UiB : Juridisk Fakultet : Forskning


KOMPETANSEKRAV VED TILSETTING SOM PROFESSOR I RETTSVITSKAP.


Styret for Det juridiske fakultet gjorde i møte 10.01.2000 slikt vedtak i sak om kompetanseopprykk for professor i rettsvitskap:

”Styret for Det juridiske fakultet  sluttar seg til den generelle omtalen av krava til professorkompetanse som er gitt i punkt 2 i notat frå dekanus og fakultetsdirektør.”

Pkt. 2 i notatet gjengis nedenfor:

”Kompetansekravet ved opprykk til professor i rettsvitskap”

Det går fram av opprykksreglementet at det er den etablerte norma for professorkompetanse innan dei ulike fagfelt som skal leggjast grunn ved vurderinga, jf reglementet § 10 andre stykket som lyder:

"Bedømmingskomitéen skal legge etablerte standarder for professorkompetanse til grunn ved bedømmingen."

Ved at det ikkje ligg føre ei utlysing med betenkning som fastset kva krav som gjeld for stillinga, må ein i ei sak om opprykk vurdera søkjaren opp mot dei normer for kompetansekrav som har vore lagt til grunn ved tilsetjing i professorat.

Det er ikkje fastsett skriftfesta føresegner om krava til professorkompetanse i rettsvitskap. Spørsmålet om å utarbeida uttrykkelege skriftlege reglar om kravet til professorkompetanse vart teke opp på det siste Nasjonale fakultetsmøtet i rettsvitskap, men fakultetetsmøtet konkluderte med at ein burde byggja på dei sedvanebaserte kriteria og at det ville vera vanskeleg å formulera presise skriftlege kriterier.

Til professorkompetanse i rettsvitskap vert det tradisjonelt kravt "alminneleg rettsvitenskapelig kompetanse". I tilfelle der eit professorat er utlyst med plikt til å undervisa i særskilte fag, krevst det spesialkompetanse i vedkomande fag. Dei arbeida som gjev spesialkompetanse i eit fag, vil også gå inn i vurderinga av om vedkomande har allmenn rettsvitskapleg kompetanse, men det er ikkje naudsynt at søkjaren til eit spesialprofessorat fyller kravet til allmenn rettsvitskapleg kompetanse innanfor det utlyste spesialområdet åleine.

For at ein søkjar skal oppnå allmenn rettsvitskapleg kompetanse, krevst det ein rettsvitskapleg produksjon med tilstrekkeleg djupne og breidde. (……) Framstillinga nedanfor byggjer på ein gjennomgang av dei fleste professorbedømmingar gjort i Bergen og eit meir tilfeldig utval av saker frå Oslo og Tromsø frå dei siste åra.

Den første vurderinga av søkjarar til professorat i Bergen skjedde i 1968. Dette var ei samla vurdering av søkjarar både til Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Norges Handelshøyskole i Bergen. Til saman åtte søkjarar vart vurdert for dosentur eller professorat. I komiéen sat professor Curt Olsson, professor Torkel Opsahl, professor Knut Rohde, høgsterettsdomar Rolv Ryssdal og professor Carsten Smith. Komitéen drøftar på s. 34 i innstillinga (datert 19. okt. 1968) krava til dosentur i høve til professorat og uttalar:

"Hva angår de kvalifikasjonskrav som må stilles for dosentkompetanse, har de sakkyndige lagt til grunn den retningslinje som er formulert i protokoll fra forhandlingsmøte om arbeids og lønnsforhold for dosenter av 6. juli 1962 og gjengitt i St. prp. nr. 18 for 1962-63, hvor det uttales i punkt 2 d "at det innskjerpes overfor universiteter og høgskoler at det ved bedømmelse av søkere til dosenturer må kreves kvalitetsmessige samme kvalifikasjoner som til professorater, slik at forskjellen i kravene mellom de to kategorier vesentlig består i å kreve at professoren må dokumentere større bredde og mer omfattende produksjon" (utheva her). Denne uttalelse er for Universitetet i Bergen tatt inn i reglementet om fremgangsmåten for besettelse av professorater og dosenturer, jfr. § 12. For Universitetet i Oslo er denne retningslinje ikke direkte reglementsfestet, men Det akademiske kollegium har i skrivelse til fakultetene av 23. mars 1963 gjort særskilt oppmerksom på denne formulering av kompetansekravene for dosentene." I tilknyting til dette vil ein peika på at kravet til dosentkompetanse i den aktuelle perioden i praksis var professorkompetanse, men at mangelen på professorstillingar gjorde at nokre personar vart dosentar.

Vurderinga av dei einskilde søkjarane viser at spørsmålet om breidde var ei aktuell problemstilling for fleire av søkjarane og at manglande breidde vart brukt som argument for å kjenna ein søkjar ikkje kompetent. For nokre av søkjarane er god breidde i produksjonen framheva som positivt.

Seinare har det skjedd endringar både i stillingskategoriar, reglement og i doktorgradsnivået. Dette kan tenkjast å ha påverka kompetansekravet og i alle høve vurderingsgrunnlaget i nokon grad. Det ligg likevel fast at det ikkje har skjedd noko vesentleg omlegging av kompetansekravet. Ved at doktorgradskravet er noko redusert, og at doktoravhandlingane i dag gjerne er mindre omfattande enn tidlegare, vil det gjerne bli kravt meir av tilleggsarbeid til doktoravhandlinga, men det avheng av ei konkret vurdering i det einskilde tilfellet.

Kravet til allmenn professorkompetanse har vore uttrykt i utlysing av professorat. Den formuleringa som oftast har vore brukt ved dei tre norske fakulteta er fylgjande:

"For å få generell rettsvitenskapelig kompetanse må en søker gjennom sine vitenskapelige arbeider dokumentere at vedkommene har ervervet selvstendig og grundig innsikt på i hvert fall ett rettsvitenskapelig område. Dessuten må han/hun gjennom sine arbeider også dokumentere en mer generell juridisk orientering og at han/hun behersker den rettsvitenskapelige metode og kan sette sitt emne inn i en større sammenheng."

I nokre nyare utlysingar har det vore lagt til at dokumentasjonen av sjølvstendig kompetanse må skje gjennom arbeid som byggjer på rettskjeldene. (……)

Det nærare innhaldet i den formuleringa som er sitert, må fastleggjast ut frå praksis i bedømmingar. I bedømmingar frå dei tre fakulteta dei siste åra er det ingen døme på at nokon har blitt underkjent på grunn av manglande breidde, men spørsmålet om breidde har vore framme i nokre saker, anten som allmenne drøftingar av breiddekravet eller ved at det er framheva som positivt at ein søkjar har stor breidde i sin produksjon. I eit par saker har det vore uttalt at det hadde vore ein fordel med større breidde.

Den mest generelle uttalen om spørsmålet finn ein i ei bedømming frå Bergen frå 1999 der komitéen uttalar:

"En ”ikke-lovfestet” norsk tommelfingerregel utviklet i omforent praksis synes å gå ut på at to avhandlinger som holder doktorgradsnivå og som emnemessig ikke ligger innbyrdes for tett etter omstendighetene kan holde til vitenskapelig kvalitet til professorkompetanse. Men et enkelt doktorgradsarbeid kan etter omstendighetene også oppveie ”bok nr 2”' dersom arbeidet har betydelig "mer"verdi i forhold til den kvalitet og kvantitet som kreves til doktorgrad, liksom det ikke er gitt at to arbeider som hver for seg ville ha holdt til doktorgrad også uten videre gir professorkompetanse. I norske forhold omtales dette gjerne som "toboksregelen", d v s at en søker med doktorgradskompetanse bør helst ha en vitenskapelig produksjon som omtrent svarer til doktorgradsarbeidet i omfang og kvalitet, men som helst kan dokumentere større faglig bredde enn til doktorgradsnivå".

I ei anna bedømming er det sagt om ein søkjar at han gjennom sin produksjon utan tvil fyller:

"den tradisjonelle uskrevne norm om to arbeider på doktorgradsnivå som vilkår for professorkompetanse"

Også i andre bedømmingar er det uttalar om at det er vanleg å krevja dokumentasjon av at søkjaren "har innsikt i ett eller flere andre områder enn det doktoravhandlingen omhandler" e.l.

Det er ikkje ut frå praksis lett å formulera heilt presist og uttømande kva som er minstekravet til allmenn professorkompetanse. Det etablerte synet ser likevel ut til å vera at det minst krevst ein produksjon som om lag svarar til to doktoravhandlingar. Denne produksjonen må ha ei viss emnemessig spreiing, og søkjaren må gjennom arbeida ha vist generelt oversyn og meistring av den rettsvitskaplege metode på eit høgt nivå. Kravet til djuptgåande analyse vil innebera at det minst må vera eitt større arbeid eller fleire mindre arbeid, som er konsentrert om det same problemområdet. Problemstillinga blir kva som krevst av arbeid i tillegg til dette både i omfang og kvalitet og kor nært desse kan stå hovudarbeidet emnemessig. Det kan ikkje gjevast eit eintydig svar på dette fordi det avheng av kvaliteten på hovudarbeidet og kor vidtfemnande dette er. Ei omfattande og kvalitetsmessig god doktoravhandling kan gje eit "overskot" som fører til at det ikkje krevst arbeid tilsvarande ein doktorgrad i tillegg. Dessutan vil djuptgåande analyse på eit område, ofte kunne ha slik overføringsverdi til andre område, at det vil påverka kravet til omfang og emnemessig spreiing på den totale produksjonen.

Det blir også stilt krav til kvaliteten på dei arbeida som skal visa breidde. Det må dreia seg om arbeid av god kvalitet, slik at alle arbeida totalt sett kan seiast å tilsvara minst om lag to doktorgrader. På den andre sida er det ikkje utan vidare sikkert at to arbeid som kvar for seg vil kunne fylle krava til doktorgrad, er tilstrekkeleg til professorkompetanse dersom det dreier seg om avgrensa arbeid som ikkje gjev grunnlag for å drøfta breiare og prinsipielle spørsmål. Det må også understrekast at volumet på produksjonen i seg sjølv har lite å seia for vurderinga. Det krevst brei produksjon av god kvalitet.

Breiddekravet vil kunne oppfyllast på ulike måtar. Det kan vera tale om sjølvstendige arbeid på to eller fleire rettsområde, eller samla framstillingar som tek opp problemstillingar og regelverk som systematisk høyrer heime i ulike deler av rettssystemet. Tversgåande metodiske drøftingar vil også kunne tilleggjast vekt ved vurderinga av om kravet til breidde er oppfylt. Kravet til breidde inneber ikkje eit krav om at søkjaren meistrar heile eller vesentlege deler av rettssystemet, men at det ligg føre arbeid som byggjer på eit breidt tilfang av rettskjelder på ulike rettsfelt og omfattar breie og prinsipielle problemstillingar som er handsama på ein grundig måte. Dersom dette er oppfylt kan breiddekravet oppfyllast med arbeid som ligg innanfor same eller tilgrensande rettsområde.

Eit visst inntrykk av kompetansekravet kan ein også få ved å sjå på stillingsstrukturen. Til førsteamanuensisstilling krevst det doktorgrad eller tilsvarande. Doktorgrad er i stillingssystemet normert til 3 års arbeid i full tid. Ved Det juridiske fakultet har det vore gjeve professorstipend til førsteamanuensar basert på ei vurdering av om vedkomande vil kunne bli professorkompetent i løpet av 3 år. Professorstipenda har dei seinaste åra vore 3­årige, utan nemnande arbeidsplikt. Dette tilseier at ein legg til grunn at det må vera tid til ein produksjon som i det vesentlege svarar til ein doktorgrad i tillegg til doktorgraden. Det vert gjerne også venta ei viss stigning i produksjonen av ein som alt har gjennomført eit doktorgradsprosjekt.”

Vidare blir det frå den spesielle saka uttalt at:

”Breiddekravet sin funksjon er å sikra tilstrekkeleg fagleg og metodisk breidde til at ein professor kan fungera som lærar og forskar over eit breiare felt enn det han har skrive doktoravhandling i. Kravet om breidde i kompetansen tek også sikte på å sikra tilstrekkeleg perspektiv på eigen forsking og evna til å sjå spørsmåla i perspektiv. Slik breiddekravet har blitt tolka og nytta i praksis, kan vi ikkje sjå at dette skulle stengja for at ein forskar skal kunne gå grundig inn i eit problemfelt.”

Kompetansekravet sitert ovanfor vert og lagt til grunn ved tilsetjing i stilling som professor i rettsvitskap.