| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Verst i verda

Folk døyr i sjukekøar, eldre får ikkje det stellet dei treng, skulane forfell, lærarane er dumme og fleire og fleire blir fattige. Det står dårleg til med mye i Noreg. No ligg landet vårt rett nok langt oppe på ein god del statistikkar, men statistikk er statistikk… ein slags form for talmagi. Alle som kjenner det norske samfunnet, veit at det er mye skeivt og gale her. 

Valkampen 2001 tok illusjonen frå alle som hadde innbilt seg at Noreg var eit slags drømmesamfunn. Politikarane og media minte oss gong på gong om at det slett ikkje er så fantastisk å bu i Noreg. Og det dei har fortalt om, gjeld pengar, tenester og ting – og ei anna, verkeleg stor ulempe ved å leve i Noreg har ikkje vorte nemnt i det heile: Veret. Altså, når det er så vanskeleg å leve i Noreg i utgangspunktet – det er faktisk eitt av landa i verda der det er lettast å fryse i hel – så burde ein iallfall kunne vente at sørvistilboda var gode og forbruksvarene rimelege. Men slik er det ikkje. I god, nordisk sjølvplagarånd skal vi både ha kaldt og surt ver, fattigdom og forfall i det offentlege og kjempehøge prisar på alt mogleg. Oljen kan rett nok ikkje gjere noko med veret, men korfor kunne vi ikkje alle fått tildelt ein liten slump pengar slik at vi kunne ha reist til Syden eit par gonger i året for å få den sola og varmen som vi treng så sårt? Nei da. Har det ikkje vorte dyrare å ta solarium også?

I sommar var eg i Estland, Sverige og Island. Same kor eg kom, vart eg møtt med prat om oljepengane, høge norske lønner og – ja, dei høge prisane. Eg fortalde at eg ikkje merker noko til oljepengane, at eg ikkje er rik og at eg i grunnen er van med det norske preisnivået. Og særleg når ein bur på Vestlandet er det ikkje slik at ein fartar til Sverige for å kjøpe billig EU-kjøt. I utlandet fekk eg også høre at vi har det så innmari godt i Noreg. Vel, eg innrømte at det ikkje stod så verst til. Men det var før valkampen. Truleg har eg rekna med at folk flest i Noreg har det slik cirka like greitt som eg – et fleire gonger om dagen, står ikkje i sjukehuskø, har det varmt og tørt der vi bur (viss vi ikkje tenkjer på veret), greier å leggje ut for ein kinobillett eller for ein leigevideo, har heile klede, og – ja, i grunnen meiner eg at eg har det ganske godt.

Men – det er jo her eg tek så grunnleggjande feil: Fordi eg og dei fleste eg har rundt meg klarer oss ganske godt, så trur vi at det er slik! Eg har rett og slett vore for sjølvoppteken og nærsynt. Det elendet som politikarar og media har fortalt om, finst der, i andre miljø enn dei eg kjenner her i Noreg. Men eg trur eg forstår omtrent korleis det er. Eg har møtt fattigfolk utan skulegang i India, menneske som ikkje har råd til det mest nødvendige i Burma, kvinner som blir undertrykte i Tunisia, folk som svelt i Kina. Forfall har eg sett i Russland, ja, vi må ikkje narre oss sjølve til å tru at det er særleg likare her enn i land som vi til vanleg ikkje samanliknar oss med. Eg trur vi må vri på det Gro Harlem Brundtland sa ein gong og slå fast at det er typisk norsk å ha det vondt. Det har eg lært av valkampen no i 2001.

Av Jon Peder Vestad   

Lagt ut 10. september 2001.

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |