Høgskolen Stord/Haugesund

13.12.01

Studieleiar FLU

 

 

STUDENTKULLET 2000 - 2003

 

 

Nytt kap. 7. Vurdering i Fagplan for førskulelærarutdanning ved Høgskulen Stord/Haugesund.

 

Vurderingsordninga er vedteke i avdelingsstyret  i Avdeling for lærarutdanning 11.12.01, og er gjeldande for F2-klassane frå studieåret 2001/2002.

 

 

7. Vurdering

 

7.1 Studiedeltaking og obligatoriske krav  

 

Ein forventar at studentane møter opp til all tilrettelagt undervisning og er tilgjengelege for medstudentar i samband med gruppearbeid/kollokviearbeid også utanom den timeplanlagde studietida. Førskulelæraryrket er ikkje noko ein kan lesa seg til,- det er heilt naudsynt at kvar einskild student bidreg aktivt i klasseromsdrøftingar og gruppearbeid.

For å få godkjent dei ulike delane av førskulelærarutdanninga må studenten ha gjennomført alle obligatoriske studiekrav.

Praksis, med førebuing og etterarbeid, er obligatorisk.

Andre obligatoriske krav vert konkretiserte i årsplanar, semesterplanar og planar for dei einskilde prosjekt og temaperiodar.

 

7.2 Retten til å gå opp til eksamen/avsluttande vurdering

For å gå opp til avsluttande vurdering og eksamen, må studenten ha gjennomført alle forprøver, obligatorisk arbeid, undervisning og praksis slik fagplanar og semesterplanar føreset. Dersom studenten på grunn av sjukdom eller andre tungtvegande grunnar manglar noko av det obligatoriske arbeidet kan høgskulen ved studieleiar, etter skriftleg søknad frå studenten, vurdera om han eller ho kan framstillast til avsluttande eksamen før det obligatoriske arbeidet er gjennomført eller levert.                                                                 I særlege høve kan obligatoriske arbeid/ekskursjonar bli lagde etter eksamen.   

Det blir ikkje ved noko høve utlevert vitnemål før alle obligatoriske arbeid er godkjende.

Studenten har plikt til å gjera seg kjend med eksamensreglement og forskrifter i studiehandboka.

 

 

 

7.3.  Obligatoriske krav/avsluttande eksamen

 

FAG

OBLIGATORISKE STUDIEKRAV OG EKSAMEN

1. studieår

 

Pedagogisk teori og praksis (5 vt.)

 

 

 

 

Faglegpedagogisk studium (14,5 vt.)

 

Pedagogisk teori og praksis

Obligatoriske studiekrav:

·       frammøte til obligatorisk undervisning

·       praksis og individuell skriftleg prøve/oppgåve skal vera godkjent for å halde fram i studiet

 

Drama

Obligatoriske studiekrav:

·       frammøte til obligatorisk undervisning

·       skriftleg metodisk oppgåve og observasjonsoppgåve knytt til praksis

·       gjennomført og godkjent obligatoriske fellesprosjekt og gruppearbeid

·       gjennomført kulturtur med innslag av profesjonelt teater for barn

 

Musikk

Obligatoriske studiekrav:

·       frammøte til obligatorisk undervisning i praktiske aktivitetar

·       godkjent song og spel, inkludert kasetter

·       innlevert og godkjent aktivitetsbok

·       gjennomført og godkjent obligatoriske fellesprosjekt og gruppearbeid

·       gjennomført kulturtur

 

Forming

Obligatoriske studiekrav:

·       godkjent praktisk skapande arbeid

·       godkjent praktisk-metodisk oppgåve

·       gjennomført og godkjent obligatoriske fellesprosjekt og gruppearbeid

·       gjennomført kulturtur

 

Eksamen i estetiske fag: Drama-musikk-forming:

·       5 t. individuell, skriftleg eksamen i eitt av faga etter trekking. Tel 60%

·       Praktisk gruppeeksamen i dei to andre faga. Tel 40%

 

Norsk

Obligatoriske studiekrav:

·       godkjenning av munnlege framføringar

·       gjennomført kulturtur

 

Eksamen:

·       Ein 4 t. individuell, skriftleg eksamen i  emna frå første året.    Tel 50%.

 

 

Matematikk

Obligatoriske studiekrav:

·       godkjent innlevert mappe med individuelle- og gruppearbeider. Antall og omfang vert nærare presisert i semesterplanen.

 

 

 

2. studieår

 

Pedagogisk teori og praksis (4 vt.)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Faglegpedagogisk studium (16,5 vt.)

 

Pedagogisk teori og praksis

Obligatoriske studiekrav (gjelder begge klassar):

  • frammøte til obligatorisk undervisning
  • godkjent grunnskulepraksis
  • godkjent praksis i samband med prosjekt/lokalt utviklingsarbeid

I tillegg for klasse F2a:

  • godkjent lokalt utviklingsarbeid (LUA)

 

Eksamen klasse F2a:

  • Praktisk-pedagogisk gruppeoppgåve (heimeeksamen over 5 dagar). Tel 40%

 

Eksamen i klasse F2b (Pluto):

  • Rapport frå lokalt utviklingsarbeid (LUA) i gruppe som vert arbeidd med gjennom heile studieåret. Tel 40%.

 

Norsk

Obligatoriske studiekrav (gjeld begge klassar):

  • Godkjent fagmappe med 2-3 innlegg frå det andre studieåret. Den skal dokumentera studentane sitt arbeid med og studium innan ulike emne i norskfaget. Innhald i og omfang av innlegga vert definert i semesterplanen
  • Godkjende munnlege eller praktiske oppgåver som er knytte til praksis eller arbeidet i faget. Dette blir nærare presisert i semesterplanen.

 

Eksamen (gjeld begge klassar):
  • 3-dagars skriftleg, individuell heimeeksamen der ein m.a. skal bearbeide og utvikle materiale frå fagmappa. Tel 50% av sluttkarakteren.

 

Naturfag

Obligatoriske studiekrav (gjeld begge klassar):

  • godkjent feltarbeid og labratoriearbeid
  • godkjende ekskursjonar og artsprøve
  • frammøte til obligatorisk undervisning

 

 

 

 

Fysisk fostring

Obligatoriske studiekrav (gjeld begge klassar):

  • Frammøte til obligatorisk undervisning
  • Godkjende ekskursjonar
  • Godkjende obligatoriske oppgåver

 

Eksamen i naturfag – fysisk fostring (gjeld begge klassar):

  • 4 t. individuell skriftleg eksamen i naturfag m/miljølære. Tel 35%
  • 4 t. individuell skriftleg eksamen i fysisk fostring. Tel 25%
  • Tverrfaglig gruppeeksamen som teller 40%.

 

Samfunnsfag: 2. og 3. studieår (gjeld F2a)

Obligatoriske studiekrav:

  • godkjende obligatoriske oppgåver
  • frammøte til obligatorisk undervisning

 

Religion/etikk: 2. og 3. studieår (gjeld F2a)

Obligatoriske studiekrav:

  • frammøte til obligatorisk undervisning
  • godkjent heimeoppgåve
  • godkjende forprøve(r)

 

Samfunnsfag – religion/etikk (gjeld F2b)

Obligatoriske studiekrav:

  • frammøte til obligatorisk undervisning
  • godkjent innlevert gruppemappe med to arbeid frå andre klasse

 

 

 

3. studieår

 

Pedagogisk teori og praksis (6 vt.)

 

 

 

 

 

 

Faglegpedagogisk

studium (4,5 vt.)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fordjupningseining

(10 vt.)

 

Pedagogisk teori og praksis (gjeld begge klassar)

Obligatoriske studiekrav:

  • godkjent praksis
  • frammøte til obligatorisk undervisning
  • godkjent obligatorisk arbeid fastsett i semesterplanen
  • godkjent tverrfagleg prosjekt

 

Eksamen:

  • 8 t. individuell, skriftleg eksamen V-2003. Tel 60%

 

Samfunnsfag – religion/etikk (gjeld begge klassar)

Obligatoriske studiekrav:

  • frammøte til obligatorisk undervisning og prosjekt

 

Eksamen:

  • 4 t. individuell, skriftleg eksamen i samfunnsfag H-2002. Tel 35%
  • 4 t. individuell, skriftleg eksamen i religion/etikk H 2002. Tel 25%
  • Tverrfagleg gruppeprosjekt ”Det fleirkulturelle samfunnet” H-2002. Tel 40%

 

 

Obligatoriske studiekrav i fordjupningseininga:

Sjå fagplan/semesterplan for den einskilde eininga

 

Eksamen i fordjupningseininga:

Sjå fagplan for den einskildre eininga

 

 

7.4. Spesifisering av dei avsluttande vurderingskomponentane

 

n    godkjenning av pedagogisk praksis

n    ein karakter i pedagogisk teori

n    ein karakter i estetiske fag (drama, musikk, forming)

n    ein karakter i norsk

n    ein karakter i naturfag – fysisk fostring

n    ein karakter i samfunnsfag – religion/etikk

n    godkjenning i matematikk

n    ein karakter for fordjupningseininga

 

Dei tverrfaglege eksamenane i naturfag – fysisk fostring og samfunnsfag – religion/etikk er tre-delte med ein individuell skriftleg eksamen i kvart av faga og ein gruppe-eksamen.

Gruppeeksamen i naturfag-fysisk fostring våren 2002 går over 5 dagar, mens gruppeeksamen i samfunnsfag- religion/etikk er knytta opp mot det tverrfagleg prosjekt ”Det fleirkulturelle samfunnet” studentane arbeider med hausten 2002.

 

For  drama-musikk-forming er det slik at i eit kull skal 1/3 av studentane koma opp i drama individuelt skriftleg, 1/3 i forming og 1/3 i musikk. I tillegg skal studentane opp til ein praktisk gruppeeksamen i dei to faga dei ikkje kjem opp i individuelt. Den skriftlege eksamen tel 60% og den praktiske gruppeeksamen tel 40%.

Trekkinga av det faget studenten skal opp i, vert gjennomført av studieleiinga i god tid før eksamen, men skal kunngjerast for studentane 3 dagar før eksamensdagen.

 

I norsk er eksamen i første studieår på nynorsk og heimeeksamen i andre studieår på bokmål.