| Språknormer
i Noreg
Eit spørsmål
mange stiller seg - eller burde ha stilt seg - når dei skriv, er:
Er dette "lov" å skrive? I seg sjølv har dette spørsmålet
ein undertone som kan verke negativ, nemleg at det er noko som er ulovleg
i språket Og svaret på spørsmålet er heller
ikkje så enkelt.
Valfridom i rettskrivinga
er eit viktig emne for alle som driv med formidling, både for å
bli sikrare på reglar, tradisjonar og moglegheiter. Val og utforming
av språk må vi ha eit bevisst forhold til, vi som har språket
som viktigaste arbeidsreiskap. Dag Gundersen skriv i ein artikkel at språkleg
valfridom er eit vidt omgrep, for det er snakk om valfridom på fleire
plan. I tidlegare tider var språkbruken lite normert, og det er fyrst
dei siste 100-150 åra at vi har fått ein aktiv språkpolitikk
og faste språknormer. Medan valfridommen tidlegare var knytt til
språkbrukarane, - at folk skreiv som dei meinte var best - er valfridommen
no knytt til bestemte normer. Det normerte språket finn vi skildra
i lærebøker og ordbøker, og gjeld fyrst og fremst rettskriving
og bøying.
Normene er kompromiss
Det å kunne velje
mellom ulike skrivemåtar har vore ein del av norsk språktradisjon
sia 1890-talet. Medan dei som arbeidde fram landsmålet ønskte
å få fram eit alternativ til det som vart kalla "Modersmålet"
eller norsk-dansk, var det på den norsk-danske sida viktig
å gjere språket meir norsk, utan å bryte heilt med sambandet
til dansk. Målet med språkleg valfridom er at alle skal kjenne
seg heime i det skriftspråket dei bruker. Og alle - det er tre-fire
generasjonar med ulik geografisk og kulturell bakgrunn. Samstundes treng
vi ei felles språkform for å forstå kvarandre best muleg.
Når ein tek omsyn til kvar enkelt språkbrukar, talar det for
mest muleg valfridom, skriv Gundersen. Omsynet til språksamfunnet
vil seie at valfridommen er mest mogleg avgrensa. Til saman fører
dette til eit kompromiss.
Læreboknormalen
Eit viktig omgrep i norsk
rettskriving er læreboknormalen. Det er den rettskrivingsmåten
som skal følgjast i lærebøker for grunnskulen og dei
vidaregåande skulane og offentleg språkbruk, medrekna det normerte
språket i NRK. Men norsk rettskriving er vidare enn læreboknormalen
- dvs. at språkbruken utanfor det offentlege og skulebøker
opnar for større variasjon. Læreboknormalen er altså
snevrast, men somme synst nok at også den er for vid.
Når vi har ein aktiv
språkpolitikk i Noreg, med Norsk språkråd, godkjenningsordning
for lærebøker og lover og reglar for språkbruk i det
offentlege, er det fordi det har funnest eit politisk ønske om ei
bestemt språkutvikling. Til å begynne med var ei lausriving
frå dansk språk svært viktig, og lenge var det også
eit uttalt mål at dei to norske målformene skulle nærme
seg kvarandre. Dette har vore opphav til mye krangel! Vidare har det vore
eit ønske om at skriftspråka skulle nærme seg talemåla,
at skriftspråka skulle vere enkle og at dei skulle vere norske. No
er delar av den offisielle norske språkpolitikken lagt om, og det
er ikkje lenger sjølvsagt at dei to språkformene våre
skal nærme seg kvarandre. Men det er framleis eit mål at der
det er nyttig, skal dei ha same reglar. Det gjeld mellom anna i skrivemåten
til stadnamn.
Bokmålet
Det at ein ikkje lenger
arbeider aktivt for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk,
har ført til at bokmålet har opna seg meir for konservative
former. Stort sett kan ein til dømes sløyfe hokjønnsformer
i bokmålet, men bokmålet tillet ikkje riksmålsformer
som 'efter' og 'nu'. Mange riksmålsformer som vi ser i bruk i dag,
tilhører ei norm utafor rettskrivinga, og er ikkje tillatne i lærebøker
og offentleg språkbruk.
Når eksempelvis 'efter'
og 'nu' framleis blir brukt, er det dels eit utslag av at desse formene
tilhører ein eldre, sterk språktradisjon - som ein del er
opplærte i eller har vent seg til å bruke - og dels at enkelte
språkmiljø har sine eigne, private rettskrivingsnormer. Dette
er det viktig å vere merksam på - private verksemder kan velje
akkurat den rettskrivinga dei vil, men dei fleste vel å halde seg
ganske nær læreboknormalen. Dei mest radikale og konservative
formene er alt i alt ikkje så mye brukt i bokmål, med enkelte
unnatak.
Sju måtar å
skrive norsk på
Vi har to målformer
i norsk, men vi kan seie det finst sju måtar (!) å skrive norsk
på i dag. Det er riksmål, moderat bokmål og radikalt
bokmål. Riksmålet er ei privat språknorm, og fell utafor
normert, offisielt "tillaten" norsk. Moderat bokmål er vanleg på
trykk, og det radikale bokmålet er mye brukt i etermedia. For å
seie det enkelt bruker ein `selv`, `syklet` og `jevn` i moderat bokmål,
medan ein i den radikale varianten vel former som `sjøl`, 'sykla'
og 'jamn'.
Samnorsk er eit omgrep
som blir brukt om ei språkform som i størst mogleg grad sameinar
ord og former frå bokmål og nynorsk. Også samnorsken
fell utafor offisielle språkreglar, og er lite brukt.
På nynorsksida kan
vi skilje mellom tre språkvariantar. Det er nynorsk a-mål,
nynorsk i-mål og høgnorsk. Forvirra? Nynorsk a-mål er
den mest utbreidde formen for nynorsk. Her skyr ein ikkje ord som finst
i bokmålet, men held likevel på nynorsktradisjonen i ord og
bøyingsformer. I-målet har namn etter i-endingar i substantiv
som 'boki' , og er ein meir gammalvoren nynorsk, med lite innslag av lånord
frå dansk, heit-ord og liknande. I-målet er lite nytta i media.
Høgnorsk er ein privat nynorskvariant som fell utafor den offentlege
språknormeringa. "Aasen-mål" er eit anna namn, og dette
er ein språkvariant med tydeleg innslag av ord og bøyingsformer
som er svært lite nytta i moderne norsk språk.
Det er sjølvsagt flytande
overgangar mellom dei ulike språkvariantane, særleg mellom
riksmål/moderat bokmål og nynorsk i-mål og høgnorsk.
Dette kan verke forvirrande, men for dei fleste er valet enkelt: Dei skriv
stort sett anten moderat bokmål eller nynorsk a-mål, om ikkje
heilt konsekvent. Og dette kan vere eit problem. Mange nynorskbrukarar
har vanskar med ordforrådet, og bruker ord som ikkje er tillatne
i nynorsken. På bokmålssida er det det å vere konsekvent
som ser ut til å det vanskelege. Gundersen meiner at likheita aukar
mellom nynorsk og bokmål, og mellom bokmål og riksmål.
Ikkje alle vil vere einige i dette.
Å finne sitt eige
mediespråk
Korleis kan ein finne sitt
eige mediespråk? Vi har som utgangspunkt at tala er meir opphavleg
enn skrift, og ein kan derfor ta utgangpunkt i sitt eige talespråk
når ein vel blant tillatne former i rettskrivingsnormene. Men sjølvsagt
lyt ein også ta omsyn til redaksjonelle språkreglar. Men målføredrag
må vike når dei strir mot rettskrivingsreglar og redaksjonelle
språkvedtak. I krysningspunktet mellom dialekt, rettskrivingsreglar
og språkvedtak finst ditt mediespråk. Det skal vere eit språk
som du føler deg heime i, som du er fortruleg med, som uttrykkjer
det du vil ha fram.
Kjelde:
Gundersen, Dag: Om valgfrihet
i norsk rettskriving. Frå Lundeby/Mæhle/Grønvik: Fornying
og tradisjon. Norsk språkråd/Cappelen, Oslo 1987 (s. 27-38)
Av Jon Peder Vestad. Lagt
ut på nettet 28.2. 2000.
|