Titlar og ingressar
Det
skal vere godt samsvar mellom tittelen til ei sak og innhaldet i sjølve brødteksten.
I jakta på ein god tittel kan ein stå i fare for å ”dra” innhaldet vel
langt, og i lengda tener ein ikkje på å love noko som ein ikkje held. Det
vil ikkje seie at titlane ”må” vere tannlause og kjedelege.
Titlar
skal få folk til å oppdage og lese sakene, og fortelje noko om innhaldet.
Ein del titlar frå ei større norsk dagsavis blir nytta til å syne korleis
det kan gjerast, eller ikkje… Eit litt uvanleg ord i tittelen til det vi vil
kalle ei kvardagssak, kan vere nok til å fenge interesse: Vegdirektøren flau
over Bergen. Ordet `flau` er ikkje av dei vanlegaste, iallfall ikkje i
administrasjonssaker. Ordet karakteriserer innhaldet, og det kan ein au seie
om dette: Rikest i Bergen. er ein god tittel fordi det står til eit
bilde av eit vanleg, ukjent menneske, og tittelen blir forklart i ingressen.
Og - tittelen viser til uttrykket "rikest i verden". Obs! Bildet
er nymalt! speler på eit oppslag om at "benken er nymalt", og
er såleis eit eksempel på intertekstualitet - det viser til noko anna
som er kjent.
Buvik
om Baudelaire er eit døme på det velkjente
verkemidlet bokstavrim - her som alliterasjon. Det er ein god tittel fordi han
inneheld to signalord - somme festar seg her ved Buvik, andre ved Baudelaire. Fra
heimefiske til ute-forskning er ein tittel som bruker eit like enkelt
verkemiddel som bokstavrim - rørsle, her i form av rørsle frå eit slags
ytterpunkt til eit anna. Ja, vi kunne like gjerne ha kalla tittelgrepet
motsetning, som vi også ser her: Seriemord som underholdning. Sjølv
om vi alle veit at mord er ein viktig del av underhaldningsindustrien, er det
liksom noko som ikkje stemmer her. Motsetninga skaper interesse. Det same er
tilfelle i tittelen Med vold som hobby.
Utmerket,
men ordinær er ein annan problematisk tittel.
Her er det iallfall halvvegs motsetning mellom `utmerket` og `ordinær`, og vi
finn overrasking i ordvalet: Det går ikkje an å vere både ’utmerket’ og
ordinær. Bitter, men fornøyd Kjus er ein liknande tittel. Ut frå vanleg
logikk går det ikkje an å ordleggje seg slik, men det kan vere eit
verkemiddel, for eksempel for å syne at nokon er litt forvirra…
Dei
mange måtane ein kan friske opp titlane på, må ikkje bli brukt for mye.
Viss det er bokstavrim overalt, blir det masete. Alle saker har heller ikkje
eit innhald som gjer det særleg enkelt å vere kreativ. Dei fleste titlane
som journalistar skriv, kan ikkje vere oppsiktsvekkjande, men dei skal likevel
få lesaren til å stoppe ved saka. Og da spørst det kva poeng som blir valt
ut i tittelen. Denne er rett-på-sak og informativ: Tatt for
nattsafe-tyveriene. Til ei sak om eit vanskeleg lønnsoppgjer, vart
tittelen Viktige sosiale forbedringer nytta. Det er ein tittel som kan
passere, men brødteksten avslørte at forhandlingsresultatet også inneheldt
at arbeidstida skulle bli kortare, medan lønna skulle bli høgare. Da kunne
ein heller tenkje seg ein tittel som Kortere arbeidstid, høyere lønn
eller Mer fri og høyere lønn. Dette viser kva slags betringar som
kjem som ei følgje av lønnsoppgjeret. Ofte er det slik at ein bør gå eit
steg inn i saka også i tittelen.
No
treng jo ikkje titlane nødvendigvis innehalde hovudpoenget i ei sak, og ein
kan alltids diskutere kva som er hovudpoenget. Ei banksak hadde
tittelen Storbankene kutter - og ingressen fortalde at 140 menneske kan
komme til å miste stillingane sine. Det må vel vere sjølve saka!? Bankane
kunne eksempelvis kutte rentene, og det er noko heilt anna.
Dei
sakene som får oppslag på ei førsteside, og står inne i avisa, er det
ekstra viktig å arbeide med titlane til. Også her skal det vere samsvar i
innhald, men ordbruken i dei to titlane må variere noko. Det ein særleg må
vere merksam på her, er at lesarane skal greie å kjenne att saka – titlane
kan ikkje vere for ulike. Sambandet er iallfall tydeleg nok her: Saksøker
NN (på førstesida) og NN saksøkes (inne i avisa). Dei same orda
blir brukt i båe titlane, og det kan vere eit utslag av hastverk. Det er inga
unnskyldning. Desken har hatt ei heldigare hand her: Ber kristne hjelpe
alenemødre (på førstesida) og Kirken vil hjelpe mødre (inne i
avisa).
Tittelen
skal ikkje berre vere eit agn for lesaren, men også vere med på å lette
forståinga av saka, plassere innhaldet mentalt, om ein vil. Tittelen Sjekk
matprisen inneheld ei oppmoding til lesaren, men i ingressen til denne
saka stod det ikkje noko om det. Tvert i mot - nokon andre har sjekka
matprisane, og først i artikkelen inne i avisa får lesarane oppmodinga.
I
titlar er vi vane med korthogde ytringar, og her gjeld det andre reglar enn
for vanlege tekstar. I ingressar må vi halde oss til dei sjangerkonvensjonane
som gjeld vanlege tekstar. Det vil seie at ufullstendige setningar må unngåast
– som hovudregel. I ufullstendige setningar er det noko som manglar. Somme
gonger må lesarane fylle ut det som manglar sjølv, og det kan vere eit lite
lesehinder. Eit punktum er eit sterkt skiljeteikn, det markerer brott,
og eit komma vil svært ofte skape den tekstflyten som punktumet fjernar. I løpande
tekst i sakprosa har vi heller ingen konvensjonar som gjer at lesarane er
spesielt vant med opphogde setningar, og det blir eit irritasjonsmoment.
I
ingressar skal ikkje setningane vere for lange og innhaldstunge. Ufullstendige
setningar hører ikkje heime i ingressane, bortsett som når dei blir nytta
som verkemiddel ein sjeldan gong. Når ein skriv ingressar, må ein også
arbeide for å unngå opphoping av preposisjonsledd og undersetningar. Vi
skriv ”arbeide med”, for dette er noko ein må ha ei bevisst haldning til.
Ofte vil ein presse så mye informasjon inn i ingressen at det skader
formidlinga. Ein sjeldan gong kan ein bruke punktingressar:
* Slått konkurs første gang for 20
år siden
*
Forbrukerkontoret har over 100 klager
*
Er nå i gang med sitt femte firma
Punktingressar
er ei slags opplisting av fakta, påstandar eller noko anna som
karakteriserer innhaldet i artikkelen.
Av
Jon Peder Vestad
|