Det er som med fullmånen, eller tidevatnet. Lær
deg å godta det.
9. Shopping er IKKJE sport - ikkje er det særleg artig heller !
10. Når det er snakk om å gå på kino eller i butikken, er det greit
å gå i det du har på deg - det er heilt sant.
11. Grining er hersketeknikk!
12. Når det er noko du vil, så vil vi gjere dette heilt klart:
forsiktige hint virkar ikkje, klare hint virkar ikkje, heilt opplagde hint
virkar ikkje. Berre sei kva det er du vil !
13. Nei, vi veit ikkje kva dag det er - merk av spesielle dagar på
kalenderen.
14. Å pisse ståande er vanskeleg. Av og til vil vi bomme.
15. Menn flest eig 3-4 par sko. Kva er det som får deg til å tru at vi
kan hjelpe deg med å finne det paret mellom dine 30 som passar best til det
antrekket ?
16. Ja og nei er faktisk gode nok svar på dei fleste spørsmål......
17. Ta berre opp problem som du vil ha hjelp med å løyse. Det er det
vi gjer...
18. Sympati er noko du kan vente av venninnene dine.
19. Om du har vondt i hovudet i 13 månader er det eit problem. Snakk
med lege.
20. Franske filmar passar best for franskmenn.
21. Sjekk oljen på bilen din.
22. Nei, det er korkje i di eller vår si interesse å ta den testen som
stå i KK saman. Det spelar inga rolla kva test det er.
23. Alt som vart sagt for eit halvt år sidan er forelda i ein krangel.
Alle kommentarar skal slettast frå minnet etter sju dagar.
24. Dersom det er sagt noko som kan tolkast på to måtar, og den eine
gjer deg trist eller sint, så meinte vi det andre.
25. Ikkje hiss deg opp over at blikket vandrar litt. Det er genetisk.
26. Du kan anten be oss om å gjere noko, eller fortelje oss KORLEIS vi
skal gjere det - ikkje begge delar !!
27. Så langt det let seg gjere; ver snill å seie det du har å seie når
det er reklamepause.
28. Øl er like spennande for oss som handvesker er for deg.
29. Dersom vi spør om kva som er gale og du svarar
"ingenting", så vil vi late som om ingenting er gale. Vi veit du
lyg, men vi orkar ikkje alt maset.
Er det ikkje du som er så flink å kommunisere, forresten ?
OK ?
Av ein ukjend mann, og mottatt frå ein kar i Ørsta.
Lagt ut på nettet 27. mars 2002
|