 |
Ei tale for
nynorsken
I 1999 kunne nynorsken
feire eit lite, men ikkje uviktig 70-årsjubileum. I 1929 vart det
vedteke at målet Ivar Aasen arbeidde fram, skulle heite nynorsk.
Det er meir schwung, om eg kan seie det slik, over namnet 'nynorsk' enn
'bokmål'. Det signaliserer noko nytt og friskt, som både tallause
kulturtilstellingar og det tydelege og viktige nynorske innslaget i norsk
kvardagsliv vitnar om.
Eg er eit nynorskmenneske,
eg er ein nynorskbrukar, ja, alle vi som snakkar norsk er ein del av eit
nynorsk Noreg. Det er kanskje ikkje så vanleg å sjå på
bokmålsfolk som nynorskbrukarar, men dei er jo faktisk det. Nynorsk
er ein del av kvardagen for dei aller fleste i Noreg. Vi høyrer
nynorsk i radio og fjernsyn, og les artiklar på nynorsk kvar einaste
dag, og vi har litteratur på nynorsk både på nattbordet
og i bokhyllene. Vi kan gle meg over nynorsk song, framført av Herborg
Kråkevik, vi kan le – eller ergre oss – over satire på nynorsk
av Are Kalvø, og vi kan sjå sterk dramatikk av Jon Fosse.
Dette er berre nokre namn
frå kulturlivet, namn på unge stemmer i kultur-Noreg som bruker
nynorsk i kunsten sin. Utan slike nynorskstemmer, utan nynorsken, hadde
Noreg vore eit anna land, fattigare på uttrykk. Eg hadde også
vore eit anna menneske. Ein ting er alt det nynorsk kultur har gitt meg
av opplevingar opp gjennom åra, men vi skal heller ikkje gløyme
målstrevet. Språket Ivar Aasen gav oss fundamentet til, er
av natur meir ope for dialekt enn den dansk-norske konkurrenten. Slagordet
”snakk dialekt, skriv nynorsk” – som eg veit ein del målfolk ikkje
er så glad i lenger – dette slagordet har vore med på å
gjere det lettare for folk frå heile landet å snakke dialekt.
Ein språkprofessor
greidde for nokre år sia i all si vankunne å forkynne at østfoldsdialektane
var dei styggaste i landet! Det er eg svært ueinig i, og eg er glad
for dialektkampen som ikkje minst målrørsla har stått
for. Den takken går også til Ivar Aasen, som såg behovet
for eit eige norsk språk. Vi fekk det, og samstundes førte
konkurransen – eller kampen – mellom det dansk-norske og det norsk-norske
har ført til at det som i dag heiter bokmål vart atskillig
norskare enn det kunne ha vorte. Det skal vi vere glade for.
På starten av det tredje
hundreåret i historia til nynorsken, er det nyttig å sjå
både jor ein står, kor ein går og kor ein har vore. Nå
skal ikkje eg dvele for mye ved historia, men når eg tenkjer over
kor mange initiativrike målmenneske berre søre Sunnmøre
har fostra, blir eg imponert. Anders Hovden, Anders Vassbotn, Henrik Straumsheim,
Rasmus Steinsvik, Per Riste og midt oppe i denne mannsgruppa - Synnøve
Riste. Kva kunne ikkje denne radikale målkvinna i Volda fått
utretta om ho hadde fått leve lenger! Synnøve Riste sto fram
med meiningane sine i ei tid da kvinner skulle vere forsiktige med den
slags, og ho gjorde det på eit språk som mange forakta. Synnøve
Riste viste dobbelt kvinnemot, og innsatsen hennar er ein av mange som
har vore med på å byggje det nynorske Noreg.
Nynorsken tilfører
Noreg kulturell breidde og rikdom. Arbeidet for nynorsk er klart ein del
av arbeidet for demokratiet i landet vårt. Nå veit eg at dette
kan verke vel festtale-aktig – og det stemmer for så vidt! – men
tenk over det motsette: Det å arbeide mot nynorsk. Det er faktisk
det same som å arbeide mot ein lovfesta rett nordmenn har til å
uttrykkje seg på ein av to jamstilte norske målformer. Å
kjempe mot nynorsk er å kjempe for at den målforma som alt
dominerer, bokmål, skal bli einerådande. I eit samfunn der
toleranse er av dei verdiane som blir sett høgast, er nynorskmotstand
og nynorskhat noko som det burde ha funnest svært lite av.
Det er eit politisk, kulturelt
og historisk faktum at vi har to målformer i Noreg, og vi har hatt
det sia 1885. Det finst to variantar av norsk, som alle i mediesamfunnet
vårt møter dagleg. Alle må lære båe variantane,
og tusenvis av dei som ein gong har skrive ”Spynorsk mordliste” utapå
nynorskordlista si, hamnar ein gong i ei stilling der det forhatte sidemålet
kjem til nytte. Det ville ha vore gale å ta frå folk noko dei
får bruk for seinare.
Ein god del av oss har opplevd
mang ein gong at nokon har tatt ordet frå oss, og eg er vel ikkje
heilt skuldfri sjølv, heller. Det å ta ordet frå nokon
kan også ha ei anna betydning, nemleg å forby folk å
bruke visse ord. Dei siste åra har det, som mange her veit, vorte
diskutert korleis nynorsken skal vere.
Somme trur at ”alt er lov
å skrive nå”, og det er det jo ikkje - det ser eg sjølv
rett som det er når eg slår opp i ordboka. For å motverke
ei ”bokmålisering” av nynorsken, ønskjer nokon målfolk
å stengje ute folkemålsformer og ord som kan liggje nær
bokmålet. Om det som liknar minst på bokmål blir sett
på som best nynorsk, er ein ille ute. Da er det i praksis bokmålet
som blir rettesnora for nynorsken, sjølv om nokon nok kan framstille
det på ein annan måte. Nå skal ikkje eg dirigere korleis
nynorsken skal sjå ut, men eg vil påpeike at nynorsk er og
skal vere eit språk for heile landet, ikkje berre for det som blir
kalla ”det nynorske kjerneområdet” og for spesielt interesserte andre
stader. Ei slik utvikling har mellom anna tidlegare mållagsleiar
Olav Randen åtvara mot i boka "Farvel til språkmangfaldet?"
(Boksmia 1997).
Olav Randen er redd for at
nynorsk skal gå frå å vere eit "allnorsk riksmål
med jamstelt status …. til å bli eit minoritetsmål for Vestlandet
og tilgrensande dalføre og difor eit skriftmål folk i andre
delar av landet ikkje treng lære" (s 147-148). Her kan eg nemne at
eg i nokre viktige barneår budde i Gausdal, eit par mil frå
Lillehammer. I Gausdal har nynorsk frå gammalt vore skulespråket
i eit par skulekrinsar, men er nå så å seie jaga på
skogen. Bokmålet har dessverre teke over. Kjære nynorskvenner,
nynorsken må også i framtida vere eit attraktivt alternativ
for folk i Gudbrandsdalen, i midt-Telemark og i Trøndelag, ja, i
dei nynorske utkantane. I arbeidet med normeringa av nynorsk må ein
etter mi meining absolutt ta omsyn til dette, og ikkje gjere nynorsken
til noko som passar godt vestpå, og ikkje å godt andre stader.
Og til dei av dykk som er redd for at bokmål og nynorsk skal sausast
i hop, så vil eg seie med gamle Ivar: Det kjem ikkje i ei seng, det
som skal i tvo!
Om de hadde spurt meg om
nynorsken finst om eitt hundre år, så hadde eg nok landa på
eit ja-svar. Morgondagens nynorsk blir sikkert ikkje heilt lik dagens,
sia språk som alt anna levande utviklar seg. Tenk på alt det
nynorsken har på si side: lovverket, litteraturen, skuleverket og
ikkje minst om lag ein halv million brukarar. Dei kan bli fleire! Det er
lett å sjå skyer i horisonten, men likevel: Aldri før
har nynorsk vorte brukt på så mange område i samfunnet
som nå. Vi kan alle gjere vårt for å trygge framtida
til nynorsken, og eg er absolutt overbevist om at mye kan gjerast betre.
Ikkje alle skulebøker kjem like tidleg på nynorsk som på
bokmål, for eksempel. Det er au behov for dataprogram på nynorsk,
både i skuleverket og elles, og mange nynorskaviser er avhengige
av pressestøtte for å overleve.
Nynorsk Kultursentrum i Ivar
Aasen-tunet i Hovdebygda er eit tiltak som eg trur vil komme til å
få mye å seie framover. Sverre Fehn har teikna eit flott anlegg
som nå tek form, og aktivitetane som det nynorske kultursenteret
skal romme der, syner mangfald og framtidshåp. Det er på tide
at eit slikt senter kjem! Dette senteret kjem ikkje berre folk på
søre Sunnmøre til gode, men heile nynorsk-Noreg og andre
som er opptekne av norsk språk og kultur.
Nynorsk Kultursentrum er
eit godt eksempel på korleis eldsjelar med ein god idé kan
arbeide saman med styresmakter lokalt og sentralt for nynorsken. Det er
ikkje nok å ha ein idè eller ei meining, det krevst ein porsjon
idealisme og pågangsmot også. Det finst på Sunnmøre
- og i nynorsk-Noreg. Og med det vil eg inn på noko som ligg meg
på hjertet: Politikarane kan ikkje vedta at nynorsken skal overleve,
for å seie noko vanskeleg på ein forenkla måte. Men dei
kan leggje forholda til rette på ulike måtar. Støtte
til nynorsk-institusjonar er ein ting, lover og forordningar noko anna.
Men det er til sjuande og sist nynorskbrukarane som avgjer framtida til
nynorsken. Nå har nynorskprosenten i grunnskulen gått svakt
ned, og da er det fristande å oppmode nynorskfolk om å få
fleire ungar!
Men spøk til side,
det er viktig å støtte dei nynorsktiltaka som finst, og å
ta i bruk nynorsk der det har vore lite vanleg. Det er nødvendig
å følgje eksempelet til Ivar Aasen, og vise at nynorsken kan
brukast til alt muleg - så nå håper eg ivrige, unge målfolk
set i gang ei prategruppe på internett for ungdom! Ivar Aasen var
frampå, han skreiv skodespel og dikt på det nye norske språket,
og viste oss på denne måten vegen nynorskfolket må gå:
bruke nynorsken i alle samanhengar. Ei bedrift i tjukkaste nynorskland
må ha mot og sjølvtillit nok til å marknadsføre
seg på nynorsk, - eg trur det vil bli positivt lagt merke til. Databedrifter
i nynorsk-Noreg må sjølvsagt utvikle og tilby programvare
på nynorsk, og skuleelevar som flyttar på seg, må få
føle at det nynorske er noko som høyrer identiteten deira
til, og som dei ikkje byttar bort. Det eg nemner her, er noko som vanskeleg
kan bli til ved hjelp av politiske vedtak - det er opp til oss sjølve
å yte det vi kan. Eg seier ikkje at dette eg her har nemnt er lett,
men utan innsatsen til nynorskfolk flest, kan det som er vunne for nynorsken,
også tapast.
Eg føler at nynorsken
har ganske gode kår i kultur-Noreg. Sjølvsagt finst det ein
del å setje fingeren på her også, men verre er det nok
i næringslivet. Her på Sunnmøre er næringslivet
sterkt, og de som har høve til å påverke språkbruken
i privat sektor, nyttar makta dykkar. Det går an å tene pengar
på nynorsk, og om lag ein halv million nynorskbrukarar, med nynorsk
som dominerande målform i store område, skulle det vere verdt
å ta omsyn til. Men - dette kan ikkje politikarane eller ei lov gjere
mye med, anna enn å seie at private initiativ, dugnadsånd og
ståpåvilje kan føre til auka bruk av nynorsk i ein sektor
der eg gjerne hadde sett at arven etter Ivar Aasen hadde stått langt
sterkare.
Så nokre ord om førre
valkamp. Målsaka var ikkje vore spesielt framme der, bortsett frå
eit anti-nynorskutspel i Oslo. Eg skal ikkje nemne kva parti som kom med
det, men det vart iallfall gjort framlegg om å gjere osloskulane
sidemålsfrie. Det vil seie nynorskfri, og det gledde meg å
lese på leiarplass i VG at dette var eit billig utspel. I denne leiarartikkelen
sto det også at Oslo truleg er den største nynorskkommunen
i landet. Og faktisk er det slik at Oslo i ein del år nå har
hatt parallellklasser med nynorsk opplæringsmål. Det er ikkje
meg imot, og eg har lurt på korfor ikkje nynorskfolk har gått
saman for å få til slike klasser i hovudstaden tidlegare.
No går nynorsken inn
i sitt tredje hundreår, inn i eit nytt tusenår. Korleis hadde
Noreg vore utan nynorsk? Det er nesten uråd å førestelle
seg - eg gjer det ikkje. Nynorsken blir brukt av mange fleire enn i det
fyrste hundreåret nyskapningen til Ivar Aasen fanst, og dette målet
har fått sitt eige senter på Sunnmøre. Ivar Aasen-senteret
i Hovdebygda i Ørsta er ein nasjonal kulturinstitusjon som kan vere
interessant langt utafor grensene våre, akkurat som nynorsken kan
vera det. Eit folk med fremmendt mål kan få sitt eige, og om
det ikkje veks over alt, så gror det, og blømer. Det lovar
godt for framtida.
Av Jon Peder Vestad
Omarbeidd utgåve av
ei tale som vart skriven i september 1999. Lagt ut på nettet 3. juni
2000.
|
|