| Ytterpunkt
Ytterpunkt er ein
roman om ei ung kvinne på leiteing etter historier, etter seg sjølv,
etter kjærleik og meining. Ikkje småtteri. Cecilie Enger fortel
historia om radiojournalisten Eira utan store fakter og ord, og må
gjerne fortelja meir - og til fleire.
Ytterpunkt er den
andre romanen til Cecilie Enger. Boka kom i 1996, og vart lenge ståande
ulesen i bokylla mi, trass i ein vakker omslagsillustrasjon av Therese
Nortvedt. Illustrasjonen syner himmel og hav i iherdig rørsle, og
det var til Nordkynhalvøya på Finnmarkskysten Cecilie Enger
førte meg da eg endeleg sette meg ned for å lesa boka.
I Ytterpunkt møter
vi den unge, sjølvstendige radiojournalisten Eira som har fått
pengestøtte for å reise frå hovudstaden til Finnmark
for å samle historier hos gamle menneske. Ho er nyfiken på
det dei har å fortelja frå eit langt liv under vanskelege og
omskiftelege kår. I tre månader skal ho vera på i ei
lita kystbygd, ho bur på eit pensjonat, pratar litt med folk og møter
ein macho-ungkar som ho blir fascinert av, Espen. Men klok på han
blir ho ikkje. Det er likevel den gamle, mystiske einstøingen Rakel
ho blir mest knytt til. Rakel fortel om levd og ulevd liv, og noko er sant,
andre ting ikkje. Det er ikkje lett å komma innpå Rakel, men
Eira klarer det, og blir med Rakel til ein stad som har betydd mye for
henne. Det blir også eit møte med eit ytterpunkt.
Eira reiser frå eit
hovudstadsliv der ho sjølv står i sentrum, men utan å
ha verkeleg nær kontakt med familien sin. Eira kjem frå ein
skilsmissefamilie, og forholdet til faren er prega av geografisk avstand
og ei omsorgsfull nærheit. Ein gong budde ho og familien sjølv
i nord, og det å møte kystmenneske gjev henne også eit
møte med noko som ligg - delvis i dimme - bak henne, samstundes
som det også kan vera eit møte med levekår som liknar
noko dei ho framleis kunne ha levd i.
Cecilie Enger har skrivi
ein roman som eg gjerne kan bruke litterære godord som varm, var
og lågmælt om. Dei store hendingane finn ein ikkje i romanen,
med unnatak!, - forteljinga bles jamt gjennom sidene. Eit menneske blir
lansert ganske tydeleg tidleg etter at Eira har komme til Finnmarkskysten,
og forsvinn. Det stussa eg over, sia persongalleriet ikkje er spesielt
stort. Eg synest også at romanen flatar ut godt uti siste halvdel,
på den måten at ytre hendingar ikkje får meg til å
oppdaga noka tilsvarande klar indre utvikling hos Eira. Kanskje skulle
eg ha lese meir mellom linjene? Iallfall finn eg ikkje heilt ut av om Eira
finn alt ho søkjer, og historia om Eira får ingen slutt som
eg kan seia meg heilt fornøgd med. Det er muleg andre vil sjå
det som ein styrke ved romanen.
Både tankelivet til
Eira og skildringa av menneske og levekår i nord er utpensla på
ein overbevisande måte. I denne romanen møter vi ordentleg
ver! Og om du ikkje har skjønt det: Ytterpunkt er eit truverdig
møte med menneske og liv, og ein roman det er lett å anbefale
for folk som liker bøker som appellerer til meir enn spenningssansen.
Cecilie Enger:
Ytterpunkt
Roman
Gyldedal Norsk Forlag
Oslo 1996
174 sider
Av Jon Peder Vestad
|