TPG4175 - Petrofysikk, grunnkurs

Faginformasjon

Mål: Gje ei innføring i dei vanlegaste målingane som ein gjer i borehol og praktisk tolking av desse.

Forutsetning: Grunnleggande kunnskapar i fysikk, geologi og matematikk.

Innhold: Grunnleggande petrofysiske begrep og likningar. Dei viktigaste logge-metodane: Måling av resistivitet, naturleg gammastråling, nøytronporøsitet, tettleik, midlare atomnummer, Pe, akustiske parametrar, måling av formasjonstrykk. Målemiljø og geometriske forhold i eit borehol - korrigering av dataene for slike faktorar. Nukleær magnetisk resonans, NMR. Produksjonslogging. Dielektriske eigenskapar. Samanheng mellom dei målte parametrane og bergartanes porøsitet, permeabilitet, væske/gass-metning, litologi og leirinnhald. Bruk av kjernedata. Trykkmåling. I øvingsopplegget blir det lagt stor vekt på arbeid med loggdata og praktisk tolkingsteknikk. Introduksjon til programvare for tolking av brønndata.

Undervisningsform: Forelesningar og gruppe-arbeid. PBL kan bli brukt. Obligatoriske øvingar. Prøver i semesteret tel 50% i emnets karakter.

Kursmateriell: Kompendium, forelesningsnotatar, Schlumberger Charts. Artiklar. Loggdata frå Nordsjøen.

Redaktør: Professor Jon Kleppe, Kontaktadresse: ipt-info@ivt.ntnu.no, Sist oppdatert: 2003-09-30