Det var omslaget som gjorde at eg la merke til og las Slottstyven. Det syner eit menneske som står eller går åleine i eit goldt landskap, kanskje i ein ørken. Himmelen er gusjeblå, bakken gråbrun.
Slottstyven inneheld fire noveller, kvar av dei er passe til ei fredeleg leseøkt innimellom syslar som tek meir tid, for eksempel arbeid eller søvn. Det eg meiner er at novellene er akkurat passe lange til at ein kan dukke ned i ei anna verkelegheit, og konsentrere seg om den, utan å gå glipp av heilheita på grunn av at ein ikkje har tid til å lesa lengre. Novellene er heller ikkje så stutte at ein føler at ein må lese fleire for å ha kjensla at ein har lese…
Dei fire novellene i boka gjev gode skildringar av ulike menneskesinn og –lagnader. Skikkelsane til forfattaren Ethan Canin verkar heile, truverdige og levde. I Revisoren er det snakk om ein turr, bereknande og uheldig revisoren i eit rikmannsstrøk i California, ei blanding av snobb, petimeter og sleiping, men skildra med varme. I Byen med de knuste hjerter møter vi ein klossete, uhjelpeleg og einsam skild far som vil sonen sin det beste, men veit ikkje riktig korleis. Og er sonen homo? Han har jo hol i øyret og vil arbeide i sosialsektoren…? Dette er den beste novella etter mi meining. Tittelnovella Slottstyven er om ein ugift, pensjonert guteskulelærar, som ser tilbake på gleder og sorger etter å ha undervist tre generasjonar og ha vorte både lurt og forbigått minst ein gong.
Gjennom kvar av desse novellene fornemmer eg eit menneske, eg kjem nærare på det enn eg er van med frå annan litteratur, eller frå vanlege vennskap, for den del. - Har ein for vane å analysere vennene sine konsentrert, kjem ein sikkert like innpå dei som i dei tre novellene eg har nemnt, men slik er det ikkje for min del. - Og som ein skjønner, er det ikkje fantastiske menneske, ekstraordinære lagnader som blir skildra, men menneske av eit meir vanleg slag. Miljøet er amerikansk (jødisk) mellomklasse, og også slik sett synst eg at Ethan Canin får fortalt om "den amerikanske drømmen" på ein meir lærerik måte for oss europearar enn dei hollywoodfilmane vi har sett så mange av.
Det er ei novelle eg ikkje har nemnt, Bátorság og Szerelem. Her møter vi ein amerikansk hippiefamile, eller rettare sagt: eit foreldrepar som støtt har vore litt utaom det vanlege, ifølgje sonen deira. Han har ein eldre bror som er spesielt flink i matematikk, og foreldra opnar huset sitt for kjærasten hans, som forteljaren er tiltrekt av. Ho held til i kjellaren deira, men broren er eigentleg (meir?) forelska i ein kamerat… Her, som i dei andre novellene, er det mye usagt og unemnt, og forfattaren får sagt mye om fordommar mot homofili og tabua kring aids – ved ikkje å nemne det. Elegant, men likevel er dette etter mitt skjønn den dårlegaste novella av dei fire.
Eg har skrivi at novellane handlar om den og den menneskelagnaden, som læraren eller revisoren i den eine eller andre halvtragiske situasjonen. Men eigentleg er det mennesketypar og –lagnader generelt eg trur Ethan Canin prøver å gjera synlege for oss. Det klarer han til fulle, og med dei velskrivne skildringane også av nordamerikansk samtid synst eg han har skrivi ei bok flest muleg leseglade bør unne seg nokre økter med. Det flotte omslaget er forøvrig laga av Brian Wallace, og boka ho pryder, har vore ofte å sjå i tilbodskorger i bokhandlane.
Ethan Canin:
Slottstyven
Tiden Norsk
Forlag 1995
Omsett
av Kari Kemény
197 sider
Av Jon Peder
Vestad. Lagt ut på nettet 30.6. 1999.