Bjørn Sortland er ein av dei yngre og mest produktive forfattarane vi har i Noreg på nynorsksida. Namnet hans dukkar gjerne opp når barne- og ungdomsbøker skal "prisast", og ikkje utan grunn. Sortland er tydelegvis ein mann med både fantasi og skriveevne, og ei bok av han er ikkje det dummaste ein kan lesa - for så å gje bort... Men - unnatak finst.
Tu Ducs skatt
Dette er den fyrste boka i ein serie spenningsromanar for barn og
ungdom. «Heltane» er ein gut og ei jente på ca tolv år,
og dei blir med foreldra sine (journalist og fotograf) på reportasjetur
til Vietnam. Boka er både informativ og lærerik, men viktigare
er det at ho er spennande og velskriven. Dei to ungdommane har eit
hemmeleg oppdrag, og snublar borti både kongelege og kriminalitet...
Romanen verkar temmeleg tidsriktig, slik at lesarane kan kjenne seg att
i delar av innhaldet, og forfattaren speler på samtidskunnskap.
Handlinga held eit høgt tempo, og dette fungerer godt heilt til
slutten nærmar seg - da får forfattaren det for travelt
med å oppklare og avslutte «mysteriet». Enkelte andre
mulegheiter handlinga opnar for, blir heller ikkje utnytta så
godt som dei kunne (bruk av datamaskin/mobiltelefon). Likevel: kjempegod
bok!
Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar
Dette er ein underhaldande barneroman som tek lesarane med til
Jordan. Handlinga følgjer to utviklingsliner, som fungerer ganske
godt ihop. «Brudehandelen» verakar noko usannsynleg,
men det er ikkje sikkert at det har så mye å seia for unge
lesarar. Illustrasjonane er artige, og språket er stort sett godt.
Fin bok!
Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord
Romanen er «med bilete», og bilda er kanskje dei beste
ved han. Idéen bak boka er original, å bruke kryssordet som
følgjetråd, men noko til handling er det ikkje. Teksten
verkar som ei samling prosadikt. Dei er flott illustrerte av Fam Ekman,
med nokre figurar som løyser kryssord - og dette blir det altså
skrive litt over. Det er muleg denne romanen krev svært aktiv meddikting,
men også da krevst det vel ein tydelegare handlingstråd?
For tynt etter min smak.
JPV 6/98