| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Talemålsutviklinga i Noreg

Det er ikkje rett å snakke om ei talemålsutvikling i landet vårt, men fleire. Over heile riket ser vi endringar på ulike nivå - dei rører ved lydsystem og uttale, grammatikk og bøyingsmønster, ordforråd og individuelle språkvanar. Og det har vorte lettare å forme ein individuell språkleg identitet enn det var før.

Skal vi seie noko allment, er det at dei mest lokale språkdraga fell bort til fordel for meir utbreidde språkdrag. Dialektane i ulike regionar blir meir like kvarandre - vi ser ei regionalisering. På Austlandet vik mange tradisjonelle talemål til fordel for ein bokmålsnær landsdelsdialekt, elles i landet finn vi indre tilnærming mellom talemåla. 

Når vi skal forklare dialektendringar, er det somme årsaker som ofte blir nemnde. Det er betra kommunikasjonar, meir flytting, påverking gjennom barnehage og skule, og sjølvsagt media. Alle desse forklaringane har noko for seg, men dei forklarer ikkje alt. Vi må au hugse at det er naturleg for språk å utvikle seg, altså endre seg. Endring er ikkje det same som forfall, trass i at vi kan synast at det er leitt at dativen forsvinn og at mange ikkje skil mellom sj og kj.
 
I denne vesle utgreiinga om talemålsutviklinga vil eg skilje mellom utviklinga på Austlandet og i resten av landet. Eg tek utgangspunkt i eit oversyn Lars Vikør (1999) har gitt over utviklinga på Austlandet:

1. I Gudbrandsdalen, Østerdalen og Vest-Oppland held dei tradisjonelle talemåla seg etter måten godt. Hos unge kan dialektane vere prega av det Vikør kallar regional-austlandske drag: Dei seier jeg, ikke, tall - ikkje je, itte, tal.

2. I Valdres, Hallingdal og Numedal finn vi ein drastisk overgang til søraustlandsk og sterkt bokmålsprega talemål. I Numedal er den tradisjonelle dialekten så å seie borte hos mange unge. Sjølv vil eg plassere Østerdalen i denne gruppa, iallfall delar av dalen, og Øyer synst i Gudbrandsdalen.

3. På Søraustlandet liknar talemåla frå før ganske mye bokmålsnært talemål, og her au ser vi at eldre tradisjonelle målføredrag blir borte.

 Nina Berge Rudi har samanlikna dialektbruken blant unge i Gudbrandsdalen og Hallingdal. Ho peiker på faktorar som kan medverke til at dei tradisjonelle dialektane held seg betre i Gudbrandsdalen enn i Hallingdal. Det har vore meir innflytting til Hallingdal, og også hyppig kontakt med turistar, medan det har vore mindre innflytting og meir stabile sosiale nettverk i Gudbrandsdalen. Tette, stabile nettverk styrkjer den sosiale kontrollen, slik at det kan vere vanskelegare å forlate den tradisjonelle dialekten. Her vil eg leggje til at eg har hatt studentar frå eit godt stykke opp i Gudbrandsdalen som har snakka ein slags oslodialekt, rett nok med mye dølatonefall. Rudi skriv at tilknytinga til det heimlege, til regionen, er sterkare i Gudbrandsdalen enn i Hallingdal, og dette gjev språklege utslag. 

Hovudtendensen på Austlandet er at mange går over til eit bokmålsnært talemål, og somme stader er det no visstnok vorte belastande å nytte den tradisjonelle dialekten fordi ho er knytt til lågstatusgrupper. Dialektane blir sosiolektar, knytte til visse sosiale lag. Det ser au ut til at ein del meir aktivt enn før vekslar mellom minst to dialektar (Sandøy 1998:98). Dei kan altså ha eitt heimemål, og bruke eit anna, meir bokmålsnært talemål ute. Fleire enn tidlegare ser ut til å skifte dialekt etter situasjon og samtalepartnar.  

Utafor Austlandet er det ikkje eit bokmålsnært talemål som vinn fram, men på detaljnivå ser vi ein del like trekk. Eg tenkjer her på samanfall mellom sj og kj, forenkla bøying av verb og nye former som skøyt og brøyt. Dette har eg registrert mellom anna i Molde. Andre utviklingsdrag vi finn, er at nu for no breier seg i Nord-Noreg, fleire seier ikke og æ for ikkje og itj og æg både der og i Trøndelag. Pronomena oss og me i 1. person fleirtal blir mange stader erstatta med vi.  Verb får nye former, som kåmme og kåmmer for kjem, komt og vært for kåmme og vore, vårre osv. Palatalisering blir mindre vanleg mange stader vestpå og nordpå, og jamvektsformer som værra og jørra blir erstatta av jør og vær i infinitiv. Eksempla kunne ha vore fleire. Mange av desse utviklingsdraga kan ikkje forklarast som påverking frå skriftspråka eller bokmålsnært talemål. Det er tale om ei forenkling, som kan vere parallell til og bli styrkt av bokmålet, bokmålsnært talemål og/eller regionale prestisjedialektar.     

Om vi ser på utviklinga på eit overordna nivå, er det snakk om indre tilnærming mellom dialektane. For å forenkle det noko, er det iallfall austafjells drag frå det folkelege bymålet som vinn fram, og lokale særdrag blir utjamna eller forsvinn. Somme stader er ein opprinneleg, særmerkt dialekt på veg ut, som i Eikesdalen inst i Romsdal, der vi no finn ei meir "nøytral" romsdalsdialekt. Eit døme på "ekte" dialektdød finn vi i Valle i Setesdalen, der vi ser at den tradisjonelle dialekten blir erstatta av kristiansandsmål med innslag frå bokmålet - iallfall hos jentene (Fædrelandsvennen 24.10. 2000). Flyttar vi oss til Sogn og Fjordane, kan det vere vanskeleg å høre forskjell på talemålet i Bergen og i Florø for ein som ikkje er lokalkjend. Heilt like blir dialektane likevel ikkje. 

Eg har nemnt nokre grunnar til at talemål endrar seg. Det som kan vere vanskelegare å forklare, er at utviklinga er så ulik frå stad til stad, frå menneske til menneske. Brit Mæhlum, som er med i styringsgruppa til den store dialektundersøkinga i Noreg, TEIN (Talemålsendring i Noreg), dreg fram ein verdiakse som spenner mellom tradisjon og modernitet. Dette knyter ho til ein språkleg akse, med dialekt og standardtalemål som ytterpunkt. Dialektbruk, forstått som bruk av tradisjonelle dialektar, signaliserer ei lokal tilhørigheit. Standardtalemålet syner på si side til overregionale eller nasjonale verdiar. Språkendringar kan spegle ein ny måte å oppleve identiteten sin på, slik at det "til dels er andre sosiale og kulturelle verdier og normer enn tidligere som nå framstår som essensielle" (Mæhlum s. 63). Det som no kan vege tyngre for  språkvala menneske gjer, er regionale og nasjonale verdiar og normer. 

Ei undersøking blant unge frå Herøy på Sunnmøre stadfester dette: Det er ein samanheng mellom graden av språkendring og kva sosiale nettverk og haldningar dei unge har til eige språk. Men språket til ungdommen i dag treng ikkje fortelje heile sanninga om korleis talemåla utviklar seg vidare. Ungdom prøver ut identiteten sin, og den språklege identiteten deira er ikkje ferdig utforma. Og au vaksne endrar talemålet sitt noko, må vi hugse.  

Ifølgje den såkalla tilpassingsteorien rettar språkbrukaren seg etter samtalepartnar og situasjon. Anten nærmar ein seg den andre språkleg, eller så er det viktig å markere skiljet mellom ein sjølv og samtalepartnaren har. Ein tilpassar seg den og dei ein vil vere lik. I eit urbant samfunn endrar menneske da gjerne språkbruken sin i retning majoritetsspråket. Årsaka kan vere eit (kanskje ubevisst) ønske om sosial oppdrift, og at ein vil identifisere seg med ei anna gruppe enn den ein kom frå. Ein konsekvens kan vere at ein vekslar mellom ulike talemål, som vi finn døme på austafjells, og eg har au lurt på om det kan vere tilfelle på Sørlandet. Iallfall spreier bokmålsnært talemål seg langs kysten. Sia det er så mange nye drag som ikkje samsvarer med bokmålsnært talemål, blir det ukorrekt å seie at "bokmålet øydelegg dialektane".  

Tilknytinga ein har til det heimlege får følgjer for språkbruken, og ikkje alle regionar har like mye som held folk saman. Til dømes meiner eg fotballklubben Rosenborg kan ha hatt mye å seie for å halde oppe og styrkje den regionale identiteten i Trøndelag. Rosenborg er eit felles samlingspunkt, kjende fotballpersonlegdommar som Rune Bratseth og Nils Arne Eggen bruker dialekt, og det å snakke trønderdialekt blir ein viktig del av det å vere trønder. NRK-senteret på Tyholt har også vore med på å auke prestisjen til trøndermål. Når den geografiske - og kanskje mentale - avstanden til Oslo samstundes ikkje har vorte mindre, betyr dette at trøndermåla blir meir like kvarandre, og på somme punkt også meir like bokmålet. Her finn vi sjølvsagt individuelle skilnader. Dette går ikkje berre ut over talemål på bygdene. Språkforskaren Tor Erik Jenstad meiner til dømes at "fintrøndersk" kan stå i fare for å døy ut (Under dusken 2/98). Her vil eg leggje til at vestkantmålet i Oslo ser ut til å vere seigliva. I Romsdal kan MFK og jazzfestivalen ha hatt ein liknande samlingsfunksjon som Rosenborg, i Nordland Bodø-Glimt. Over store delar av Vestlandet har ver- og nyheitsavviklarar i TV2 auka statusen til vestlandsmåla. 

På 1970-talet kom dialektbølgja, og ho dabba ut på 1980-talet. Det som skjedde da, var at dialektbruk vart akseptert i formelle situasjonar, også i NRK. Men formelle posisjonar er ein ting, uformell makt og spreiing av haldningar er noko anna. Dersom vi overser dette, ikkje oppdagar denne dobbelheita, får vi ikkje ei fullgod forståing av talemålsutviklinga vi ser i dag. Etter at dialektbølgja ebba ut, har ei omfattande sentraliseringsbølgje gjort seg gjeldande, og påtrykket av urbane verdiar har vorte langt sterkare. Det har vorte viktig for mange å stadfeste, au gjennom språket, at dei "følgjer med i tida". Dette kan vi kalle mental urbanisme. Den einaste dialekten som mange legg om til, og som ungar over heile landet kan vekse opp med, er bokmålsnært talemål (og kanskje bergensdialekt). Dette syner kva talemål som står sterkast i samfunnet. Det ser vi au i humoren - det er fullt akseptert å komme med "uskuldige" spøkar om dialektar som ikkje hører heime i ei urban verkelegheit. Og eg veit av at det finst  ein nyheitsreporter som bruker heimedialekten sin når han dekkjer kuriøse saker, normert bokmål når han dekkjer seriøse saker og skal bli teken på alvor. Dialektane har ikkje vorte mindre komiske dei siste åra.

I boka Hjartespråk og skriftmål frå 1975 har Vidar Mørk rekna seg fram til at langt over halvparten av innbyggjarane i Noreg nytta talemål som låg nærare nynorsk enn bokmål. Og framleis er det nok slik at nynorsknære talemål blir brukt av over halvparten av befolkninga, dette som eit apropos til at munnlege medium som radio og fjernsyn ikkje speglar språksituasjonen på dette punktet. Somme dialektar er "usynlege" også i NRK, og folkemålsformer er sjeldnare på lufta enn blant folk flest. Mange unnlet å bruke hokjønn, tjukk l og ord som 'sjøl' når dei snakkar normert bokmål, - folkemålet verkar kanskje "useriøst"… Språket speglar makt. 

I media vil eg seie det finst formell aksept for dialektbruk, og ein uformell aksept for å gjere narr av og sjå ned på dialektane, som i det tidsriktige urbane samfunnet. Her må NRK, TV2 osv. vise tydeleg toleranse og ein folkemålsvennleg praksis: Det må vere mogleg å leie eit debattprogram eller eit underhaldningsprogram i beste sendetid med "brei" hadelands- eller eigersundsdialekt. Samstundes må NRK oppmode dei som bruker dialekt, til å bruke dialektane sine meir gjennomført. No er det mye skriftprega og inkonsekvent, såkalla privat dialekt (idiolekt) å høre. Dette kan nok vere naturleg for språkbrukaren, men er i strid med språkreglane til NRK, og kan skape "støy" på den måten at vaklinga i språkbruken skiplar publikum noko. 

Medan eg skreiv dette, hørte eg ein dialektbrukar seie dere, va og uke og mye anna som ikkje hørte heime i det talemålet ho så tydeleg hadde, og som eg kjenner godt. Ho kunne utan problem ha følgt dialekten sin, der ho snakka med bergensarar, og snakka til alle oss som hørte på NRK P1… Det kan hende ho trudde at intervjuobjekta og publikum ikkje ville ta henne alvorleg om ho sa dåkker, ka og veke!? Noko har skjedd med det språklege klimaet dei siste åra, og det ser ikkje ut til å gagne dialektbruken og -brukarane.

Av Jon Peder Vestad

Litt endra utgåve av føredrag halde 15. februar 2001.

Kjelder:
Akselberg, Gunnstein (red.): Målbryting. Talemålsendring i Noreg. Skrifter frå prosjektet Talemålsendring i Noreg - nr. 2. Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Bergen 1999 (fleire artiklar).
Dialekter i endring. Under dusken nr. 2 1998. Trondheim 1998.
Men dialektene ville ikke forsvinne. Intervju med Gunnstein Akselberg. Forskning nr. 2 1999, Noregs forskingsråd.
Klynderud, Heidi E.: Språkkontakt - prinsipper og konsekvenser. Riss nr. 3 1999. Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU, Trondheim 1998.
Mæhlum, Brit: Talemålsendring. En presentasjon av prosjektet TEIN, Talemålsendring i Norge. Riss nr. 1 1998, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU, Trondheim 1998 (s. 61-64).
Vikør, Lars: Austlandsmål i endring. I Kleiva/Donali/Nesset/Øygarden (red.): Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre Austlandet. Det Norske Samlaget, Oslo 1999.
Rudi, Nina Berge: Skilnader i bruken av den heimlege dialekta i Hallingdal og Gudbrandsdalen. I Kleiva/Donali/Nesset/Øygarden (red.): Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre Austlandet. Det Norske Samlaget, Oslo 1999.
Sandøy, Helge: The Diffusion of a New Morphology in Norwegian Dialects. Folia Linguistica XXXII/1-2 1998. Acta Societatis Linguisticae Europaeae, Berlin 1998 (s. 83-100)
Setesdalsdialekt i oppløysing. Fædrelandsvennen 24.10. 2000.

På Internett: Prosjektbeskrivelse for TEIN; www.hf.uib.no/tein/prosjektbeskrivelse.html (oppdatert 9.9. 2000).

Lagt ut på nettet 26.2. 2001.
 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |