Denne hausten har tilsette ved sjukepleiarutdanninga i HSH vore fleire veker i Malawi for å læra, oppleva og utveksla kunnskap. No er fire sjukepleielærarane frå Malawi hjå HSH i same ærend.
- Dei har no vore her i nesten to veker, etter først å ha vore to veker ved Høgskolen i Vestfold, fortel høgskulelektor Marit Wikstrøm i HSH.
Målet med studiebesøket er å observera undervisinga ved HSH, særskild i samband med praksis. Ein ynskjer òg å sjå nærare på tilrettelegginga av studentaktive læringsformer.
Helse og velferd
Vitjinga frå Malawi inngår òg i prosjektet Green Week.
- Det handlar om å sjå helse og velferd i eit større perspektiv, seier høgskulelektor Ingrid G. Heiberg ved HSH.
Vitja ordføraren
I tillegg til lærarane frå Malawi, er det òg med Erasmus-studentar frå Spania og Slovenia. Saman har dei mellom anna vitja ordføraren i Haugesund, Petter Steen jr. Han fortalde kva den politiske leiinga i kommunen gjer for å sikra gode oppvekstvilkår for barn og unge.
Vidare utover i veka skal dei tilreisande òg få informasjon om Vard-modellen og vitja Lillesund barneskule, politiet og helsestasjon for ungdom.

FRAMFOR RÅDHUSET: Deltakarane i prosjektet Green Week

NYTTIG: Ordførar Petter Steen jr. fortel kva den politiske leiinga i kommunen gjer for å sikra gode oppvekstvilkår for barn og unge.