| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Utfordringar for nynorsk normaltalemål  

Når eg skal ta for meg utfordringar for det nynorske normaltalemålet, vil eg fyrst leggje til sides uttrykket "nynorsk normaltalemål". Vi veit at det normale i Noreg er å snakke dialekt, - det gjer vi alle, og avstanden mellom talemåla og dei to målformene våre varierer.

Med 'normaltalemål' er det meint ein språkbruk som rettar seg etter ei skriftleg norm, men for å unngå assosiasjonar til normalt og unormalt, vel eg å bruke omgrepet 'normert talemål'. 

Eit språk som fungerer
Etermediespråket er ikkje ei direkte overføring av eit skriftspråk til munnlege medium, men ein eigen språkvariant. Når vi ser på nynorsken her, ligg det i botnen at han er tilpassa mediet, programsjangeren og målgruppa, og han tek ideelt sett omsyn til nynorsknorma og redaksjonelle språkreglar. Dette er eit ideal, for vi kjenner godt til at norske språkbrukarar kan sjå bort frå vedtak og retningslinjer dei er ueinige i. I etermedia er nynorsken ikkje minst prega av dialektbakgrunnen og språkkjensla til brukaren, altså journalisten. Sjølv har eg arbeidd med normert nynorsk tale som nettopp journalist, journalistlærar, forskar og no au som språkkonsulent i NRK. 

Kva er så utfordringane for bruken av målforma vår? Heilt grunnleggjande er det at språket skal fungere både for den som snakkar normert nynorsk og dei som hører på. Men om språket er til for brukarane, må dei som snakkar normert nynorsk sjølvsagt ta omsyn til norma - iallfall i NRK - og ikkje snakke heilt etter eige hovud. Dette er innlysande, men eg nemner det for å minne om at språkbrukarane likevel kjem fyrst. Dette kan vere eit problem for normert, talt nynorsk, som har institusjonar og ikkje noko geografisk område som normsentrum. Det institusjonelle ankerfestet gjer at ein lett kan komme til å setje språket over språkbrukarane, at ein ser meir på skrivne reglar enn på funksjon. Men - språkbruken på scena og i eteren er heilt avhengig av å verke naturleg og vere forståeleg, og her er effektiv kommunikasjon mellom menneske viktigare enn filologi. Det vil likevel ikkje seie at indrespråklege forhold er uviktige.
 Eg vil fyrst ta for meg råderommet for den normerte tala, rammer for normering og to vegar å gå inn i det normerte nynorske talespråket på. 

Råderommet for den normerte tala
Dei få som snakkar normert nynorsk offentleg, er stort sett prestar, skodespelarar og journalistar, og ein og annan lærar – når dei må eller ønskjer å snakke nynorsk. Privat snakkar dei vanlegvis dialekt. Nynorsken har heller ikkje nokon sterk munnleg tradisjon eller prestisje, iallfall utafor det vi kan kalle Nynorsk-Noreg. Men både Det Norske Teatret og NRK yter mye her! 

Av norske etermedieselskap er det berre NRK som er pålagt å bruke nynorsk. Men også TV2 og P4 har nynorskbrukarar i staben. I 1997 brukte NRK mellom 11 og 24 % nynorsk i kanalane sine (NRK 1998). Ei undersøking Kringkastingsringen stod bak i 1995 syner at «nynorsknorma i NRK-statistikken er svært romsleg», og at omfanget av normert nynorsk er minimalt (Alsnes 1995), mindre enn NRK sjølv oppgjev. Men statistikk er statistikk, og det er neppe nokon annan institusjon, attåt skuleverket, som har gjort så mye for nynorskbruken i samfunnet som NRK. 

Dei ulike nynorskprosentane 
Etter andre verdskrigen har nynorsken hatt ein trygg, men omstridd plass i NRK. I 1970 slutta stortingsfleirtalet seg til at nynorsken skulle ha eit omfang som i det minste svarer til ein firedel av ordsendingane (Vinje 1998:144). NRK har sia hatt denne «25-prosentsregelen» som mål. NRK har aldri nådd målet, og får opp nynorskdelen ved å dele dialektbruk likt mellom bokmål og nynorsk. I 1998 var det eksempelvis i alt 11 prosent nynorsk i radiokanalane til NRK (Medienorge 1999:167). Dei andre etermedieselskapa har ikkje slike krav dei må fylle, og er også utan parallellar til dei konkrete språkreglane NRK har.
Dei som meiner at 25-prosentsregelen er for høg, må vi minne om at eit fleirtal av dei norsktalande i Noreg har målføre som ligg nærare nynorsk enn bokmål. Radio og fjernsyn er munnlege medium, og det er da ikkje unaturleg at det talte språket i NRK speglar den språklege verkelegheita ut frå faktisk munnleg språkbruk. Det taler til fordel for ein større nynorskdel i etermedia enn statistikk over skriftleg språkbruk gjev. Kanskje vi kan sjå på 25-prosenten som eit fornuftig kompromiss?
 
På 1990-talet budde knappe tolv prosent i kommunar med nynorsk administrasjonsspråk. Noko over 15 prosent av skuleelevane hadde nynorsk hovudmål i 1999, og ein knapp tredel av kyrkjesokna brukte nynorsk i 1996 (Nytt om nynorsk 1/1997). Ei undersøking Riksmålsforbundet stod for i september 2000, syner at nesten fjorten prosent anten berre skriv nynorsk privat - det var 8,5 prosent, eller både nynorsk og bokmål eller riksmål. Det skulle gje i alt over 620 000 nynorskbrukarar (www.riksmalsforbundet.no/gallup.html). Det er forresten ein framgang frå 1995! Ut frå oppslutninga om dei riksdekkjande tilboda til NRK, TV2 og P4, kan vi slutte at mellom 60 og 80 % av befolkninga (Medienorge 1999:169-170, 205-207) møter nynorsk dagleg gjennom etermedia. Da går eg ut frå at dei fleste får med seg ei eller fleire nyheitssendingar. 

Språkreglane til NRK
Langt på veg har normert nynorsk tale vorte eit nyheitsfenomen. Sia nyheiter har prestisje og høg oppslutning, er det godt for nynorsken at han står såpass støtt i nyheitssendingane. Samstundes vil det vere uheldig for den normerte nynorsken om han berre blir knytt til ulykker, politikk og det knappe nyheitsformatet. Ei utfordring for normert nynorsk tale er at ho blir brukt til alt.

Språkreglane til NRK slår fast at NRK skal vere eit føredøme i god språkbruk, institusjonen skal spegle av mangfaldet i norsk talemål, og språkbruken skal vere i samsvar med offisiell norsk språkpolitikk. Språkreglane er i seg sjølv språkpolitiske, og det er nok fleire enn eg som har merka at det ligg politikk i bruk av nynorsk… Vel, etter språkreglane er det aldri feil å snakke normert - nei, tvert om er det støtt rett å normere. På den andre sida er det berre i nyheitssendingar på riks- og regionnivå, i meldings- og halloteneste at ein må snakke normert. I alle andre tilfelle kan ein snakke dialekt, rett nok utan "ord eller uttalemåtar som er lite kjende for folk flest" (språkregel 3.5). 

Journalistar som for ti-tjue år sia ville ha vorte pålagde å snakke normert, møter altså ikkje det same kravet i dag. Dette er mange ikkje klare over. Det gjeld i alle etermedietilbod utafor NRK, og i alle NRK-program med unnatak av nyheiter og meldingstenester. Her må NRK-medarbeidarar følgje ei skriftnær norm. I nyheitsintervju er det forresten tillate å bruke dialekt. Det finst motstand mot normeringskravet, ikkje minst ved ein del distriktskontor. Rommet for normert språkbruk har altså vorte mindre. Når vi hører journalistar utafor NRK bruke nynorsk, er det eit bevisst val dei har gjort. Det er det au når journalistar i magasinprogram i NRK, snakkar nynorsk. Dei er jo ikkje nøydde til å gjere det.
 
Rammer for normeringa
Om råderommet for den normerte tala er mindre, så heng det meir saman med at dialektbruk har vorte meir akseptert i samfunnet enn før, enn at NRK fekk nye språkreglar i 1996. Da var dialektbølgja for lengst over, og NRK endra i grunnen berre kartet etter landskapet. Når vi ser på rammene for normeringa i NRK, oppdagar vi at språkreglane au gjeld dialektbruk. Attåt at dei som snakkar dialekt, lyt kvitte seg med det som kan skape såkalla kanalstøy, kommunikasjonshinder, skal dialektbruken i uttale og formverk vere "mest mogleg i samsvar med denne dialekten, slik at lyttarar frå regionen kan kjenne att talemålet sitt" (språkregel 3.5). Det blir altså stilt krav til dialektbrukarane, sjølv om dette i praksis ikkje er så lett.  

Rammene for normeringa av normert bokmål og nynorsk er au prega av omsynet til talemåla: "Norsk rikskringkasting ser gjerne at medarbeidarane gjennom formvalet innafor læreboknormalen og uttale gjev normaltalemålet sitt eit regionalt preg" (språkregel 3.3.). I normert tale skal ein til dømes i hovudsak halde seg innafor det som til no har heitt læreboknormalen, men det vil ikkje seie at ein kan hoppe t.d. frå nynorsk til bokmål i enkelte ord og former, men rett og slett kan bruke klammeformer. Eg vil seie at språkreglane til NRK er fornuftige, og greie å gje råd etter. Men råda eg gjev, blir ikkje følgde støtt… 

Dialektbruk
Forholdet til dialekt er heilt sentralt for den normerte nynorske tala, utan at eg dermed ser på dialektbruk som det som kan øydeleggje for den normerte nynorsken. Med Sylfest Lomheim kan vi dele etermediespråket i to, fjernspråk og nærspråk. Fjernspråket er fjernare frå daglegtala, meir skriftprega og inneheld færre munnlege trekk enn nærspråket. Vermelding og nyheiter er døme på fjernspråk, medan t.d. underhaldningsprogram er meir prega av nærspråk (Lomheim 1987:297). Nærspråket er meir dialektprega - og har altså fått utvida bruksområde. Dette har fleire årsaker. Ei årsak er intimiseringa i og av det offentlege rommet, der det å vere munnleg, uhøgtideleg og ”naturleg” er eit ideal. I vår samanheng blir utfallet unormert dialektbruk. 

Radioforskaren Wenche Vagle (1997) syner i ei undersøking av radiospråket i NRK mellom 1936 og 1971 at radiospråket i dette tidsrommet ber i seg to parallelle utviklingsmønster. Norsk radiospråk, både bokmål og nynorsk, har flytta seg frå det skriftlege, distanserte og autoritative til ein meir munnleg og inkluderande språkbruk. Vagle har også funne at det meir munnlege radiospråket, nærspråket, ikkje har erstatta, men er lagt til det meir skriftprega fjernspråket, slik at det finst fleire slags mediespråk no. 

Auka bruk av nærspråk fører til at nynorskbrukarar i etermedia bruker meir unormsert dialekt, med ord som vi kan finne att i bokmål. Dei bryt ofte med nynorsknorma. Sia utviklinga i etermedia dei siste tiåra har vore til fordel for eit meir talemålsnært og munnleg språk, kan det au skape større motvilje mot å bruke ord og former som verkar fremmende eller litterære. Medarbeidarane skal for all del unngå å verke stive. Ord som er fremmende for journalisten blir heller unngåtte enn innøvde. Men påverkinga går au andre vegen. Eg har snakka med nynorskbrukarar i NRK Møre og Romsdal om forholdet deira til nynorsken (Vestad 1998), og fleire ved dette distriktskontoret sa at nynorsken har påverka talemålet deira, slik at dei pratar meir dialekt enn før - eller hadde gjort om dei ikkje hadde nynorsk som arbeidsspråk. Dette støttar argumentet om at nynorsken styrkjer dialektane og er eit bolverk mot utvatning av målføra. 

Medieutviklinga
Råderommet til normert talespråk har au vorte prega av medieutbygginga. Dei siste tretti åra har NRK bygd ut distriktskontor over heile landet, med mange lokale sendingar kvar dag. I distriktstilbodet prøver NRK å spegle dialektbruken i området. Viktig er det nok au at NRK la radiosenteret sitt til Trondheim, ein by der skriftretta tale er uvanleg. Da NRK-monopolet vart oppheva på 1980-talet, fekk vi private stasjonar, der det vanlegvis har vorte snakka dialekt. Mange har gått frå lokalradioar til t.d. NRK, og kan ha teke med seg ein annan språkkultur derifrå. Da TV2 og P4 kom på lufta i 1992 og 1993, var det utan konkrete krav til nokon fast nynorskprosent i sendingane. Båe kanalane har medarbeidarar som bruker nynorsk, og særleg TV2 er kjent for å la medarbeidarane sine snakke som dei vil. Følgja er at vi finn mye bokmålsprega nynorsk eller svakt normert nynorsk i TV2. Somme av dei som bruker eit språk som ligg nær nynorsk i TV2, kallar språket sitt nynorsk, andre dialekt. Å velje dialekt ser særleg ut til å passe mange som elles ville ha sokna til nynorsken. Talet på brukarar av normert nynorsk i etermedia blir dermed ikkje så høgt som det kunne ha vore. 

Når folk i etermedia seier dei snakkar dialekt, er det ein normert eller modifisert dialekt dei bruker, og vi kan gjerne kalle det idiolektar, individuelle talemål. Når folk ikkje snakkar det som gjerne blir kalla ”rein” dialekt, kan det m.a. vere av omsyn til publikum med andre talemål, på grunn av utdanning andre stader i landet og flytting, og au vere ei følgje av bokmålsdominansen i samfunnet og språket til kjeldene. Det er ikkje så lett å snakke som ein gjorde i oppveksten etter nokre år i Oslo, Bergen eller Trondheim - det er naturleg. Det er ikkje lett å snakke dialekt i det heile i etermedia, på mange måtar.

Mangel på opplæring 
Når mange vel å ikkje snakke normert nynorsk, så kan det elles hengje saman med mangelen på opplæring. Til no har det ikkje vore mye hjelp å få, og det trur eg er eit større problem i dag enn for nokre år sia, fordi påtrykket frå bokmål i skrift og tale er vorte større. Kringkastingsringen har laga eit nynorskkurs, og Sylfest Lomheim ei handbok for nynorskfolk i NRK (Lomheim 1994). I Noreg gjeld språknormering fyrst og fremst skrive språk (Sandøy 1998). Dei som snakkar normert nynorsk, har lært det gjennom opplesing i skulen, gjennom omgang med skriven nynorsk, og ikkje minst ved rettleiing på arbeidsstaden. Det er snakk om prøving og feiling, og det finst tilfelle der nynorskfolk har gått over til bokmål fordi dei meiner dei ikkje er flinke nok i nynorsk, eller dei har fått negative tilbakemeldingar. Ei vaken, positiv interesse for nynorsken i etermedia frå meinigmann kan verke ubehageleg for medarbeidarar som opplever at språket deira blir kritisert. 
 
Vi kan normere talespråk i retning av ei skriftnorm på to måtar. Den eine er å «gå inn i» ei bestemt, tydeleg avgrensa norm, og følgje norma så konsekvent og rett som mogleg. Da tek ein over ein språkbruk. Dette har eg inntrykk av er den tradisjonelle "teatermåten" å gjere det på; og han er vanleg hos bokmålsbrukarar. Finn-Erik Vinje, som har vore språkkonsulent i NRK, skriv at ein NRK-tilsett må unngå "gruppespråk og lokalmerkede ord og uttrykk. Videre velger han ordbøyninger som samsvarer med skriftspråksreglene, og han respekterer anerkjente korrekthetsnormer for uttale --- ” (Vinje 1990:10). Den andre framgangsmåten er å ta utgangspunkt i sitt eige målføre, og velje drag frå målføret som er tillatne i norma: Ein skaper si eiga norm. Dette er vanleg i NRK, særleg hos nynorskbrukarane. Vi ser eit skilje mellom normering av nynorsk og bokmål (Vinje 1998:152), fordi nynorsken tek omsyn til talemåla.
 
Flyktige medium krev lettforståeleg språk
Det finst au skilje mellom normering av nynorsk teaterspråk og etermediespråk. Det fyrste har eit litterært førelegg, det andre eit journalistisk. Når ein tek for seg det normerte språket både i teater og kringkasting, lyt ein ta omsyn til at dette er flyktige språkarenaer. Bodskapen må vere formidla slik at flest mogleg får med seg det som blir sagt medan det blir sagt. I media er tidspresset for dei tilsette au stort, og har ikkje vorte mindre etter kvart som meir går på direkten. Særleg i radio er det stutt veg frå idé til sending. Somme medarbeidarar har fulle manus, medan andre bruker stikkord - og ofte lyt ein ta ting på sparket. Sia bokmålet dominerer, fører det au lett til at ord frå bokmålet glir inn i nynorske tekstar.

Blant dei NRK-folka eg samtalte med i Ålesund, fann eg folk som ønskjer meir dialektbruk, og som ikkje vil la seg binde av normeringskrav, og andre som ser på den normerte nynorsken som ein styrke. Stoda i dag gjer at dei som vel å bruke dialekt, ofte ender med å blande litt herifrå og litt derfrå. Derfor kan vi høre språksterke journalistar seie allerede, fårrje (forrige), siktelse og kommuna, der det heiter allereie eller alt, førre, sikting og kommunen på nynorsk. Det er ikkje så lett å hugse i farten om ein kan seie imidlertid, bolig, anmelde og slikt på nynorsk, når det er ord ein synest ein treng, og som er eller har vorte heilt naturlege i talemålet – som i bokmålet. 

Da eg fyrst brukte nynorsk i etermedia, var det som hallomann i NRK P1 i den tida ein etter reglane skulle snakke normert. Eg laut lære meg sjølv å snakke normert, m.a. med teaterspråk som mal, faktisk, og språket mitt verka nok ikkje like naturleg støtt. Trass i at eg hadde brukt ordboka flittig, var det ord eg ikkje visste var «ulovlege» i nynorsken, som edderkopp og speilegg. Når eg fann ut at eit ord eg trong var forbode i nynorsk, det fanst iallfall ikkje i ordboka, såg eg det som ein mangel ved nynorsken, og språkkjensla mi vann. Samstundes fanst det ord som eg såg som ein del av mi språklege personlegheit, og det vog tungt - da. Det gjeld t.d. ord som efta, au og stutt. Andre ord var ukjende eller ubrukelege for meg, som saksførehaving, brigde, freistnad, bate og forviten. Slike val som eg har teke, tek andre i dag, ofte med andre svar enn dei eg fann, eller som eg som språkkonsulent skulle ønskje dei gjorde…. 
 
Kvardagsvurderingar
Språkbruken i etermedia har eigne rammer og reglar. Radio og fjernsyn som medium set sine krav, redaksjonane har eigne skrivne og uskrivne retningslinjer, journalistikken likeså. Og: Journalistane, dei som til sjuande og sist gjer vala, er prega av ulike talemål, språksyn, språkkjensler og -kunnskap. Ordboka og grammatikken er altså ikkje åleine om å prege språket. 

Det såg eg au i NRK Møre og Romsdal, som er av dei få redaksjonsmiljøa i Noreg der nynorsken står sterkt. Den normerte nynorsken har gode medspelarar der. Redaksjonsmiljøet har vore etter måten konservativt i språksynet, men det varierer noko. Det ser ut til å vere einigheit om at «god» nynorsk er ein moderat nynorsk som ikkje er for lik bokmålet. Likevel unngår ein ikkje absolutt «bokmålsord» når dei blir sett på som meir eigna enn ord i den nynorske tradisjonen. Eit døme: Ein medarbeidar kalla orda kverrsetje og snøggbåt “ekstreme eller gammaldagse”. Somme meinte at eit ord som kverrsetje ikkje hører heime i nyheiter, andre ville ha brukt det om folk forsto det. Slik pragmatisme finst både hos dei med konservativt og liberalt språksyn.

Ord som vekkjer motstand eller oppsikt, er uvanlege i bruk og avvikande i form, kan stange mot journalistiske språkideal. Journalistspråket skal vere enkelt, presist, korrekt, nyskapande, engasjerande og minst mogleg manipulerande (Roksvold 1989:176-177). For å vere sikre på å bli forstått, unngår mange dei mest spesielle nynorskorda. I somme tilfelle vil det seie at omsynet til kommunikasjonen og mottakarane vinn over ein velkjend nynorsk purisme. I andre tilfelle tyr ein til eit meir gjengs ord enn eit sjeldnare nynorskord, fordi ein meiner nynorskordet kan skade språkforma og latterleggjere brukaren. Somme synest nok dette er feigt, men det kan liggje ein lojalitet hos språkforma bak, trass i at ordvalet kan bryte med språknorma. Nynorsken blir verna ved at ein unngår å bruke ord som kan sverte målet. 

Dei orda eg har i tankane, er korkje dei vanlegaste eller enklaste i målet vårt, men dei er viktige nok, og kan brukast - med omtanke. Journalistar som ikkje bruker dei mest særmerkte nynorskorda, let lojaliteten til journalistiske språkideal vege tyngst, med støtte i faglitteraturen. Nynorsktradisjonen har sine ideal, journalistikken sine. Ein del av det nynorske ordforrådet blir unngått fordi det blir sett på som uvanleg og vanskeleg, men desse orda blir jo ikkje vanlegare og lettare å forstå når dei ikkje blir brukte… Dette er ein vond sirkel som rammar ein del av det ordtilfanget som tydelegast gjer nynorsken til noko anna enn bokmål. Dette syner au ei grense for normeringsmakta og gjennomslaget til nynorsken i offentlegheita, - noko må ein nok gje slepp på. Men det bør ikkje få oss til å gjømme vekk perler frå ordskatten som mishald, motsegn og synfaring.  

Nynorskjournalistane og nynorsken
Greitt. Så langt har eg fortalt om språkreglane til NRK, om at rommet for normert tale har vorte mindre, og at mange av dei som snakkar dialekt, kunne ha sokna til nynorsk. Og eg trur vi kan hanke inn att ein del av dei! Det er iallfall mye som tyder på at dei som snakkar nynorsknært i etermedia, eller skriv nynorsk og snakkar dialekt, er positive til nynorsken. Det syner resultat frå ei undersøking eg har gjennomført blant nynorskbrukarar i etermedia. No kjem det nokre minutt med mange tal! Over sytti prosent av dei som brukte nynorsk i nasjonale og regionale kringkastingsstasjonar i år 2000 er med i undersøkinga. 

Dei knapt 190 nynorskjournalistane som har svart, er jamt over nært knytte til målforma si. Fire av fem seier seg heilt eller ganske einige i at identiteten deira som nynorskbrukarar er sterk. Til ein påstand om at ”Eg er kry av å vere nynorskbrukar” svarer tre av fire at dei er heilt eller ganske einige. Og: Ni av ti svarer at det er viktig for dei å bruke nynorsk. Som grunn finn vi oftast nemnt at nynorsken er mest personleg og ein del av identiteten, nær talemålet og mest naturleg, og at nynorsken er språket deira og best for dei. Men merk: Svært få fører opp kulturelle eller motkulturelle grunnar for å bruke nynorsk. Dvs. at nynorskbrukarane i media i fyrste rekkje knyter nynorskbruken til seg sjølve og talemålet sitt, ikkje til samfunnsomsyn, kulturarv osv. Berre fem prosent støttar det gamle slagordet ”Nynorsk einaste skriftspråk i Noreg".

60 % av dei ønskjer at den skrivne nynorsken skal følgje ei liberal linje, med tilnærming til bokmålet. 33 % ønskjer at nynorsken skal halde seg på ei tradisjonell linje, med avstand til bokmål. Berre 10 % sa seg heilt einige i ein påstand om at bokmålet påverkar nynorsken for mye. Og over halvparten av dei spurde meiner at det stemmer at ”Rare” ord gjer nynorsken til latter. Kvar tiande spurde har forresten hatt bokmål som opplæringsmål i skulen. 

95 % av nynorskjournalistane vurderer si eiga rolle som viktig, både som språklege førebilde og som garantistar for nynorsken i framtida. Tre av fire meiner at talemålet deira blir påverka av nynorsken. Og eit fleirtal, 60 %, meiner at det er viktig at språket dei bruker på lufta syner kor dei kjem frå. Eg har au spurt om kven og kva det er som er viktig for det språket dei bruker på lufta. Det viktigaste er journalisten sjølv; så arbeidsstaden; og minst viktig er nærmiljøet utafor arbeidsstaden. Nesten tjue prosent meiner at nynorsken kan ha vore til hinder for dei på arbeidsmarknaden i etermedia, og av dei som har vakse opp utafor dei nynorske kjerneområda, gjeld det så mange som kvar tredje! Kan det tyde på fordommar mot nynorsk med austlands- og trønderpreg?

På spørsmål om kva som kan skape vanskar for dei i nynorsken, viste det seg at over halvparten hadde problem med restriksjonar i ordforrådet; - nynorsk bøyingsverk og grammatikk hadde au mange vanskar med. Eige målføre blir sett på som meir problematisk enn bokmålet, som likevel påverkar språket til mange iblant. Valfridommen i nynorsken blir ikkje opplevd som noko problem. Og da eg bad dei karakterisere nynorsken. vart han rekna for å vere lett å forstå og personleg. Moderne er det likevel under halvparten som finn målet. Haldningane til nynorsken blir au påverka av tilbakemeldingar. Ni av ti har fått ros frå ukjende for språkbruken sin, men over halvparten har au fått negativ kritikk. Når ein tenkjer på all risen mediespråk får, og den negative haldninga til nynorsk som ein del målber så tydeleg, er ikkje dette dårlege tal for nynorsken. 

Lojaliteten overfor nynorsken er relativt sterk. 50 % svarer kontant nei på om dei kan tenkje seg å bruke bokmål som arbeidsspråk. Over 80 % har aldri vurdert seriøst å skifte til bokmål som arbeidsspråk på lufta, medan 10 % har snust på tanken. Dette fortel oss at bokmål ikkje er noko fleirtalet ønskjer å bruke så lenge dei kan nytte nynorsk. Ein grunn kan vere at dei meiner dei er betre journalistar med nynorsk som arbeidsspråk - over halvparten gjer det.

Det ser ut til at det finst eit slags fellesskap blant nynorskjournalistane, sjølv om det ikkje nødvendigvis aukar oppslutninga om målrørsla. Under halvparten har nemleg vore eller er med i Noregs mållag eller andre målorganisasjonar. Men - over halvparten føler svært sterk eller ganske sterk samkjensle med andre journalistar som bruker nynorsk i etermedia, og mange har au samkjensle med nynorskbrukarar i avismediet. Nynorsken skaper altså eit band mellom dei. Og dei som har vakse opp utafor dei nynorske kjerneområda på Vestlandet, har sterkast samkjensle med andre nynorskbrukarar. 

Korleis snakkar dei så på lufta, desse nynorskbrukarane? Om lag halvparten snakkar nynorsk med lite dialektpreg – det vi kan kalle normert nynorsk, og 27 % snakkar nynorsk med tydeleg dialektpreg. Dvs. at tre firedelar bruker eit språk på lufta som i store drag er for nynorsk å rekne. Over 80 prosent meiner det er lett å snakke normert med manus. Berre 34 % meiner det er lett å snakke normert utan manus. Dei fleste er ueinige i at normert tale er ein uting. Men dette betyr ikkje at dei utan vidare vil ha meir normert nynorsk i etermedia – eit fleirtal vil ha meir målførebruk der. I rikssendingar er det eit lite fleirtal som meiner at ein bør snakke normert. 

Haldningar vs. handlingar
Eg vart overraska over den nære tilknytinga dei som svarte på undersøkinga, har til nynorsken. Forundra vart eg over at eige målføre skulle skape større vanskar enn bokmålet. Det meste av det eg noterer meg frå NRK-språket, er rusk og feil som kan sporast attende til bokmål. Kva skal ein gjere med det? Språksynsaren i meg ønskjer nok at nynorsken hadde følgt dialektane meir i verbbøyinga, og hadde tillate fleire ord som er brukte i dialektane. Eg noterer dei same feila om att og om att, og meiner at på somme punkt er det nynorsken som feilar, ikkje brukarane. Om ein ønskjer å gjere nynorsken så ulik bokmålet som råd, står ein i fare for å la bokmålet styre normeringa. 

Frå nynorskhald blir det klaga over brot mot grammatikalske reglar og over at "ulovlege bokmålsord" blir nytta. Eg kan bli irritert sjølv au! Men det er sjeldan at regelbrot som er svekka og båten synk fører til vanskar for kommunikasjonen - slik sett er det ofte ikkje grove feil i det heile. Frå ein nynorskspråkleg synsstad kan det vere annleis. Ein må skilje mellom viktig og uviktig i det ein vel å reagere på. Elles vil eg her leggje til at innslaget frå engelsk i nynorsken ser ut til å vere mindre enn i bokmål. Utfordringa må vere å ha ei nynorsknorm for skrift og tale som er til å leve med, også for dei som ikkje er spesielt opptekne av språk. 

Framtida for nynorsken i etermedia
Vi ser at både tilknytinga til nynorsken og oppslutninga om dialektbruk er sterk blant journalistar som nyttar nynorsk. Dette peiker ikkje nødvendigvis ulike leier. Haldningane til mediespråket og mediespråket sjølv speglar og samspelar med samfunnet det finst i. Det har endra seg med tida, slik at fleire typar nynorsk etermediespråk blir brukt no enn før. Nynorsk er likevel etter måten lite brukt i t.d. ungdoms- og underhaldningsprogram, har eg registrert. Korfor? Er ikkje nynorskfolk interessert i underhaldning, er dei ikkje unge? I TV2 er nynorsken borte som tekstespråk, og i for ofte ser eg au at målet vårt er oversett - og ikkje omsett! - når innslag av nynorskjournalistar blir teksta i NRK. Det er viktig at nynorsken ikkje berre blir akseptert som talt språk i fjernsyn. I ungdomsprogram finn vi ein og annan – ikkje mange – med nynorsknære talemål, og normert nynorsk blir ikkje brukt. Det kan bli slik at bruken av normert nynorsk etter kvart berre vil finnast i nyheitssendingar, og at journalistar som arbeider i andre typar program, held på talemålet sitt. Men sia det sjeldan er konsekvent dialekt dei snakkar, blir spørsmålet kva språklege førebilde dei følgjer. Som språkkonsulent har eg rådd folk til å ta nynorske språkbad i bokverda, gjerne au teaterverda. Det kan hjelpe.

Dersom politiske vedtak fører til at norsk språkpolitikk blir lagd om, kan det få følgjer for NRK. Den omtalte 25-prosentsregelen kan bli oppheva av Stortinget, og om politikarane vel å la det obligatoriske sidemålet falle vekk, slik at nynorsk ikkje lenger er eit "riksmål", kan det au få følgjer. Politiske val kan gje nynorsken vanskelegare kår. Det er ikkje akkurat politisk korrekt å vere varm nynorsktilhengjar i det politiske Noreg i dag. 

Det er ikkje lett å vere nynorskbrukar i etermedia heller, dersom ein skal ta omsyn til alt og alle. For somme blir det dessverre for vanskeleg å nytte nynorsk, er eg redd. Lat oss sjå det frå brukarane si side. Dei skal rette seg etter ei norm som er skriftleg, men norma skal framførast munnleg. Dei må sjølve skaffe seg kunnskap om korleis den munnlege nynorsken skal vere, og her kjem omsynet til eige talemål inn, og au interesse og anlegg for språk. Det dei snakkar om, er ofte henta frå bokmålskjelder, og lyt tilpassast nynorsknorma. Publikum lever som dei sjølve i eit samfunn der bokmål er mest brukt. Dei nynorske stemmene er i mindretal, og somme nynorskord kan skape kanalstøy og blir unngåtte. Her kjem au omsynet til journalistiske språkideal inn - dei kan kollidere med ein puristisk nynorsktradisjon. Og vi lyt hugse at alle journalistar er språkarbeidarar, men ikkje alle er filologar. 

Eg vil peike på to vegar å gå for den som vil bruke normert nynorsk tale, og dei kan brukast til kvar sine tider. I båe tilfelle kan ein støtte seg til normene for skriven nynorsk, og til sin eigen dialektbakgrunn. Når ein må eller ønskjer å bruke normert språk, blir det ein nynorsk som held seg innafor nynorsknorma, gjerne med dialektpreg, slik språkreglane til NRK tilrår. Der det ikkje finst noko slikt normeringskrav, bør ein bruke ein nynorskprega dialekt. Med 'nynorskprega dialekt' meiner eg ikkje ein dialekt med 'eg' og 'ikkje' og nokre a-endingar, men at ein bevisst vender seg til nynorsk for å finne ord og uttrykksmåtar. Og her finst det det vi kan kalle eit temmeleg stort vekstpotensial for nynorsken! Nokon vil vel seie at å snakke ein nynorskprega dialekt ikkje er naturleg for mange dialektbrukarar, men all språkbruk er tilpassa situasjonen, og framstår som sjølvsagd hos ein sikker språkbrukar. Eg ønskjer au at fleire normerer til nynorsk utan at dei er pålagde å gjere det. Fordelane ved eit slikt val kunne eg snakke mye om. Dei to vegane eg har nemnt, tek både omsyn til det skriftlege ankerfestet den normerte nynorsken må ha, og til den posisjonen dialektbruk har fått i samfunnet - men - som ein del ikkje har oppdaga enno, er truga. Saman vil desse vegane styrke banda mellom den nynorske språkkulturen, Nynorsk-Noreg og den felleskulturen som nynorsken er ein del av.

Sentrale stikkord
Den nynorske målforma blir brukt av eit stort mindretal i Noreg i skrift, og denne målforma har ganske få, men viktige representantar som bruker den talte versjonen av norma. Nynorskjournalistane utgjer kanskje fleirtalet av den vesle, viktige gruppa på kanskje nokre få tusen (hundre?) som snakkar ein slags normert nynorsk. Dei har felles interesser og vanskar, og er viktige for all nynorskbruk i samfunnet vårt; dermed bør ein au kunne knyte dei nærare saman. Eit sluttstikkord for den talte nynorsken må vere organisering. Det nynorske etermediespråket er alltid farga av språkbrukaren sjølv, og kan ikkje vere anna. Eit så strømlinjeforma språk som vi finn i trykte medium, er nær sagt utenkjeleg i etermedia, sia det er uråd å skjule personlegheit og bakgrunn heilt når ein bruker stemma. Det er ikkje ønskjeleg heller.

Vidare: Det som fell unaturleg å seie for ein radio- og fjernsynsjournalist, vil også verke unaturleg å høre; det er uråd å sjå heilt bort frå språkkjensla til journalisten. Dei er jo ikkje skodespelarar… Men - det som i utgangspunktet kan verke unaturleg, kan gli inn som ein heilt naturleg del av språkføringa om ein berre øver. Sia få snakkar normert nynorsk og opplæringa er mangelfull, blir det ikkje lett å gjere det heller. Kvar nynorskbrukar må skape eller forme si eiga talenorm. Eit nytt sluttstikkord for den talte nynorsken i framtida er opplæring. Her trur eg målorganisasjonar kan ha noko å yte.
 
Det er mange omsyn å ta for den som skal snakke normert nynorsk. Norma er vid – og skal slik mange ser det, ikkje vere for streng og stram. Nynorsk har tradisjon for valfriheit og regionalt preg i talenorma, og det gjev oss stikkordet mangfald. Nynorsken blir brukt i skuggen av ei mye sterkare og fastare norm. Dette gjer mange usikre, men målet er jo at normert nynorsk tale både skal spegle skrifta og ha «preg og klang frå det målføret som er utgangspunktet» (Lomheim 1994:117), altså syne røter. Sjølv om normert nynorsk tale etter kvart har ein gammal tradisjon å stø seg til, og reglane er klare, er det ikkje like lett for alle å halde seg trufast innafor normgrensene. Ønskjer vi mest mogleg nynorsk i bruk, må vi også godta nynorsk som ikkje oppfyller alle kvalitetskrav. Eit sluttstikkord her kan vere toleranse. 

Somme vil seie at nynorsknorma er svak, og det stemmer om ein samanliknar med bokmålsnorma. Men kan ikkje undertrykking vere ei anna side av det å ha ei smal, fast og sterk norm? Svak er nynorsknorma ikkje om ein tek omsyn til at språket er til for menneska, og ikkje omvendt. I om lag sytti år har det funnest journalistar som har hatt ein språkleg heim i den talte nynorsken, der dei kan ta med seg meir av seg sjølve inn i språket. Svak er norma heller ikkje om ein tek i mente at alt levande språk utviklar seg: Nynorsknorma i dag er fleksibel, dynamisk og i utvikling; stutt sagt i live. Eg veit samstundes at dei som snakkar normert nynorsk, møter vanskar som andre brukarar av mindre brukte språk. Vi skulle ha sloppe å rettferdiggjere og forsvare oss. Eit stikkord her er haldningspåverking. Kan kjendisane våre brukast her?

Språkbruk er resultat av personlege val. Skal nynorsken ha nokon plass i framtidssamfunnet, er han avhengig av at folk vel å bruke han. Med 600 000 nynorskbrukarar, er det ikkje få som dagleg vel nynorsk som si målform. For mange er stikkordet her identitet. Somme vel bort nynorsken, andre knyter ein viktig del av identiteteten sin til det å vere nynorskbrukar. Folk syner også språkleg kven dei identifiserer seg med. Og skal nynorsken ha noka framtid i etermedia, må det finnast folk som ønskjer å bruke nynorsk på lufta. Målrørsla må gjerne vere med på å hjelpe fram journalistar som veit kva mål dei vil bruke!  I dag har nynorsken mange dyktige, kjende mediemenneske å vise til. Dei nynorske mediekjendisane beviser dagleg at vi har to målformer, og er populære sjølv om målet dei bruker, ikkje er like godt likt av alle, dessverre. Underskogen kunne ha vore større, og - i og med at det er vanlegare med dialektbruk på lufta no, blir det kanskje færre enn før som vel å la yrkesspråket vere ein nynorsk som er normert i nokon grad. Sluttstikkordet blir sjølvsagt rekruttering. Framtida til nynorsken er avhengig av at nokon finn og får prestisje ved å bruke normert nynorsk på lufta som på scena, å vise at ein har teke eit nynorsk språkval.

Dagens nynorsk skal klare det meisterstykket det er både å vere noko særmerkt, og noko som er allment akseptert. Langt på veg lykkest det, og det skjer ting utafor NRK-studioa og teatersalane til Det Norske Teatret som påverkar levekåra til den talte nynorsken langt meir enn normering, raudblyantar og formelle rettar. Språkbruken speglar maktforholda i det norske språksamfunnet. Dette peiker fram mot forsvar av rettar, kamp mot språkleg diskriminering, og bruk av nynorsk i alle samanhengar. Sluttstikkordet her må bli: Ver målbevisst! Framtida til nynorsken er ikkje avhengig av at han blir nytta på børsen, men av at bevisste sjeler heilt sjølvsagt nyttar eit nynorskprega språk i sportssendingar, i underhaldningsprogram, ungdomsprogram osv. Frimod er ordet her. Nynorsken er au avhengig av at det finst folk som nyttar han der dei kan, utan å be om unnskyldning eller orsaking… Stikkordet er bruk. 

Sluttord
Den som tolkar optimisme ut or dette, bør vete at eg ikkje er blåøygd. Eg ser både sol og skyer, og har lært såpass av livet at når noko går bra, er det alltids noko anna som går gale. Eg har og føler ansvar for nynorsken i NRK, av og til slik at eg ikkje søv godt. Som andre ergrar eg meg over dårleg nynorsk, men prøver å vere tolerant. Det som slit mest, er at når eg påpeiker ein uheldig praksis, t.d. usynleggjering av nynorsken, kjenner eg meg som ein ekkel språkfanatikar. I ei ideell verd hadde det ikkje vore nødvendig å mase om at nynorsk skulle brukast. Og det som kan skje, og som mange kanskje ikkje ønskjer å tenkje på, er at dei posisjonane og rettane nynorsken har vunne, i så stor grad er knytt til institusjonar som i ei atskillig mindre ideell verd kan få ein annan språkpolitikk. Eg trur nok at Det Norske Teatret står trygt, lell.

Konklusjonen min er: Vi må gjere det attraktivt å nytte normert nynorsk tale, både på scena og på lufta. Da kan vi ikkje gjere det for vanskeleg for folk, og det er viktig at nynorsken blir knytt til eit vidt spekter av kulturuttrykk og programformer. Og heller enn å sjå på dialektbruk som det store trugsmålet, bør vi heller tenkje på at dialektane er opphavet til nynorsken, at godtakinga av dialektbruk har gjort det lettare for mange å vere heile menneske - akkurat som nynorsken. Derfor må vi, på eit eller anna vis, gå to vegar, ri to hestar, og satse på dialektprega nynorsk og nynorskprega dialekt. 

Av Jon Peder Vestad.

Føredrag for Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret, 21. april 2001. Lagt ut på nettet 2. mai 2001.
 

Kjelder:  
Alsnes, Randi: Kvar finst nynorsken og kor nynorsk er han... Kringkastingsringen, Oslo 1995 
Bjørnstad, Nina og Grønnestad, Dag: Medienorge. Fakta om norske massemedier. Fagbokforlaget, Bergen 2000 
Lomheim, Sylfest: Språket i radio og fjernsyn. Frå Egil Børre Johnsen (red.): Vårt eget språk. Bind 1. Aschehoug, Oslo 1987 (s 295-305)
Lomheim, Sylfest: Nynorsk i NRK - frå A til Å. NRK 1994
Målbruksstatistikk. Internett: http://www.riksmalsforbundet.no/gallup.html
Nyhetsbrev 3.98. NRK Avdeling for informasjon og samfunnskontakt, Oslo 1998
Nytt om nynorsk 1/1997, Noregs Mållag, Oslo 1997
Roksvold, Thore: Retorikk for journalister. LNU/Cappelen, Oslo 1989
Sandøy, Helge: Talenorm i NRK. Frå Ruth Vadtvedt Fjeld/Boye Wangensteen (red.): Normer og regler. Festskrift til Dag Gundersen. Nordisk forening for leksikografi 1998 (s 158-170)
Språkreglar for NRK. Internett: http://www.sprakrad.no
Vagle, Wenche: `Ways of Speaking` on Norwegian Radio 1935-1980. A Study on Text Norm Evolution. Frå Ulla Carlsson (ed.): Radio Research in Denmark, Finland, Norway and Sweden. Nordicom Review No. 1/1997 (s 183-215) 
Vestad, Jon Peder: Nynorsk i etermedia. Eit blikk inn i faglitteratur og brukarhaldningar. Notat 8/98. Høgskulen i Volda/Møreforsking Volda, Volda 1998
Vinje, Finn-Erik: Fra A til Å. Språkråd uten omsvøp. NRK 1990
Vinje, Finn-Erik: Talemålsnormering i NRK. Frå Ruth Vadtvedt Fjeld/Boye Wangensteen (red.): Normer og regler. Festskrift til Dag Gundersen. Nordisk forening for leksikografi 1998 (s 143-157)
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |