Liv og død i ordforrådet

Ordet gjer levande, heiter det i kristen forkynning. Eit levande språk blir det snakka om i andre samanhengar. I Vågå lever dialekta, men dialektorda døyr. Unge vagværar kan klare seg nesten utan dialektprega ord. Og det hjelper ikkje å komma frå gard...

I 1993 undersøkte eg kjennskap til og bruk av adjektiv som Edvard Storm skreiv ned frå dølamålet på 1700-talet. Eg ville sjå i kva grad orda hadde overlevd frå den gongen til i dag, og om det var eigenskapar ved orda - knytt til form og innhald - som vistest att i overlevingsevna. Vidare ønskte eg å sjå i kva grad bakgrunnen til heimelsfolka hadde noko å seia for kjennskapen og bruken deira av adjektiva dei var spurde etter.

Undersøkinga synte m a at einstava adjektiv klarer seg betre enn fleirstava, adjektiv som gjeld menneske er spesielt utsette for orddød, og at bustad, gardstilknyting og innflyttarbakgrunn ikkje ser ut til å påverke i kva grad unge bruker orda. Dette kjem eg inn på etter ein presentasjon av undersøkinga. Framstillinga byggjer på hovudoppgåva «Ord og år. Adjektiv frå 1700-talet hos tre generasjonar vagværar i 1990-åra». Av plassomsyn må eg her utelata definisjonar og reservasjonar som er med i hovudoppgåva.

Ordsamlaren Edvard Storm (1749-1794) hadde det meste av oppveksten sin i ottadalsbygda Vågå, der far hans var prest. Som vaksen budde han i København, der han arbeidde som skulemann og forfattar. I dag er han mest kjend for dølavisene sine (som «Heimreise frå sætern»). Orda skreiv han truleg ned på 1770-talet, og samlinga er aldri gitt ut.

Ordsamlinga er på om lag 1500 ord, og Storm syner humoristisk sans som når han fortel at ein `Kaasaa vædde` (kåsåveidde) er ein «raae uduelig Hiemfødning» og at å `Sitia paa Stabbin` er «En norsk Skik». Han kvir seg heller ikkje for å ta med tabuuttrykk, som å `Krytyre se`, eller dristigheiter som `Klæva galen – Meget forlibt` (vill etter å komma seg på kleven, soverommet). O. Devegge gav i 1809 ut ei redigert utgåve av ordsamlinga. Ivar Aasen kjende truleg ikkje til Storm-orda (Djupedal 1985:342), medan kollegaen Hans Ross kan ha gjort det. Nokre av dølevisene til Storm kom ut i 1780, i eit fransk (!) verk. Verket heiter Essai sur la Musique Ancienne et Moderne. I 1898 gav Halfdan Halvorsen ut visene i Noreg, og dei har seinare komme i fleire utgåver, sist i 1994 (Mageli 1994). Visene er også spelt inn på plate (Stormti, Edvard Storm-viso i gomol og ny drakt, Lærdal Musikkproduksjon LMP 193).

Om orda og undersøkinga
I 1993 intervjua eg 45 vagværar om i kva grad dei kjende til og brukte vel 220 adjektiv (og vel 40 ord frå andre ordklasser i ei kontrollordliste) henta frå lista til Storm. Ordklassa adjektiv er open, dvs at ordtilfanget ikkje kan avgrensast og det kan stadig bli laga nye ord. I Nynorskordboka (NOB) er adjektiv forklart som «ordklasse som uttrykkjer eigenskapar ved substantiv; eigenskapsord». Med unnatak kan adjektiva bøyast i kjønn, tal, bestemtheit og grad, og adjektiva kan delast inn etter form og innhald. Til adjektiva blir også gjerne perfektum partisipp av verb rekna, som `storkna`- «storkna måling», jf m a Svensén 1987, Akø 1992.

Eg har brukt både kvalitativ og kvantitativ metode. Heimelsfolka vart valde ut etter nettverksmodellen, folk eg kjende viste meg til mulege heimelsfolk, som så att kunne vise meg til andre. Dette utvalet av heimelsfolk skal spegle befolkninga i Vågå. I gruppa med dei eldste heimelsfolka finn vi sju menn og åtte kvinner fødde mellom 1902 og 1920, i mellomgenerasjonen åtte menn og sju kvinner fødde mellom 1944 og 1952, og dei yngste informantane var åtte menn og sju kvinner fødde mellom 1973 og 1977. Somme hadde innflyttarbakgrunn, men snakka vågåmål. Heimelsfolka er frå dei ulike grendene i Vågå, og vart spurde ut kvar for seg.

Tredelt behandling av orda
Storm skreiv ned ord som vi kan gå ut frå var etter måten vanlege i norsk på hans tid, og ord som truleg var spesielle for gudbrandsdalsmålet. Når vi ser på orda i dag, er somme vanlege, og andre sjeldne eller ukjente. Uansett korleis vi vurderer utbreiinga av orda i dag, er dei med i materialet, slik at ein unngår å skilja mellom «vanlege» og «uvanlege» ord etter skjønn. Behandlinga av orda har skjedd i tre omgangar. For å avgrense talet på ord eg skulle spørja etter, plukka eg fyrst ut dei adjektiva eg fann i NOB, skuleordboka Norsk Ordliste og Nynorsk frekvensordliste. Etter at 40 ungdomsskulelevar hadde gått gjennom desse orda, vart 31 mye brukte adjektiv haldne utafor utspørjinga. I sjølve undersøkinga spurde eg heimelsfolka om resten av orda. Til sist - i den statistiske behandlinga av materialet og tolkinga av resultatet - vart dei 31 orda som ungdomsskuleelevane kjende og brukte, henta inn att.

Orda i undersøkinga
For å syne kva slags ord Storm skreiv ned, listar eg opp dei orda mellom 20 og 80 % av heimelsfolka sa dei brukte. Berre to av desse orda er så mye brukt av dei unge at dei temmeleg sikkert overlever, `halvtomsut` og `hjelma`.

Fyrst står orda på nynorsk, deretter kjem dialektuttala - fleire har uttalevariantar som ikkje er med - og så ei eller fleire tydingar. (Eg har ikkje brukt lydskrift, men ei "grov" lydskrift. Tjukk l er skriven L.) Etter ordforklaringa har eg markert om ordet er oppført i NOB (N), eller i ordbøkene til Ivar Aasen (A) eller Hans Ross (R). Oppføring i NOB har fått forrang. Tilvisingar står i parentes når eit heilt passande oppslagsord manglar. Til høgre er framtidsutsiktene til orda antyda. Ord som er brukt av 75 til 100 % av dei unge og middelaldrande heimelsfolka, har god utsikt, 50-75 %  brukbar, 25-50 % utrygg, og dei som blir brukt av færre, har dårleg utsikt. Nokre få ord er brukt av få/ingen av dei yngste, men kan vera vanlege elles, og kan t d få framtidsutsikta dårleg/utrygg.

all (æill): heil, fullstendig; væra æill dær`n æ sedd    N utrygg
amper (amper):  hissig, grinete, arg     N brukbar
andløgd (annløg -d): skrattfull; blid    N brukbar
annsam (annsam): masete; slitsam     N utrygg
attkeik (attkjæik): stram i ryggen, bakoverbøygd    N utrygg
blidspent (bLispænt): glad, smilande, hyggjeleg    N utrygg
byrg (børg byrg): sjølvgod; modig; (helst børg)    N dårleg
diger (deger diger): stor; fisfull; svanger (deger går ut)    N brukbar
fallen (fæille): høveleg, passande; sømmeleg    N dårleg
flå (fLå): flat og vid, med svak kurve, grunn    N dårleg
frostal (fråstæill): kald av seg, som lett frys    N dårleg
gaput (gapåt): frekk, uhøfleg; hardhendt; trøytt    N brukbar
gisen (jisté jisi): lekk, utett; skrøpeleg; open    N utrygg
glisen (glisi glisé): utett; trekkfull; open, skrinn    N brukbar
gretten (grætté): sur, trøytt, (forma grætt`n får innpass)   N utrygg
grisen (grisi gris(t)é): open, utett; trekkfull; gjennomsiktig   N brukbar
gridug (griog gryog): tidleg ute, oppe om morgonane     N utrygg
grælen (græLé græLin): sur, grinete; misfornøgd; kresen    N dårleg/utrygg
gusten (gusté gustin): kald og bleik; småfrosen, hustren    N utrygg
habbeleg (habbele): kolossal, rar (S:«Ubehageligt, ekkelt»)   R brukbar
halvtomsut (haLvtomsåt):  tilbakeståande (vanleg); rørete o l   (N) god
hardnuggen (haLnujé): slitsam; grisk; uthaldande, flink    R dårleg/brukbar
heiden (hejé): udøypt; som ikkje er bra (om dyr)    N dårleg
hjelma (jæLma): frykteleg, overvettes (forsterkande); stygg    R brukbar/god
hovudøren (huguøré): gløymsk, rørete; svimmel, full (vinn fram)   N brukbar
illrusken (illrusjé): uvel, bakfull; småfrosen mm     A dårleg
innful (innfuL): lur, upåliteleg, jf uttrykket innfuL å utfæit   N dårleg
kjelvd (kjæird kjærd): svanger, om ku som ber kalv    A dårleg
krakksitjande (krakksikjan): skadd, maroder; arbeidsudyktig   R brukbar
kyrken (kjørkjé): treg, usmurd; vanskeleg; sein    N dårleg/utrygg
lentug (læntog): spretten, sprek (vanleg); omgjengeleg, glad    N brukbar
lunefengen (lonfæinje): lunefull, humørsjuk; sær, vanskeleg    N dårleg/utrygg
mannbisk (meinnbisk): sint, aggressiv; vrang, sur    N dårleg
ofseleg (åfsele): overveldande, svær; rask; brutal    N dårleg/utrygg
olm (åLm): sint, bøs, stri i auga    N brukbar
posen (pusé): opphovna, oppsvulma ; påsé er mye brukt    N dårleg
puslesam (puslesam): innvikla, som det er mye strev med mm    (N) dårleg
ram (ramm): fæl, frekk; iherdig; harsk, vond    N utrygg
rapp (rapp): lettfota, snar i vendinga    N utrygg
rata (råtå rata): vraka, forkasta, til overs    N dårleg
ryr (ryr -t): udryg, stuttvarig; som ikkje lever lenge   N dårleg/brukbar
sams (sams): einig, vennskapeleg; som er saman    N utrygg/brukbar
sanneleg (seinnle): høveleg, passande; til pass for nokon    A dårleg/utrygg
skjær (sjærd): mogen, klar til å skjerast - om (korn)åker   N brukbar
skripen (skripé): kjælen, kosete, heimkjær    N dårleg
sløg (sløg): ful, uærleg; glup, skarp    N dårleg
snurten (snurté): pen, velkledd; ryddig; lettfornærma, sur   N utrygg
staden (staé): overmogen, turr, gammal - om gras   A dårleg
stauput (stæupåt): ujamn, dumpete, t d om veg eller skiløype    N utrygg
storfelt (storfælt): flott, storarta; overdriven, svær på det    N dårleg
storken (stårkjé): stiv, seig, lat (stårtna/stårkna vanleg)    N dårleg
stropen (stråpé): tett i halsen, samansnørt mm    N brukbar
strunk (stronk): rakbygd; sjølvgod, innbilsk    N dårleg
suglen (sugLé): feit og god, smakfull; fæl, utskjemd    R brukbar
terren (tærré): iherdig, uthaldande; stivbeint, sint    A brukbar
tjukk (kjukk): gravid, drektig     N utrygg (i denne tydinga)
trena (trena): seig, hard, innturka; harsk, utskjemd    (N) dårleg
tøvut (tøvåt): fjasete (vanleg); sein, dum; tova; slapsete   N brukbar
ulenkeleg (olæinkjele): hengslete; lei, fantaktig; ustyrleg, full    N dårleg/utrygg
usams (osams): ueinig, vera ovini (uvenner); osamd vanleg    N dårleg
voren (voLé våLé): brukt i samansetningar: kå æ volé? - kva skjer?   N utrygg
åbryen (åbry): fornærma, harm; lei, plagsam    N dårleg
ålæt (åLætt): altetande, glupsk     N dårleg/utrygg

Dei mest og minst brukte orda
Resten av orda i Storm-samlinga må nøye seg med nynorskformer. Nokre ord er av ulike grunnar haldne utafor den statistiske behandlinga av materialet, sjølv om dei er i bruk. Det gjeld m a hæken, kaurut, lubbut, lunteleg, ruglut, spinkut, spink(en), støkken og usnidug. Ord som 80-100 % kjenner og bruker er

avbragsleg, bein, bråsint, drivande, dryg, feig (anna t.), framifrå, ful, gild, glup, gløgg (anna t.), grann, grepa, grunn, hardbalen, hustren, hål, illsint, kital, klasut, kolten, knapp (anna t.), kvardagsleg, kvass, kvikk, kyndug (anna t.), lasen, lettliva, lik, linn, ljos, lugom, lurvut, løyeleg, låk, nett (anna t.), oppgjeven, rak, raka, ruskut, sint, skakk, skral, skyld, sleip, snau, snill, snøgg, speken, sprek, staut, stinn, stussleg, stygg, stø, tufsut, ufyseleg, ugrei, ulik (anna t.), ymis og øren.

Orda i kursiv er ikkje brukt av alle. Anna t. vil seia at ordet til vanleg har ei anna tyding nå enn hos Storm. Det er berre `klasut` i denne lista som ikkje står i NOB, og slik eg ser det er om lag ein tredel av desse orda ikkje brukt i heile landet, og har eit visst dialektpreg. Ord som opp til 20 % bruker er

ampeleg, andvigd, brevsynt, fegen, fernissa, flurut, frøynt, futum, fådd, gemein, gjevmild, glufs, goddæmd, godeint, gresk, handhøveleg, heiden, horkedregen, jambolen, kaldgrælen, koken, lasut, lett-tymjug, mjog, rikkut, samboren, sibreidd, skarvut, skir, skrællen, slurven, snabb, sutresam, sæl, tagal, tevsam, ufjampeleg, uvand, vansissa, vanskipa og åtfinnug (orda i kursiv finst i NOB)

Ord som ikkje er brukt, er basta, dodelendt, fjelg, forvoren, fotmjog, gold, grus, hag, hjonsleg, illhugsen, klevegalen, mannolm, sigretten, skugghål, speleg, uhag, uhamseleg, uhandsam, uskir, velskyld, vesal og vilk (dei kursiverte orda står i NOB). Til denne lista kan vi føye ord som er å finne hos Storm og i NOB, men som ikkje er kjende hos heimelsfolka: gardhard, grannvar, lival, ljot, støl (vanskeleg?) og åkår.

Resultat, orda sett under eitt

Undersøkinga syner at knapt ti prosent av adjektiva i ordsamlinga til Edvard Storm ikkje er kjende av heimelsfolka i denne undersøkinga. Om lag like mange er kjende, men ute av bruk. På den andre sida løyt vi hugse at tjue prosent er å rekne som heilt allmenne i vågåmålet i dag - som i annan norsk. Framtidsutsikta til orda kan stillast opp slik (med cirkatal):

Ord som har:                            % av alle orda
trygg/god utsikt                                30%
brukbar utsikt                                  10%
utrygg, dårleg eller inga utsikt            60%

Det viser seg at anten blir eit ord brukt av etter måten mange, eller så er det brukt i liten grad. To tredelar av orda er ikkje brukt av dei unge. Adjektiva har klart seg betre enn orda i kontrollordlista, men målt ut frå bruken hos middelaldrande og unge heilmelsfolk er ikkje denne klassa noko meir slitesterk enn andre. Det er likevel muleg dei døyr saktare - andre undersøkingar har sprikande resultat her (König 1979, Sandvik 1975, Valestrand 1978).

Ord som ein ut frå oppføring i NOB og skuleordboka Nynorsk Ordliste kan gå ut frå har ei viss utbreiing elles i norsk, klarer seg best. Berre fem av dei orda som minst 50 % bruker, er ikkje oppført i NOB. Alle adjektiva som har forsvunne eller er på veg ut, er etter måten lite utbreidde i norsk. Dei unge som bruker færrast adjektiv i undersøkinga, bruker fyrst og fremst ord utan klart dialektpreg.

Over 15 % av adjektiva er meir kjent hos det ein enn det andre kjønnet, og kjennskapen kan oftast knytast til kjønnsrollemønsteret. Eldre menn kjenner fleire ord enn eldre kvinner, men kvinnene bruker ein større del av orda dei kjenner. I mellomgenerasjonen ser ikkje kjønn ut til å spele noka rolle, medan gutar kjenner og bruker noko fleire av orda enn jentene. Det tydelegaste skiljet går mellom etterkrigsgenerasjonen og dei som er fødde på 70-talet. Det er likevel ei viss overlapping mellom generasjonane, slik at somme middelaldrande ligg på nivå med dei eldre, andre med dei yngste.

Hovudresultatet - ord døyr - samsvarar bra med liknande undersøkingar, som undersøkinga til Gerd Lysklætt (1992) frå Bjugn. Det er likevel litt vanskeleg å samanlikne med andre ordundersøkingar, sia mi ikkje er avgrensa til gamle eller sjeldne ord.

Adjektiva etter form
Eg har plassert i underkant av 200 av adjektiva i materialet etter form, om dei er einstava, ender på -ut, -ug, -leg, -en osv i normert nynorsk. Einstava adjektiv utgjer her den største gruppa. To tredelar (68,5 %) av dei er framleis i bruk, medan bruksprosenten for dei andre gruppene varierer mellom 13,7 og 54,7, med eit snitt på 37,7 %. Eg har også undersøkt kor stor prosentdel av adjektiva i kvar gruppe som tilhører den typen adjektiv forsvinn i størst grad - adjektiv som gjeld menneskelege kjensler og eigenskapar. Dei einstava adjektiva har litt oftare «menneskeleg» innhald enn snittet for alle adjektivtypane under eitt, men det har ikkje gjort dei meir utsette for orddød.

Kva kan vera grunnen til at einstava adjektiv klarer seg godt? Innafor innhaldsområda sine er dei stutte adjektiva ofte omgrep det er vanskeleg å klare seg utan. Einstava adjektiv er rotord, og Dag Gundersen skriv at i «moderne norsk er rotordene på frammarsj» (Gundersen 1987:175). Mange av desse adjektiva er grunnomgrep som ein treng for å uttrykkje seg, som `bein`, `hål` og `kvass`. Vi kan jamføre dei med dei eldste stadnamna våre, namn som Bø, Li og Vik. Det er heller ikkje råd å endre så mye på forma til eit einstava adjektiv, sia det er så stutt. Slike ord vil det vera muleg å kjenne att frå dialekt til dialekt, trass i ulik uttale. Stor utbreiing og hyppig bruk av eit adjektiv samsvarar gjerne med einigheit om korleis ordet skal bli brukast, og dermed god forståing. 89 % av dei einstava adjektiva er å finne i NOB og skuleordboka, oftare enn dei andre adjektivtypane (12-80 %), og dermed er dei truleg meir utbreidde geografisk og i nynorsktradisjonen enn lengre adjektiv.

Vi må au sjå på opphavet til orda. Fleirstava adjektiv er ofte avleiingar av verb eller substantiv, og ikkje grunnomgrep. Dette opnar for at ein har teke i bruk ulike avleiingar, ulike adjektiv, for same innhald på forskjellige stader i landet. Unnatak fisnt. Elles gjev fleirstava adjektiva rom for fleire uttalemåtar enn einstava. Det er m a o større sjanse for at dei skil seg ut, og at dei kan vera vanskelegare å forstå for folk med andre dialekter. Dermed kan brukarane lettare føle at dei må leggje vekk slike «rare» ord. Likevel går stutte, greie ord som `ram`og `byrg` ut av bruk. Adjektivet `ram` verkar kanskje fremmendt og bokleg og `byrg` for lite heimleg, for mye «nynorsk»?

Alt i alt meiner eg einstava adjektiva klarer seg så godt fordi dei er
a)  grunnomgrep, b) enkle i form, c) innarbeidde i målføret, d) utbreidde elles i norsk språk og e) like (u)presise når det gjeld innhald og bruksområde i store delar av landet. Det eine punktet kan vera viktigare enn det andre for ulike ord, og til saman gjer dette til einstava adjektiv som gruppe i mindre grad enn andre adjektiv blir offer for utskifting og orddød.

Orddød og innhald
R.M.W. Dixon deler inn adjektiv etter innhaldsområde, dimensjon, fysiske eigenskapar, farge, menneskelege kjensler og eigenskapar, alder, verdiar (positiv og negativ vurdering) og fart (Hvenekilde 1984:91). Etter denne inndelinga inneheld Storm-lista flest adjektiv som skildrar menneskelege kjensler og eigenskapar (91), deretter kjem adjektiv som fortel om verdiar (61) og fysiske eigenskapar (38). Få adjektiv skildrar dimensjonar (8) fart (4) og farge (4), og ingen alder. Ein del ord er haldne utafor denne inndelinga.

Noko over halvparten av adjektiva i dei tre største gruppene har dårleg eller inga framtid i vågåmålet. Adjektiva som gjeld menneskelege kjensler og eigenskapar greier seg dårlegast. Materialet sett under eitt, hører over halvparten av alle adjektiv som går eller har gått ut or bruk til denne gruppa. Her finn vi au færrast adjektiv som er så utbreidde at dei har ei god utsikt til å klare seg. Også mange adjektiv som fortel om fysiske eigenskapar, forsvinn.

Sju av åtte adjektiv som har med dimensjon å gjera, klarer seg godt i vågåmålet - dei er    rotord som trengst. Ein snau tredel av adjektiva som skildrar fysiske eigenskapar og verdiar ser ut til å overleva, og det same er tilfelle for berre knapt ein firedel av adjektiva som gjeld menneske. Det skjer uavhengig av at desse adjektiva er etter måten ofte ført opp både i skuleordboka og NOB.

Korfor forsvinn desse adjektiva?
Dei adjektiva som fortel om fysiske eigenskapar, har i stor grad innhaldet sitt knytt til sider ved det gamle bondesamfunnet. Få kjenner behov for dei lenger, og det forklarar forsvinninga deira. Menneskelege kjensler og eigenskapar kunne ein rekne med ville klare seg betre - vi menneske har da vel ikkje forandra oss så mye på 2-300 år? Arne Torp og Lars S. Vikør skriv at det er ein stor kjerne i ordtilfanget som er stabil, deriblant «det mest elementære tanke- og kjenslelivet» (Torp 1993:279). Dette ser ikkje ut til å stemme heilt i den ordmengda eg har undersøkt - mange av dei orda som døyr, har aktuelt innhald.

I ei undersøking frå Vang i Valdres syner Boye Wangensteen (1971) at ein del ord som forsvinn, ikkje blir erstatta, medan andre får avløysarord som ikkje dekkjer innhaldet heilt. Det same er tilfelle i Vågå. Det «ubrukte» adjektivet `hag` (praktisk) kan vera utkonkurrert av ord som `hendt` og `handhøveleg`, og det gjer au motsetninga `uhag` (ohag) utsett. I ordparet `sigretten` (sigrætté) og `gretten` (grætté) ser vi at `gretten` har skyvd ut den forsterka varianten sin. Det morosame uttrykket `klevegalen` kan ha vore slang hos Edvard Storm og kameratane hans, og har kanskje aldri hatt noka stor utbreiing.

Blant dei adjektiva som er i bruk, men av få, har vi `brevsynt`. I ei tid da dei aller fleste er lesekyndige, er det ikkje særleg bruk for dette ordet. Orda `gjevmild` (je(v)mill) og `godeint` (goæint), som betyr omtrent det same, kan ha måtta vike plassen for `gavmild`, kanskje også `godærug`. Vi ser au at ord har vorte bytta ut av det vi kan kalle «syskenord». Det gjeld `skarvut` (skarvåt; skral, låk) og slurven (slurvé; urein, unøyaktig), som av heimelsfolka helst blir erstatta av skarve og slurvåt. Adjektivet `skrællen` (skræillé) kan byttast ut med m a kreille, kresen og vand, veik og skrøpeleg - kanskje det ikkje er plass til skræille?

Det er verre å forklare korfor `strunk` (stronk; rakbygd, sjølvgod), `åbryen` (åbry; fornærma, harm) og `åtfinnug` (åtfindog; kritisk, krass) går ut av bruk - det må vera at andre ord dekkjer same innhaldet. Ei forklaring på at `tagal` (tagæill; stille, fåmælt) kan vera at adjektiv som ender på al- (-æill) ikkje står sterkt i vågåmålet. Men både dette og dei tre eksempla eg nemner føreåt, har til felles at dei ikkje er særleg vanlege elles i norsk. Både om `strunk` og `tagal` kan vi seia at dei er litterære, og dei to andre stikk seg ut i form.

Adjektiv som skildrar menneskelege kjensler og eigenskapar har kanskje ikkje vorte uaktuelle på same måte som andre uttrykk, men mindre aktuelle. I staden for at ord og innhald forsvinn med fenomenet, blir utvalet av ord magrare, mindre finstilt og meir einsretta. Enkelte ting er ikkje så viktige for folk lenger. I ei tid da vi er så hygieniske at vi blir sjuke av det, er det ikkje behov for å skilja mellom å vera fjelg, skiren og slurven - og vi har mat nok til at behovet for ord om det å vera vand eller grådig er mindre. Og det er kanskje ikkje så viktig å skildre arbeidsevna til folk så nøye - eller vi gjer det på andre måtar enn før. Eg ser heller ikkje bort frå at adjektiva som gjeld menneske kan ha vorte ekstra utsett for konkurranse frå media - at filmar, romanar og diskusjonsprogram kan ha vore med på å standadisere ordbruken på dette feltet.

Eg finn ikkje ei fullgod forklaring på at adjektiv som spesielt tek for seg menneske, er meir utsett for orddød enn andre. Det kan vera tilfeldig, og gjelde berre denne undersøkinga.  Somme ord går uansett ut av bruk fordi dei ikkje trengst. Andre ord blir borte fordi a) dei er lite utbreidde, b) dei blir lett erstatta av ord med same innhald, c) kan verke sære eller avvikande i form, og d) dei er ikkje grunnomgrep - det går an å klare seg utan dei. Truleg er det eit samanfall av desse faktorane som råker mange av dei «menneskelege» adjektiva.  I tillegg  kan ein del adjektiv etter kvart bli for klisjear å rekne, eller dei blir utsette for slitasje - dei mister saft og kraft pga at dei har vorte for mye brukt. Når ein har karakterisert ein måte å vera på mange nok gonger med eitt uttrykk, kan eit anna ord for det same bli meir attraktivt.

Heimelsfolka og ordkjennskapen
Når ein undersøkte dialekter i tidlegare tider, kan vi litt fleipete seia at ein leita etter gamle gubbar og kvinnfolk i utkantane, og det var eit pluss å komma frå gard, vera oppteken av lokalhistorie og knapt nok ha vore utafor heimkommunen. Eg har freista å finne ut om slike eigenskapar påverkar ordkjennskapen i Vågå.

Hos dei 15 unge har dei «sikre korta» for stor dialektkunnskap lite å seia. Dei som bur på gard (6), ikkje har innflyttarbakgrunn (7) og ikkje bur i kommunesenteret Vågåmo (9), kjenner og bruker orda i undersøkinga i like stor eller liten grad som dei med «dårlege kort», berre interesse for lokalhistorie kan ha noko å seia.

Dei i mellomgenerasjonen som har gardstilknyting, bruker klart fleire av orda enn dei utan. Det å bu i sentrum minkar adjektivbruken. Dei eldste heimelsfolka som bur utafor sentrum bruker fleire av orda enn sentrumsbuarane. Det er berre ein person blant dei eldste som har innflyttarbakgrunn, to i mellomgenerasjonen. Dei kjenner og bruker færre ord enn det som er vanleg i informantgruppene sine. Materialet er for magert til å slå fast om innflyttarbakgrunn har noko å seia for ordforrådet, men tendensen er der.

Nå er ikkje talet på heimelsfolk i kvar gruppe større enn 15. Likevel trur eg at tendensane vi finn i undersøkinga, uttrykkjer ei utvikling som vi finn att hos andre, au i andre dialektområde. Vi kan setja opp dette mønsteret for dei tre generasjonane, kalla G (folk fødde 1920 eller tidlegare), M (fødde på 1940- og `50- talet) og U (fødde på 1970-talet):

                                             G:                      M:                      U:
Bustad                                påverkar?         påverkar             påverkar ikkje
Gardstilknyting                  påverkar ikkje  påverkar             påverkar ikkje
Innflyttarbakgrunn            påverkar?         påverkar?            påverkar ikkje
Lokalhistorisk interesse   påverkar           påverkar ikkje     påverkar?

I Vågå før i tida var krava til ordkjennskap omtrent like for alle. Arbeid med jord og skog var dei viktigaste næringsvegane, og samkvemmet med utomverda var begrensa. Samfunnet var i ei slags likevekt - alle levde i same miljø til dei eventuelt drog ut for å avtene verneplikt, ta teneste eller studere. I dette samfunnet voks G-generasjonen opp, men også dei har vorte prega av dei endringane Vågå har vore gjennom, særleg etter andre verdskrigen. Det viser seg i at interesse for lokalhistorie styrkjer bruken av dei undersøkte orda, kanskje fordi folk med slik interesse har teke meir bevisst vare på ord dei lærte i «gamle dagar». Elles har dei eldste så lik bakgrunn at det er uråd å seia om innflyttarbakgrunn påverkar språkbruken. Det kan det gjera.

Mellomgenerasjonen har bak seg eit liv der Vågå og Noreg har vore i sterk forandring. Dei tilhører etterkrigsgenerasjonen og har vakse opp i den tida da Vågåmo for alvor vart ein tettstad og avstanden til resten av Noreg vart mindre. Da jordbruket begynte å miste plassen som viktigaste næringsgrein i Vågå var dei unge vaksne. Utdanningstilbodet og mulegheitene til yrkesval var langt større for desse heimelsfolka enn generasjonane før, og medie- og underhaldningstilbodet rikare. For denne generasjonen har det ikkje funnest noko eintydig krav til ordkjennskap. Dei har vakse opp i eit meir mangfelt lokalsamfunn der ordbehovet og ordkjennskapen har vore meir avgjort av eigenskapar hos kvar enkelt. I så måte overraskar det at interesse for lokalhistorie ikkje ser ut til å auke ordbruken hos mellomgenerasjonen.

Dei yngste heimelsfolka er vaksne opp i ei tid der kommunesenteret Vågåmo og byggjefelta rundt har vakse, og  kontakta med stasjonsbyen Otta og fylkessenteret Lillehammer har vorte større. Dei kjenner eit lokalsamfunn med mange likestilte næringar - som industri, turisme og tenesteyting. Uansett kor dei bur i kommunen, kan dei ta del i det same fritids- og underhaldningstilbodet, og dei lever i ein kultur som ikkje er mindre felles-norsk enn foreldregenerasjonen, men som au er meir internasjonal. Behovet for og forventningar til ordkjennskap blir omtrent det same for alle unge i Vågå nå, uansett bakgrunn, og slik var det ikkje for foreldregenerasjonen deira.

Desse tre utviklingstrinna samsvarar med det Torp og Vikør kallar materielle og mentale ytre drivkrefter som fører til språkendringar (Torp 1993). Vågå har nå nådd eit nytt likevektspunkt, men av eit heilt anna slag enn det besteforeldra vart fødd inn, og som foreldregenerasjonen voks opp i oppbrottet frå.

Er det så ille som det ser ut til?
Orddøden i vågåmålet, slik vi ser han frå 1700-talet til i dag og i spennet mellom unge og eldre heimelsfolk, er drastisk. Vi ser ei einsretting, ei standardisering av ordforrådet, som rett nok kan ha komme seinare enn i meir sentrale strøk. Årsakene kan stutt nemnast som betra kommunikasjonar, auka bruk av standarisert språk i skule, yrkesliv, media osv, og flytting og giftermål utover dialekt- og språkgrenser. Med andre ord: meir kontakt med andre språkbrukarar og variantar av norsk. I eit slikt møte vil vågåmålet - med rundt 3500 brukarar - stå svakt, som så mange andre bygdemål.

Undersøkinga syner at somme av dagens unge kjem nok til å gå gjennom livet utan å bruke fælt mange adjektiv som ikkje er vanlege i skrift og etermedia, men dei snakkar like fullt vågåmål. Vi må vidare ha klart for oss at orddød ikkje er noko nytt. I undersøkinga til Hetland (1970) frå Hjelmeland kjende dei eldste 45 prosent av orda, dei yngste tjue. Helge Sandøy skriv at «Det mest oppsiktsvekkjande talet er heller 45 prosent for dei eldre, dvs. for dei som var fødd og lærte dialekten tidlig på dette hundretalet. Det vil altså seie at svært mange ord gikk ut or bruk i siste halvdel av 1800-talet.» (Sandøy 1986:157). Sandøy konkluderer med at det er heilt lokale uttrykk som lettast går ut or bruk, slik vi ser det i vågåmålet. Undersøkinga mi støttar au påstanden til Andreas Bjørkum om at «me vil få eit meir einsleta ordtilfang. Truleg vil det verta meir og meir av landsdelsnormer --- men dei største skilnadene vert ikkje utviska, så me vil i lang tid heretter òg godt kunna høyra kva kant av landet folk er frå» (Bjørkum 1983:23-24).

Har bokmålet og media skulda for orddøden? Det er det for lettvint å seia, all den tid ord også døydde før i tida. Like fullt gjer bokmålet at vagværane møter andre ord på trykk, i radio og fjernsyn enn dei sjølve har brukt frå gammalt. Bokmålet set på den måten rammer for kva slags språkbruk som er gangbar i det offentlege rommet. På 1700-talet levde vagværane i ei språkleg verkelegheit der dølamål var nesten det einaste dei møtte. Folk fekk bekrefta talemålet sitt, sia det var berre det dei trong og kunne. I dag er dette nesten snudd på hovudet på grunn av all den normerte språkbruken vagværane møter dagleg. Dei høyrer sjeldan talemålet sitt i media, og dermed blir heller ikkje dialektbruken styrkt, tvert om.

Finn-Erik Vinje skriv at "i et mediesamfunn som vårt ser vi at lokalsamfunnet makter å holde fast på mange språklige særmerker. Dette gjelder især for uttale, ordbøyning og syntaks - mindre for ordtilfang" (Vinje 1987:282). Nettopp. Sjølv om skule- og administrasjonsmålet i Vågå er nynorsk aldri så mye, er bokmål og bokmålsord noko vagværane møter i større mengder enn nynorsk kvar einaste dag, og det lærer dei av. Nynorsken er i prinsippet opnare for dialektord enn bokmålet, men er ei mye veikare kraft enn bokmålet. Eg meiner at bokmålet nok pregar språkkjensla til vagværane sterkare enn nynorsken, og dermed inntrykket av kva ord dei kan bruke eller ikkje. Dette forsterkar tendensen som vi ser i denne undersøkinga til "ordskifte" og orddød, til einsretting av ordforrådet og det somme kallar ei bokmålisering av målføret.

Faktor X

Når dette er sagt, vil eg dra inn faktor X. Vi lærer så lenge vi lever, også «gamle» ord. Unge menneske som ikkje kjenner til bestemte uttrykk, har kanskje ikkje møtt orda og lært dei ennå, ord som i visse situasjonar blir dei einaste aktuelle å bruke. Og ein god del av orda som alle eller dei aller fleste bruker, har eit regionalt eller lokalt preg. Frå lista over ord som 80-100 % kjenner og bruker, kan vi dra fram ord som `kital` (kilen), `klasut` (ihopfiltra, innvikla), `linn`(mild), `løyeleg`(artig) og `skyld` (i slekt med). Eit ord som `hjelma` - som nokre eldre heimelsfolk nemner eigentleg ikkje er eit vågåord - kan verke som eit moteord for unge i Vågå på 1990-talet. Ord kan au overleva i «lommer», i visse grender, endatil i visse familiar. Eit slikt ord er `futum` (god å ta i, behageleg), som tre middelaldrande heimelsfolk var åleine om å bruke. Desse tre hører til same omgangskrets, to av dei er gift med einannan.

Til sist vil eg nemne at ein stad må det gå ei grense for kor mange ord ein kan miste. Iallfall så lenge som dialektbrukarane finn det verdt å halde oppe eit skilje til andre målføre, vil dette kunna merkast også i ordforrådet. Når språket er ein del av sjølvbildet, kan det føre til at enkelte ord som er uvanlege andre stader bevisst blir brukte, for å gje uttrykk for identiteten. Det er håp for «gamle» ord au, - så lenge dei blir brukte av nokon, er dei levande. Og orddød er naturleg i alt levande språk, det er berre i språk som ingen talar at ord ikkje døyr.

Av Jon Peder Vestad.



Artikkelen er skriven til boka Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre Austlandet, gitt ut av Det Norske Samlaget i 1999. Nokre mindre avvik frå bokkapitlet finst i internettutgåva. Boka er redigert av Turid Kleiva, Ingeborg Donali, Trygve Nesset og Helen Øygarden og kom i samband med 100-årsjubileet til Austmannalaget, som er tilslutta Noregs Mållag. 


Litteraturliste:
Akø, Jørn-Otto: Gråsoner i norske ordbøker frå Ruth Vadtvedt Fjeld (red.): Nordiske studier i leksikografi. Rapport fra konferanse om leksikografi i Norden 28.-31. mai 1991. Skrifter utgitt av Nordisk forening for leksikografi, Oslo 1992 (s 65-75)
Bjørkvik, Randi Kleiven: Edvard Storm og Vågå frå Torgeir Mageli (red.): Edvard Storm. Døla-viser. Dølaringen Boklag, Lillehammer 1994 (s 56-69)
Dahl, Willy (utgjevar): Edvard Storm: Døleviser. J.W. Eide Forlag, Bergen 1977
Djupedal, Reidar: Frå folkemål til skriftmål. Målførestykka i «Prøver af Landsmaalet» frå Bull/Fjeldstad (red.): Heidersskrift til Kåre Elstad. Institutt for språk og litteratur, Universitetet i Tromsø, Tromsø 1985 (s 321-355)
Fjeld, Ruth Vadvedt: Føredraget Adjektiver i norsk. Noe om betydning og bruk. Språkleg instituttseminar, INSL, Universitetet i Oslo 28.1. 1994
Grøsland, Ola: Vågåmo - Frå jordbruksområde til tettstad frå Årbok for Gudbrandsdalen 1986. Dølaringen Boklag, Lillehammer 1986 (s 158-169)
Gundersen, Dag: Ord i bruk frå Egil Børre Johnsen (red.) I går og i dag. Vårt eget språk. Bind I. Aschehoug, Oslo 1987 (s 170-199)
Hellevik, Alf: Nynorsk Ordliste. Normalutgåve. Det Norske Samlaget, Oslo 1980
Hvenekilde, Anne: Språktypologi frå Hvenekilde/Ryen (red.): Kan jeg få ordene dine, lærer?. Landslaget for norskundervisning/Cappelen, Oslo 1984 (s 86-94)
König, Magnhild Vollan: Ordforrådet i Birkenes - en undersøkelse av kjennskapen til en del «gamle» ord. Hovedfagsoppgave til historisk-filosofisk embetseksamen i nordisk ved Universitetet i Bergen, høsten 1979. Bergen 1979
Leira, Vigleik: Ordlaging og ordelement i norsk. Det Norske Samlaget, Oslo 1992
Lysklætt, Gerd: Dialektundersøking. Endringer i ordforrådet i Bjugn. Hovedoppgave til historisk-filosofisk embetseksamen i nordisk ved AVH i Trondheim våren 1992. Trondheim 1992
Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok. Det Norske Samlaget, Oslo 1986
Ross, Hans (1895): Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen. Universitetsforlaget 1971
Sandvik, Olav Hetland: Endringar i ordforrådet i nokre Ryfylke-bygder. Hovudfagsoppgåve til historisk-filosofisk embetseksamen i norsk ved Universitetet i Bergen, våren 1975. Bergen 1975
Sandøy, Helge: Dialektane våre. Frå Egil Børre Johnsen (red): I går og i dag. Vårt eget språk. Bind I. Aschehoug, Oslo 1987 (s 308-318)
Simonsen, Hanne Gram, Endresen, Rolf Theil, Hovdhaugen Even (red.): Språkvitenskap. En elementær innføring. Universitetsforlaget, Oslo 1988
Svensén, Bo: Handbok i lexikografi. Principer och metoder i ordboksarbetet. Esselte Studium/Tekniska Nomenklaturcentralen, Stockholm 1987
Torp, Arne og Vikør, Lars S.: Hovuddrag i norsk språkhistorie. Ad Notam Gyldendal, Oslo 1993
Valestrand, Modgunn: Ei gransking av kjennskapen til ord som er heimfesta til Dalane for om lag 100 år sidan. Hovudoppgåve i nordisk. Universitetet i Bergen, Bergen 1978
Vestad, Jon Peder: Ord og år. Adjektiv frå 1700-talet hos tre generasjonar vagværar i 1990-åra. Hovudoppgåve i nordisk. INSL, Avdeling for nordisk språk og litteratur, Universitetet i Oslo 1994
Aasen, Ivar (1873): Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Alb. Cammermeyers Forlag - Lars Swanstrøm. Kristiania 1918