|
Språk og identitet
i kringkasting på nettet
Da eg var tolv år
gammal, begynte eg å leite etter stasjonar som sende betre musikk
enn NRK. Det var fyrst og fremst svensk P3 eg var ute etter, for det hadde
eg lese var ein musikkanal. Men svensk P3 sende ikkje på mellombølgja.
I staden fann eg BBC, Radio Caroline og Radio Mi Amigo, Deutschlandfunk
og Radio Moskva.
Eg vart ein dx-ar, ein langdistanselyttar,
som fekk som hobby å skru på søkjeknappen og "fiske"
etter stasjonar i den mystiske eteren.
Innleiing
Nettradioen fungerer på
ein annan måte. Det er ikkje nødvendig med eit radioapparat,
ei antenne og gode lytteforhold for å høre overentusiastiske
fotballkommentatorar frå Brasil, veg- og føremeldingar frå
Newfoundland eller nyheiter frå Kina. Nettradio har minst ein fordel
for lyttarane, og det er at lyttekvaliteten er like god eller dårleg
når ein fyrst har funne stasjonen. Det er alt styret føreåt
som er vanskeleg - å finne fram til stasjonane og få i gang
det nødvendige lytteprogrammet tek for lang tid. Det same gjeld
sjølvsagt tv på nett, og andre kommunikasjonsformer som finst
eller kjem.
Radiolytting er akkurat som
lesing både ei einsam handling og ei sosial handling samstundes.
Det vil au digital kringkasting, nettkasting, kunne vere. Formidling i
den digitale verda er meir enn å sende noko til eit menneske ved
ein skjerm - det er framleis fyrst og fremst massekommunikasjon. Dei moglegheitene
nettkasting gjev, er ikkje uavgrensa, men like fullt store. Til ein viss
grad kan vi finne fram til kanalar som gjev oss det vi er ute etter - så
sant det finst slike tilbod. Og tilbodet, det er for ein stor del styrt
av kva store aktørar finn lønsamt og interessant. Lova er
enkel: a) Det må finnast mange som meg, og b) vi må vere interessante
å rette reklame mot.
I den globaliserte verda
finst det vekstmoglegheiter gjennom intensivert konkurranse, frihandel
og modernisering. Det blir ofte hemma av statsbyråkrati og av ulønnsame
verksemder. Jaha! Dette er omgrep som mektige krefter bruker for å
trygge dominansen sin. Den britiske språkforskaren Norman Fairclough
er oppteken av at vi må sjå på dei verdiane bak slike
omgrep. Han skriv at den globaliseringa som den digitale verda er knytt
til, har det ideologiske ankerfestet sitt i nyliberalismen. Derfor meiner
han at det er viktig å sjå korleis det vi kallar marknadsliberalistane
prøver å påverke sosiale forhold, identitetar og kulturelle
verdiar (Fairclough 1999). Her er sjølvsagt språk med. Fairclough
er av dei som meiner at vitskapsfolk må våge å stå
for noko, ikkje berre registrere. Dette innlegget er eit forsøk
på å dra inn kritiske merknader og formidle verdiar som er
i tråd med "klassiske liberale synspunkt på samfunnsmedlemmers
og medias oppgåver i eit demokratisk samfunn. Det er knytt til omgrep
som ytringsfridom, offentleg debatt i eit ope samfunn, samfunnsmedlemmers
rett til innsyn, informasjon og deltaking, medias frie stilling med
rett og plikt til samfunnskritikk og overvaking". (Halse s. 22)
Dette er sitert frå
eit notat Ketil Jarl Halse har skrive om verdigrunnlaget for den knutepunktfunksjonen
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har i kringkastingsjournalistikk.
Utviklingsdrag
Når vi ser på
språk og identitet i kringkasting på nettet, må vi vere
merksame på ulike utviklingsdrag som skjer samstundes. Til dels ser
vi motstridande tendensar, og dette gjer det vanskelegare å sjå
både dagens verkelegheit og det som kan bli verkelegheita. Eg vil
ta for meg nokre slike tendensar.
I Europa, både i og
utafor EU, er det ein tendens til regionalisering. Det skjer på same
tid som vi ser at det offentlege skil ut og privatiserer enkelte oppgåver.
Medan regionalisering i somme tilfelle aukar sjølvstyret til t.d.
nasjonale minoritetar og gjer det lettare å samarbeide over landegrensene,
fører utskiljinga av offentlege oppgåver til at samfunnsområde
som tidlegare har vore under folkevald kontroll, blir lagt til andre, ofte
kommersielle verksemder. Det betyr også at det er vanskelegare å
krevje at desse nye, private aktørane tek omsyn til offentleg språkpolitikk
og omsyn til språklege minoritetar. Så om regionaliseringa
på den eine sida gjev større friheit og ansvar til krefter
som arbeider for å styrke regional identitet og kultur, er det eit
anna, og meir kommersielt, sterkt straumdrag som kan gå ei anna retning.
Allmennkringkastarane blir
slanka i fleire land, og dermed blir det offentlege opplysningsoppdraget
lett svekt. Ja, ein kan jo påstå at det ikkje blir svekt, berre
modernisert, men det blir iallfall ikkje lett for t.d. offentleg finansiert
kringkasting for minoritetar når allmennkringkastarane opplever at
det blir vanskelegare å gje eit breitt tilbod for majoritetspublikummet.
I Skottland er kringkastinga for den gæliskspråklege minoriteten
truga, og i Austerrike er det høgreorienterte styret motviljug til
å halde oppe støtta til kulturtilbod for t.d. den slovenske
og kroatiske minoriteten i landet.
Dette gjev oss ein situasjon
der dei mindre språkkulturane nok kan få offentleg anerkjenning
og større råderom, men dei eksisterer like fullt i skuggen
av majoritetskulturen. Samstundes finst dei i ein annan skugge, nemleg
den som den angloamerikanske kulturindustrien kastar over vår del
av verda. No er ikkje eg imot angloamerikansk kultur, for all del - eg
har glede av han sjølv - men eg meiner det er viktig å vere
klar over at denne kulturen er ein del av ein kulturindustri som har ei
enorm tiltrekningskraft og påverkingsmakt. Og så bør
vi leggje til at Singapore og Tokyo er vel så viktige stader
for eigarkreftene som Silicon Valley og London børs. Lat oss likevel
halde på den upresise merkelappen 'angloamerikansk', sia engelsk
er det berande språket og land med engelsk hovudspråk
er heilt sentrale for denne kulturindustrien.
Individ og identitet
Språk og identitet
kan vere knytte til kvarandre på ulike måtar. I vår tid
og vårt samfunn har vi moglegheit til å velje identitetar,
det er ikkje slik at vi automatisk arvar den identiteten som foreldra vår
har hatt, knytt til bustad, yrke og kulturarv. Vi tek sjølvsagt
med oss bakgrunnen vår, og er prega av han. Men i tillegg kjem andre
faktorar som pregar identitetane våre - utdanning, livssyn, smak,
interesser osv. Omgrepet identitet rommar mye, det blir brukt både
om enkeltmenneske, grupper og større einingar, som nasjonar.
Det er fullt mogleg å
ha fleire språklege identitetar. For mange i Noreg kan dette verke
uvanleg, kanskje for fleirtalet av oss. Vi er van med å snakke dialekt,
og unngår helst å leggje om talemålet vårt mye.
Likevel ser det ut til at fleire, særleg på Austlandet, vekslar
mellom to slags talemål, ei lokal eller regional dialekt, og ei overregional
norm (Sandøy 1998:98). I samiskspråklege miljø held
også folk seg med to språk, samisk og norsk, og dette mønsteret
er det vanlege blant finlandssvenskar i Finland, tyskspråklege i
Sønderjylland, frisarar i Nederland og uendeleg mange andre stader.
Det å vere to- eller fleir språkleg, vil ikkje seie det same
som at ein kan båe eller alle språka like godt. Som oftast
er det eitt språk ein kan betre enn andre, ikkje nødvendigvis
morsmålet. I Finland viser det seg no at mange finlandssvenske ungdommar
i sør-Finland er flinkare i finsk enn morsmålet sitt (www.eurolang.net)
.
Språk og identitet
I somme språksamfunn
er språket den viktigaste delen av kulturen, det som verkeleg skil
dei frå andre. Slik er det for dei svensktalande i Finland, til dømes.
Men det treng ikkje vere slik. Beachy-amishane i USA har ganske nyleg skifta
språk, frå eit alderdommeleg tysk til amerikansk engelsk, men
dei har halde på andre delar av kulturen sin. Her er det trusfellesskapet
og livsførselen dei har som er det vesentlege i kulturen, ikkje
språket. Ved å bruke engelsk, opnar dei seg meir for storsamfunnet,
og ved å slutte å bruke tysk, syner dei samstundes avstand
til andre, liknande religiøse grupper som dei ikkje vil bli identifisert
med (Johnson-Weiner 384-390).
Eit anna døme frå
USA er dei franskætta i Louisiana. Ei undersøking av språkhaldningar
og kulturell identitet blant cajun-folket der, syner at cajunane ser ut
til å stille krav til det å vere cajun som passar dei sjølve.
Somme set strenge reglar for å høre til fellesskapen, dei
må stamme frå franskmenn som laut flytte frå Nova Scotia,
andre godtek folk som har franskspråkleg bakgrunn, atter andre meiner
at cajunar er dei som har teke opp drag frå cajun-kulturen. Ein del
av dei som snakkar cajun-fransk flytande – og dermed skulle vere av dei
som hadde klarast cajun-identitet - reknar seg lell helst som amerikanarar,
og dette er gjerne eldre, ressurssvake menneske. Dette er ein fellesskap
som har gått frå å vere språkleg til å bli
kulturell (Dubois/Melancon 1997).
Dette er spesielle eksempel,
det er så. Likevel fortel dei oss at forholdet mellom språk
og identitet er ulikt frå samfunn til samfunn. I ein norsk samanheng
vil vi vanlegvis seie at bruk av norsk språk er ein viktig del av
ein norsk identitet, medan språk kan ha ein annan posisjon i identitetsdanninga
i andre samfunn. Vi skal ikkje lenger enn til Island før vi ser
at språket er noko tettare knytt til oppfatninga av kva det vil seie
å vere islandsk enn norsk er i Noreg - truleg fordi det islandske
språksamfunnet ikkje tel meir enn ca. 270 000 menneske.
Vi kan knyte det å
vere norsk til ein del symbol, som bunader, hardingfelemusikk, skiturar,
strikkagensrar osv. osv., men det er fullt mogleg å vere norsk utan
å ha eit nært forhold til desse sakene. Somme vil rett nok
seie at t.d. rosemalinga og bunaden ikkje er norsk, fordi det har røter
utalands. Dei glømmer eller overser med vilje at dette er kulturelle
uttrykk skapt av menneske i Noreg, med ein norsk tradisjon bak og rundt
seg som kan ha påverka det dei skaper. Vel, det blir ikkje stilt
noko krav om bruk av norsk språk når ein skal skal klassifisere
noko som 'norsk' lenger. Det ser vi t.d. i mye av den kommersielle kulturen,
der den engelskspråklege filmen Aberdeen iallfall delvis er norsk,
og det er ingen tvil om nasjonaliteten til Espen Lind.
Dei digitale moglegheitene
Den digitale verda gjer
det mogleg for ein kjenning av meg å lese ferske norske aviser og
høre norsk radio, sjå Nordvestrevyen og Dagblad-nyheitene
på Internett heime på Mallorca. Nesten uansett kor vi er i
verda, kan vi halde kontakta med den språklege fellesskapen som vi
er ein del av. Stadig fleire nyttar seg av høvet til å nyte
godt av ein slik virtuell kontakt med sin eigen språkkultur. Men
også nye fellesskapar blir danna i den virtuelle verkelegheita, folk
knyter kontakter på tvers av landegrenser. Og ein større del
av liva våre kan levast i den virtuelle verkelegheita – der kan vi
ha vennene våre og der kan vi finne stasjonar som sender vår
favorittmusikk. Filosofiprofessoren Hubert C. Dreyfus meiner at Internettet
svekkjer samfunnsutviklinga og motarbeider nære menneskelege band,
les eg i Aftenposten (Aftenposten 26.10. 2000). Det er eg ikkje utan vidare
einig i. Det som skjer, er at vi får nye vaner, nye måtar å
omgåast andre på.
Historikaren Odd-Bjørn
Fure seier i eit intervju at vi menneske ser ut til å ha eit grunnleggjande
behov for å høre til ein stad. Han meiner at vi kan tenkje
oss at det kan utviklast nye identitetar med stor geografisk rekkjevidde,
men dei kjem berre i tillegg til dei identitetsrammene som alt finst. I
Europa har det vore sterk motstand mot kulturell einsretting, nemner han,
men endringstempoet er større no, og strømmen av impulsar
utafrå er større (Den vanskelige identiteten). Vi kan altså
ha fleire språklege identitetar, vi har au andre identitetar - men
vi held også på ein lokal eller regional identitet. Han kan
vere viktig for somme, mindre viktig for andre, utan at denne delen av
identiteten forsvinn for folk flest.
Engelsk i Noreg og spansk
i USA
Det finst fleire norske
identitetar, og det skulle berre mangle sia landet vårt er stort
i utstrekning og byr på store variasjonar i kultur og levemåtar.
Det er ikkje umogleg å tenkje seg eit framtids-Noreg der engelsk
er meir brukt enn norsk, men vi har ikkje slutta å vere norske av
den grunn – vi har i så fall gått over til å bli ein
kulturell fellesskap.
USA er eit land med mange
fleire identitetsmønster enn Noreg. Men også i USA blir språket
sett på som viktig for den nasjonale identiteten - det vart m.a.
brukt som ein av grunnane til at fleirtalet stemte mot i ei folkeavstemning
om å gjere spansk til offisielt språk i California: Engelsk
var språket til nasjonen.
Makt og prestisje
Kva plass engelsk skal ha
i den digitale verda vår, er ikkje styrt av tilfeldigheiter, men
av val som nokon gjer. Eitt val kan vere å tilpasse seg det språket
som har prestisje i samfunnet. Vi finn eit døme på dette i
Papua Ny Guinea. Der var det rundt 1000 menneske som snakka blandingsspråket
Tok Pisin i 1890, etter nokre år var talet auka til 15000, og på
1930-talet hadde Tok Pisin 100 000 brukarar. Ved folketeljinga i 1966 hadde
språket over ein halv million brukarar, og no reknar ein med at dette
ganske nye språket blir snakka av kanskje eit par million menneske.
Det er innfødde språk som har måtta gje tapt andsynes
Tok Pisin, og no er det mogleg at engelsk kan truge Tok Pisin att (Crowley:87).
Mangel på prestisje
er ein hovudgrunn til at bruken av oksitansk og bretonsk har gått
så mye attende i Frankrike - men i Bretagne ser vi at ein ny bretonsk
tv-kanal aukar prestisjen til språket. Media har prestisje, bruk
av språk i media kan gje språket prestisje, og dermed styrkje
den lokale identiteten.
Språk og elite
Vi kan tenkje oss at det
eg kallar ein digital medieelite meiner at det er heilt naturleg og riktig
å bruke engelsk i kringkasting til til dømes eit norsk publikum.
Vi ser det alt no at intervju på engelsk ikkje ein gong blir sette
om til norsk, og i andre samanhengar opplever vi at også norske og
nordiske selskap vel engelsk som internt arbeidsspråk. For ikkje
mange veker sia las eg i Bergens Tidende om nokre skeitarar i Bergen som
hadde tinga utstyr frå ein skeitebutikk i Oslo. Det hadde dei gjort
på engelsk…
Dette er interessant, fordi
det er teikn på at norsk mister bruksområde, at det er visse
samanhengar der ein ikkje kan bruke norsk, eller at somme grupper vel bort
fyrstespråket sitt - og vel noko som har meir prestisje. Noko nytt
er ikkje dette. I Finland valde den russiske overklassa svensk som sitt
språk da dei rømde etter revolusjonen i 1917, fordi svensk
var elitespråket. I Danmark snakka overklassa for nokre hundreår
sia tysk og fransk, og dansk berre til tenarskapet.
Engelsk og norsk
Ein eller annan gong begynner
tap av bruksområde å bli viktig. At vi tek inn enkeltord frå
engelsk, trugar i grunnen ikkje språket vårt. Men no merker
eg at folk tyr til heile setningar på engelsk, ikkje fordi det er
eit meir prestisjefyllt språk enn norsk, grunnen er rett og slett
at dei ikkje kan dei norske formuleringane som uttrykkjer omtrent det same.
Frå før veit vi at engelsk er mye brukt som fagspråk
i visse miljø, men det er berre som fagspråk. Med ein gong
folk snakkar om noko anna enn arbeidsoppgåvene sine, bruker dei norsk.
Slik er det berre - men slik treng det ikkje vere i framtida.
Mitt inntrykk er at dei som
snakkar bokmålsnære talemål har ein lågare terskel
for å ty til engelsk i talemålet sitt enn dei som snakkar nynorsknære
talemål. Den indre motstandskrafta kan vere sterkare i eit mindre
brukt språk, fordi dei som vil snakke og snakkar annleis enn majoriteten,
heile tida må ha eit bevisst forhold til språket sitt. Om norsk
mistar bruksområde, er altså bokmålet truleg minst like
utsett enn nynorsken. Ein kan sjølvsagt spørje seg om tap
av bruksområde er så viktig, og ut frå eit økologisk
språksyn er det det. Norsk språk er prega av norsk kultur
og tradisjon, tilpassa våre behov, og eit anna språk kan ikkje
erstatte alle dei nyansane og verdiane vi har i vårt språk.
I India, der engelsk er eit fellesspråk på linje med hindi,
har ein til dømes lota ta inn tusenvis av indiske ord i engelsken,
fordi engelsken var ufullkommen for deira bruk.
Eitt og anna tapt bruksområde
kan det norske språket tole, men blir det mange, kan vi oppleve at
folk meiner at det er mest fornuftig å lære ungane engelsk
som fyrstespråk. Det er særleg dei vala eliten gjer, vi skal
leggje merke til. Skal ein lykkast i verda, må ein kunna engelsk
flytande. Når dette har med den digitale medieverda å gjere,
er det fordi denne medieverkelegheita ikkje kjenner andre uovervinnlege
grenser enn språket, og også denne grensa kan medieindustrien
forsere ved at vi, publikum, er fornøgde med det tilbodet vi får
på engelsk. Og vi kan jo engelsk - eller? I Sveits har engelsk for
fleire år sia vorte teke i bruk når til dømes
ungdom med italiensk- og tyskspråkleg bakgrunn møtest; tysk
og fransk er ikkje lenger fellesspråka over språkgrensene i
alpelandet (Guardian Unlimited). Eg har også hørt om at ungdom
frå Vestlandet har snakka engelsk for å bli forstått
av norskspråkleg ungdom i Oslo. Noko skjer.
I Noreg kan vi seie at dei
fleste under seksti år til ein viss grad er tospråklege. Attåt
morsmålet beherskar dei fleste av oss engelsk såpass godt at
vi kan føre samtaler, og vi er ikkje heilt hjelpelause om tekstlinjene
skulle forsvinne på ein film, og vi kan skjønne kva popstjerner
snakkar om. Like fullt er det mye vi ikkje kan bruke engelsken til, dei
fleste av oss. Skal vi skifte ei lyspære, strikke ein genser eller
halde ei førelesing, byr språkkunnskapane våre i engelsk
på problem. Det er mye vi ikkje kan på engelsk. Vi kan engelsk,
ja, men berre til ein viss grad. Og sjølv om det er grunn til å
tru at ordforrådet i engelsk vil auke hos dei yngre, vil det likevel
finnast område der mange får vanskar med språket. Vi
skal derfor ikkje overvurdere engelsk som kommunikasjonsmiddel for folk
i Noreg. Lise Opdahl, som er fyrsteamanuensis i engelsk ved Universitetet
i Bergen, fortel at mellom 20 og 40 prosent av dei som har valt å
ta engelsk grunnfag, stryk i språket (Veri bæd engelsk)..
Når engelskkunnskapane
våre ikkje skal overvurderast, heng dette saman med noko så
enkelt som kva liv dei fleste av oss lever. Sjølv om vi alle har
moglegheit til å leve store delar av liva våre på nettet,
må vi likevel gå til butikken for å handle, vi må
ta bussen, vi pratar framleis ansikt-til-ansikt med andre - og dette er
kommunikasjon som går føre seg på norsk, sjølv
om vi nok kunne ha brukt engelsk. Trass i at den digitale verkelegheita
kan bli atskillig viktigare for oss enn i dag, er den handfaste verkelegheita
like fullt der. Dette er det viktig å hugse, både for den som
er skremd og den som er fascinert av dei moglegheitene den digitale verda
gjev. Påstandar om at ein "urbanist" i Oslo kan ha meir til felles
med menneske i Calcutta, Rio de Janeiro og New York, er sant berre når
ein reduserer livet til visse område.
Dersom ein no i ein eller
anna velgrunna frykt for det engelske forsøkjer å regulere
bruken av engelsk, slik ein ønskjer i t.d. Polen og Frankrike, kan
ein risikere at dette støyter mot den oppfatninga folk flest har
av rett og gale. Å forby eller regulere bruk av engelsk treng ikkje
bety at ein styrkjer nasjonale språk eller minoritetsspråk.
Men samstundes går det an å velje å la sine eigne medietilbod
vere på dei nasjonale og regionale språka, og ikkje satse på
å leike med eller dilte etter dei store, angloamerikanske aktørane.
Det er au mogleg å seie at reklame i norske kanalar skal vere på
norsk språk, passe på å spele norskspråkleg musikk
og hjelpe norsk språk på andre måtar - engelsken er det
andre som hjelper. Det er ingen andre enn vi som har ansvar for norsk språk
og kultur. Med ansvar følgjer det ofte makt, også over språkbruken.
Ein kanal som NRK NN - Never Norwegian - treng ikkje bli oppretta…
Tidsånda
No har det komme framlegg
om at vi skal få ei eiga norsk språkvernlov, og det kan iallfall
vere verdt å drøfte framlegget. Det er ikkje sikkert at "marknadslovene"
er dei beste til å halde oppe språkmangfaldet, og dermed ein
demokratisk rett til å få språket sitt respektert og
brukt. Som norsktalande individ er vi del av det norske samfunnet, knytt
til nasjonalstaten Noreg, som hører til den kristne-humanistiske
vestlege opplysingstradisjonen som har vore gjennom ulike utviklingstrinn.
Og utviklinga har ført oss til ein situasjon der marknadsøkonomisk
tankegang av mange blir sett på som naturlover, og der ord som ’globalisering’
og ’fleksibilitet’ er viktige. Som andre ord, ber dei på verdiar.
Det kan sjå ut som
eit faktum at ”alt” må følgje marknadslovene slik nyliberalismen
framstiller dei, ”alt” må gjerast i ein konkurranse som følgjer
reglar som er dikterte av marknaden, skriv Fairclough (1999). Den globaliseringa
vi opplever er i utgangspunktet knytt til økonomi, men har følgjer
både for politikk og kultur. Og – dette er jo berre ein av fleire
ideologiar! Og når marknadsliberalismen bestemmer reglane, pregar
dette også dei som skal ut på marknaden og deira måte
å spegle verda. Det er betre å vere kvit, frisk og rik enn
svart, sjuk og fattig… Dei som trur sterkast på marknadskreftene
har som mål å skaffe overskott for aksjonærane sine,og
derfor må vi – kundane – påverkast til å forbruke så
mye som mogleg av dei attråverdige kulturvarene dei tilbyr. Desse
kulturprodukta er nøye tilpassa dei aktuelle kjøpargruppene.
Det blir aldri aktuelt å lansere seto-kultur frå Estland eller
færøysk rekkjedans utan å behandle slike kulturuttrykk
gjennom eit anglo-amerikansk filter.
Marknadsliberalismen byggjer
på prinsippet om friast mogleg konkurranse. Men er denne konkurransen
reell? Robert McChesney, som er professor i journalistikk ved University
of Wisconsin, dreg konkurransen i tvil. I den digitale verda har konsentrasjonen
kring få, store medieaktørar vorte styrkt. Selskap som er
store frå før, samarbeider med kvarandre, og slik greier dei
å halde seg store. Dei som er store i medieverda elles, blir det
au på Internett. Media utøver grunnleggjande politiske, sosiale,
økonomiske og kulturelle oppgåver i det moderne samfunnet.
Media er samstundes hovudkjelda til informasjon om samfunnet, det er debattforum
og ein nøkkel til eit deltakande demokrati. McChesney ser ut til
å meine at media stettar det demokratiske oppdraget sitt på
ein slett måte, og er del av ei hyperkommersialisering som eigarane
tener på. Eigarskap hører også til det rammeverket som
påverkar det media formidlar, innhaldet, meiner McChesney. Han ønskjer
klarare lovverk og håper at journalistorganisasjonane greier å
stå imot kommersialismepress.
Den nye medieeliten
Dei som sit med det som
blir kalla symbolmakta i samtida vår, er stort sett tilpassa og prega
av den angloamerikanske kulturen. Dei som formidlar denne symbolmakta,
dei som skal drive journalistisk arbeid med den attraktive angloamerikanske
kulturen, identifiserer seg ofte med dei som sit med symbolmakta. Dette
er gjerne yngre, velutdanna menneske med eit mye nærare forhold til
den angloamerikanske kulturen, og dermed det engelske språket, enn
publikum dei har. Dette betyr at dei står i fare for å formidle
ei verkelegheit som passar med deira eigne oppfatningar av verda. Der er
t.d. nær omgang med og hyppig bruk av det engelske språket
ganske naturleg. Dersom dei som arbeider i dei digitale media ikkje har
klare språklege og kulturelle retningslinjer å gå etter,
risikerer vi at den digitale medieverda blir prega av ein ny elite som
er tufta i den såkalla globale kultur- og underhaldningsindustrien.
Det kan dei vere i ein slik grad at dei ikkje er i stand til å yte
ein viss, nødvendig kritisk avstand til dei verdiane denne kulturindustrien
formidlar.
Digital kringkasting på
norsk
No er det på tide
å samle nokre trådar. Eg har dvelt ved det såkalla globale
ved den digitale verkelegheita fordi eg meiner at opphevinga av nasjonale
grenser og dekningsområde er så viktig. Det kan brukast som
eit argument for å tilpasse seg større marknader enn dei vi
har vore vane med å tenkje på - og da bør vi ha i minnet
at mange talsmenn for det globale kan vere like kulturelt nærsynte
som oss andre. Om ikkje det lokale har så mye å seie for dei,
har det det for dei fleste av oss andre.
Også i den digitale
verda snakkar vi ulike språk, sjølv om mange språk døyr.
Sist eg var inne på heimesida til "Monument for the dying languages",
var det bandjigali frå Australia og uto-aztekisk frå California
vi vart gjorde merksame på. I Noreg er det sør-samisk og lulesamisk
som er verst ute. Norsk kan klare seg, samstundes som vi bør venje
oss til at engelsk blir eit mye brukt sidemål for stadig fleire av
oss. Det vil seie at vi har bruk for lokale og nasjonale medium på
nettet som bruker ulike variantar av norsk. For at desse tilboda skal vere
attraktive, meiner eg det er nyttig at dei er på høgd i utnyttinga
av teknologien. Det vil seie at eg håper at kanalar og program har
diskusjonsforum og prategrupper knytt til verksemda si, og der folk som
er opptekne av det same, kan ha kontakt - på norsk. Dette kan godt
skje med eit allmennkringkastaroppdrag i botnen.
I tillegg må vi rekne
med at stadig fleire vil nytte seg av overnasjonale medietilbod som stettar
interessene deira, anten det er musikk, politikk, kultur eller ulike subkulturar
som så mange er interesserte i at desse tilboda blir oppretta. Her
vil vi finne ulike gradar av språkbruk. Det vil for det fyrste vere
nettkasting heilt utan eller nesten utan språk, som sjølvkomponerte
musikkanalar. For det andre kan vi snakke om språkfattig nettkasting,
der vi kan finne nokre verbaltilbod, men der musikk og musikkvideo er det
sentrale. For det tredje kan vi snakke om nettkasting med aktiv bruk
av eitt, dominerande språk. Her trur eg vi bør skilje mellom
to typar nettkasting. Den eine krev eit etter måten lite ordforråd
hos publikum fordi språket berre blir brukt til å formidle
stoff om bestemte emne. I den andre typen blir språket brukt til
alt mogleg - som i den kringkastinga vi er mest van med i Noreg i dag.
Dette gjeld t.d. store internasjonale innhaldsleverandørar som BBC
og CNN.
Uansett graden av språkbruk
vil vi attåt sjølve nettkastinga finne kommunikasjon på
kryss og tvers - mellom medieaktørane og publikum, og mellom mediebrukarar
i ulike land. Og vi veit jo at med ein gong to menneske med ulik språkbakgrunn
har kontakt, skjer denne kontakta på nettet helst på engelsk.
Ane Vallevik Håbjørg skriv i ein artikkel i VG på nettet
at 78 prosent av alle nettstader er på engelsk (VG 13.10. 2000).
Den same dominansen finn vi au att i nettkastinga i dag.
Det er ingen grunn til å
avskrive det lokale, det regionale og det nasjonale i den digitale verda.
Samstundes skal vi ikkje vere redde for framveksten av nye, virtuelle samfunn
eller identitetsmønster, at folk vel å bruke medietilbod som
er overnasjonale. Det kjem til å vere medietilbod som blir brukt
attåt meir heimlege tilbod. Vi kjem til å søkje tilbod
som passar til ulike delar av den identiteten vi har - og ein del av desse
tilboda er knytt til behovet for fellesskap.. I det norskspråklege
tilbodet bør vi prøve å gje flest mogleg noko som også
støttar den kollektive sida ved identiteten deira, anten
dei er interesserte i sport, politikk, miljøvern eller litteratur.
No kan ein utnytte lagringsmoglegheita til teknologien slik at vi også
på norsk kan få mest av det vi er mest opptekne av, men eg
meiner at vi ikkje skal undervurdere behovet folk kan ha for eit fellesskap
i tid: det er fleire enn eg som ser og hører dette; dette vil eg
gjerne dele med andre. Media gjev oss noko felles, skaper fellesskap -
og det er ein grunn til at eg er skeptisk til ei oppdeling i altfor mange
norske radio- og fjernsynskanalar. Ein annan grunn er at eg ønskjer
ikkje at verkelegheita rundt oss skal bli altfor oppsplitta og usamanhengjande
- vi må kjenne til noko meir enn det vi er nærast og mest interesserte
i. Eg ser for meg ei slags arbeidsdeling mellom norsk og utalandske aktørar.
Nisjetilboda ville eg ha overlate til tilbod som blir gitt på andre
språk, dersom det ikkje viser seg at mange her heime deler interesse
for same nisje. Her går det også an å tenkje seg eit
nordisk samarbeid - så framt det ikkje er på engelsk.
Samstundes går stadig
fleire stasjonar frå ulike språksamfunn på nettet, og
kan lyttast til av folk over heile verda. Og av dei største verdsspråka,
kinesisk og engelsk, er det engelsk som har størst geografisk utbreiing.
Men engelsk språk hører til den samfunns- eller samtidssfæren
som har sterkast tiltrekningskraft rundt om i verda. Det er ikkje russisk
eller kinesisk folk vel å lære seg om dei har høve til
å lære seg eit nytt språk, men engelsk. Dette språket
får drahjelp av ein sterk kulturindustri, med filmar, dataspel, dataprogram
og musikk som viktige medhjelparar. I Noreg er heldigvis databransjen sjølv
ganske flink til å bruke norsk, og det veg noko opp for at mye marknadsføring
elles skjer på engelsk.
Avrunding
Det er mogleg å starte
verdskanalar frå ein norsk by eller tettstad. Det er fullt mogleg
å byggje opp viktige og populære medietilbod herifrå
- og frå alle andre stader der den teknologiske infrastrukturen er
på eit høgt nivå. Men samstundes må ein da ta
omsyn til den verda ein er aktiv overfor. Norsk språk og kultur har
ikkje spesielt sterk tiltrekningskraft, så ønskjer ein å
lykkast verkeleg stort, må ein spele etter dei reglane som finst.
Det vil seie at ein lyt halde seg tett til den angloamerikanske kulturen.
Og kanskje er vi ein del av den kulturen, berre at vi kler mye av han i
norsk språk? Men vi har andre kulturdrag som ikkje er angloamerikanske,
og eg trur at vi kjem til å halde på dei i framtida.
Olav Randen plasserer norsk
i europeisk fjerdedivisjon i boka Farvel til språkmangfaldet?
I femtedivisjon finn vi samisk og andre mindre språk, og vi kan jo
tenkje oss kva for språk som er i fyrste divisjon (Randen 1997:113).
Og det som kan gjere norsk ganske utsett, er at vi har ein kultur som ikkje
skil seg så kolossalt frå den angloamerikanske, vi har ein
fleksibel kultur som lett tek opp i seg nye drag. Derfor let t.d. nordmenn
i USA seg lettare assimilere enn polakkar og italienarar, - frå 1970
til 1990 gjekk talet på menneske med norsk morsmål i USA ned
frå over 600 000 til under 100 000 (Crystal:36). Norsk språk
og kultur er ikkje tydeleg og ulik nok til at han overlever i ein kulturstrøm
der andre drag er sterkare - men ein norsk identitet kan likevel leve vidare.
Eg vågar ikkje å
vedde på at norsk språk er brukt i same omfang som i dag om
eitt hundre år - viss ikkje norske medium og politiske miljø
er med på å leggje forholda til rette for at norsk skal vere
fyrstespråket i samfunnet vårt. Og det kan vise seg å
stri mot marknadslovene og interessene til aktørar som er langt
sterkare enn Noreg.
Somme saknar kanskje ei grunngjeving
for å skjønne at nokon ønskjer å støtte
nasjonale og regionale språk og identitetar. Eit spørsmål
kan føre tankane i den leia eg trur vi må sjå: Greier
digitale medium å formidle kvardagen – og drømmane til fleirtalet
av folket om produksjonen er skjedd ein heilt annan stad, og med eit anna
språk og eit noko annleis verdisett enn det publikum har? Kva
har det å seie for identitetsdanninga at drømmane våre
har vorte internasjonale, og har med sol, sommar, bikiniar, musklar, skjønnheit,
pengar og makt å gjere? Det er ikkje rart eit fleirtal av ungdommane
i nokre norske kommunar vil flytte heimafrå, når det ideale
livet er eit anna enn det dei ser rundt seg. Men om drømmane har
vorte internasjonale, er veret og kvardagen omtrent den same for dei fleste
av oss. Media forar oss med ideal som gjer at vi lett blir misfornøgde
med det vi har, kanskje med dei vi er au, og attrår ideal som ikkje
er moglege å nå for alle. Vi treng digital kringkasting som
fortel historier om oss, som skildrar det som skjer rundt oss. Og derfor
trur eg på ei norskspråkleg digital framtid, der vi bruker
norske medium for å stadfeste og utvikle den norske delen av identiteten
vår. Og denne verkelegheita er samstundes fleirspråkleg - engelsk
kjem som ein god nummer to og stettar andre behov vi har.
Eg vender til sist attende
til Norman Fairclough og Robert McChesney og dreg ut to poeng frå
kritikken deira: Det eine er at den medieverkelgheita den digitale kringkastinga
er ein del av, er styrt av ein bestemt økonomisk ideologi med politiske
og kulturelle konsekvensar - som rører ved språk, identitet,
makt og prestisje. Det andre er at dei som tener på denne ideologien,
også er sett til å tene demokratiet…. ”Fremtiden skapes ikke,
den vedtas” las eg ein stad. Men kor blir framtida vedteken, kven er det
som vedtek noko, og for kven? Dette spørsmålet let eg hengje.
Av Jon Peder Vestad
Noko utvida utgåve
av innlegg på seminaret Digital kringkasting som Avdeling
for mediefag ved Høgskulen i Volda stelte til 2. og 3. november
2000.
Litteratur:
Bratberg, Une: Veri bæd
engelsk. www.vartland.no/nyheter/arkiv/prm1999.12.15.08.5631.html
Crowley, Terry: Linguistic
diversity in the Pacific. Review Article. Journal of Sociolinguistics
3 1999 (s. 81-103) - om Peter Mühlhäusler: Linguistic Ecology:
Language Change and Linguistic Imperialism in the Pacific Region, Routledge
1996.
Crystal, David: The Cambridge
Encyclopedia of Language. Cambridge University Press, Cambridge 1997
(1998)
Den vanskelige identiteten.
Odd-Bjørn Fure i samtale med Sjur Holsen. Replikk 1 1995, Universitetet
i Bergen 1995 (www.hf.uib.no/andre/replikk/Nr1/intervju.html)
Dubois, Sylvie og Melancon,
Megan: Cajun is dead - Long Live Cajun: Shifting from a linguistic to
a cultural community. Journal of Sociolinguistics 1, 1997 (s. 63-93)
Fairclough, Norman: Neo-liberalism
as a focus for critical research on language. Frå Globalisation
Research Network 26.10. 1999, http://bank.rug.ac.be/global/programme2.html
Halse, Ketil: Mediefag
i Volda. Knutepunkt og norgesnett. Notat 17/97, Høgskulen i
Volda/Møreforsking Volda 1997
Håbjørg, Ane
Vallevik: In english, please! VG på nettet 13.10. 2000 (www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=7253097)
Johnson-Weiner, Karen M.:
Community identity and language change in North American Anabaptist
communities. Journal of Sociolinguistics 2/3, 1998 (s. 375-394)
Nullis, Clare: Swiss
push to put English first in schools. Guardian Unlimited 16.11. 2000.
(www.guardianunlimited.co.uk/Archive/Article/0,4273,4091528,00.html)
McChesney, Robert W.: Making
Media Democratic. Boston Review, http://bostonreview.mit.edu/BR23.3/mcchesney.html
(1998?)
Randen, Olav: Farvel
til språkmangfaldet? Boksmia, Ål 1997
Sandøy, Helge: The
Diffusion of a New Morphology in Norwegian Dialects. Folia Linguistica.
Acta Societatis Linguisticae Europae XXXII/1-2, 1998. (s. 83-100)
Skre, Arnhild: Skal vi
ikke snart fortsette samtalen? Aftenposten 26.10. 2000.
Andre kjelder:
Diverse artiklar om språk
og media på nyheitstenesta Eurolang, www.eurolang.net, Brussel
Lagt ut på nettet 22.
november 2000.
|
|