KVA.no på Bjorli  
Velkomen
Bakgrunn
Program
Opplevingar
Kurstilbod
Påmelding

Velkomen til KVA.no 2005

Vi er no i gang med førebuinga av KVA.no 2005 som vil bli arrangert i perioda 14-18. mars (veke 11, veka før påske). Instruktørane og leiarane en no ferdig med det meste av planlegginga. Det er rekord stor påmelding dette året med 124 deltakarar (ca 100 i fjor). Studentar og medhjelparar kjem i tillegg. Så interessa er altså kjempestor. Under førre arrangement (KVA.no 2004) hadde vi eit fantastisk vèr, masse snø og nærare 300 personar i aktivitet i den flotte naturen på Bjorli. Vi kan love at KVA.no 2005 vil bli eit flott arrangement med eit mylder av aktivitetar. I tida framover vil det bli lagt ut informasjon på denne heimesida om arrangementet. I første omgang er det viktig å hugse på påmeldingsfristen som er 20. februar. Det kan vere lurt å melde seg på snarast råd slik at ein er sikker på at der er ledige plassar.

Nokre praktiske opplysningar:

Arrangør: Høgskulen i Volda (www.hivolda.no) i samarbeid med ISF - Møre og Romsdal (www.idrettsutdanning.no)
                            

Instruktørar: Lærarstudentar frå Høgskulen i Volda, Vernepleiarstudentar frå Høgskulen i Molde og elevar frå Møre Folkehøgskule(www.more.fhs.no)
                            

Målgruppe: Deltakarar med eit særskilt behov for tilpassa fysisk opplæring, skuleungdom og andre som ynskjer ei opplevingsveke i vinterfjellet.

Kursstad: Bjorli (Bjorli Apartementshotel og Bjorli Skisenter). (www.bjorli.no)
 

Tidsrom: 14.03 - 18.03 2005 (veke 11, veka før påske) 

Påmelding: Påmeldingsfristen er 20. februar 2005 og det enklaste er å melde seg på via Internettsidene våre. Ver merksam på at du berre kan melde deg på eitt av hovudkursa våre!

Reise: Deltakarane/hjelparane må sjølve ordne transport til/frå Bjorli.

Opphald: Styringsgruppa har tinga hotellrom ved Bjorli Apartement Hotel til alle deltakarane. Nærare informasjon om hotellet og overnatting kan fåast ved å kontakte Mette Mjelve på telefon: 90 20 40 77. Ver tidleg ute med påmeldinga til KVA.no og sørg for at alle opplysingar er korrekte slik at Styringsgruppa får ei god oversikt. Kostnader i samband med dette dekkjer deltakarane og hjelparane sjølve. Pris pr. leilegheit er 2400,- (måndag - fredag, Inntil 4 personar pr. leilegheit). Pris for stor hytte: 2400,- (måndag - fredag, inntil 6 personar pr. hytte). Pris for lita hytte: 1750,- (måndag - fredag, inntil 3 personar pr. hytte). Pris for sengetøy, handkle, Kr. 95,- pr. sett. Det er også mogleg å overnatte ei natt i stor-lavvoen. Pass då på at ein har med eigen sovepose (dette er sjølvsagt gratis). Pris for middag på hotellet: enkel middag: Kr. 100,- , Festmiddag torsdag: Kr. 170,- Meny kjem hotellet tilbake til seinare.

Skikort: Dei deltakarane som ynskjer å bruke skiheisa må dekkje kostnadane til skikort sjølve (unnateke alpin-gruppe). Hjelparar må hugse ledsagarbevis som er påkrevd av Bjorli Skisenter og som må visast fram ved kortkjøp for deltakaren.

Kursavgift: Kr. 800,- pr. deltakar, skal sendast til:

 ISF- Møre og Romsdal 
Idrettsveien 2, 6413 MOLDE
Bankkonto nr. 9650 05 67853





Styringsgruppa:
 

Faglege leiarar: Rune Krumsvik, Øyvind Hagen, Svein Arnesen, Høgskulen i Volda

Administrativ leiar: Mette Mjelve, Vestnes Kommune
  Teknisk leiar: Olav Aasen 
 Møre Folkehøgskule
  Økonomisk ansvarleg:Tore Birkeland, ISF - Møre og Romsdal

Sidene er utarbeidet av: Marte Melbø og Rune Krumsvik