Vestads vevstad 


Stemmebruk for journalistar
 
Stemma vår fortel mye om oss. Ho kan fortelja kva slags sinnsstemning vi er i, om vi er trøytte eller oppvakte, om kjennskapen vår til det vi snakkar om, engasjementet vårt - og sikkert meir. Stemma er uløyseleg knytt til språket vårt, og til identiteten vår.

Gjennom stemma kjem kjønnet vårt fram, kor vi kjem frå og kva yrkes- eller studiebakgrunn vi har; - stemma kan også fortelja noko om kva liv vi lever, eksempelvis om vi røyker eller har røykt. Som oftast røper stemma au alderen vår. Stemmer kan pleiast - og dei kan øydeleggjast. Spesielt for oss journalistar er det at vi står fram for mange med stemmene våre. Somme gonger greier vi å skjule at vi ikkje er trygge, og somme av oss er gode skodespelarar som kan ha ei yrkesstemme og ei anna privatstemme. Det er ikkje noko falskt i det å finne si eiga yrkesstemme. Som journalistar bruker vi oss sjølve, utan at det er noko ein-til-ein-forhold mellom meg som journalist og meg som privatperson. Det ville fort ha ført til mye dårleg, subjektiv og sikkert au usakleg journalistikk!

Stemma er akkurat som språket ein reiskap, og uløyseleg knytt til språket, som denne stutte gjennomgangen vil syne. Når vi bruker stemma, bruker vi musklar, og dei treng som andre musklar trening og oppvarming. I boka "Som sagt" av stemmebrukseksperten Henning Karlstad kan de lesa om oppbyggjinga av denne muskulaturen - og om mye anna som eg kjem inn på her.

Ulike roller - og stemmer
Det fyrste vi legg merke til ved ei stemme, er om ho er høg eller låg, - mørk eller lys, om ein vil. Vi må finne fram til det stemmeleiet som er naturleg for oss, og det er eit leie som vi trivst med og pratar lett i. Ulike roller krev ulike stemmer - nyheitsstemma, nattradiostemma, barneradiostemma. Ein siste stemmetype må au nemnast - songstemma. Når vi syng, ligg vi på bestemte tonehøgder eller frekvensar heile tida, medan talestemma sklir opp og ned - og skal gjera det. Viss vi held oss til ein tone, blir tala monoton, og det må vi unngå. Levande tale er variert.

Det andre vi hører på ei stemme, er om ho er sterk eller svak, og nå er det volumet eg tenkjer på. Det er fort gjort å heva stemmeleiet, taletonen, i staden for å bruke meir kraft når ein skal trengje gjennom støy. Nå er det ikkje alltid slik at det er stort lydtrykk - mye kraft - som ber best, men det finn vi berre ut ved å føle korleis rommet og lyden i rommet er. I somme rom ber lyden dårleg uansett.

Oppvarming
Så kan vi ta for oss sjølve stemmebruken. Stemma treng, som eg har nemnt, oppvarming. Ho treng au avspenning. Pusteøvingar kan vera gode å ty til for å slappe av i heile kroppen, også i stemmemuskulaturen. Her gjeld det å ta kontroll over pusten sin, puste djupt inn og ut, følgje pusten ned heilt ned i lungene og heilt ut att. Vi kan au prøve å glømme at vi pustar, og berre vera heilt i ro. Dessutan kan vi prøve å konsentrere oss om at kjeva skal slappe av.
Vi må heller ikkje glømme meir "gymnastiske" avspennings- og oppvarmings-øvingar. Da tek vi i bruk leppene, kjeva og tunga; strekker, spenner og tøyer. Og viss vi kjenner oss litt uopplagde eller anstrengde, kan det vera lurt å riste litt laus, rulle skuldrane, tøye oss, få litt nakkemassasje eller liknande.

Viss det har gått ei tid sia vi snakka med nokon, og vi brått tek til å prate, vil vi ofte merke at stemma er tørr, sprø, skurrete eller liknande. Når vi skal gjera ein jobb, er det derfor nødvendig å ha varma opp stemmemuskulaturen. Det kan hende at vi har prata mye og merker at stemma er som ho skal vera, men det er au muleg at vi kjenner at vi ikkje har funne "medie-stemma" vår. I så fall kan vi lesa spørsmåla, blokka, introen el.l. høgt for oss sjølve nokre gonger. Samstundes som vi da bruker stemma slik vi vil ha ho, finn vi ut om teksten er som han skal, om vi legg trykket på dei rette orda, osv.

Ei grundig oppvarming av stemma kan skje ved typiske songoppvarmingar, som
- mi-me-ma-me-mo; mi-me-ma-me-mo; mi-me-ma-me-mo; mi-me-ma-me-mo.
Vi kan au "summe" opp og ned på ein hm-lyd, eller leike med tunge og lyd og rett og slett bable. Ein fjerde måte er å finne ein tone eller lyd, og gå frå lys til mørk stemme, opp og ned nokre gonger. Metodane er mange, og det viktigaste er at ein er sikker på at ein har ei god, varm stemme når ein skal snakke på lufta. Finn den oppvarmingsmåte som passar for deg!

Stemma i bruk
Vi har varma opp, vi har funne ut omtrent kva slags rollestemme vi vil bruke, og så skal vi snakke eller lesa. Som oftast har vi eit manus framfor oss. Om vi liker best å ha stikkord eller om vi vil ha fulle setningar, er litt forskjellig. Sjølv har eg vant meg til å bruke fullt manus. Fordelen med det er at ein har mulegheit til å variere ordbruken - og dermed ikkje så lett blir einsformig i ordvalet, og for oss som har talemål som ikkje ligg heilt nært nokon av dei offisielle språknormene, er det godt å ha teksten klar. Ulempa er at vi risikerer å få ein lesetone.

Når ein har stikkord for det ein skal seia, eller har skrivi stikkord til oppfølgjingsspørsmål, for eksempel, så må ein prøve å la språkbruken i desse replikkane ikkje skilja seg for mye frå det ein elles bruker i saka. Under nyheitsavvikling er det heilt nødvendig med fullt manus, medan det kan hemme deg å ha for mye tekst å lesa under magasinavvikling.

Vel, vi skal formidle noko. Da kjenner vi saka godt eller halvgodt og vi veit kva som er kjerneord og dei mest informasjonstunge, sentrale omgrepa. Samstundes har vi øvd oss på vanskelege ord, og merka av på manus eller i hjerna kva ord vi vil leggje ekstra trykk på. Vi har au lese høgt det som skal lesast, helst fleire gonger, og da har vi funne "tonen" og stemninga vi skal bruke.

Raudt lys kjem på, og vi er i gang. Under opptak skal vi ikkje vera redde for å lesa om att dersom vi les noko feil - hovudregelen er at vi SKAL gjera opptaket om att. Ved direkte-avvikling er ikkje dette råd. Tommelfingerregelen her er at ein hentar seg inn att ved å rette større feil, - unnskyld ----- skal det vera, og repeterer ordet rett. Mindre feil skal vi ikkje ta så tungt - "sendt er glemt". Ved å hente fram att småfeil gjer vi kanskje publikum merksame på småtteri som dei fleste ikkje har lagt merke til, og da gjev vi eit dårlegare bilde av oss sjølve enn det vi fortener.

Uttale
Språket i etermedia er ei blanding av tale og skrift. Det byggjer på skrift, blir framført som tale, og blir samstundes spreidd til menneske med ulike føresetnader til å forstå måten vi snakkar på - og kva vi snakkar om. I tillegg kjem jo det flyktige ved etermedia. Det fører til at vi må skjerpe oss på fleire måtar, i ordvalet, uttaletydelegheita, trykkfordelinga, talerytmen og  taletempoet.

Når det gjeld ordvalet, kan vi vera obs på at det somme gonger vil vera lurt å finne bytteord (synonym) for ord som anten er vanskelege å uttale - og dermed å oppfatte - og ord som lett kan forvekslast med andre uttrykk. Kva som blir rekna for tydeleg uttale, vekslar frå menneske til menneske, og sjølvsagt au etter omstenda. Mye støy krev tydelegare uttale enn elles. Så er  spørsmålet: kva er tydeleg uttale - og kva kan kallast slurv? Her er nok smaken som baken - altså delt. Bokmål har eit sett uttalereglar som vi finn mellom anna i ei bok av Bjarne Berulfsen - Norsk uttaleordbok (1969). For nynorsken sin del er fridommen større, men her au finst det retningslinjer. Henning Karlstad listar opp døme på slurv i ord med d, v og r:
 - rabrekke, mearbeier
 - adeling, asnitt
 - fåløbi, Foppallfåbunne

For meg gjer det ikkje noko at ord som i daglegtale er utan uttalt d, også er det i mediespråket. Eg synst det er verre å sløyfe v i avdeling og r i foreløpig. Det siste ordet sluttar forresten på ein g som bør vera stum i eintal, men som kan uttalast i fleirtal: foreløpige, mektige. Konjunksjonen og bør uttalast å, så slepp vi tilfeldige skifte mellom å - åg. I talemåla heiter det å.

Viss vi ser på bunden form av inkjekjønnsord i eintal - huset, så er t-en her stum, men han blir uttalt i genitiv: husets. Fleirtals-r av substantiv og presens-r i verb kan fort bli borte. Her er det verd å vera på vakt! Det same gjeld ordkjeder der det kan verke som ein s i utlyd av eit ledd blir lagt til neste ledd: dagen søydepunkt, Norge Sbank, trening sleir, næringsgiganten spause - dette er eksempel henta frå boka til Henning Karlstad.

Vokalar kan au bli borte. Velkjent er uttala insjenør for insjeniør (ingeniør), insjativ for initsiativ (initiativ). "Slurve"-uttala her plagar ikkje meg, men dette er noko mange heng seg opp i. Like eins vil det finnast ulike meiningar om korleis vokalar skal uttalast: punktum - ponktom, åppe - oppe. Eg vil rå dykk til å seia det som er naturleg for dykk; lat gjerne dialektbakgrunnen din visest att i slike tilfelle - så lenge de ikkje vil leggje dykk klin oppå standard austnorsk-norma.

Akkurat korleis vi skal eller kan uttale ulike lydsamband, er eit for stort område å komma inn på her. Eg vil berre minne om dei ulike måtane å uttale namnet på hovudstaden vår på, og at det nokon vil kalle slurv er dialektrett, lydrett uttale: fåsjlag for forslag, Gisjle for Gisle, for eksempel. "Ketil" er ei heilt kunstig uttale på norsk, det heiter Kjetil (med kj-lyd) eller K-jetil, med skilje mellom k- og j-lyden. Og Sjetil er det ingen som heiter - sj for kj må vi som journalistar unngå - enn så lenge. Nok om dette.

Uttaleøvingar
Når vi merkar at uttala vår ikkje er heilt bra i alle tilfelle, må vi øve oss så vi blir betre. Det kan til dømes hende at de arbeider ein stad der det blir kravd av dykk at de "gjømmer" dialektdrag og må seia Osslo, fårslag eller liknande. Det er au muleg at de merkar spesielle språkdrag hos dykk sjølve som de ikkje får heilt til, eller at det er enkelt-ord de vil øve på. I det siste tilfellet er det ikkje anna å gjera enn å terpe om att og om att på akkurat dei orda.

Ein lyd som lett forsvinn, er r. For å øve oss på å uttale r-en i utlyd, kan vi drille remser som
 - ar - er - ir - or - ur - yr - ær - ør - år
 - rarar - rerer- rirer - roror - rurur - ryryr - rærær - rørør - rårår
 - lærarar - reiarar - roarar - rørarar

For å øve oss på både god uttale og fin flyt, kan vi huke tak i vanskelege setningar:
 "Varetektsfengslet etter slarv og sleivspark i trengselsen i Oslo  sentrum"
 "Promenadekonserten med skolekorpset arrangeres i det fri fredag  formiddag i musikkpaviljongen mellom rådhuset og sparebankbygget"
 "Vrangvilje og vrøvl var det forresten flust av i kommunestyresalen da  dei nye kommunestyrerepresentantane møttest for fyrste gong"

Trykk og vekt
Når vi arbeider med ein tekst, må vi blinke ut dei orda vi vil skal ha ekstra trykk. Meininga i ei setning kan variere etter kor vi legg trykket:

 Eg studerer fjernsynsjournalistikk i Volda - ikkje nokon ho/han.
 Eg studerer fjernsynsjournalistikk i Volda - eg arbeider ikkje med det.
 Eg studerer fjernsynsjournalistikk i Volda - ikkje radio eller avis.
 Eg studerer fjernsynsjournalistikk i  Volda - ikkje på Volda.
 Eg studerer fjernsynsjournalistikk i Volda - ikkje i Oslo.

Dei orda vi legg trykk på, eller legg vekt på på andre måtar, støttar den tolkinga vi vil at publikum skal få av teksten vi formidlar. Viss ein legg trykk på for mange ord, vil det bli slitsamt både for journalisten og publikum. Henning Karlstad skriv at ein bør plukke ut eitt eller to ord per periode - setningsklynge - og her blir trykket lagt. Karlstad kallar dette for vektord, eg bruker uttrykka kjerneord eller signalord - dei er viktige for forståinga av saka.

Når vi har merka av kva ord vi vil leggje spesiell vekt på, treng vi ikkje nødvendigvis leggje ekstra tyngde (trykk) på uttala. Vi kan au gjera stemma lysare eller mørkare (gå ned), bruke ei svakare eller sterkare stemme - eller bruke pause-knepet: Vi tek ei ørlita pause før eller etter ordet. Det går au an å dra ut ordet, uttale det litt saktare, for å skilja det ut i samanhengen.

Rytme og taletempo
Talerytmen er etter det Henning Karlstad fortel, forskjellig frå menneske til menneske, og nært knytt til eksempelvis sjølvbilde, lynne og sinnsstemning. Når vi les nyheiter, skal ikkje slike individuelle drag vera (særleg) merkbare. Det viktigaste med talerytmen vår, er at han skal passe til det vi formidlar og dei vi formidlar det til. Det er for eksempel samanhengen som avgjer om vi snakkar for fort - ungdom har mindre problem med ein rask talerytme enn eldre, i nyheitsformidling er "alle" målgruppe, og ein kan korkje vera for rask eller for treg.

Når vi les frå manus, veit vi at vi les. Men jamn, flytande lesing kan fort bli monoton. I fri tale har vi mange pauser, vi begynner på setningar som vi ikkje fullfører - og komma og punktum eksisterer ikkje. Vi må prøve å sjå på teksten vi les ut frå som noko vi skal fortelja; orda skal flyte fritt som i vanleg tale (men med skjerpa uttale i ein del tilfelle), og vi skal prøve å vera like levande i framføringa som vi er når vi ikkje les. Det gjev ein annan type flyt enn opplesingsflyten, og språket vårt blir nesten perfekt. Viss vi tenkjer oss at vi fortel heller enn at vi les, vil tempoet au gå ned, meiner Karlstad.

Viss vi er nervøse eller stressa, begynner ein del av oss å snakke stakkato. Vi kan au snakke stakkato fordi vi legg trykk eller vekt på alt for mange ord. Orda kjem støytvis ut, og i det fyrste tilfellet kan det verke som det ligg angst under orda. I det andre tilfellet kan eit ønske om å verke "profesjonell" utan å vera det, liggje bak. Når ein er riktig førebudd eller veit at ein taklar situasjonen, vil stakkato-rytmen forsvinne heilt eller nesten. Det er lurt å øve seg, lesa mye høgt, "spelle teater" eller agere for å finne ein passe rytme, riktig fart og det best mulege stemmeleiet. Vi må altså "finne oss sjølve".

Ved stress blir det ofte slik at vi legg stemmeleiet høgare, og vi snakkar fortare. Da er det altså lett å lesa ut av stemma vår at dette er noko vi ikkje liker eller får til heilt. Det går an å seia til seg sjølv: roleg nå, roleg nå, og prøve å finne eit djupare stemmeleie. Da følgjer ofte tempoet med - eller ein kan prøve å senke farta, og hører at stemmeleiet blir lagt ned.

Til rytme og taletempo hører au bruk av pauser. De kan bruke tolkepauser - eit lite stille "rom" som folk kan bruke til å la det som er sagt, synke inn - ja, det var verkeleg DETTE som vart sagt, du hørte rett! Kunstpauser kan og må de bruke for å gå over frå ei melding til ei anna, vise "avsnitt", temaskifte osv. Dette er forresten ein annan bruk av omgrepet kunstpause enn mange har - der ei kunstpause blir tolka som noko slikt som "hør kor flink eg er nå!" Fylte pauser er eh-æh-pauser, som vi kanskje bruker for å skjule forvirring, rot i papira, ei pause vi treng for å tenkje litt, osv. Fylte pauser kan au innehalde ord - liksom, atte; påbegynte fraser og liknande. Ikkje særleg gunstig pause!

Tankar og tips
Eg vil avrunde gjennomgangen av stemmebruk med nokre tankar og nokre tips. De bør tenkje gjennom dette:

 - Kva i meg er det eg vil hente fram og dra nytte av som journalist?
 - Kven er eg som journalist?
 - Kva rolle gjev journalistikken meg?
 - Kan eg spele på ulike rolleregister - og fører det til forskjellig slags  stemmebruk?

1. Blink ut det de har problem med, og øv på det.
2. Les mye og høgt - bli gode høgtlesarar!
3. Gjer opptak av dykk sjølve, og hør på dei.
4. Les på ulike typar tekstar, og finn ut korleis de vil variere stemmebruken etter teksttype og (tenkt) målgruppe.
5. Få andre til å høre på dykk, og få deira vurdering av framføringa.
6. Ver litt aggressive når de les nyheiter - vis at de er på hogget!
7. For å få ned stemmeleiet kan de prate fritt - for så brått å hente fram ei setning eller to frå ei melding. Deretter kan de snakke fritt att.
8. Hugs å varme opp - gjer fysiske øvingar og snakk dykk varme.
9. Finn regler og vrange setningar som de bruker for å få betre uttale.
10. Ikkje ver overtydelege når de snakkar.

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut 20.1. 1999.



Vestads vevstad  * Ymseposten *  Mål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * Radioordlista *  Medielenkjer * Språklenkjer