Vestads vevstad


Flott diktkveld i Volda

Om lag åtti menneske hadde funne vegen til Volda Turisthotell søndag 14. mars for å høyre dikt om kjærleik og død, håp og fortviling. Lyrikaren Tor Jonsson døydde i 1951, men dikta hans har framleis kraft.

Dikta vart lesne av Ragnhild Vannebo, nydeleg akkompagnert av John Pål Inderberg på saksofon og Erling Aksdal jr. på klaviatur. Vannebo er tilsett ved Høgskulen i Volda, men ho er også skodespelar, og det prega framføringa. Det var imponerande å høyre Vannebo lese alle dei om lag tretti dikta utanåt. Det gjorde ho på ein klar, vakker trøndernynorsk.

Musikarane spelte medan Vannebo las og mellom ein del av dikta, og dei jazzprega tonane deira passa godt til stemningane og innhaldet i dei vemodige og sorgmuntre Jonsson-dikta. Inderberg og Aksdal kunne gjerne ha spelt meir, for dei stemningsfulle dikta krev tid til ettertanke, og det var det litt for lite av. Kanskje skulle ein også ha nytta høvet til å fortelja noko om journalisten og diktaren Tor Jonsson, men gjennom dikta fekk dei frammøtte iallfall innblikk i ei grublande og kjenslevar diktarsjel.

Leiar Anne Steinsvik Nordal i Volda mållag gav Vannebo, Aksdal og Inderberg blomar etter det 45 minutt lange og intense Tor Jonsson-programmet. Mållaget sto bak Tor Jonsson-kvelden, med støtte frå Volda Folkeakademi og Rikskonsertane. Etter dette vellykka arrangementet kan Volda mållag tenkje seg å stelle til fleire kulturkveldar der folk kan få oppleve nynorsk lyrikk og litteratur.

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut 14. mars 1999


Vestads vevstad  * Ymseposten *  Mål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * Radioordlista *  Medielenkjer * Språklenkjer