| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Synske hjelparar på Sunnmøre

Av og til møter ein menneske som avviser alt som kan smake overnaturleg. Slike folk burde absolutt lese boka "Synske hjelparar i hundre år". Dette er ei bok som fortel om Karl og Olga Tandstad, far og dotter, to synske som har vore til hjelp for menneske over store delar av landet.

Å vere synsk vil seie at ein har evne til å sjå noko som ikkje er utafor synsranda, noko som har skjedd eller som kjem til å skje. Det finst ulike måtar å vere synsk på, men felles for dei synske er at dei har ei evne vi vanlege er utan. Synskheita til Karl og Olga Tandstad har fyrst og fremst gått ut på å finne att noko som er borte.

Karl Tandstad levde frå 1869 til 1951, og budde i Sykkylven på Sunnmøre. Dottera Olga vart fødd i 1912, og flytte som vaksen til Skodje. Både ho og faren merkte dei synske evnene sine i ungdomstida, og i dei åra dei var mest aktive som "sjåarar", fekk dei mye omtale i media. Dei var kjendisar, og fekk fleire tusen brev frå folk som skulle finne att sauer og andre dyr som var borte, reiskap som var forsvunne osv. Karl Tandstad drog til og med til Oslo og innlosjerte seg på hotell der for å hjelpe folk i hovudstadsområdet. Han vart kontakta av pressa i samband med store leiteaksjonar, slik dottera vart seinare, og han såg mellom anna at Roald Amundsen omkom på polferda si i 1928.  

Det var ikkje berre "store" ting Karl og Olga såg. Ei historie frå min eigen familie kan syne dette. Ei av tantene mine mista ein gong ein paraply, - ho trudde han var stolen. Dette var på den tida da det var knapt om pengar, slik at det ikkje var berre-berre å miste ein paraply. Tante oppsøkte Olga Tandstad, og ho kunne fortelje at det var ei mørk dame som hadde tatt paraplyen. Ho såg også at paraplyen var langt inne i eit klesskåp. Lik far sin, fortalde Olga aldri kven det var som hadde stole eller "lånt" saker og ting. Båe ville bruke synskheita si til å hjelpe, ikkje til å sverte. Dei tok mot gåver som takk for hjelpa, men det vog nok likevel ikkje opp for den tida og den innsatsen dei gav. 

Det  er Oddbjørn Myklebust som har skrive "Synske hjelparar i hundre år". Han har arbeidd grundig med denne boka. Myklebust har sjølv møtt Karl og Olga Tandstad, og har fått hjelp av dei. I boka har han tatt med mange hendingar som burde overbevise dei mest skeptiske om at somme kan sjå og finne ting, dyr og menneske ved hjelp av heilt spesielle evner. Forutan å ha intervjua mange som har fått hjelp av dei to synske, har han nytta takkebrev og avisutklypp som fortel om kva Karl og Olga har utretta som synske. I tillegg fortel Myklebust greitt om miljøet rundt dei to og om synskheit generelt. Boka inneheld mange fotografi, og er elles utstyrt med ei parapsykologisk ordliste, eit historisk oversyn over parapsykologien. Vi finn au eit stykke skrive av Jon Mannsåker, som har vore leiar i Norsk Parapsykologisk Selskap.

Ei slik omtale av boka burde ha innehalde døme på kva Karl og Olga Tandstad har sett og funne. Det er vanskeleg å velje, fordi boka inneheld så mange slike historier om alt frå sauer på vidvanke til menneske som har gått seg vill. Det er verd å merke seg at forfattaren også har tatt med eksempel på at dei synske kunne ta feil - det er ein  styrke ved boka. "Synske hjelparar i hundre år" er gitt ut av Nabogarden Forlag, og er ei vakkert tillaga bok med eit innhald som bør interessere mange. Boka vekkjer undring over det som blir stempla som overnaturleg, utan å gjere det "mystisk" og "farleg". Boka kan sikkert få fleire til å sjå at det overnaturlege kan vere naturleg, men sjeldant. Oddbjørn Myklebust skal ha takk for at han gjennom denne boka har dokumentert to uvanlege livsverk.
 

Oddbjørn Myklebust:
Synske hjelparar i hundre år
Nabogarden Forlag
Sykkylven 2000
173 sider

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 30. mai 2001         
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |