Vestads vevstad 


Vart du skremd no?

Emilie Sagée var lærar på ein pensjonatskule i Latvia. Medan ho underviste, kunne elevane hennes brått få auge på henne i hagen utafor. Emilie hadde evna til bilokalisering, å vera på to stader samstundes.

Elevane vart skremde, og elevtalet gjekk ned frå 42 til tolv på eitt og eit halvt år. Gjennom vitnemål frå eleven Julie von Güldenstubbe formidla av forfattaren Robert Dale Owen har denne historia frå 1840-talet vorte kjend. Fenomenet har vorte forklart med massesuggesjon, hysteri og liknande. Men i boka Mirakel eller virkelighet? blir det ikkje lagt særleg vekt på slikt som at ingen kjenner til skulen Pensionat von Neuwelcke i Wolmar/Valmiera i Latvia, og at det heller ikkje er bevist at Emilie har eksistert.

Denne beretninga fascinerer likevel og er av dei betre i boka, som Bladkompaniet har gitt ut i serien Vår mystiske verden. For 59 kroner kan mysteriesugne nordmenn – truleg oftare menn enn kvinner – lesa om dyr som kan snakke og om seksti millionar år gamle spiker (!), berre for å nemne to ting. På knappe 130 sider blir lesarane presentert for mysterium av ulike slag. Ja, nokre av dei kan verke mystiske, andre vil eg kalle gode historier.

Det at jomfru Maria skal ha vist seg for menneske ulike stader i verda, er ikkje noka nyheit, og her kan vi lesa om openberringane i Lourdes. Men boka inneheld au to tilfelle som eg ikkje har visst om frå før, frå Knock i Irland og Gwent i Wales. Desse historiene har det til felles med beretninga om engelskmannen Andrew Crosse som skapte liv av daudt materiale (les: dyrka ein slags bakteriekultur) at dei ikkje er av ny dato. Det gjeld au mange av dei andre merkelege fenomena vi kan lesa om i boka. Og noko som er verkeleg merkeleg med boka, er at det ikkje er nokon som har skrivi ho! Ingen er ført opp som forfattar, og eg skal ikkje spekulere over grunnen.

Nå skal eg ikkje harsellere for mye. Mellom anna blir det gamle indiske taugtrikset forklart på ein forholdsvis (ikkje fullstendig) truverdig måte. Historia om den kvinnelege paven Johanne som visstnok skal ha eksistert ein gong, blir også avslørt. På sidemålet vårt heiter boka forresten ”Strange but true”. Det verkar litt sjølvmotseiande når fleire av mysteria blir avslørt som løgn….

Eit godt bevis for manglande kritisk haldning hos utgjevaren ser vi i forteljinga om den snakkande mungoen Gef som levde på ein gard på Man på 1930-talet. Fleire journalistar skreiv om dette merkverdige dyret, som var så folkesky at det ikkje viste seg. Merkeleg nok kunne Gef både prate og syngje til fremmendfolk, og det skjedde støtt når dottera på garden var ute av synsfeltet. Jaja, folk let seg lure!

Det er prisverdig at forlag formidlar bøker som nærmar seg det overnaturege og mystiske med kritisk nysgjerrigheit. Men i dette tilfellet kan eg ikkja anna enn tru at det berre finst eitt motiv. Det begynner på p og sluttar på engar.

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut i april 1999.



Vestads vevstad  * Ymseposten *  Mål og middel * Bokoversynet.
* Privaten * Radioordlista *  Medielenkjer * Språklenkjer