Utefag

 

1. Innleiing

 

Fagplanen bygger på ”Rammeplan for fordjupningseining i Utefag i førskolelærarutdanninga (10 vekttal)”

Fordjupningseininga er ei vidareføring og ei fordjupning i faga ”Naturfag med miljølære” og  ”Fysisk fostring” i førskolelærarutdanninga

For nærare utgreiingar: Sjå rammeplanen.

 

 

2. Mål - sjå rammeplanen

 

3. Innhald

Eininga inneheld tre målområde:

 

Naturen og mennesket                                    

Barn – rørsle – natur

Barnehagen sitt uteområde og nærmiljø

                 
Det siste målområdet er i hovudsak knytt til praksis, prosjektarbeid og andre studentaktive arbeidsformar.

For innhald i målområda – sjå rammeplan

 

4. Organisering og arbeidsformar

 

I Utefag vil ein nytta ulike arbeidsformar som førelesing, gruppearbeid, studentstyrd arbeid, laboratoriearbeid, ekskursjonar, feltarbeid og turar. Mykje av undervisinga vil gå føre seg ute og leggja vekt på studentane sine eigne opplevingar og erfaringar.

 

Prosjektarbeid

Studentane skal gjennomføre eit prosjektarbeid/FoU-oppgåve.

Oppgåva skal gjennomførast i grupper. Prosjektoppgåva er eit skriftleg arbeid på maks 35 sider som mellom anna er basert på data studentane sjølve har henta inn i sin praksis.

 

Ekskursjonar og feltarbeid

Ekskursjonar utgjer ein viktig del av studiet. Studentane skal i nært samråd med dei fagleg tilsette planlegge og organisere dei to siste ekskursjonane. Deltaking på ekskursjonane er obligatorisk.

 

1.   Haust: Tre dagars ekskursjon til skog, vatn og fjellmiljø. Overnatting ute.

 

2.   Vinter. Tre dagars tur med ski. Overnatting inne/ute.

 

3.   Vår: Fire dagars ekskursjon i sjømiljø. Overnatting ute. (Kan bli gjennomført etter skriftlig eksamen)

 

I tillegg til ekskursjonar med overnatting vil det bli arrangert dagsekskursjonar/turar i nærmiljøet.

 

Metodiske opplegg/turar med barn frå barnehage/småskole

I samarbeid med barnehage/småskule i nærmiljøet vil studentane jobbe med metodiske opplegg saman med barn.

 

Loggbok

Studentane skal i samband med ekskursjonar og andre praktisk opplegg føra loggbok. Den skal vera ein arena for refleksjon over faglege spørsmål.

 

Oppgåver gjennom året

Studentane vil jobbe med ulike praktisk-metodiske oppgåver  gjennom året.

 

Praksis

To vekers praksis er knytt til studieeininga. Praksis kan bli organisert på ulike måtar. I praksis skal studentane bl.a. jobbe med metodiske opplegg og det er naturleg å knytte praksis til prosjektarbeidet.

 

Ikt

Ikt vert nytta til formidling av informasjon til studentane og kommunikasjon mellom studentane og dei tilsette. Ikt vert trekt inn i faga der det er naturleg.

 

5. Vurdering

 

For å få avsluttande vurdering må studentane ha gjennomført/deltatt og fått «Godkjent» i dei obligatoriske komponentane skissert under.

 

1. Deltatt på ekskursjonar/feltarbeid

2. Deltatt på gruppearbeid/metodiske opplegg

3. Fått godkjent loggbok

4. Fått godkjent andre arbeid/oppgåver gjennom året. Kva for arbeid/oppgåver vert presisert i semesterplanen.

5. Fått godkjent på artsprøve. (Blir gjennomført etter skriftlig eksamen)

6. Fått godkjent praksis.

 

Eksamen

Avsluttande vurdering skjer ved eksamen. Det vert gjeve ein samla, gradert karakter i studieeininga på grunnlag av fylgjande eksamenskomponentar:

1.   Ein individuell skriftlig eksamen på 7 timer      (Vekting: 70%)

2.      Prosjektarbeid i gruppe      (Vekting: 30%)

Begge komponentar må ha ståkarakter for å få avsluttande karakter i fordjupingseininga.

 

6. Litteratur

 

Revidert litteraturliste vert delt ut som vedlegg til fagplanen kvart studieår.