| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

  Syn på nynorskrevisjonen

Nynorsken kan bli kraftig endra av den revisjonen som er på gang. Frå dei omfattande sakspapira, har eg plukka ut somme punkt som eg meiner er viktige.

Når eg skriv "eg støttar innstillinga", viser eg til fleirtalsinnstillinga. Numra samsvarer med numra i sakspapira.

2.1.2.c Eg støttar innstillinga, som vil gjere j-lause former av ord som søke, røyke, skjenke osv. likestilte med søkje osv. Dette er kanskje det viktigaste punktet i heile innstillinga, og det er eit språkdrag som skaper store vanskar for mange nynorskbrukarar. Det vil vera ei stor lette om ein får til ei forenkling her. Også "gode målfolk" slit med alle j-ane som skal inn her og der ifølgje dagens læreboknormal (jf. røykje, skjenkje, søkje, vilje – desse verba er ikkje vanlege med j i rota). Dette vil gjere nynorsken lettare å bruke, ikkje det motsette.

2.2.4.b  Det er uheldig at ein ikkje gjer framlegg om å stryke utlydande d i preteritum (sto, glei osv.) Dette er stumme konsonantar for dei fleste, og absolutt unødvendige og forvanskande i skrift. I praksis kjem d-lause former til å bli brukte uansett, og det burde ein ta omsyn til i revisjonen.

2.2.4.e Eg trur det vil vere uråd og uklokt å forby nynorskbrukarar å bruke former som tatt og dratt, og eg støttar innstillinga. Også i etermedia er båe bøyingsprinsippa mye brukte.

2.2.4.i Det er lang tradisjon for at nynorskbrukarar ikkje meistrar samsvarsbøying. Eg støttar innstillinga.

2.3 Det er relativt vanleg i nynorsk å bruke ordformer som nå, hjerte, muleg, gjøre, bilde, kors og bare, særleg om ein tek omsyn til nynorsken i etermedia. Å ta vekk desse orda er det same som å fjerne innarbeidde former frå nynorsken, mange vil nok føle det som eit overtramp. Mindretalet syner dårleg bakkekontakt når det til og med  vil forby jamstelte former som mye, sia og fremmend. Eg støttar innstillinga.

3.1. Formene rjome og råme bør få stå sia dei er ein del brukte, og eg støttar innstillinga delvis. Av sakspapira ser eg elles at verbforma hev skal gå ut, og eg synest det er leitt.

3.2.2.a Det er uheldig om ein skulle fjerne skriveforma muleg. Ho samsvarer med mange talemål og er brukt i etermedia. Den innskotne e-en somme har i mogeleg kan godt forsvinne, sia han på ein måte ligg i g-en.

3.2.2.b Adjektivendinga –lig har følgt nynorsken iallfall i etermedia lenge, og er eit innarbeidd og hyppig språkdrag hos mange. Endinga samsvarer med mange talemål, også i kjerneområda til nynorsken (som Volda), og skaper heller ikkje forståingsproblem. Det vil vera uklokt å fjerne –lig.

3.2.2.c Eg er einig i at –et-endinga i adjektiv (steinet) bør gå ut, og meiner at –ut og –ete bør vera jamstelte. Årsaka er at –ut-endinga er ein del brukt, ikkje minst i litteratur på nynorsk, og endingar som kan førast til –ut er brukte i ein fleire talemål. For mange er –ut eit viktig nynorskmerke, medan –et ikkje er det.

3.2.4.d Dei nemnde formene, som fenge, slær og slæst, er noko i bruk og bør få leve vidare i nynorsken. 

3.2.4.g  Både fikk og gikk er ganske vanlege i nynorsk, dei samsvarer med nynorsknære dialektar , og skaper ikkje forståingsvanskar. Dette framlegget støttar eg ikkje.

3.2.4.j Eg meiner at verbet ’by’  framleis skal kunna bøyast både sterkt og svakt. Eg ser ingen grunn til å ta vekk den svake bøyinga, som er i tråd med mange dialektar og innarbeidd bruk. Dessutan bør infinitivsforma bjode få stå.

3.2.5.a  Eg meiner at formene underst og nørdre (nørst) må få stå.

3.3.1 Eg meiner at forma ’koppar’ må få stå, fordi ordforma ’kopar’ er for fjern for mange.

3.3.2.b  Av ulike årsaker meiner eg at nynorsken framleis må gje folk høve til å skrive dette:

e - i: tri, vinstre

e – æ: bræk(j)e, samkvæme, skræme, sæter

i – y: klyppe

jo – y: bjode, gjose, gjote, ljod, ljote, sjode, skjote

u – ø: jøtul, kluft, tunne, turke, turr

æ – å: læse, mæle

            a – e: bare, enten, fremmend, hange, hjerte

            a – o: honk, horv, tropp, vold(a), holdning

            o – u: jol, smolt, ukse, muleg

            o – å: bråte, dråpe, tåle, nå (det vil vere eit mistak å gjere o-en obligatorisk her), so

            u – y: rudning, sud, tunn, skynde

            å – a: male, ålmuge, ålmenn

3.3.2.c Av ulike årsaker meiner eg at nynorsken framleis må halde på desse skrivemåtane:

boso, håkken (i staden for hokken), trøndsk, verde

bilde, fremme, gjøre, idrott, kors, mid-, mye, sia

skirseld

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 13. desember 2002

 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |