|
|
TPG4180 - Petrofysikk, tolking av brønndata, videregående kurs Faginformasjon
Mål: Gje ei vidare fordjupning og forståelse av data frå borehol, målemetodar brukte i borehol, kva informasjons- potensiale desse har. Bruk av slike data i integrert evaluering av reservoareigenskapar. Forutsetning: Emnet byggjer på emnet TPG4175 Petrofysikk GK, MSG4150 Petrophysics Basic Course eller tilsvarande kunnskapar. Innhold: Emnet fokuserer på utvalde emne og metodar for innsamling og tolking av brønndata. I emnet vil det bli prosjektøvingar knytte opp mot Gullfaksdatabasen. Studentane vil lære å bruke databaserte moderne tolkingsverktøy. Integrasjon med andre datatypar. Kunnskapane frå grunnkurset vil bli bygde ut, og nye metodar introduserte. Grunnleggande petrofysiske synspunkt og relasjonar. Radiometriske metodar i opne og fora borehol: Spektrometri av naturleg og indusert gammastråling, nøytron levetids-målingar (vassmetning bak foringsrøret), mudlogging. Nukleær magnetisk resonans, NMR. Eigenskapar hos leire og skifer. Vassmetnings-modellar i skifrige formasjonar. Bruk av kjernedata. Trykkmålingar. Akustiske og mekaniske bergartseigenskapar. Karbonateigenskapar. Undervisningsform: Forelesning, obligatoriske øvingar. Bearbeiding av data vha. programvare for tolking av brønndata. Prosjektbaserte læringsmetodar (PBL) med gruppearbeid vil bli brukte i undervisningsopplegget. Emnet blir undervist på engelsk dersom masterstudentar vel emnet. Semesterprøvar vil telje 25%. Kursmateriell: Artiklar, forelesningsnotat og anna relevant litteratur. |