Namnegransking er som all anna forsking inga enkel sak. Likevel blir det no lansert ein ny og forunderleg enkel måte å dele inn namn på i boka Innføring i stadnamn: eit skilje mellom enkle og vanskelege namn. I same boka blir livsdraumen forklart som ein grunn til at folk ikkje vil bu på stader med "stygge" namn.
Førsteamanuensis Peter Hallaråker ved Høgskulen i Volda meiner at denne todelinga kan vera like grei som andre måtar å dele inn namn på. Med enkle namn meiner han namn som alle kan tyde dersom dei kjenner orda namnet er sett saman av.
MAKS 4-5 MILLIONAR NAMN
- Vanskelege namn er ord som også ekspertane har store problem
med å tyde, fortel Hallaråker. Forfattaren har vore prosjektleiar
for eit stort stadnamnprosjekt i Møre og Romsdal, og dette har overtydd
forfattaren om at talet på stadnamn i Noreg har vore sett alt for
høgt.
- Ut frå dei store namnegranskingane i dei fire vestlandsfylka
dei siste åra, er det rimeleg å seia at det finst mellom fire
og fem millionar stadnamn i Noreg, ikkje sju-åtte millionar som det
har vorte hevda tidlegare. Det ser vi av gjennomsnittet på stadnamn
i desse fylka, og ein må kunna rekne med at namnetalet i snitt er
likt elles i landet, òg.
LIKSOM-KULTURELLE NAMN
Boka Innføring i stadnamn (1997) tek både for seg innsamling
og gransking av stadnamn. Med denne boka har Peter Hallaråker gitt
ut fire bøker på Universitetsforlaget. Han fortel at forlaget
ønskte ei bok som både kunne brukast i den vidaregåande
skulen og i høgare utdanning, og av privatpersonar og tilsette i
kommunar med interesse for innsamling av stadnamn. Her har også nye
stadnamn ein naturleg plass.
- Det vi ser av dei nye namna til dømes i Nordsjøen,
er at dei ikkje skildrar havet, botnforholda eller plattformene, men er
namn som berre lokaliserer staden. Desse namna syner fortvila forsøk
på å vera kulturell, og vi ser at til og med ein stordjevel
som Loke blir oppattkalla, seier ein lettare oppgitt Hallaråker.
- Vi ser også at i ei tid med materiell fattigdom, har det vore
ein kulturell rikdom. Dei mange namna på fiskemèd fortel oss
at folk før i tida fiska nær sagt kvar ein stad i sjøen.
Med velstandsauken døyr mange av desse namna, påpeiker Hallaråker.
NY NAMNEDEFINISJON
Medan fyrste del av boka er meint som ei innføring i praktisk
namnegransking, går den andre delen djupare inn i fagteori, fagtradisjon
og sosiologi. Hallaråker går nøye inn på kva eit
stadnamn er, og kjem også med ein ny, eigen definisjon. Der tek han
omsyn til den funksjonen namn har som identitetsskapar for ein geografisk
eller etnisk avgrensa brukarkrins.
- Eg har vorte meir og meir oppteken av kva namn har å seia for
brukarene som symbol og identitetsskapar. Fyrst og fremst er det lokaliteten
som er viktig. Det ser vi av "enkle" namn som Gate 1, 2 og 3 i Måløy,
eller 5th Avenue i New York. Folk som bur der er like knytt til namn og
stad som dei som bur på stader med meir originale namn, fortel Hallaråker.
"STYGGE" NAMN
Innføring i stadnamn tek også for seg grunnar til at nokre
namn blir rekna som stygge - som Surna, Fitjar og Kvisvik. Hallaråker
meiner mellom anna at når folk ikkje vil bu i Joplassvegen eller
Torvhola, er det fordi at dei ønskjer at iallfall ein draum skal
bli oppfylt: draumen om å bu på ein stad med eit fint namn.
- Nordmenn er nok meir knytte til heimstadene sine enn til dømes
tyskarar. Frå gammalt har familienamn vorte skrivne i ubunden form,
som Barstadvik, og slik har også kartformene vore. Når det
no kjem pålegg om at namnet skal skrivast Barstadvika, som folk har
sagt til alle tider, så rører det ved sterke kjensler. Det
styrkjer motstanden mot nye skrivemåtar, meiner namnegranskaren,
som i boka altså legg stor vekt på forholdet mellom namn og
identitet hos brukarane.
Av Jon Peder Vestad, mai 1997 (20.11. 1998)