TPG4177 - Karbonat reservoarkarakterisering

Faginformasjon

Mål: Gje oversikt over grunnleggande terminologi og omgrep om karbonat-bergartar for å kunne forstå geologien og gjere petrofysisk tolking av karbonatreservoar.

Forutsetning: Grunnleggande kunnskapar i geologi og petrofysikk.

Innhold: Ein reknar med at karbonatreservoar vil bli den viktigast hyrdrocarbon-kjelda i dette hundreåret. Kurset gjev ei innføring i evaluering av karbonatreservoar ved bruk av kjelder frå akademia og industri. Grunnleggande terminologi og konsept vil bli undervist gjennom forelesingar og sjølvstudie-oppgåver. Dette dannar basis for resten av kurset: Kva utfordringar gjev karbonat-reservoar? Ei rad med forskjellige karbonatreservoar vil bli brukt til å viser kor viktig det er med integrasjon av alle geofag for effektiv reservoarstyring. Det blir lagt vekt på integrasjon av forskjellige geo-data gjennom forelesingar og sjølvstudie-øvingar. Praktiske studier av forskjellige reservoar (Case studies). Data vil bli gjort tilgjengeleg for å lære å evaluere karbonat-reservoar. Det vil bli gjeve ei oversiktsforelesing for å plassere kurset i ein breiare samanheng.

Undervisningsform: Forelesningar og øvingar, sjølvstudie-oppgåver.

Kursmateriell: Forelesningsmateriell blir gjort tilgjengeleg under kurset. Ei god og grunnleggande oversikt kan finnast i: Schole, P.,A., Bebout, D.,G., and Moore, C.,H., eds. Carbonate despositional evironments

Redaktør: Professor Jon Kleppe, Kontaktadresse: ipt-info@ivt.ntnu.no, Sist oppdatert: 2003-09-30